Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,026
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. ...du blir invitert på RCBS sitt julebord.
  2. Og det har eg full forståing for. Men mange har nok eit betydeleg forbetringspotensiale, og med litt fokus på temaet så trur og håpar eg at trenden kan bli snudd. Berre sidan eg gjekk ut av vidaregåande føler eg at skriveevna blant nordmenn har dala betrakteleg. Internett og inntoget av engelsk har nok ein del av skulda, iallfall for orddelingsfenomenet. Men nok om den saka, det skulle eigentleg berre vere eit lite apropos.
  3. Å forstå tekstane er ikkje problemet, eg skjønnar utmerka kva folk vil ha fram. Men kor seriøst eg vél å sjå på innhaldet er ofte bestemt av korleis teksten er lagt fram. Å ikkje bli tatt seriøst pga. språkbruk og formuleringsevne i eit diskusjonsforum har vel ikkje så stor betydning. Men kva med når ein prøver å fremje ei sak slik som vedkomande med underskriftskampanjen mot blyforbodet? Eg meinar ikkje at ein skal skrive alle tekstar som om at dei var sakprosa, men skribentar må i så fall ha evna til å skille mellom seriøse og mindre seriøse skriv.
  4. Det er synd å seie det, men eg meinar altfor mange er slumsete med både formuleringar og rettskriving. Dette framstiller ofte både saka og skribent i eit dårleg lys. Eg må ærleg innrømme at eg kan ha problem med å ta mange innlegg seriøst der skribenten haltar seg fram med formuleringar og rettskriving som ein førskuleelev. Eg frekventerar ein del forum, men sjeldan ser eg så mykje rusk som her på kammeret. Orddeling står i ei særklasse, eg er f.eks. imponert over kor mange som går på rådyr jakt med rådyr hund. Eg veit at orddeling er den nye folkesjukdomen, men om folk hadde brukt nokre sekund lenger på å tenke over kva dei faktisk lirar ut av seg, så hadde mykje vore gjort allereie. Eg meinar ikkje å kritisere, eg ønskjer berre at jegerar og skyttarar ikkje skal framstå i dårlegare lys enn nødvendig. Eg er sikker på at dei fleste kan beire, kammerbrukarane er trass alt hovedsakleg godt vaksne folk med iallfall nokre år med grammatikklære bak seg. Og som det blei diskutert ovanfor, skal ein prøve å fremje ei sak eller synkspunkt så kan haltande språkbruk gjere det veldig vanskeleg.
  5. Utifrå bilda av sluttresultatet så trur eg ikkje du har noko å bekymre deg for. Barrane ser fine ut, utan noko tegn til ureinskapar som eg kan sjå. At barrane har litt ulik farge kan vere at legeringa er annleis, som stemmer med at du gjekk over til meir reint bly på slutten. Har sjølv opplevd litt fargespel i overflata på smelten, og kulene har ikkje blitt noko mindre perfekte av den grunn. Det er berre å glede seg til du skal foredle barrane dine til kuler!
  6. Kor lenge låg sinkloddet i gryta? Det kan ta litt tid før det smeltar, så du skal ikkje avskrive sinkforureining heilt endå. Korleis varmar du gryta? På kokeplate, med gass? Når sink smeltar så legg det seg som ein graut på toppen, med mindre temperaturen er nokså høg, då blandar den seg i større grad med blyet. Det enklaste er å måle temperaturen på smelten. Eg brukar sjølv alltid låg temperatur når eg smeltar om hjulvekter for å vere sikker på å unngå sinkforureining. Viss du er sikker på at temperaturen er låg så kan det rett og slett berre vere oksidasjon, som ikkje er noko å bekymre seg for.
  7. Humbo

