Jump to content

vest

Members
  • Posts

    1,232
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by vest

  1. vest

    Nye våpenkort?

    Rett etter nyttår fekk eg ei ny rifle Bergara B14. Dette er ei vanlig "normal" rifle ikkje noko systemvåpen,men heller ikkje så vanskelig å skifte løp som på Sauer 101 eller M12 om eg ein gong i framtida skulle ha behov for det. Rifla er i kaliber 308win. Først i dag 29.mars nesten 3 mnd seinare fekk eg våpenkort. Eit for låskassa uten kaliberbetegnelse og eit for løpet med kaliberbetegnelse. Begge korta hadde serienummeret som kun står på låskassa. Dette kan vel ikkje vera rett eller har dei begynt med dette no i det siste? Kanskje dei har forveksla rifla med ein anna Bergara BX-11 som er ei systemrifle? I praksis betyr vel dette at eg må ha med meg begge korta når eg brukar rifla? Om eg da ikkje kontaktar dei og ber om nytt kort. Ved kjøp av systemrifle så forstår eg at ein ikkje treng å søke for å få nytt løp i eit anna kaliber, berre registrere løpet. Så om eg seinare vil gå over til for eksempel 223rem (rifla har kort mekanisme) så slepp eg å søke på nytt ....? Korta var forresten merka med datoen 04-02.2016 så det er tydelig at dei har forbedringspotensiale med tanke på å få sendt ut våpenkorta......
  2. Sniken du har rett i at ved ellers like sikter så er det ingen praktisk forskjel på eit 1.5-6x42 og for eksempel eit 3-12x56 sikte i skumring om dei ellers er optisk likeverdige. Nettopp det er jo poenget ved å ha høg forstørrelse; at ein kan skru opp forstørrelsen og sjå betre i mørket. Når det er sagt; når ein les anbefalingane her på Kammeret så synes eg det blir lagt altfor mykje vekt på skumringsegenskapene i kikkertsikte. Ja, til nattjakt på hjort og rev er slike store sikter klart best,men no trur eg ikkje det berre er slik type jakt folk driv med. Til mange andre former av jakt er ikkje eit stort 56mm sikte best. Og berre fordi eit 56mm sikte er best i skumring så betyr ikkje det at eit 42mm sikte er dårlig. Eg har sjølv vist ulik optikk til at jegerar eg kjenner,men som ikkje er så utstyrsfikserte som oss Kammerbrukarar og dei synes forskjelen i skumring på 42mm og 56mm på optisk nokså like sikter er minimal. Om du på ein viss dato(mørket avhenger av når på året det er) kanskje ser 5minutt lengre med det største siktet så synes dei dette er ingen ting å snakke om. Andre synes kanskje dette er stor forskjell og verdt ein prisforskjell på mange tusen kr. Folk er forskjellige. Eg kjenner dei som har skote hjort med ein gammal 4x32 Bushnell i måneskinn. Det optimale siktet er det langtifrå,men poenget er at ein må ikkje ha det aller største, beste og dyraste for å kunne skyte eit dyr utanom midt på lyse dagen. Difor er det berre du som kan bestemme kva som er best for deg.
  3. Sniken du har fleire gonger skrive Meostar R1 1.5-6x44,men om ikkje dette er ein splitter ny kikkert Meopta har komme med no så er dette feil. 1.5-6x42 derimot eksisterer. Er du fornøgd med ein Meopta 1.5-6x42 så kjøp den, berre du kan bestemme kva som er best for ditt bruk. Sjølv om det er forskjel i mørket på dette og eit større 56mm sikte så er det ikkje sikkert du synes forskjellen er så stor at det er verdt prisen,mens ein anna jeger kanskje har ei heilt anna oppfatning.
  4. Angåande våpensaken i Drammen: http://www.nrk.no/buskerud/gevaer-var-f ... 1.12864335 så eg veit ikkje kva som passar best eller
  5. 8-12000kr i bot http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/Politiets-vadeskudd---etter-hosteanfall_-diskusjoner-og-tabber-8394588.html "... Eg lurer da på om vi hadde fått samme reaksjon om vi hadde gjort noko liknande ? Da hadde det vel blitt full utrykning med bevæpna politi......
  6. Om folk i det siste har blitt våpenredde så må vel politiet sjølv ta ein stor del av ansvaret i og med dei har hatt så mange uhell/ulykker .Er det forresten nokon som veit kva straff desse politifolka har fått for uforsvarlig våpenhåndtering? Ja for det er vel Ikkje forskjell på politi og vanlege folk som gjer feil?
  7. vest

    Optikk

    Butikken som zeissoem2 linker til har mange interessante kikkerttestar for dei som liker sånt.Sjølv om det står på nederlandsk så er det lettforståelig med bruk av google translate.Eg har forresten eit lite ønske om at folk skil mellom kikkert og kikkertsikte.Om ein meiner kikkertsikte så bruk ordet kikkertsikte og ikkje berre kall det kikkert.
  8. vest

