Jump to content

frontier

Members
  • Posts

    866
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by frontier

  1. Kjøpte ein slik radio i fjor, som backup. Blei faktisk anbefalt i butikken å kjøpe tilleggsutstyret frå andre produsentar, og ikkje originaldelane (av den grunn som du beskriver). Hugsar ikkje om det var zodiac eller icom, truleg det første.
  2. Chiefen v2 peikar på at Norge er eit av få land som har ordninga med årleg skyteprøve, og ber oss reflektere over kvifor det er slik. Ser ein bort frå det opplagte momentet, nemleg at vi lever i eit av verdas mest gjennomregulerte samfunn, kanskje med unnatak av det svenska folkhemmet, så er jo det ein av forklaringane. Ein annan forklaring som kan forsvare dagens ordning er at vi hegnar om den såkalla "folkejakta". Det er neppe mange andre land, i alle fall i Europa, der det årlege uttaket av hjortevilt blir gjort av ein såpass stor andel av befolkninga. Enklare sagt: Mange jaktar og skyt dyr, men vi skyt forholdsvis få dyr per jeger. Det fortel oss at mykje dyr blir felt av jegerar som er sånn måteleg interessert i jakt. Intereressert nok til å sette av tre-fire helger i året, men heller ikkje meir. Interessert nok til å ha ei Carl Gustaf 30.06 med ein Leupold på toppen i eit påtvunge våpenskap, i tillegg til Baikal-hagla. Interessert nok til å ta dei to påkravde turane på skytebana, ikkje nødvendigvis for skytinga sin del, men dei får i alle fall helst på kjensfolk. Dei fleste jegerar, uavhengig av interessenivå er sikkert einige i at det er eit mål å få senka skadeskytingsprosenten så mykje som mogleg. Ifølgje undersøkinga "Bedre Jakt" (Andestad), svingar den mellom tre og ni prosent. Skyttaren sine kvalifikasjonar og vurderingsevne har betydning, viser tala, men først når jegeren er villig til å auke treningsdosen frå dei obligatoriske 30 til fleire hundre skot i året, ser ein merkbar forbetring. Er det realistisk å få folk til å skyte så mykje? Kanskje, eg tvilar. Det undersøkinga derimot viser, er at valget av jaktform har stor betydning for skateskytingsfrekvensen. Drivjakt er ikkje uventa verstingen, mens bøjakt kjem best ut. Viss målet med skyteprøva er å "kontrollere og regulere" jegerane til meir human jakt (mindre skadeskyting), så er alt arbeidet med årleg skyteprøve nesten bortkasta, for å sette det på spissen.
  3. Tilbodet/planen din er fin den, og eg trur mange kunne tenkt seg å bli med på eit slikt opplegg. Den manglande responsen kan skuldast at du startar denne tråden sju dagar før reinsjakta tar til. Dei fleste har vel kryssa i kalendaren, lagt planar og er låst opp tidsmessig for lenge sidan.
  4. Du vil ha litt i pose og sekk, du. Men skal du lade såpass svakt som du har gjort med Mega-kula di, og samtidig fortsette å jakte med 150-grainskuler, så må du berre sjå bort frå å tilfredsstille anslagsenergikravet du nevner. Kvifor ikkje gå opp i kulevekt? Når du passerer 155 grainskuler er kravet 2200 joule. Problem solved. Sjå heller ikkje bort frå at du kan oppnå aller best presisjon i børsa di om du går opp til 165-168 grainskuler i 308 win. Når det gjeld dyret du ikkje fekk gjennomskyting på, så er vel dette heilt normalt? Kort hold = høgre fart ved anslag = større ekspansjonsdiameter på kula = raskare stopp og ingen gjennomskyting.
  5. Så blei det nei likevel: http://www.firdaposten.no/lokalnytt/article6782431.ece
  6. Dersom du har ein viss avstand mellom senter i løpet og senter i kikkertsiktet ditt (høg montasje), skal du ikkje sjå bort frå at kula di ikkje kryssar siktelinja i det heile tatt ut til hundre meter i eit såpass flattskytande kaliber som du har. Viss du fortsatt er fem cm under på 30 meter og er innskoten på 100, tyder mykje på det.
