Jump to content

vest

Members
  • Posts

    1,232
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by vest

  1. Eg har ein HT 10x54.Utruleg bra kikkert under alle forhold,både i mørke,dagslys og i motlys. Men eg hadde likevel heller valgt ein Swarovski om eg skulle ha handla no.Det på tross av at den er litt tyngre.Årsaken er enkelt og greitt altfor dårlig kantskarpheit. Har du muligheten så prøv begge kikkertane før du bestemmer deg. Under veldig mørke forhold så merker du kanskje ikkje så mykje til dette, men i dagslys så synes eg dette er irriterande. Visstnok er HT 8x54 litt bedre på dette punktet enn 10x54, men det beste er å samanlikne sjølv.
  2. Ifølgje Hjorteviltregisteret er no det 3.tilfellet av CWD oppdaga på villrein i Nordfjella.No må det tas med at det begynner å bli mange analyserte dyr så andelen smitta dyr er fortsatt låg.
  3. Her står litt meir på NRK om CWD og prionsjukdomar https://www.nrk.no/viten/xl/marerittsyk ... 1.13122187 Eg tok sjølv kontakt med prionforskar Benestad ei stund før dette intervjuet med fleire spørsmål blant anna om kor smittsomt dette er. Ser ho brukar samme svarformuleringen i intervjuet. Avslutningen på min forespørsel var som følgjande: -Ja, har jobbet med prioner i 18 år, mer vi forsker mindre vi forstår, så kompleks er det. Ha en fin dag Sylvie Benestad Omtrent det samme seier svenske veterinærmyndigheiter. Eg veit ikkje heilt om vi skal føle oss beroliga,men vi går uansett interessante tider i møte angåande dette. At det ikkje har blitt avdekka fleire tilfeller tolkar eg tross alt som positivt.... i alle fall enn så lenge.....
  4. Ein må ikkje ha 26mm montasje til eit 26mm sikte.Brukar ein Delrin plastringar utapå mellomøret så passar det i ein 30mm montasje.Eg kjøpte mine hos Brownells.
  5. vest

    23 tagger!

