Jump to content

vest

Members
  • Posts

    1,232
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by vest

  1. Har du DoctoRoy høyrt om inkubasjonstid? Kan berre nemne at av 18 påviste tilfelle av CWD i Nordfjella så var det kun det første dyret som viste tegn på å vera sjuk. Så at sauene KAN ha hatt skrapesjuke uten vise symptom er muligt. Eg seier ikkje at sjukdommen stammer derfra , men til å avvise muligheten med å sei det ikkje er bevist blir noko anna. Og ikkje trur eg Schoonveld var ute etter å oppnå kred som du kallar det så mange år seinare, det er din påstand
  2. Om ikkje dyra blir smitta så kan dei ete planter som har tatt opp smitte og spre det gjennom møkk. Forskarane har jo funne ut at planter kan ta opp smitten,men det er såvidt eg veit aldri påvist at dyr har blitt smitta på den måten sjølv om dei trur det er ein smitteveg. Elllers kan ein merka seg kva følgjande "særinteresser" seier: Professor Adriano Aguzzo (google han så får de sjå at dette er ikkje kven som helst innafor prionforsking) "It pains me to no end to even comtemplate the possibility, but it seems entirely plausible that CWD originated from scientistmade spread of scrapie from sheep to deer in the Colorrado researc facility. If true , a terrible burden for those involved" uttalt 20 august 2017 Sjå også denne fra 2001 http://deerfarmer.com/wiki/chronic-wasting-disease-origins Vil berre minne om at kugalskap smitta over til menneske og skapte ein eigen variant Creutzfeldt Jakob sjukdom. Så sjølv om ting ikkje er bekrefta så betyr det heller ikkje at muligheiten er avkrefta.
  3. Til den som sa at smitten i Nordfjella er identisk ,med den i Amerika så er ikkje dette fastslått. Faktisk så sa folk frå Veterinærinstituttet på eit møte i oktober at dei ikkje var sikre på om det var samme smitte og om den har samme egenskaper,men dei antar det. Vedkommande ville ikkje at dette skulle komma ut. Dette blir no bekrefta i ein nylig utkomen EFSA rapport På side 9 står følgande å lesa :"For purposes of discussion in this opinion, the term ‘chronic wasting disease’ is used generically to include TSE – caused by prion infection – occurring naturally in any cervid species. Whether CWD in Norwegian moose, reindeer and red deer are caused by a common prion strain has not been determined, but early indications suggest that there are differences in the expression of disease in reindeer as compared to moose and red deer. Moreover, whether CWD cases in Norway or other European countries are caused by the same prion strain(s) that occur in North America has not been determined. The prion strain(s) associated with CWD in North America is/are infectious among susceptible hosts. Based on reported initial similarities, the current opinion assumes that the epidemiology of CWD in Norwegian reindeer will resemble that described for CWD in North American cervids." Dei antar det,men det er lang veg igjen før det er bekrefta,. Til dei som fortsatt snakkar om at urin frå Amerika kan vera smittekjelde, vel i teorien så er dette mulig,men i praksis neppe sannsynleg. Her kan ein sjå kva dei gjer og ikkje gjer i staten New York , den einaste staden dei (foreløpig) har klart å utrydde smitten.https://www.newyorker.com/magazine/2017/09/25/money-power-and-deer-urine 1gram hjernemasse med smitte tilsvarer fleire tusen liter med urin med smitte. Her må bemerkas at det tilfellet ikkje er samanliknbart med Nordfjella då dette dreidde seg om ein heilt anna art. Veldig få smitta dyr ca 4-5 dyr der halvparten var i ein farm. Altså veldig begrensa områda, og ikkje minst dei testa jamnlig på forhånd så dei visste relativt sikkert når smitten dukka opp. I Nordfjella vert det sagt frå 15 år til nylig. Men sannheiten er at dei ikkje veit kor fort den smittar mellom rein (om den gjer det, noko ein må anta ,men det er ikkje bekrefta gjennom forsøk) Reinen i Nordfjella har ein tendens til å gnage på geviret til kvarandre, også bastgevir. Noko som muligens kan ha auka smittefaren. Når det gjeld resistens så er det Jibrag skriv korrekt angåande skrapesjuke. Og sjølvsagt finnes det resistente hjortedyr i Amerika, men folk må ha klart for seg at resistens og immunitet ikkje er det samme. At resistente hjortedyr der borte er meir smittefarlige er slett ikkje noko som alle er enige i. Det er ikkje slik at resistente dyr lever i det uendelige , dei er like mykje utsatt for jakt som andre. Og om eit dyr blir smitte ved la oss sei 3 års alderen og blir skutt ved 4 år,mens eit anna blir smitta ved 1.5 års alderen og blir skutt ved 4 år, kven har spredd smitte lengst? Dette berre som eksempel.
