Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,026
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. Kjem an på kor små hendene er, men denne burde iallfall vere liten nok? http://www.swissminigun.ch/home.html
  2. Har kun brukt Hornady så langt, men kan kanskje gå til innkjøp av Lyman for å sjekke om dei fungerar beire. Kan nokon som har prøvd Lyman 45 kaliber gas checks måle størrelsen på shanken på ei .45-kaliber (.452) støypetang og poste måla her? På mi ligg den på 0.419 på eine blokka, og 0.424 på andre.
  3. Vi fekk beskjed om at vi berre kunne gløyme å få innvilga søknaden utan skrivet om anbefaling frå klubben. Og dette ville ikkje dei skrive ut med mindre dei nemnde kriteria ovanfor var til stades. Eg kjøpte .22 medan eg var medlem i den klubben, og bytta kort tid etterpå klubb, som óg er i eit anna fylke. No har eg fått innvilga alle våpena eg har søkt om, og trivselsfaktoren i den nye klubben er óg på eit heilt anna nivå.
  4. Hei, har eit problem med ei tang som støyper kuler med litt for liten shank slik at gas checken ofte rett og slett blir liggande igjen i kalibreringsdia. Har prøvd å endre legeringa litt, men problemet er det same. Er det nokon som har ein lur og presis måte å få opna opp blokka med ca. 0.005 tomme rundt shanken? Er liksom ikke lysten på å frese over med dremelen på ei blokk til eitpar tusenlappar. Og hadde håpa å sleppe å returnere den for maskinering i Statane.
  5. Den første klubben eg var medlem i skreiv kun ut godkjenning på .22 i første omgang, noko grovare kunne ein berre gløyme før ein hadde meir aktivitet. Skulle ein ha magnumrevolvar måtte ein vise til "årevis med stor interesse og aktivitet" som dei sa. Dette er ein av dei store klubbane i Noreg. Så det kan nok variere mykje frå klubb til klubb.
  6. XXL har vel slutta med VV-krut såvidt eg veit, dette er vel berre restar dei har igjen. Nokon som veit om dei har tenkt å byrje med VV igjen? Dei var gode på pris.
  7. Gode greier, det skal bli moro å teste. Våpenet er ein 6" GP100.
  8. Takkar for raske svar. Har no støypt opp en del av kulene, brukte ca. 50/50 hjulvekter/reint bly. Hadde i litt tinn på første batchen, men sidan kulene blei like fine utan, så hoppa eg over tinnet på resten. Prøvde å bråkjøle kulene i vatn, men då blei dei for harde, sjølv med 50% reint bly. Dei målte over 20 BHN, så no lar eg dei berre luftkjøle seg. Dei havnar då rundt 9 BHN, kanskje litt meir når dei får nokre dagar på seg. Kjem til å prøve rundt 2.5gr N310, kula satt med nasa omtrent i flukt med hylsekanten. Må få laga meg eit nytt stempel om eg skal gå vidare ned på ladninga og få sett kula under hylsekanten.
  9. Kor harde kuler brukar de i desse slappe ladningane? Har nettopp fått denne tanga sjølv og tenkte å teste litt.
  10. Går det ikkje å varmeherde kula? Har ikkje prøvd dette med anna enn blykuler, men det burde gå med delvis mantla kuler óg? Kjem an på legeringa kulene er laga av, men litt arsen/antimon burde dei no innehalde.
  11. Eg held meg til desse, dei kan jaggu anbefalast: http://www.beartrackcases.com/
  12. Pent stykke arbeid det der ja, nokon som har sett denne typen før? Lurer litt på kor den stammar frå. Bur i Nordfjord på Vestlandet, så det er litt utanfor vanleg allfarveg. Pris? Tja, etpar høvdingar burde den iallfall vere verdt? Hadde igrunn ikkje tenkt å selge, men no har den stått ei stund uten å blitt brukt. Den er faktisk heilt ubrukt, ei skam er det!
  13. Bilder kan sjåast her: http://home.online.no/~kjel-phu/bilder/
  14. Eg har ein kraftig sjølvanvisar ståande som eg ikkje har fått testa endå. Er ikkje sikker på kvar den stammar frå, men den har iallfall typisk grøn militærfarge. Den skal lett takle 30.06 etc, kan ta bilde om ønskeleg. Den kan óg vere til sals om eg får nokre vetige bud.
  15. Er ikkje N-120 litt hurtig for ei såpass tung kule? Skulle tru krut på 130-talet var meir egna, og litt mindre risikabelt å prøve seg fram med. Ser VV oppgir 29.3 grs som maks på ei 510 grs kule, men ikkje med rare farta. Så du burde vere trygg med 25 grs, men trur du like gjerne kan kaste kula mot målet då.
  16. Får ein ikkje løyve på BFR i .450 Marlin eller .45-70? Den har kulediameter på .458. Meinar eg har sett nokre slike rundtom.
  17. Rekylen i ein .460 S&W er ikkje verre enn rekylen i eit våpen i .454. I same våpen, klart rekylen av .460-patrona blir noko verre. Grunna den tunge X-ramma til S&W så temmer den ein del av rekylen i forhold til f.eks. ein Ruger .454. Dei fleste S&W blir vel levert med rekylbrems óg. Grunnen til at eg sjølv valde .454 framfor .460 er at eg rett og slett ikkje likar S&W si X-ramme, mykje pga. tyngde og storleik.
  18. Eg har ikkje handtert BFR, men tvilar på dei har same toleransane og kvaliteten som FA. BFR er utan tvil robuste våpen, og eg kan tenke meg dei har omtrent same kvalitetsnivå som Ruger, som er noko av det mest robuste ein får i prisklassa. Om nokon i nærleiken (Sogn og Fjordane) kan stille med BFR, å skal eg alltids kunne stille med ein FA for samanlikning. Ikkje noko er meir moro enn å skyte grove SA-revolvarar!
  19. Er ingen offisiell forhandlar av FA i Norge. Snakk med Lars Fullu ved Nore Våpen, han er rekna for å vere ein slags uoffisiell importør, og har importert ein god del tidlegare. BFR er eg ikkje sikker på, men Fullu kan truleg hjelpe deg med den óg. Har du sjekka denne? http://www.finn.no/finn/bap/object?finn ... T.svl=Link
  20. Høyr litt rundt på amerikanske forum, er ofte mykje engangsskotne hylser å oppdrive der. Dei får du sikkert til ein brøkdel av nypris her i landet.
  21. Ja, riflingsdiameter på 45 kaliber rifle er typisk .457 - .459. Ein kan alltids prøve å size ned riflekuler til .452 diameter, men veit ikkje kor ideelt det er. Har ikkje prøvd sjølv.
  22. Tvilar på du finn kuler med .452 diameter som veg 500 grains. Tyngste eg har sett er 440 grains, men dette enten med modifiserte rifletenger eller spesialbygde customtenger. Cast Performance har nokon på 395 grains for salg, Beartooth har vel nokon på 405 grains om eg ikkje hugsar feil. Noko tyngre fabrikkuler enn det skal ein leite ei stund etter trur eg.
  23. Er det ikkje slik at mykje av vitaminane og sporstoffa ligg rett under skalet? Ved skrelling på forhand så tar ein vekk mykje av desse, men ved skrelling etterpå så unngår ein det. Det er iallfall det eg har høyrt, men om det stemmer skal eg ikkje seie sikkert.
×
×
  • Create New...