Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,026
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. Til alle som er bekymra for blydamp, denne oppstår ikkje før blyet når nærmare 500 grader, som er langt over smeltepunktet. Ved vanleg støypetemperatur (350-420 grader) blir det ikkje avgjeve blydamp. Eg støyper alltid på så låg temperatur som mogleg.
  2. Kven gidd å vente på julafta? Er jaggu over 2 veker til så eg slengte heller inn ei feit bestilling til Midway i går
  3. http://www.midwayusa.com/eproductpage.e ... mid=894708 Endeleg! Prisen var ikkje ille heller.
  4. Ser at prisane raskt flyg til vers på qxl. Nokon som har erfaring med sal der? Har høyrt litt av kvart om folk som har fått fengselsstraff, bøter etc. pga. sal av ammo på qxl, sjølv om dei hadde våpenkort/lisensar i orden.
  5. CED M2 med IR-skjerm. Er iallfall veldig fornøgd med min, men du må regne med litt meir enn 1000 kr då.
  6. Er igrunn ikkje store mengdene, er snakk om 11-12 esker, altså kanskje 600 skudd til saman.
  7. Litt off-topic, eg har litt 9mm NATO liggande, er dette verdt noko? Sidan eg ikkje skyt 9mm så lurte eg på å selge partiet.
  8. For dykk som bur i Osloområdet: http://www.qxl.no/accdb/viewitem.asp?Au ... &PageNum=1 Står at den er defekt, men er vel verdt noko likevel.
  9. Men då er eg godt på veg, takk til begge to!
  10. Hei, er no blitt bitt av må-ha-sjuka igjen, og har no lyst på ein av dei mindre skytarane til Freedom Arms, M97. Dette er eit våpen eg nesten kun skal bruke til rekreasjonsskyting, og kanskje eit og anna stemne som ein 5-skytar i .45 Colt kan duge til. Snusa litt på .41 magnum tidlegare, men sidan eg allereie har våpen i .454 Casull, så er det meir praktisk å gå for .45 Colt istaden. Spørsmålet er, kva bruksområde skal eg skrive på søknaden? Er vel ikkje tilstrekkelig i desse dagar med den grunn at ein berre vil ha? Er det andre her som allereie sit på eit slikt våpen og kan dele erfaringar?
  11. http://www.lbtmoulds.com/books.shtml Prøv óg blokkene til Veral Smith.
  12. Dette er ikkje rart med tanke på den svake krona/strerke dollaren for tida.
  13. Skal du lade mykje .45 ACP så trur eg det er ein del å spare. Hylsene får ein tak i billig, om ikkje gratis, det er ikkje så mykje krut som skal til, og ein kan evt. støype kuler sjølv. Eg har funne ut at mykje av innsparinga ved å lade sjølv kjem av at ein støyper kulene sjølv óg. Eg ladar for det meste revolver, og einaste kostnadane eg har er igrunn kulefett, krut og tennhetter. Det kjem på ca. 10-20% av det fabrikkammoen kostar, alt etter kva kaliber det er snakk om. Har då ikkje tatt kostnadane av ladeutstyret med i reknestykket.
  14. Ehmm.. Hovudet litt under armen i dag ja.
  15. Har sjølv berre opplevd å måtte vise våpenkort ved kjøp av kuler på XXL. Veit at dette er rett prosedyre i følge lova, men eg synest likevel det er rart med ein slik praksis sidan ein f.eks. kan kjøpe kuler fritt frå USA. Tullelov etter mitt syn.
  16. Humbo

    Ladedata 50 a.e

    Takkar for opplysningane jegern79. Det var igrunn positivt at ein kan få tak i .50 kaliber fortsatt, berre grunngjevinga er god nok. Skulle tru det var moglegheiter for f.feks. folk på Svalbard som bjørnestoppar? Sjølv vil eg ha ein som backup/jaktvåpen i Sør-Afrika.
  17. Humbo