    Cruiser, kor mange poeng fekk geviret du snakkar om? Eg var med på ein 11 taggar for nokre år sidan , den hadde stanglengde på 91,2 og 92cm. Sidan det berre var ein 11 taggar fekk den berre 3.5 av 10 poeng for krone. Likevel fekk den 177,06 poeng . Geviret var veldig regelmessig og pent samtidig som det var kraftig. Med litt meir taggar så hadde den nok scora godt over 180p. Så kan ein jo sjølv prøve å tenke seg kva dette geviret med 23 taggar vil oppnå! I forhold til dette geviret eg nemner her så er det minst +2,2 på vekta, kanskje +6 for krona, + 12 for taggar. No er det vanskelig å sei sidan andre mål for 23 taggaren manglar,men at det er i nærheiten av ny rekord er ikkje usannsynleg. Finnes det nokre bilder av geviret som toppar rekordlista? http://www.njff.no/jakt/Last%20nedsider ... egevir.pdf
  6. Eit viktig poeng er vel og at sjukdomen kan oppstå av seg sjølv utan at dyra nødvendigvis er smitta av andre. Og kan den oppstå slik i Nord-Amerika er det vel ingen grunn til at den ikkje kan oppstå i Europa utan at den har kome via smitte frå andre dyr? Og med ein forekomst heilt ned i 0.5% så kan det kanskje hende at ein ikkje har fanga opp sjukdomdommen før sjølv om den kan ha eksistert her. Det er tydeleg at det er mykje ein ikkje veit sikkert sjølv om ein har ein del kunnskap frå Amerika.
  7. Eg synes veterinæren sin kommentar som ikkje er tatt med i sitatet er fornuftig, få meir kunnskap før ein eventuellt går til slike drastiske skritt.Om ein i verste fall går for nedslakting i eit forhasta vedtak så må ein hugse på at det tar lang tid å bygge opp att stammen. Om ein venter litt og eventuellt gjer eit slikt vedtak med bakgrunn i omfattande kunnskap så er det betydelig raskare å skyte ned bestanden i eit område. I Lærdal der denne sjukdommen først vart oppdaga har ein t.d. erfaring med rotenon behandling av Lærdalselva då myndighetene meinte ein ikkje hadde noko valg. Dette var mislykka,men hadde eit drastisk resultat for bestanden.Seinare behandling med aluminium derimot har vore effektivt og skånsomt. I alle fall så langt.Derfor synes eg myndigheitene skal tenke seg grundig om før dei går til så drastiske tiltak.Gjer dei feil kan det ta svært lang tid å rette det opp att.
  8. Speer Mag-Tip er fortsatt i produksjon,men i færre kulevekter enn tidlegare. I praksis er kula omtrent som Lapua Mega. Samanlikna med Speer's standardkule Hot-Cor, som er i klasse med dei standardkulene bobby nemner, så har Mag-Tip 45% tjukkare mantel i skaftet. Om eg ikkje tar heilt feil så er Mag-Tip meir lik Speer's toppkule Grand Slam bortsett ifrå at Grand Slam i tillegg har såkalla hællås. Prismessig er Mag-Tip nærmare Hot-Cor enn Grand Slam. Eg har faktisk sjølv vurdert denne kula som ei rimelig og god kule,men har så mange andre kuler eg må bruke opp først, mellom anna ei pakke 180gr Mag-Tip. Om Mag-Tip er vellukka kjem vel an på korleis ein ser det, men når kula virkar omtrent som Lapua Mega i praksis vil eg nok tru den er bedre enn mange andre standardkuler. No er vel uansett Speer sin markedsforing av sine kuler temmelig lite vellykka og spesiellt Mag-Tip har havna i skyggen av Hot-Cor og Grand Slam. Ifølge Speer så kan ein bruke ladedata for andre vanlige standardkuler i samme vekt.
  9. Har ein Zeiss 4x32 på min BRNO modell nr 2.
  10. Ifølge denne sida http://www.fangstmann.no/products/viltk ... g999m-ip66 så kjem det eit slik kamera i handel om vel ein måneds tid. Det står faktisk samtidig på lager, så ein får heller kontakte han og høyre om dei har fått det inn alt no.
  11. For dei som ikkje såg filmen eg linka til så var eit av poenga at viltet, i dette tilfellet whitetail deer, reagerte på kameraet også om det var heilt avslått. Ein ting er om viltet reagerer nårdet ser lys frå diodane uansett om det er raudt eller svart(blått) eller om det høyrer lyd frå kameraet, ein anna ting er at dei reagerer på den fysiske tingen som heng på eit tre eller liknande. Derfor anbefalte dei å henge kameraet høgt då dyra ikkje så lett la merke til det, noko vi kunne sjå i filmen. 6 fot/ca 180cm eller høgre var anbefalingen, noko som eg ikkje har høyrt eller lest om andre stader. Eit anna spørsmål: Er det noko som har prøvd å filme eit black LED kamera i funksjon i mørket? På ein film ca 3.40 ut i filmen såg faktisk black LED diodane ut som dei gløda blått når dei vart filma,mens dei var usynlige for det menneskelige auge. Dette blåe lyset var kun synleg på filmen som vart tatt opp. Dvs han sa dei såvidt kunne ane noko glødande berre med augene. Hadde eg hatt eit black LED kamera her så skulle eg prøvd det,men det eg har står ute felten. For den som lurer på testar av viltkamera så kan eg anbefale www.trailcampro.com Dei mest vanlege i Norge er ikkje med ,men ellers er det bra utvalg. Merk at desse kun testar det dei sjølv selger og det berre er nokre frå mms kamera med.
  12. Dei fleste som brukar viltkamera tar bilde etter det eg forstår,men er det nokon som har brukt videofunksjonen såpass mykje at dei har lagt merke til om viltet reagerer på kameraet? I denne filmen frå USA så påstås det at ein del vilt reagerer negativt på kamera og at dette går ein lett glipp av viss ein kun tar bilde. No må eg innrømme at eg har nesten utelukkande har tatt bilde så eg har sjølv ingen erfaring med det som påstås her. Kanskje norsk vilt reagerer annleis enn amerikansk whitetail deer? I filmen kjem dei forresten med råd om korleis ein kan unngå at enkelte dyr kan bli skremt av kameraet.
  13. vest