  7. Blyspissane til S & B gir som regel gjennomskyting og kort fluktstrekning. I papp, vel å merke.
  8. Utan tvil denne, etter å ha prøvd fleire. http://www.sageninc.com/ssi.html
  9. Nuvel. Eg kan i alle fall ikkje anbefale følelsen av i tre dagar å gå rundt utan å vite kvar våpenet ditt er. Dersom eg i tillegg ikkje hadde varsla på forhånd om at bagasjen min som blei rota bort inneheldt skytevåpen, så trur eg følelsen iallefall ikkje ville vore BETRE...
  10. Hei, ser at fleire enn meg jakter med Brno 21. Må vere ein av dei finaste og smekraste mauserkonstruksjonar som er laga. Mi er original og nummerlik frå 1950, men med ein liten modifisering som kanskje kan vere av interesse for fleire: Mannlicher-hevarmen er kappa og sveist på igjen i litt anna vinkel. Ein liten utfresing er gjort i treverket, som gir heilt anna vinkel på hevarmsløftet og dermed kan du bruke kva kikkert som helst på børsa, ved bruk av medium ringer og oppover.
  11. Eller, med andre ord - langt fra perfekt kuleplassering. Husk at mellomgolvet buler fram (hos oss opp), og at jaktkuler skal ekspandere. Da skal det ikke mye til, før mellomgolvet blir punktert av et kulefragment, ved såkalte "kjøttsparer-skudd". Da får en vominnhold på store deler av slaktet - og hvis man ikke spyler de delene med mye vann, og tar de til oppmaling straks de er i rigor, blir resultatet det motsatte av kjøttsparing - kjøttødeleggelse. Dette blir ofte resultatet av slik skuddplassering - også med premiumkuler. Resepten er - hold opp og fram! Blant annet fordi hjortedyr aldri går bakover. Opp og fram - og dermed bort frå sentrale lungeområde. Nei takk, så viktig er ikkje knall og fall-effekten for meg.
  12. Skaut eit dyr med interlock for to år sidan, det var det første og blir det siste. Reinsjakt med 8X57 IS, 170 grains kule i moderat fart, ca 770 m/s. Skothald rundt 100 meter. Perfekt kuleplassering (etter min mal), fire-fem cm bak bogbladet. Kula trefte i ribbein på veg inn, fragmenterte så det heldt og laga umiddelbart ein 15 kilos porsjon haggis av vom, lever, milt og det meste. Då mistar i alle fall eg litt inspirasjonen i slaktearbeidet. Eitt enkelt dyr er sjølvsagt altfor tynt erfaringsgrunnlag, men kvifor fortsette med desse tullekulene når eg har hatt heilt perfekte slakt på mange andre dyr med 196 grains Oryx i samme kaliber...
  13. Då er jeger og kipplauf godkjent for årets høgdepunkt, reinsjakta. Samlingane har så smått byrja å komme seg etter vinterdvalen. Årets jaktkule blir 156 grains Oryx, evt 150 grain Nosler Partition, Merkel K1 kaliber 7X65 R.
  14. Enig med Ruger her. Å bruke vannbad på filet er ikkje berre meiningslaust, du har heller ikkje samme kontrollen på resultatet. Leversmak-problemet er heilt reelt på denne typen kjøt. Bruk sous vide til å gjere gull av gråsteinskjøt. Har du gull i utgangspunktet, bruk steikepanna.
  15. Skal du skyte store dyr som elg, så drar du marginane i din favør ved å bruke enten 1) Ein bonded kule-konstruksjon (som f.eks interbond, accubond, rem core lokt ultra m.m) 2) Homogene kuler Så enkelt er det. Eg hadde ikkje jakta elg med ei gammaldags hornadykule som den du spør om når det finst så mange andre og bedre alternativ.
  16. Eg har sans og forståing for Veidinn sine prinsipp rundt smyg/posteringsjakt her. Tilfredsstillelsen ved å spotte, smyge innpå og overliste ein hjort som ikkje ein gong ante at du var der, den er stor. Men det finst også andre former for åleinejakt som blir praktisert og som eg sjølv og andre i min jaktkrets har erfart er kanskje fullt så effektivt. Det prinsippet er basert på at nesten uansett kor stille du smyg, så vil hjorten oppdage deg. Konsekvensen av dette er å jakte seg heilt roleg gjennom terrenget, sjølvsagt med rett vind, men utan å fokusere så tungt korkje på lydlausheit eller kamuflasje. Triggar du berre ein av sansane til hjorten, utløyser du ofte ingen fluktreaksjon. Den blir ofte ståande til du er på skothald - før den tek ut. Fluktstrekninga som så følgjer har då ofte eit visst mønster: Dyret spring i moderat fart alt frå 30 - 70 meter, før det igjen stiller seg opp for å vurdere situasjonen. Ofte ikkje meir enn eit sekund eller tre, men visst du då er på hogget og har brukt fluktsekunda til å kome i skyteklar posisjon og finne dyret i siktet, endar det ofte med dyrefall. Ein kompis av meg jaktar nesten utelukkande på denne måten - med svært godt resultat.