    Ladedata 50 a.e

    Tvert imot. Eg er på utkik etter eit handvåpen til jakt i enten eit .475 eller .500 kaliber, så eg er igrunn interessert i om dette i det heile tatt kan la seg gjere. Eg har forstått det sånn at ikkje eingong ihuga samlarar kan få løyve på noko større enn .455. At ein kar no har fått løyve på ein, offiser eller ikkje, vitnar om at der kanskje er moglegheiter. Om det rett og slett ikkje er snakk om saksbehandlingsfeil då.
  18. Humbo

    Ladedata 50 a.e

    Kanskje jegern79 kan opplyse oss om våpenet har vore registrert i Norge tidligare? Eg trudde forbodet mot .50 kaliber handvåpen var totalt. Nokon som evt. kan kome med litt meir konkret informasjon, evt. lovdata å referere til?
  19. Humbo

    Ladedata 50 a.e

    Så då skal det vere mogleg å få godkjent ein søknad på f.eks. .500 S&W óg då. Kva om sakshandsamaren på våpenkontoret ikkje er heilt oppdatert på kva lover som gjeld? Ein kamerat skulle søke om ein .40 S&W, fekk telefon tilbake om han ikkje hadde skreve feil, for såvidt dei visste så var det ingenting som heite .40 S&W. Så ikkje alle er like kyndige og oppdaterte i så måte. Går ein søknad gjennom, så er det berre å sette i gong å kjøpe?
  20. Humbo

    Ladedata 50 a.e

    Litt off-topic, korleis fekk kollegaen din papira i orden på ein .50 AE? Er man annerkjent offiser går det meste ann Hmm, så forbodet mot .50 kaliber handvåpen er ikkje heilt ufråvikeleg med andre ord? Interessant.
  21. Såvidt eg veit så eksisterar det berre fabrikkammo endå. Var snakk om at Hornady ville sjekke responsen på denne ammunisjonen før dei evt. startar å levere lause kuler. Håpar det blir mogleg å få tak i kuler etter kvart, hadde vore greit å fått lada litt meir flatskytande .450 Marlin.
  22. Humbo

    Ladedata 50 a.e

    Litt off-topic, korleis fekk kollegaen din papira i orden på ein .50 AE?
  23. Snakka med gamlingen, var nok ikkje brukt N110 likevel. Sikkert eg som hugsa feil, er ei stund sidan eg fekk fortalt historia. Han hugsa ikkje akkurat kva krut som blei brukt, men var N300-serien iallfall. Sjølv meinte han at han brukte ei maksladning som blei oppgitt i eit gammalt am. våpenblad, og det var lite sannsynlig at han hadde ei dobbelladning. Han står fortsatt fast på at kula må ha kaka seg i overgangen mellom tønna og løpet, men ikkje veit eg. Sjekka over revolvaren, og avstand mellom konus og løp ser ut til å vere som den skal.
  24. Eg kan ikkje skjønne at det skulle vore snakk om dobbel ladning, sidan det var sagt at krutet som blei brukt var N110. Med tanke på settedybda på desse wadcutterane så er der rett og slett ikkje plass til dobbel ladning med dette krutet. Ammunisjonen blei lada på ei god og gammal RCBS enstasjonspresse frå 70-talet, så det burde ha vore grei kontroll med ladningane i så måte. Trur resten av ammoen blei kassert rimelig kjapt etterpå, men har fortsatt kulene liggande. Her er eit bilde: Mulig det var snakk om uvettug eksperimentering, men syns likevel at det var rart at ein kunne sprenge ein solid Ruger med ei ladning som for ein erfaren skyttar ikkje virka urimelig kraftig. Skal ta ein telefon til gamlingen og høyre om han huska fleire detaljar rundt ammunisjonen.
  25. Øøøøøh, vet ikke om jeg kjøper den forklaringen. Lukter overladning lang vei av slikt... Det er faktisk sant. Klart ladninga var litt over det disse kulene er beregna på, men ladninga var likevel langt under det ein reknar som maksladning for den kulevekta. Om de har sett og kjent på hålbaserte wadcutterar så er desse veldig blaute, og er beregna på å ekspandere rimelig lett for å ta riflinga på løpet. Snur ein då ein slik feil veg, så har ein ei superekspanderande kule. Kombinert med ei litt frisk ladning, og vips, ein har tydlegvis ein handgranat forma som ein revolvar.
×
×
  • Create New...