    Viltkamera med mms

    Angåande om dyra blir skremt av rød ir belysning eller ikkje så har eg tatt ein del bilde av hjort med slikt kamera og det virkar ikkje som dyra bryr seg. Har og fått nokre bilder av rev på slakteavfall av hjort. Om reven vart skremt så var det ikkje verre enn at han kom igjen fleire netter på samme åtet. Det kameraet eg har tatt mest bilde med er ein Moultrie D-40 med vanlig blits ved ein saltstein. Har tatt tusenvis av bilder av hjort med dette kameraet og mange av dei er tatt i mørkret med blits. Eg skal ikkje sei at dyra ikkje kan bli skremt av kvit blits,men bilda mine er gode bevis på at det er mulig å ta massevis av bilder av samme dyra med vanlig blits. Har og prøvd dette kameraet ved sjølvdaua hjort om vinteren og også reven vender tilbake til samme åtet sjølv om eg brukar vanlig blits. Har no skaffa meg kamera med black LED og ventar på nokre fleire kamera. Har enno ikkje fått sjekka dei eg har satt ut,men forventar at kvaliteten på bilda tatt i mørket er dårligare enn med vanlig blits og rød ir blits då black LED normalt er svakare og gir meir grovkorna bilder. Ingen av kamera mine har mms då det er elendig mobildekning der eg jaktar. Dessuten synes eg det er litt av sjarmen med viltkamera å venta til du får sjekka dei sjølv. No veit eg ikkje om det går å bruke time lapse funksjon kombinert med mms ,men ser for meg at det blir ganske upraktisk å motta bilde kvart minutt så da må eg ut i felten å sjekke kameraet/bytte sd kort likevel. Eit av dei kameraa eg har bestillt kan attpåtil kombinere time lapse+ vanlig bilde utløyst av detektor dermed vil ein få veldig god dekning spesiellt på åpne områder i dagslys då kameraet får med også det som skjer langt utafor detektor området. Bakdelen er at det drar ein del batteri.
  14. Mange viltkamera har med månefase på bilda. Då tenker eg at det må ligge ein tanke bak dette. Er det nokon som har registrert ulik aktivitet av viltet ved ulike månefaser og korleis kan ein best bruke denne infoen? Eller er dette noko som er mest kjekt å ha?
  15. Viss DU ikkje ser nokon forskjell har det ingen betydning. Da trur eg det betyr meir den dagen du kanskje skal selge siktet, da vil du nok få mindre igjen for siktet enn om det var fritt for riper.
  16. vest