  4. Sidan 2007 har der vore liten utveksling av dyr mellom sone 1 og 2. Ordførerens ord blir dermed ikkje komiske.
  5. 11000 og litt ove det er korrekt. Hjorteviltregisteret er dessverre ikkje oppdatert + ca 2500 tamrein og litt oppdrettshjort,men spørsmålet er: Er det tatt prøver av tamrein i Nord Norge først og fremst da Finnmarksvidda?
  6. Ifølge Hjorteviltregisteret er det testa 7270 dyr,men etter det forstår eg er det ville dyr.I tillegg vart det testa ca 200 tamrein på Filefjell. Om registeret ikkje er oppdatert kor var i så fall dei siste 3500 dyra frå?
  7. Apropos tamrein er det nokon som veit om det er tatt prøvar av tamrein i Nord Norge? At det av og til kjem rapportar om daue rein på vidda er ikkje nytt,men blir dei testa? Vil berre minne om at det var reine tilfeldigheiter som gjorde at CWD vart oppdaga i Nordfjella, hadde ikkje den første sjuke simla blitt obsevert så hadde me i dag sete her lika uvitande.Sannsynlegvis hadde me vore det fortsatt i mange år.framover For å finna smitta så må ein leita, slik flaks/uflaks som i det tilfellet er heilt uvanlig.
  8. beaker, poenget er den spesielle rettspraksisen i Sverige.Som det står i siste setningen :"Polisen har avskrivit ärendet eftersom det finns en prejudicerande dom i liknande fall där skytten friades."
  9. Vær forsiktig om du tar med ein Toller til Sverige ; http://www.jaktjournalen.se/tollare-for ... s-med-rav/
  10. Her kan det muligens vera eit nytt tilfelle på gang.Også denne gang i Nordfjella. http://www.porten.no/artikler/nyhende/d ... rantesjuke
  11. 100 prosent sikker kan ein vel ikkje vera,men ein må gjere alt ein kan for å vera mest mogeleg sikker .Når er det lurer då kanskje nokon på? Det må nesten forskarane sjølve svare på,men per no vil dei fortsette å samle informasjon sjølv om dei alt har skissert ei løysing. DoctoRoy las du linken eg la ved? Den om nye og bedre testmetodar? Om det står 2018 i mediereferatet så er det feil, det vart ikkje sagt når dette eventuelt kan gjennomførast.
  12. Etter at eg skreiv mitt siste innlegg den 19.januar etter informasjonsmøte så må eg sei det har vore veldig lite reaksjonar. For at folk som ikkje har vore på desse møte så kan eg ta med eit rimeleg bra mediereferat frå eit møte http://www.porten.no/artikler/nyhende/d ... rste-offer Her kan ein verkeleg få sjå kor stor trussel dette er mot denne villreinstamma spesiellt,men dette kan smitte vidare. I og med at smittevarianten på elg i Selbu er ukjent så kan dette få virkelig alvorlige konsekvensar for hjorteviltbestanden i Norge. For min eigen rekning må eg sei at skal utrydding av ei villreinstamme i eit spesiellt område vere utvegen for å stoppe smitten så må ein vere heilt sikker på at ein har alle den informasjonen ein treng for å gjennomføre dette. Innsamling av data på forhånd før nedslakting av reinen må jo innbefatte masse meir enn berre reinen i området og ein MÅ tenke grundig over konsekvensane etterpå. Ved ei ei brakklegging av området i kanskje 5 år, skal det då vere forbud for andre dyr , tenker då på sau å ferdast der? Sauen kan jo ta med seg smitte ut av området sjølv om sauen sjølv ikkje blir smitta. Er dataa som ein han frå US/Canada heilt overførbare til Norge? Tenker på at dette aldri har vore påvist på villrein tidlegare. Og med ein eventuelt slik stor aksjon så vil jo dette vera heilt nytt, klarer då forskingsmiljøet å tenke igjen alle scenarier som kan oppstå i samanheng med ein slik aksjon? Ofte kan uventa ting oppstå, spesiellt ved nye og store asjonar. Klarer ein å ta høgde for alt dette? Kva viss det viser seg til hausten at det ikkje er meir spredning og at ein berre finner like mange eller færre smitta individ som no? Dei innrømmer jo at det er mykje dei ikkje veit enno. Frammøtet av forskarar og leiing frå miljødirektoratet på desse informasjonsmøta var tungt så eg går utifra at dette var for å understreke alvoret. Det vart ikkje sagt direkte,men dette er kanskje den største trusselen mot hjortevilt i Norge nokon sinne om fagmiljøa har rett.
