Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,034
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. Betyr det at CZ-importør i Norge no lett kan ta inn Dan Wesson? Synd dei ikkje har Razorback endå, men mulig den dukkar opp etter kvart. Men dette var uansett interessante nyhende.
  2. Dette er ei gammal oppfatning, og etter nyare utprøving så kan faktisk sink legerast med reint bly. Antimonelle legeringar er derimot mykje verre, og ein må bruke svært høge temperaturar for å få skikkelig utfylling. Somme har visst brukt sink ei god stund til kulestøyping for rifle, det har tilogmed blitt brukt til kuler i .50 BMG. Les meir her: http://www.canadiangunnutz.com/forum/sh ... p?t=390251 og her: http://castboolits.gunloads.com/showthread.php?t=64166 Eg trur heller at problema som olav beskriv, er meir reelle. Kulene blir knallharde, og ein må mest sannynlig til med ei modifisert sprue-plate for å kutte basen på kulene uten å ødelegge den. Eller ein må passe på å kutte veldig tidlig mens legeringa fortsatt er mjuk. Eg er frista til å prøve, må berre skaffe meg nokre billige tenger som eg kan risikere å ødelegge først.
  3. Er det nokon som har prøvd å legere sink med reint bly til kulestøyping? Kulene skal visstnok bli veldig harde, og ha mykje mindre friksjon enn andre konvensjonelle blylegeringar. Dette må då vere ein grei metode å få brukt opp sinkhjulvektene som hopar seg opp? Om det er nokon som har erfaringar å dele, så hadde dette vore interessant å utforske vidare.
  4. Ja, visste ikkje at dei opererte med haustferiar i politiet. Men då har eg iallfall litt tid på meg til å skaffe dokumentasjon frå klubben etc. likevel. Nokon som er interessert i ein pent brukt Ruger MKII forresten?
  5. Du vil ikkje tru det, dei har faktisk ei veke haustferie frå i dag. Så der var ingen til å svare på spørsmål eller behandle søknadar før neste veke.
  6. Fekk ikkje tid til å snakke med våpenkontoret før helga, så eg ringer til dei i morgon. Forhåpentlegvis er dei medgjerlege.
  7. Aktiviteten er grei å få dokumentert, men tar som regel nokre ekstra dagar å få tilsendt dette. Såg ein pistol som eg svært gjerne kunne tenkt meg, og vil difor ha litt fortgang i sakene. Eg kan ringe til det lokale våpenkontoret i morgon og høyre kva dei har å seie om saka. Eg håpar dei går med på å innvilge søknaden før eg har kvitta meg med det forrige, ellers kan det lett ta litt tid.
  8. Eg lurer på kva normal saksgong er når ein vil byte våpen innafor same kaliber. Tenkte å byte ein Ruger Mark II i eit meir egna konkurransevåpen i .22. Må ein gjennom heile prosessen med godkjenning frå klubben, dokumentasjon på aktivitet etc? Og krevst det at det forrige er selt og omregistrert før ein får løyve på eit nytt våpen? Takkar og bukkar for svar.
  9. Så det finst ingen rekreasjonsverdi i seg sjølv å kun skyte? Du skyt sjølv alle dine skot kun frå post eller i scenario som liknar på dette? Dette er rett og slett for dumt til å kommentere ytterligare. La folk få skyte slik dei sjølv vil.
  10. Må då vere gode greier å skyte frå bil på f.eks. kalde vintersdagar. Ein skyt betre når ein er varm og god, og ein slepp å rote rundt i snøen etter hylser. For å ikkje snakke om når det regnar, mindre pussearbeid etterpå.
  11. Dan Wesson har dei våpena eg mest kunne tenke meg i kaliber 10mm auto. http://cz-usa.com/products/view/dan-wesson-rz-10-sportsman/
  12. 1. R P er Remington. 2. SSA er Silver State Armory frå USA, som lager ein del custom-tomhylser. 3. DAG er Dynamit Nobel frå Tyskland.
  13. All ammunisjon frå CCI eg har prøvd går treigt i min Quad. Er ikkje sikker på om eg skal brotche opp kammeret, eller rett og slett sjå meg rundt etter andre alternativ. Har ikkje hatt problem med f.eks. Remington eller Eley.
  14. Grunnen til at kommersielle blykulefabrikantar stort sett brukar kuler med bevel base har rett og slett med mating i kalibrerings- og feittpressene å gjere. Sidan magasina som held kulene må ha ein veldig presis tilpassing for å linjere opp med kalibreringsdiane, så kan små grader i kulebasen føre til matingsproblem. Dette blei eliminert med bevel base-kuler. Dei er óg godt likt pga. at dei matar lettare i hylsene, og mange seier óg at bevel base-blokker slepp kulene lettare. Presisjonsmessig har eg aldri sett nokon forskjel på moderate handvåpenhold, men eg har alltid foretrukke kuler med flat base.
  15. Det stemmer, den gjer det same nytten som 1050-pressa. Den er óg veldig kjapp å bruke, kan ikkje tru at ei 1050 er så altfor mykje kjappare. Einaste som tar lenger tid er at ein må byte hylse for hand.
  16. Kan ikkje skjønne at du i det heile tatt vurderar 1050 til ditt bruk, spesielt når du har så mykje utstyr til 650. Kaliberbytte på 1050 er ikkje berre ein større prosess, det er óg mykje dyrare. 1050 er meir egna for folk som ladar veldig store mengder ammunisjon i eitt kaliber. Nokre gode råd frå Brian Enos: If you'll only load one to three-thousand rounds per month, and plan to switch calibers from now and then to frequently, get the 650. If you plan to shoot 50,000 to 60,000 rounds a year (4,000+ rounds/month), especially in a single caliber - get the 1050. So, if caliber changes will be involved, lean toward the 650. If you don't plan to switch calibers, and would just like to set down at the machine and crank out some serious ammo when you have a few minutes - get the 1050. In the same way one knows if they're ready for the 650 over the 550, one usually knows when they're ready for a 1050.
  17. Du skrur senterskruen heilt ned og så berre ørlite tilbake, under ein kvart omdreiing.
  18. Har du hugsa å ha på plass ejectorstrengen som går rundt låseskruen for hylsehaldarplata? Manglar den, så vil ikkje den ferdige patrona bli kasta ut.
  19. Lev det prosjektet der fortsatt? Trudde det kulminerte for nesten 10 år sidan. Skulle gjerne sett ein artikkel om det.
  20. Humbo

    Sako Quad

    Samlingane mine er svært gode, men har berre løp i .22LR så langt. Einaste eg har å utsette er at den er kresen på ammunisjon, toleransane er litt på den tighte sida. Andre som har problem med f.eks. CCI?
  21. Absolutt, det er ei meget god vekt. Eit stort pluss at den er lett å kalibrere, og at kalibreringslodd er inkludert.
  22. Vekta er 13.5 cm brei og 17.5 cm djup.
  23. Akkurat det eg trengde å vete, takkar og bukkar.
  24. Sjølv om ein kan oppleve feil på ammunisjon hos alle ammunisjonsfabrikantar, så er det viktig å påpeike. Hos S&B var det snakk om at det var heile parti som hadde feil, og dette er uvanleg.
×
×
  • Create New...