Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,034
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. Ein i jaktlaget her hadde for eit par veker sidan nesten same opplevinga. Det small noko vanvittig, og rifla kunne ikkje brukast etterpå. Er ikkje sikker på kva som skjedde med sjølve rifla, men det var garantert noko gale med ammunisjonen. Det var snakk om S&B 6.5x55-ammunisjon.
  2. triggerhappy, takkar for komplimentet på kula, dei blei igrunn ikkje så verst. Du hadde dessuten heilt rett. Fekk nettopp rapport frå skytebana, patronene var for lange når eg krympa i krymperilla. Var ikkje klar over at det var så lite å gå på i Pardini. Hadde eg hatt våpenet framfor meg hadde det ikkje vore noko problem, då kunne eg sjekka etter kvart. Ser ut til at eg må sette kula så djupt at eg kan krympe over det fremste drivbandet. Evt. må eg sette kula endå litt djupare slik at heile nasa er innom hylsekanten. Nokon som veit om der er litt å gå på i Pardini HP, eller taklar magasinet kun lengda på hylsa slik at heile kula må vere innafor?
  3. Humbo

    Sako Quad

    Nokon som veit om der er butikkar som har Quad på lager? Er visst tomt hos importør, og kjem ikkje inn nye før i september.
  4. Hei, skal lade ammunisjon til nemnde våpen, men er litt usikker på kva ladning eg skal gå for. Har ikkje dette våpenet sjølv, så har diverre ikkje sjansen til å finne ut eksakt løpsdiameter eller teste ulike ladningar. Kva kuler/kulediameter/kulehardheit/ladning brukar kammerfolket? Har støypt opp ein del av denne kula: Siza til .314, BHN på ca. 12, veg 101 grains av luftkjølte hjulvekter. Har N310 for handa, så om nokon har ei god ladning med dette krutet og denne kula så hadde det vore godt som gull. Er det uproblematisk å bruke tennhetter frå CCI i Pardini HP?
  5. Mykje bra bilder og info her: http://www.vincelewis.net/2bore.html
  6. Supert, då skal eg jammen bestille nokre frå Haglund og teste dei ut. Takker for tipset.
  7. Midway har sikta du er på utkikk etter på lager.
  8. Ikkje dumt, skal sjekke det ut.
  9. Takkar for svar Wadcutter. Akkurat rundt dette med kulestøyping så har eg 20 års erfaring, så trur ikkje eg kjem til å møte på mange overraskingane i så måte. Eg støyper til dei fleste handvåpenkaliber og har såvidt vore bort i riflekaliber, men akkurat 6.5 er nytt for meg. Eg ser at somme seier .264 er vegen å gå, mens andre seier at dei får best resultat med kuler heilt opp til .268. Eg får evt. lage meg ein blyplugg og slugge løpet i rifla, men regnar med at Tikka opererar med såpass stramme toleransar at ein kan forvente at løpet held ein diameter på .264? Både Lyman, SAECO og RCBS lagar tenger i .264, og det ser ikkje ut til å vere problem å få tak i tenger frå f.eks. H&G og NEI heller. Men før eg evt. bestiller dyre customtenger tenkte eg først å teste ut nokre av dei billigare variantane til RCBS eller Lyman for litt testing. Er det forresten nokon her som kan avsjå nokre støypte kuler til 6.5?
  10. Lurte på å teste blykuler i 6.5 og dermed investere i nokre kuletenger. Nokon som har erfaringar med gode tenger i kaliberet? Og kva diameter sizar de kulene til? .264 er vanleg for mantel, men med bly reknar eg med ein får betre resultat med .265 og tilogmed kanskje .266?Skal stort sett brukast i ein Tikka T3 Lite. På førehand takk for svar!
  11. Er ikkje problem å jakte fugl frå båt, så lenge den ikkje har påmontert motor. Har den det, gjeld 2 kilometersona.
  12. Filma rett ned i stranda her. Er ikkje mange måsane som overlev turen forbi huset til brutteren for å seie det sånn.
  13. Evt. ein New model blackhawk om du vil ha ein rustfri. Den taklar óg +P. http://www.ruger-firearms.com/Firearms/ ... 9&return=Y Det er ingen fasit på kva som er riktig dimensjon på sylinderhalsane, det kjem an på løpet. Ideelt bør sylinderhalsane vere 0.0005 eller 0.001 tomme over løpsdiameter når ein skyt blykuler.
  14. Då ville eg nok gått for en Ruger ja.
  15. Freedom Arms 97, utan tvil. Om du har nærmare 20 lappar å avsjå då.
  16. Dette vil eg óg gjerne høyre meir om.
  17. Hm, har mykje av både N140 og N150 på den lokale våpensjappa her, så det kan ikkje vere så veldig vanskeleg å få tak i.
  18. At hjulvektsbly er for mjukt til .44 magnum kan eg ikkje skjønne. Er ikkje problem å skyte kuler av denne legeringa i opptil 600 m/sek med minimalt med blying. Pass heller på å bruke kuler av riktig diameter, ta nøyaktig mål av både sylinderhalsane/kammer og løp.
  19. Skjer dette med mange typar .22-ammunisjon? Har hatt problem med subsonic i 10/22 tidlegare, var rett og slett for slapp ammunisjon til å drive mekanismen skikkeleg.
  20. Er det problemfritt å kjøpe krut frå Sverige? Kunne tenkt meg å testa litt Hodgdon sjølv.
  21. Kvifor ikkje berre kjøpe konverteringssett til 650 istaden for å gå for ei 550?
  22. Skal eg lada store magnumpatroner trur eg ikkje Dillon 550 er vegen å gå, spesielt sidan du allereie har ei progressiv presse. Då ville eg heller gått for ei einstasjonspresse, som f.eks. Forster Co-ax som nemnt ovanfor.
  23. Humbo

    WC i357??

    Det er derfor en startar lavare enn det som er oppgitt, det gå då an å kunne utarbeide ei eiga ladning. Skulle eg funne konkrete nedskrivne data på kvar og ei kule eg ladar, hadde eg ikkje kunne drive med anna.
  24. Humbo

    WC i357??

    Sjekk Vihtavuoritabellane. Med 145 LSWC står det oppført frå 7.3 til 7.7 grs N340. Start litt under, og arbeid deg oppover.
×
×
  • Create New...