  13. Slik eg forsto det så var dette dyr frå samme bestand.Om det var spesielt mistanke mot desse 19 eller om dei var tilfeldig utvalgte veit eg ikkje. Det kom heller ikkje fram om det var spesiell mistanke mot denne bestanden eller om prøvane berre var eit ledd i eit overvåkingsprogram.Men sidan smitten alt er i Nord Amerika så har ein vel frykt for dette uansett. Forslaget om desimering av bestanden av villrein har bakgrunn med at dei trur vi er i ein tidlig fase av CWD utbruddet og at eit slik tiltak har best effekt på eit tidlig tidspunkt. Det er og fare for smitte av villrein t.d. på Hardangervidda eller smitte til hjort og då akselererer problemet fort. Det paradoksale er at dei samtidig måtte erkjenne at det er mykje ein ikkje veit,men gjennomgangstonen var at framtidsutsiktene såg dystre ut uten dette tiltaket. DET var sikkert og ein årsak til at det møtte så mange forskarar og leiing frå forvaltning for liksom å understreke alvoret. Om det er like ille med elgbestanden i Trøndelag så er ein virkelig ille ute, då lar dette seg knapt stoppe. Men som sagt avventer dei vidare forsking. Bilder dei hadde av hjernen av rein og elg viste heilt forskjellige resultat av CWD .
  14. No kjem det sikkert masse informasjon i media om desse informasjonsmøta om skrantesjuke den 18. og 19.januar,men tilrådinga frå forskarhold når det gjelder rein er desimering av bestanden i det aktuelle villreinområdet Nordfjella sone 1. La området ligge brakk ca 5-6 år til smitten er vekke før reetablering av ein bestand. Om det blir slik så kjem det nok ikkje til å skje i år . I tilfelle nedslakting så må det uansett godkjennast politisk først. Når det gjeld elg så er det meir uvisst,men det er uansett mykje vanskeligare å sanere elgbestanden i Selbuområdet. Eller ein hjortebestand for den saks skuld. Dei avventar meir forskningsresultater angåande CWD på elg sidan denne er ein ukjent variant i forhold til det som er kjent frå Nord-Amerika. Uansett kva ein meiner om desimering av ein bestand, og kor mykje informasjon og kunnskap ein må ha før ein vedtek dette så kom det fram noko illevarslande. Dei driv å utviklar nye og bedre metoder for å påvise CWD . Som eksempel blei nemnt 19 dyr som blei testa i USA eller Canada. Med den vanlige metoden som dei brukar så vart det påvist 3 tilfeller av CWD,men med nye metoder kunne ein påvise 15 tilfeller. Dette er ikkje heilt ferdigutprøvd enno,og dei driv å forskar på om desse nye testane er for sensitive,men om dei held mål så kan det tyde på at smitten er mykje meir utbreidd i ein bestand enn først antatt. Jegermeistern nemnte at sannsynlegheiten for at smitten kom frå hjortedyrurin frå USA er liten sidan smitten er komen på rein, der ein ikkje brukar slikt, og at smitten på elg er ukjent frå Nord-Amerika. Forskar Bjørnar Yttrehus var einig i at sannsynligheiten for dette var liten og at forskarane i USA betvilte at dette var årsaken,men heilt 100% sikker kunne ein ikkje vere enno. Gjennomgangsmelodien var eigentlig at utenom at CWD er smittsomt og den faren dette ugjer, så er det veldig lite ein veit. Korleis den har kommen hit eller om det har oppstått av seg sjølv er det ingen som veit, ein kan berre spekulere. For min del drar eg konklusjonen sålangt at viss den informasjonen dei har ifrå Åmerika er overførbar til norske forhold så kan ikkje smitten vore veldig lenge her , då skulle langt fleire dyr vore smitta. Sjølv med dagens utprøvde testmetodar skulle talet vore høgre. No blir overvåkinga for i år intensivert og då bør ein normalt få ein høgre andel smitta dyr enn 0,88% som var tilfellet med reinen i Nordfjella i 2016, om kunnskapen frå Amerika er overførbar til norske forhold. Akkurat det gjenstår å sjå,men sidan dei og seier det er mykje dei ikkje veit så er det lov å håpe dei tar feil.