    Ny jaktrifle

    Her er ein test av nyaste rifla mi som eg fekk rett over nyttår (start ca 14:20) Kjøpte den hos Pedersens Vaabenlager Verkeleg ei flott rifle til forholdsvis rimelig pris. Sjølv om produsenten er ukjent for mange så er dei eit kjent namn innafor produksjon av løp. Eg valgte 308w. Rifla er ferdig gjenga for lyddempar. Om ein vil ha laust magasin så blir det tilgjengelig til sommaren. For dei som har kjøpt rifle med fast magasin så kjem det eit konverteringssett som gjer at ein kan bruke lausmagasin.
  9. Om nokon trur at den jevne norske jeger går rundt i feltjakke frå militæret,feltlue frå Wistex, vadmelsbukse og Slagbjørn gummistøvlar og har med seg ein gammal veldig enkelt tilpassa mauser så kan dei ikkje ha fulgt mykje med - Dei som går slik kledd er blitt ein utdøyande rase i dag. I dag står den vanlige norske jeger ikkje noko tilbake for "overklassen" i andre land når det gjeld bruk av pengar på kle og utstyr.
  10. Natur og Fritid har tiilbud på utgåande modell av Swarovski EL i dimensjonane 8x32, 8.5x42,10x42 og 12x50 https://www.naturogfritid.no/Optikk/Kik ... L/rstadv_J Optikken er den samme forskjellen er utvendig med nytt reimfeste og reim, nye frontlinselokk, låsing av dioptrijustering. Desse modellane både nye og gamle har flatfield linser ,dvs dei er skarpe så og sei heilt ut i kanten. Prisavslag ca 2500-3000
  11. https://www.riflemagazine.com/home%5Cin ... N=77398802 Desse 3 nettutgavene betaler eg 19.97 dollar per år for. 6 utgaver av kvart magasin. Dette kan vere eit alternativ/tillegg for dei som er leie av norske blad. Likevel må eg sei etter å ha abonnert på dette nokre år så blir det resirkulering av stoffet etter ei stund. ....intet er nytt under solen.....
  12. Vel som oftast får ein kva ein betaler for,men det finnes unntak. Eg kjøpte nyleg ein Weaver Super Slam Euro Style 3-9x56 då eg ville ha eit rimeleg sikte med rødpunkt på ei ny rifle til postering og stasjonær jakt. Eg hadde høyrt om siktet før ,men etter å ha sett denne testen som er nokre år gammal og såg at siktet var på tilbud i USA http://media.repro-mayr.de/41/235741.pdf så slo eg til. Pris med frakt 3320kr,men då må det nemnast at eg aldri fekk momskrav så egentlig kostar det litt meir. Ifølgje testen ligg siktet ganske nær dei aller beste og sjølv om eg ikkje har fulltesta siktet så må eg berre sei at eg er imponert over kva eg fekk for pengane. Rett nok finnes det nokre bakdelar som vekt og størrelse, valg mellom rødt og grønt lys som er heilt unødvendig. Og at dei fleste lysnivå er altfor sterke,men så lenge det fungerer bra i mørket på lågaste røde nivå så er det nok for meg. Litt tjukk mørk ring rundt synsbildet,men ingen dorulleffekt på låg forstørrelse. Jovisst har eg dyre europeiske sikter,men optikken på dette slår dei fleste av sikta eg har. Dette er for meg eit rimeleg sikte uten at det kan kallas billigsikte. MorganKane var det dette siktet du kjøpte http://bushnell.com/tactical/rifle-scop ... ated-btr-1 ? Synsfeltet på 1x er berre 16.3m noko som ikkje akkurat er så imponerande nei. Dessverre er det slik at dei fleste 1x sikta egentlig er litt meir enn 1x. Dette er ikkje noko spesiellt for Bushnell,men gjeld nesten alle sikter som kallar seg 1x.
  13. Tja, det kjem litt an på kva ein meiner med jalla. Eg handla nyleg eit sikte på supertilbud ifrå USA, inkludert frakt sparte eg nesten 50% på billegaste butikkpris eg har funne i Norge. Då må det og nemnast at dette siktet er mykje dyrare i Sverige og andre europeiske land. http://media.repro-mayr.de/41/235741.pdf siktet er nr 3 frå høgre i denne nokre år gamle tyske testen.
  14. Kva slags sikte er det som står på denne ITAR lista? Det bør vel gå greitt med "normale" jaktsikter, om det er det trådstartar er ute etter. Betyr tollgrensa på 6000kr at om du tar med eit sikte til max denne summen og ikkje noko anna så slepp ein moms?
  15. vest

