Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,026
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. Eg ville prøvd det enklaste først, rett og slett skru ned termostaten på varmeplata til eit minimum. Sjølv har eg brukt mykje Blueline, og det blei veldig lett klissete med feil innstilling av termostaten. Trur Blueline er ganske likt RCBS sine feitt, som heller ikkje er spesielt harde. Men med termostaten skrudd heilt ned blei det kun fin lunk i plata, og feittet får passelig konsistens. Men det skal seiast at Star er optimalisert for hardare feitt og høgare trykk i reservoiret, så det skadar nok heller ikkje å prøve å hardne feittet litt.
  2. Dette var gode greier, og sikkert til hjelp for mange som kunne tenke seg å utforske kulestøyping. Litt pirk her og der, men stort sett godt forklara. Kulestøyping er noko av det mest morsomme og spennande i ladeverda, og slike artiklar håpar eg kan rekruttere fleire til nettopp dette.
  3. Takkar, det var iallfall ein plass å starte.
  4. Lurte på om nokon har utarbeida nokre hissige ladningar til .45 Colt med kulevekt rundt 230-280 grs. Tenkte då på nivå med .44 mag. Kva kule og krut blei brukt, evt. kva tennhette, gas check osv. Våpenet er ein FA 97.
  5. Du får dra ut ei .22-kule og sjekke kor hard den er. 22-ammo kan nok variere, men eg vil tippe dei inneheld omlag 2% antimon maks, og lite tinn. Mogleg du kan herde legeringa ved bråkjøling, eg har aldri støypt med bly frå .22 sjølv.
  6. Og det eksperimentet gir to mulige resultater: 1. Positivt. Du ser tydelige tegn på slitasje, konklusjonen blir da at det er farlig å tromle ammo. 2. Negativt. Du ser ingen tegn på slitasje, men siden du ikke kan si noe som helst om andre forhold enn akkurat de du testet kan du ikke konkludere med at det er trygt å tromle ammo. Høres det ut som et produktivt forsøk? For ein som likevel tromlar ferdigammo, så meinar eg at eit slikt forsøk kan ha noko for seg. Men for all del, dette må vere opp til kvar enkelt.
  7. Det var ikkje snakk om å få jamne resultat, problemstillinga var om krutet sine eigenskapar endrar seg i nokon grad i det heile ved tromling. Om det er snakk om at det endrar seg så mykje med ein hylse- eller krutsort, forskjellige tennettekanalar, i kva endringsgrad etc. er likegyldig, så lenge ein kan vise at krutet endar eigenskap. Ved eit gjeve forsøk er resultatet snakk om ja eller nei, som botnar ut i om ein kan tromle ferdig ammo eller om ein bør la vere. Ved eitt enkelt forsøk kan resultatet gå to vegar, enten endrar krutet seg eller så endrar det seg ikkje. Endrar det seg, så er det vel ingen som er så idiotiske at dei byrjar å leike med variablar som kan få resultatet i ei anna retning. Då lar ein vere å tromle ferdige skot, basta. Endrar det seg ikkje, så kan ein heller spørje om der er variablar som kan spele inn på at resultatet vart som det vart, og om ein er villig til å ta risikoen likevel basert på eit så snevert forskningsresultat.
  8. Kan ikkje nokon lade eit knippe patroner med ei ikkje så altfor hissig ladning, tromle nokre av dei i nokre timar, og så kronografere dei? Om brennhastigheiten blir endra så vil vel det gi utslag på hastigheita? Sjølv er eg nølande til å tromle ferdige patroner, eg tromlar hovudsakleg for å fjerne drit som kan sette seg i diane når eg ladar. Å tromle ferdige patroner blir difor meiningslaust og ein unødvendig risiko for meg.
  9. Arsen er ein nøkkelingrdiens når ein skal vasskjøle bly. Det er óg det som gjer at ei legering gradvis kan bli hardare over tid, men legeringa må óg innehalde antimon. Ei legering med høgt innhald av antimon og lite arsen vil ikkje bli spesielt mykje hardare over lang tid, men vil oppnå full hardheit tidleg. Dess høgare innhald av arsen, dess kortare tid tek det å oppnå full hardheit på legeringa. Slik som eg har forstått det så virkar arsen meir som ein katalysator for herdinga, mens antimon er ingrediensen som faktisk gjer legeringa hardare.
  10. Er ikkje heilt einig i at hardare alltid er bedre, sjølv i magnumkaliber. For harde kuler kan gi like mykje blying som for mjuke. I mine .357 fekk eg iallfall ein del blying med kuler støypt av reine hjulvekter, bråkjølt til 22-24 BHN. Blanda eg hjulvektene 50/50 med reint bly og så bråkjølte fekk eg ein BHN på 16-18, som minska blyinga betrakteleg. Monotype ville eg blanda 1/4 med reint bly, du får då den mest vanlige kommersielle legeringa som kan brukast til omtrent alt, bortsett frå svartkrut og denslags. Denne legeringa treng du ikkje bråkjøle i vatn, og BHN vil sikkert lande på rundt 15. Ekstra tinn er heller ikkje nødvendig, 2% er rikeleg. Til slappe kaliber/ladningar kan du blande med endå meir reint bly, men då kanskje óg med ein liten klatt ekstra tinn. Der er eit par formlar for å rekne ut kor harde kulene bør vere. Ideell BHN er kammertrykk / 1920. Maks BHN er kammertrykk / 1422. Dette kan gi ein peikepinn på kva legering du bør satse på.
  11. Det er berre å bla seg lenger fram i tråden, og du finn rikelig med ladningar. Brukar sjølv 2.5 grs N310, med kulenasa i flukt med hylsekanten.
  12. Trådstartar nemnte ikkje kva kaliber han skulle støype til, så forslaget mitt var rekna som ei generell legering til både handvåpen og rifle. Som Fulmen seier, legeringa kan bli litt i hardlaste laget for vanlige pistolkaliber, men fungerar veldig bra i magnumrevolvarar og rifle i moderat hastigheit. Til typiske pistolkaliber og ikkje-magnum revolvar ville eg blanda det reine blyet 50/50 med hjulvektsbly, som for meg har vist seg å fungere veldig bra. Litt tinn må som regel tilsettast, 1-2%. BHN endar på mellom 9 og 10.
  13. Få tak i vanleg linotype, som typisk inneheld rundt 12% Sb. Blandar du det ut 50/50 med reint bly får du den kjente hardballegeringa, som er ei ypperleg legering og kan brukast til det meste.
  14. Humbo