  15. No vart det til at eg handla på nettet, fekk ein Jonsered CS 2252 til 4590 fraktfritt levert. Snakka med eit par stykker som hadde den og var veldig fornøgd. Denne tilsvarer 545 Husqvarna med berre små forskjellar.
  16. Eg og er ute etter ei ny sag. Har ikkje erfaring med mange sager,men har ein Stihl 170. Synes den er for veik og vil derfor ha ei sterkare sag + at det har vore ein god del feil på denne og elendig service av Stihl forhandlaren. Treng ingen proff sag,men har sett på Husqvarna 543XP som sjølv om den blir omtalt som proffsag ikkje er så altfor dyr. Den er ikkje av dei kraftigaste,men meir enn nok til mitt bruk og i tillegg er den relatict lett, berre 4.5kg Er det nokon som har erfaring med denne? Ordinær pris er 5899kr. Til nesten samme ordinære pris 5890kr og samme antall 2.2kw finn eg Stihl 251. Den er littegrann tyngre 4.8kg Sjølv om eg dessverre har fått ein viss Stihl skepsis så er det positive at eg muligens kan få kjøpe ein slik modell 3 år gammal ,men heilt ubrukt, ikkje ein gong starta. Prisen blir det han betalte då han kjøpte den på tilbud, trur det var 3990kr eller muligens enda mindre. Felleskjøpet kjem forresten ut med eit tilbud i morgon på Stihl 231 til 3990kr,men dette er jo eit litt svakare sag enn 251. Er det nokon som har prøvd denne 251 modellen? Eg reknar med at dette er ein bra pris om han ikkje ombestemmer seg, og eg har ikkje sjekka andre tilbud på Husqvarna 543XP så det er jo mulig den kan fås ein del billegare enn ordinær pris.
  17. Vel, nordmenn betaler for å jakte ulv i t.d. Estland og Canada.I tillegg er det mange som reiser til Sverige og betaler for bjørnejakt.Men i Norge ? Nei,der er det ikkje diskusjonstema ein gong.
  18. https://tv.nrk.no/serie/debatten/NNFA51 ... 5-01-2017# I debatten i går sa Anne Delphin noko rart fra ca 24.45 uti programmet. Ho fortalte at hadde hatt jaktutleige der dei dreiv med båndhundjakt. Ho brukte ordet båndhundjakt 2 gonger. Poenget hennar var at dei ikkje kunne drive med dette lenger då dei ikkje kunne slippe hundane lause pga ulv. Først trudde eg at dette var ein talefeil at ho egentlig meinte laushundjakt,men måten ho sa det på med bruk av ordet båndhundjakt 2 gonger før ho sa at dei ikkje lenger kunne sleppe hundane lause gjorde meg faktisk litt i tvil..... No var dette litt på sida av debatten,men poenget hennar var at det var problematisk å drive jaktutleige. I den forbindelse lurer eg på kor mykje desse jegerane som sto klare til å jakte skulle betale for ulvejakta? For dei hadde vel ikkje tenkt at dette skulle vere gratis? Eller skal eg tolke ho slik at desse jegerane ikkje skulle betale noko som helst for dette? Når det først er ulv der og om det blir ulvejakt som først tenkt, så bør vel grunneigarane utnytte også denne muligheiten for å skaffe seg inntekter? Det er jo mange nordmenn og andre som reiser til utlandet og betaler for ulvejakt så kvifor ikkje også i Norge når det likevel er bestemt at det skal vera ulv her? I mange land er utleige av rovviltjakt ein del av næringsgrunnlaget,men i Norge er det veldig stille på den fronten. Kvifor det?
