Jump to content

VestlandsJeger

Members
  • Content Count

    4,237
  • Joined

  • Last visited

Community Reputation

1 Neutral

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

  1. På vårt jaktfelt har vi både sett og skote meir hjort no i starten enn nokon gong før. Fantastisk moro å jakte! Mykje dyr står bra høgt enno, ser ein god del oppe i fjellet og førebels er det tomt på bøane.
  2. Etter "ein mannsalder" med 180 grs Oryx er eg nysgjerrig på noko nytt. Var ute etter 150 grs TTSX, men det hadde dei ikkje inne, so det vart ein pakke med 165 grs. Rifla er ei Rem 700 i .308W med 47 cm løp. Jada jada, eg veit at 150 grs er eit vesentleg betre valg i .308. Men no er det no ein gang 165 grs eg har. Kjapp og enkel testing på skytebana viste god presisjon med både 43 grs N150 og 41 grs N140 (COL 71mm på begge). Har lyst å prøve ein av desse til hausten. Er det nokon som har praktisk erfaring med 165 grs TTSX i .308? Vil dette funke greit eller er det direkte uansvarle
  3. Hehe. Likar dette prosjektet. I mitt hovud heiter det "den stygge andungen"
  4. I DFS er reglane slik at om det er eitt skot for mykje i skiva, so skal det dårlegaste strykast og dei fem beste vere tellande. Er det meir enn eitt skot for mykje, må det skytast om att. No gjeld vel ikkje dette nødvendigvis for skyteprøva, men det er no ein grei peikepinn.
  5. Går fint å skyte utan dress. I "gamle dager" (fram til 80-talet) var det heilt vanleg å skyte med HV-jakke. Eg ville vurdert kl 2 f.eks. Ståande er nok den stillinga eg har minst lyst til å skyte utan dress
  6. Køyrte over Strynefjellet i godveret i går og kunne studere litt av terrenget eg skal tilbake til om 2 veker. Då kom suget Det nærma seg ei herleg tid!
  7. Begge deler her. Plukker ein del til 308. Kjøper skytterlagsammo for å få hylser til 6,5
  8. Eg er først og fremst kjøtjeger og vil sette veldig lite pris på å bli avretta! For min del er viltkjøt den primære ressursen som vert henta ut i jakta og kjøtet vert ein stadig viktigare del av jakta for meg. Trofejakt basert på ei god trofe-forvaltning er heilt ok i mine auge. Det krever robuste bestandar, på same måte som ei god kjøtforvaltning gjer. Dette lar seg kombinere. Eg har i løpet av mi jegerkarriere ein gong fått ein god nok sjanse på ein bra stor bukk, som vi og hadde på kvota. Den henger på veggen. Mange vil nok seie at den burde fått levd lenger, men eg har ikkje d
  9. 220m ja. Eg skal innrømme at eg trudde det var lenger For langt til å avgje skot? Ja, for meg personleg føler eg at det er det. Aldri skote på den avstanden på jakt. Har ikkje trena so mykje med jaktrifla på den avstanden heller, og ein grei regel for meg er å ikkje prøve på noke på jakt som ein ikkje har trena på. På ei anna side so skyt eg rikeleg godt nok med DFS-utstyr på 200 m til kunne skyte eit rådyr... So det kjem no an på korleis ein ser det. Eg trur ikkje man kan bli dømt i retten for å skyte på 220 m, kun basert på avstanden. Sjølv om det nok fins mange eksempel på at de
  10. Flott.... Då kan grevlingen1 berre gje f i å kommentere, og so får vi aldri vite svaret. Basert på mi erfaring med nettforum, er TS for sta til å gå tilbake på kravet om at grevlingen1 skal svare før fasiten kjem. Og grevlingen1 for sta til å gje TS gleden ved å svare feil... I mellomtida sit vi no her.
  11. Trur det. Eg har og fått straumbrev frå Skjåk i dag
  12. Dette er ei gråsone. Kanskje ei litt hypotetisk sådan, men likevel eit interessant juridisk spørsmål. Felling er ikkje jakt, og derfor trur eg ikkje du gjer noko straffbart ved å jakte på dagar med jaktforbud. Men, eg trur det er veldig lurt å la vere. Eg vil og tru at om spørsmålet dukka opp, ville du kunne få pålegg frå politiet om å ikkje jakte på dagar med jaktforbud, eller eventuelt eit vilkår i skadefellingsløyvet om å ikkje drive felling desse dagane.
  13. Veldig bra kronikk. Alt av rovdyrsaker vert blåst ut av alle proposjonar! Fy f**n for eit sirkus. Det begynner med store ord frå interessene på begge sider i "konflikten". Media skjønner at dette er sprengstoff og blåser det opp. Og so bit politi og påtalemakt på. Eg syns for all del det er viktig at dei som driv ulovleg jakt og faunakriminalitet vert tatt, tiltalt og straffa! Men vi ser at ressursbruken er veldig avhengig av kva type dyr det er snakk om. Medan man kan sleppe unna med ulovleg jakt på det meste anna her til lands, so må man rekne med å verte sikta og etterforska sjølv ve
  14. No berre tenker eg høgt her, de får ha meg unnskyldt om det ser ut som kverulering og flisespikkeri... Det KAN og vere at man får nei til å skyte andre program og skyteformer fordi skytebanene ikkje er godkjente til det som blir spurt om. DFS-skyting og mykje av NJFF-skytinga er takknemlege greier som foregår frå ein fast standplass og det vert skote mot faste skiveanlegg og vollar. Praktisk skyting og enkelte andre typar skyting er meir "bevegeleg" der ein skyt frå ulike standplassar og mot ulike mål. Det krever kanskje heilt andre baner og godkjenningar, meir i retning av dei militære.
  15. Sauer, for det har eg! Neida, begge er veldig gode rifler. Det vert mest smakssak og eit spørsmål om kva løysingar ein foretrekker på løpsbytte, mekaniske, magasin, materialvalg osv. Ta den du lika best og drit i kva dei andre seier
×
×
  • Create New...