    Colt Python

    Pene våpen, men GP100 er vel like pen?
  8. Sink er ein svært dårlig idé å blande i smelten din. Sink fører til overflatespenningar i blyet, og gjer rett og slett at det nesten blir umulig å få god utfylling, uansett kor mykje tinn du måtte ha i. Det går heilt fint å bruke støypte kuler i 6.5. Bruk så hard legering som du kan få tak i, som f.eks. linotype eller varmebehandla/bråkjølte kuler støypt av hjulvekter. Gas check er óg nødvendig. Held du deg under ca. 700 m/sek så kan du få glimrande presisjon og bortimot null blying med støypte blykuler. Pass på å bruke eit godt kulefett.
  9. Eg vil óg anbefale å skille mellom hjulvekter med klips og dei med lim/tape. Sistnemnde er stort sett reint bly, mens dei med klips har større bruksområde pga. antimon-/tinn-/arseninnhald. Vil du ha mjukare kuler er det berre å blande i reint bly seinare uansett. Til kva kaliber skal du støype?
  10. Du har vel ikkje tilfeldigvis ein M6 liggande til salgs?
  11. Kor mange av kammeret sine brukarar har problem med å skille mellom ein pistol og ein revolvar uansett? Kan ikkje skjønne at dette skal vere ei aktuell problemstilling.
  12. Gje meg ei tilbakemelding når du er tom for hylser, og eg tar gjerne over 50-kaliberen din.
  13. Humbo

    Død sel

    Har middag i mange veker no då.
  14. Hei, eg har endeleg fått tilgang til store mengder setteribly, så eg lurte på kva legering de brukar til dei typiske revolvarkalibra. Eg støyper hovedsakleg til .38/.357, .44 mag og .454 Casull, og på nokre av kulene i alle dei nemnde kalibra brukar eg óg gas checks. I .454 Casull brukar eg gas checks på alle kulene. Har stort sett kun brukt hjulvekter tidlegare, men skal no bli spennande å utarbeide nokre gode kuler med bruk av setteribly, gjerne blanda med reint bly sidan eg har mykje av dette liggande óg. Så fram med kokeboka godtfolk, og gje meg nokre gode oppskrifter!
  15. Humbo

    Kruttmål

    Skjønnar ikkje kva du har å utsette på Dillon sine krutmål, eg er iallfall veldig nøgd med mine. Utan noko slags modifisering eller polering så veg dei opp med variasjonar ikkje større enn 0.1gr. Mogleg der er kruttypar som ikkje egnar seg så godt i Dillon sine mål, men til mitt bruk har dei fungert beire enn mykje anna.
  16. Har Dillon D-Terminator, og er kjempefornøgd. Den blir levert med kalibreringslodd og ein kan få batterieliminator som ekstrautstyr. Pluss at den har den lekre blåfargen.
  17. Men han kan ha det steike moro med den der han er!
  18. Venta berre på at korte hold skulle kome og bekrefte at Lapua Mega er ei ypperlig kule.
  19. Humbo

    Våpenskap

    Trur ikkje det er påbudt med våpenskap frå første våpen endå når det gjeld rifle og hagle. Men det er snakk om at det skal kome.
  20. Her er iallfall eitpar: http://www.pistolwhipvideo.com/ og http://www.opticsplanet.net/gun-video-o ... -h003.html
  21. .44 mag og skikkelig tunge kuler skal ikkje undervurderast, kaliberet har vist seg kapabelt til å ta ned skikkelig stort vilt. Dette er nok noko Shadob har erfaring med og kan fortelle meir om.
  22. Heilt klart, skuddscenene er klimakset i einkvar jaktfilm meinar no eg. Mykje kan seiast om mr. Mark Sullivan, men underhaldande filmar lagar han iallfall. Og at nokon lagar liknande filmar med handvåpenjakt bør applauderast. Eg funderar faktisk på å bestille ein kopi av L.C. Thompson-filmen sjølv. Om nokon har tips om andre handvåpenjaktfilmar, gjerne frå Afrika, så kom med dei.
  23. Dette ser interessant ut, alltid spennande med jaktfilmar med handvåpen. Kunne sjå ut som at filmen har høg cowboy-faktor, à la Mark Sullivan.
×
×
  • Create New...