  19. Joda viss montasjen står skeivt på våpenet så er det ikkje sikkert ein når senter av blinken uansett kor mykje ein justerer.
  20. Har kun prøvd den optiske innstikkstypen og må sei eg er veldig fornøyd.No har eg gjort dette ein del ganger og min erfaring om ein gjer det korrekt er at nøyaktigheten varierer alt etter hva slags våpen og montasje ein har.To ellers like våpen kan gi ulikt resultat. Det har variert fra innom skiva til rett i senter utan behov for vidare justering.
  21. http://mobil.firdaposten.no/svelgen/lok ... -16-130657 Trollhjorten som eg tidlegare har skrive om har no fått ein restaurant oppkalla etter seg. Det står litt meir om denne spesielle hjorten her. Geviret var stort,men litt under gjeldande rekord. Det var derimot vekta som var over 200 , med 248kg og datidas vekter. Artikkelen som eg las for over 30 år sidan fann eg ikkje igjen,men denne artikkelen bekreftet at det var ei veldig spesiell historie. Og det er vel ikkje alltid at dei største dyra har dei største gevira.
  22. Desse vitna bortforklarer den fornærma sine heilt ulike forklaringer med at ho var i sjokk. Vel, no sa ho dette i 2 politiavhøyr..... Om desse verkeleg var vitner så har dei jo uansett ikkje vore del av noko bevisgrunnlag sidan dei først no 2 år etter står fram. Det var ein kommentar om at ein ikkje skulle stole på politiet,men akkurat i denne saka så er det nettopp politiet sine dokument som ikkje støttar opp om resultatet i forliksrådet.
  23. Uten at det spelar noko rolle så var dama som braut lårhalsen norsk. Det eg synes skurrar i denne saka er at ho i to avhøyr hos politiet gav ei heilt anna forklaring enn i forliksmøtet. Hundeeigar vært skremt av trusselen om rettssak i verste fall kunne komme til å koste ho flere hundretusen kroner. Difor godtok ho forliket som advokatene ,ikkje medlemmene i forliksrådet forhandla å fram.Dette på tross av at det ikkje var vitner eller andre bevis som tilsa at hennes siste forklaring var den korrekte. Er ein uføretrygda og har dårlig råd er det forståelig at ein kan bli skremt til å gå med på slikt. Difor meiner eg det er grunn til å vurdere om offeret har komme med falsk forklaring.
  24. Er det ikkje straffbart å forklare seg falskt til politiet? I forliksaka forklarte den fornærma noko heilt anna enn til politiet ifølge media. Hundeeigar har skrive ein omtale av hendelsen og personen som var involvert. Klippet bort unædvendige spekulasjoner. G.Larson Kan det vera at dette er ein person som prøver å utnytte situasjonen for karre til seg mest mogeleg pengar?
  25. For dei som er interessert i hodelykter så fann eg ein test på http://www.outdoorgearlab.com/Best-Headlamp No kjem det litt an på dei som testar kva dei legg vekt på,men ein del objektive kriterier finn ein jo i denne testen. Testen kjem til å bli opdatert ettert kvart då spesiellt Black Diamond har komme med ein del nye modellar i 2016. Har sjølv kjøpt meg ein modell black Diamond Icon nyaste utgaven med oppgitt max 500lm (den eldre 320lm er med i testen) http://blackdiamondequipment.com/en_NO/ ... KALL1.html Så langt ser det ut til å vere ei solid lykt. Den brukar 4 AA batterier og med batteria i vog den 235gram. Den leveres med ekstra ledning slik at ein for eksempel ved kalde forhold kan ta av batteripakken og enten feste den i ein medfølgande bæresele eller puttes i innerlomma på jakka.
×
×
  • Create New...