Dette kan nok vere krutpartiklar ja, for å skyte mantelen av dei slik kule som er beregna på riflehastigheiter og vél så det, skal veldig godt gjerast. N110 brenn best under høgare trykk, og er ikkje eit godt krut til reduserte ladningar eller lette kuler. No skyt eg ikkje .460 sjølv, men den lettaste kula eg har brukt i .454 er 240 grains Hornady XTP mag, og eg har ikkje hatt noko problem med ufullstending forbrenning med N110 der. Men så har .454 óg ei bråare trykkoppbygging enn .460, og eit høgare arbeidstrykk generelt. I 99,5% av tilfella så brukar eg heimestøypte 300 grains LFN, og ufullstendig forbrenning med N110 er ikkje-eksisterande.