    Swarovski z8i

    For at folk ikkje skal misforstå kvarandre; er de enige i denne begrepsbruken: Dorulleffekt=på minste forstørrelse så minskar synsfeltet og ein får ein tjukkare mørk ring rundt synsfeltet. Om sikte er ein 2.5-10x så opptrer dette normalt frå ca 3x til 2.5x. Skrur ein opp frå 2.5 til 3 så blir denne ringen tynnare mens synfeltet enten blir like stort eller større. Mens synfeltet sjølvsagt blir mindre på enda større forstørrelse så forblir den mørke ringen rundt bildet like tynn. Nokon kaller dette tunneleffekt,mens for andre er tunneleffekt at uansett forstørrelse så har synsbildet ein forholdsvis tjukk mørk ring rundt seg. Eit sikte med tunneleffekt kan ha dorulleffekt i tillegg,men ikkje nødvendigvis. Her bør det og nemnast at etter det eg har sett så kan denne mørke bilderingen som nokon sikter har i heile forstørrelsesområdet variere mellom ulike sikter. Og at det ikkje er nokon klar grense for kva som er tunneleffekt eller ikkje. Eller er eg heilt på viddene med denne begrepsbruken?
  16. vest

    Swarovski z8i

    Swarovski oppgir lysgjennomgangen på alle sikta og viss dei brukar lik målemetode på alle sikta så er det tydeleg at noko har skjedd utover større zoomområde. Z3 modellane ligg på 90%, det samme med Z5. X5i ligg på 90-91%, Z6i 90-91%, Z4i 92-93% og alle Z8 på 93%. Om det stemmer at dei brukar samme målemetode på alle så må dei og ha gjort litt med coatingen, eventuell brukt anna glass eller gjort noko anna enn på dei andre modellane.
  17. ko-stens Ser at du ikkje liker dorulleffekten som Z4i har på lågaste forstørring, no er det ikkje verre enn å skru litt opp til den effekten forsvinn om du synes den er irriterande. Og til formålet ditt enten det er toppjakt eller åtejakt på rev kor ofte har du bruk for lågaste forstørrelse?
  18. Det er kanskje ikkje alle som har fått med seg denne svenske testen får 2015 av lyddemparar? Testresultatet viser ikkje kor mykje dei dempar i forhold til uten dempar,men kor høg/låg støyen er ved skot med dempar under vissse forhold som kaliber .løpslengde ammunisjon,målemetode osv Litt artig å sjå at det ikkje berre er Hausken og A-Tec som dempar godt. http://media.stalon.nu/2015/06/ljuddamp ... 6-2015.pdf Ta poengsummen med ei klype salt den er gitt ikkje berre på bakgrunn av demping ,men på nakgrunn av kriterier som Jaktjournalen har satt så får heller kvar og ein sjølv velje på bakgrunn av det ein legg vekt på. Og til slutt som det bør stå til slutt i slike testar; dette er ingen endelig fasit,men målingar som er gjort under visse forhold.
  19. Ja det er nok 1/2 -20 gjenger som visstnok er europa standarden fann eg ut no. S&L for .22 fås for 490kr så den er ikkje akkurat dyr den heller.
  20. Eg har ei eldre salongrifle produsert i 1988 modell 2-E med originale gjenger for lyddempar. Er det nokon som veit om det er 1/2-20 gjenger på denne? Sidan den må ha ein frontmontert, ikkje teleskopisk, lyddempar så lurer eg på om det er denne typen lyddemparar som er vanleg til salongrifler? Litt dumt å bestille ein dempar for så å oppdage at den er teleskopisk for det kan eg ikkje bruke på denne rifla uten å måtte kappe løpet. Noko som er heitl unødvendig på ei salongrifle. Den eg vurderer for øyeblikket er ein Schultz og Larsen Hardcore,men også andre er aktuelle.
  21. Sako har to aktuelle kuler ei 8 grams og ei 6,6 grams begge fås med eller uten "cutting edge". Kanskje det kan vera noko for den som vil bruke lettere kuler enten til trening,konkurranse eller småviltjakt? Etter det Sako anbefaler så skulle 6,6 grams kula passe til revejakt.
  22. Er det nokon som kan svare på følgjande :Om ein har to løp i 308win eit på 50cm og eit på 56cm kan ein da klare seg med ein lettare og mindre dempar til det lengste løpet, altså ein som dempar mindre og likevel oppnå samme effekt som ein større og meir dempande dempar vil ha på 50cm løpet? Eg går utifra at eit kortare udempa løp støyer meir enn eit lengre løp difor spørsmålet. Ein anna ting er balansen og at det difor er ønskelig med ein lettare dempar på det lengste løpet. Finns det nokon formel eller er det gjort berekningar som viser støyforskjellen på ulike løpslengder?
  23. ktm250sx Korleis gjekk det med dette problemet?
  24. Her er ein del CZ historie for deim som er interessert https://www.czub.cz/zbrojovka/cz-catalo ... aj_web.pdf ZKK er omtalt i artikkelen From ZKK to CZ 557
×
×
  • Create New...