    Minkjakt

    Til spørsmål 2 angåande ammunisjon så brukar vel dei fleste hagle med forholdsvis fine hagl til å jakte mink. Sidan minken sjeldan står i ro ved jakt så er nok hagle det beste. Ellers er det jo lovleg med salongrifle,men da er ein meir avhengig av at minken står nokolunde i ro. Fordelen med salongrifle er at då kan ein bruke lyddempar om ein ikkje vil forstyrre naboar om det er andre hytter i nærheiten. Viss du brukar feller som fangar levande (må sjekkast kvar dag) så er salongen grei å bruke til avliving. Du finn meir og jakt og fangst av mink her : http://www.njff.no/jakt/Last%20nedsider ... ink%20(POD).pdf Sidan eg er medlem på eit anna forum om jakt på mink så ser eg at det er ein del som brukar hund og hagle på minkjakt. Heilt klart ei spennande jaktform som og er veldig nyttig for fuglelivet.
  17. Ja det var den siste.Hos aliexpress står det at det er ein imitasjon Swarovskl ,altså med l til slutt,men på sjølve siktet står det SWAROVSKI , altså med stor i til slutt.....
  18. Ja etter å ha sett nøyare på bildet såg eg at det ikkje kunne vere ekte,måtte berre ha det bekrefta av andre før eg kontakta kjøpar og sa det ikkje var ekte.Han hadde kjøpt siktet,men etter at eg gav beskjed så har han vore i kontakt med selgar og skal få pengane tilbake. Når ein ser ein slik Swarovski til 4500kr så er det for godt til å vera sant. Rett nok sto det ikkje Z6, men Swarovski har jo ingen andre modellar med desse spesifikasjonene så det var tydelig kva den skulle etterligne. Når eg har søkt på nettet etter fake Swarovski riflescopes så er Ikkje dette problemet heilt ukjent,men dei fleste kopiene eg fann var mykje meir lik originalen enn denne kopien som utanom namnet og forstørrelsen ikkje likna Z6 i det heile. Så vær obs!
  19. Ser på eit anna forum at Swarovski har fått forespørsel om dette og dei seier det ikkje er ein ekte Swarovski.
  20. Hmmm, ein kamerat av meg har kjøpt (men Ikkje fått) ein Swarovski 2.5-15x56 som har lysreguleringen på sida.Eg har sjølv sett bildet,men den var så billig at eg nesten begynte å lure på om den var uekte.
  21. Hadde denne første generasjonen av Z6 lysreguleringen på sida ved dei vanlige justeringene og ikkje på okularet?
  22. Som kjent må alle hundar som blir godkjente ettersøkshundar etter 1. april vera godkjente både på blodspor og ferskspor. I tillegg er det ei viktig endring som ikkje har betydning for hunden ,men for å få gjennomført prøven. Dommaren som skal vurderere hunden må ha godkjenning for begge sportypar. Før så var det slik at det var dommarar for blodspor og dommarar for ferskspor,og ein del var godkjent for begge deler. I praksis betyr det at om du skal gå ein fersksporprøve så må dommaren og vera godkjent på blodspor. Bakgrunnen for at eg nemner dette er at elghundmiljøet har hatt sine elghundprøvar lenge før kravet for ettersøkshund vart innført i 1994. I desse prøvane var ferskspor ein del av prøven, i alle fall som bandhund. Dei hadde og reine fersksporprøver for laushundar. Då kravet om ettersøkshund vart innført vart mange av fersksporprøvedommarane i elghundmiljøet brukt til å lære opp dommarar som skulle dømme ettersøksprøvanes ferskpordel. Dette fordi dei hadde lang erfaring med dette. Og premierte hundar frå elghundprøve vart godkjente i eige vald fram til 1.april i år. (Dei som er godkjent før den tid beheld godkjenninga si) Mellom anna difor har det vore mange dommarar berre med godkjenning på ferskspor . Regelverket som desse dommarane har dømt etter har vore likt, med ferskspordelen for å få godkjent ettersøkshund. No når regelverket er endra dvs at alle nye ettersøkshundar etter 1.april 2016 må ha samme godkjenning altså blodspor og ferskspor så er plutselig ikkje desse reine ferskspordommarane godkjente lenger for å kunne dømme ferskspordelen . Nei, dei må og vera godkjente på blodspor sjølv om dei berre skulle bedømme fersksporprøvar. Det seier seg sjølv at det då ikkje er så mange ferskspordommarar å velje i lenger . Så kan ein då lure på kvifor er det blitt slik? At kravet til å få godkjenning er endra er no ein ting,men at kravet til å dømme ferskspor er blitt endra til at dommaren no også må vera godkjent for blodspor er for meg uforståelig.
  23. Etter det eg forstår er det berre på dei nyaste modellane Kahles har 11 år. Om dei ikkje har endra dette heilt i det siste så har dei fortsatt 25 år på for eksempel C og CBX.
  24. Ser det har blitt litt meir aktivitet i denne tråden min fra ifjor. I mellomtida har eg kjøpt Ladeboken nr 7. Vel konklusjonen på spørsmålet mitt blir vel kanskje at om ein har ei rifle med 50cm og ei med 56cm og dei andre faktorane ellers er like så vil ein i praksis ikkje oppnå like god demping om ein brukar ein mindre dempar på det lengste løpet. Sannsynlegvis vil ein ikkje høyre (særleg) forskjel med samme dempar heller. Det som er interessant er kor mykje forskjell må det være i decibel før ein høyrer forskjell, og vil dette oppleves forskjellige på ulike avstandar? 3db auke vil seie dobling av lyden,men vil ein oppleve dette som nokon særlig forskjell? Eg veit ikkje korleis dette skal målast ,men det hadde vore interessant og testa ut dette med ei gruppe folk for eksempel på 100m avstand uten at dei fikk vite kva slags dempar som var på rifla . Ein kunne godt prøvd med ulike demparar som for å sjå om dei klarte å merke forskjell,men da måtte ein sjølvsagt ta hensyn til om det var 1. 2. eller 3.skot (innafor eit kortare tidsrom før demparen var fri for røyk/gass)dei skulle legge merke til ,då som kjent demparen normalt virkar dårlegast på 1.skuddet. Ein anna ting er at det antakeligvis og er vanskeligare å merke forskjell om det er for eksempel 5 minutt mellom kvart skot om det ikkje er veldig stor forskjell på demparane. Mitt tips er at det er lettare å høyre forskjell på avstand der skotlyden ikkje blir så "overveldande". Eit anna kanskje litt dumt spørsmål: ein lyddempar reduserer også som kjent rekylen,men følgjer effekten i lyddemping og rekyldemping kvarandre? Under ellers like forhold (våpen,ammo.lyddempar osv) vil eit våpen med ein dempar som reduserer 3db mindre ha dobbelt så stor rekyl? Mitt tips er nei. PS! Kom på ein ting til. Testar har vist at forskjellen på løpslengden har liten innvirkning på støynivå. Vel, kvifor trudde eg då at eit kort løp laga meir støy enn eit lengre løp? Ikkje berre eg ,men også mange andre trur dette. Vel då sjekka eg korleis testane i Ladeboken 7 var utført, og der står det at målaren var sett vinkelrett ut frå demparmunning. Då går eg utfifrå det samme skjedde ved løpsmunning då dei testa uten dempar. I forhold til korleis skyttaren og eventuelle medskyttarar på sidene opplever dette så blir det ikkje heilt samanliknbart då eit 50cm løp kjem nærare skyttaren enn eit 56 cm løp. Ved måling er munningen like nær målaren uansett om løpet er 50 eller 56cm. Kanskje er dette feil,men kan 6cm gjere at folk merkar forskjell på smellet sidan smellet kjem nærmare skyttaren dess kortare løpet er?I motsetning til decibelmålaren der avvstanden til munning er lik uansett løpslengde?
  25. vest

    Nye våpenkort?

    Ok, eg trudde sidan mange seier at har ein systemvåpen så er ikkje antal løp begrensa av våpengarderobens max antall våpen. No var det ikkje systemvåpen som var poenget mitt,men at eg fekk 2 våpenkort på ei vanleg rifle og det kan vel ikkje vera rett om ikkje politiet har begynt med dette no i det siste.
×
×
  • Create New...