  17. Eg har jakta fire-fem sesongar på ei øy sør for deg. Send meg ein PM med litt meir detaljar om kvar du skal jakte, så kan du få litt info og innspel.
  18. Eg syns dette høyrest ut som eit litt corny prosjekt. Mitt råd: Bestem deg på førehand om du skal på fottur i lyng og hei - eller på jakt. Det er to så vidt forskjellige tilnæringsmåtar på å kome seg ut i naturen på som overhodet mulig. Det er avgjerande for kvar du går, når på året du går, traséval, utstyr i sekken m.m.... Da bør du heller ta ein fottur først og ein jakttur seinare. Så finn du ut av kva som er kjekkast og held fram med det du likte best.
  19. Då er kurant samling på plass med Custom Competition. Måtte heilt ned i 41 grain N11, COL 71. 2,5 grain mindre enn Accubond i samme vekt.
  20. Kvaliteten på ei transporttjeneste som dette ser ein først når det verst tenkelege skjer; at våpenet ditt blir borte. Det opplevde eg med Norwegian i fjor, og samspelet mellom Norwegian og bagasjehandlings-selskapet på Gardermoen, Røros flyservice opp mot meg som kunde var alt anna enn imponerande. Profesjonelle var dei derimot på ankomststaden, flyplassen i Manchester - sjølv om dei ikkje hadde skuld i noko av problema.
  21. Ingen avvik å snakke om på vekt (0,2 grain) eller lengde. Det eg derimot ser når eg legger kula på langs i mikrometeret, er at det virkar å vere ein liten "kant" i overgangen til boat tailen; at dette er kulas tjukkaste punkt. Skal det vere slik? Dette er langt mindre markant når eg samanliknar med f.eks. Sierra Match King eller Scirocco.
  22. Heile grunnen til kjøpet var at det knapt har vore kuler å oppdrive i det siste, måtte ta det eg fekk. Syns berre det er snålt at accubond i samme vekt går heilt upåklageleg.
  23. Ok, her er utgangspunkta: Bilde 1: Nosler CC 168 grain, 43,5 grain N11. COL 71 Bilde 2: Sierra MK HPBT, samme vekt, 43,5 grain N11. COL 71
  24. Ok, skal forsøke. Problemet er berre at når eg bikker COL 71,5 mm så er rifla i praksis ei enkeltskuddsrifle. Ikkje at det har allverdens betydning for treningsammo, men likevel.
  25. Treng litt innspel på lading av Nosler CC i 168 grain. Eg har ein pussig situasjon der eg slit fælt med å få denne kula til å gå i det heile tatt. Eg lader forøvrig også med N11 i all hovedsak. Eg får både Sierra hpbt og Lapua scenar i samme vekt til å få heilt supert, men ikkje Nosler CC. For å gjere det heilt komplett merkeleg, så lader eg jaktammo til denne børsa med Nosler Accubond - som også går som ein stråle. Har prøvd ladningar no fra heilt ned i 42 grain og opp til 44,5, med like labert resultat. Har lada opp noko i 41 grain no, berre for å "ha prøvd alt". Lågar bør eg vel ikkje gå? Kruttskifte til N150 hjalp heller ikkje. Settedybde har eg variert frå 70 til 71 mm. Ladninga som går godt hos meg i kulevekt 165-168 grain er 43 - 43,5 grain N11, evt 43 grain N150. Då er eg på 15-20 mm mm. Med CC-kulene så langt er eg så vidt innafor ti-12 cm (!). Frustrerande. Ein klar tendens i børsa at den går best med moderate til svake ladningar. Børsa er Rem 700, løp 47 cm og med S&L-demper.
×
×
  • Create New...