    Et flott laderom

    Syns det er dårlig at bosspannet er oransj i staden for blått. Makan til slurv.
  15. http://www.handloads.com/calc/recoil.asp
  16. Humbo

    Nikkelhylser

    Nickelhylser skal iallfall haldast langt vekke frå carbiddiar, nettopp fordi dei er hardare kost for diane.
  17. Eg har ein fetter som gjekk til psykolog for å få attføring og betalt utdanning. Han hadde ein 9mm som dei kom og henta, trur ikkje han fekk den tilbake heller. Rulleblad er ein ting, har ein eit medisinsk rulleblad med psykiske problem er det noko anna.
  18. Dillon har lagar eit bra verktøy til trimming av hylser, eg vil anta at den óg kan brukast på enstasjonspresser. Eg vurderar iallfall å kjøpe meg ein slik. http://www.youtube.com/watch?v=0l3wnGqx1nc, http://www.dillonprecision.com/#/conten ... se_Trimmer
  19. Gjeld ikkje forbodet berre mot .50 BMG? Ein kamerat fikk nyleg løyve på ei .500 Jeffery, og den har kulediameter på .510.
  20. Det har seg slik at i bunn og brunn har det ikkje har noko med økonomi å gjere. Men kanskje ein dag så skjønnar du kva eg snakkar om.
  21. Her har vi ein som ikkje er skikkeleg smitta av basillen ser eg. Eg syns der er gale nok når eg mistar hylser til heilt daglegdagse kaliber. Hadde eg mista ei hylse til f.eks. .505 Gibbs hadde eg nok rota rundt i lyngen i fleire timar.
  22. Kjekt med ei rifle som kastar hylsene, som sikkert kostar skjorta, langt pokker-i-vold ut i skauen. Ein heimeladar sitt verste mareritt den rifla der!
  23. Har ikkje desse klippa lagt ute på accuratereloading i årevis? Meinar å ha sett dei for minst 10 år sidan. Men moro med et gjensyn likevel! Der er óg mange fleire enn dei som var linka til i denne tråden.
  24. Wounded game recovery er óg mykje brukt, evt. berre game recovery.
×
×
  • Create New...