Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,019
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. Eg hadde ei sak med Posten før jul, der dei hadde klart å rota vekk ein pakke. Dette var ein pakke som inneheldt kuler, altså ikkje ammunisjon. Posten sa at kuler etter lova var som ammunisjon å rekne, og dette var forbode å sende. Og om pakken skulle dukke opp, så nekta dei å sende den til meg. Då måtte eg reise til omlastningsterminalen der pakken evt. skulle dukke opp og hente den der.
  2. Det statistiske grunnlaget å trekkje ein konklusjon frå er litt tynt sidan det er snakk om kun ei omlading. Det kan vere at desse to hylsene allereie hadde ein svakheit, og at ved neste omlading så er alle hylsene fine. @hipshotEr det nokon grunn til å ikkje ta ut tennhettene før tromling, anna enn at det er eit ekstra steg i ladepreosessen?
  3. Dette kan skje med alle hylsefabrikat i alle kaliber. Det kan vere ein kombinasjon av svak messing, for mykje pressing som Per-S påpeika, for stor diameter på kulene og/eller for hard krymp. Det kan óg vere at kammeret er litt romt, sjølv om det er meir tvilsamt sidan det då truleg hadde skjedd med fabrikkammunisjon óg. Mogleg det er ein optisk illusjon, men det kan sjå ut som at hylsa bular litt utover framfor hylsehovudet? Dette kan óg vere pga. hylsa har revna. Det som er litt merkeleg er at eine hylsa ikkje har revna frå hylsemunningen, dette er litt atypisk for pistolammunisjon.
  4. Som regel så taklar ikkje slike pletterte kuler noko særleg høgare fart enn ca. 1200 fps, så dette kan vere noko å gå ut frå. Ladar du friskare enn det så er det nok tryggast å gå for ei mantla kule. Eg har testa pletterte kuler frå Frontier og Rainier i fart opp til 1400-1500 fps i revolvar, som ikkje er like følsam. Kulene var omtrent fri for koparbelegg etterpå, og eg gjekk over til andre kuler. Elles så har @Vargen dekka de meste.
  5. Då er det eit lett reknestykke, om det berre er for å trimme .32 S&W Long. Men har du vurdert Lee si trimmeløysing? Det er relativt raskt, gjev repetérbare resultat, og kostar ikkje meir enn nokre hundrelappar. https://www.ebay.com/itm/175996210679
  6. Det er aldri ei ulempe med like lange hylser i pistolkaliber, men kor store fordelane er varierar. Spesielt i kaliber der krymp, då spesielt rullekrymp, er viktig, så er det ein stor fordel med like lange hylser. Eg trimmar, eller i alle fall sorterar vekk, altfor lange/korte hylser i større pistolkaliber, men eg har aldri brydd meg med å trimme mindre pistolkaliber, heller ikkje 45 ACP. Har kula du skal lade med krymperille? Du kan no alltids trimme eit antal hylser og samanlikne med utrimma hylser. Ser du ingen skilnad på skiva, så kan ein spørje seg om det er verdt bryet.
  7. Evt. legg ut bilete av kva du har her på kammeret, eg er sikker på at mange kan vere interessert. Du kan t.o.m. tene nokre kroner på det.
  8. Sidan denne tråden først vart løfta, så kan eg kome med innspel. Som ein tidlegare talar sa, dette vitnar om feiljustert die, mest truleg sizedia. Ein kan tydeleg sjå merker på alle stasjonane etter kontakt med dia. Mogleg kammeret i dia er litt i lengste laget, og må ha solid kontakt med hylsehaldar for å oppnå korrekt headspace. I ei einstasjonspresse er dette normalt ikkje noko problem, dei hylsehaldarane er laga for det. Hylsehaldarplatene i progressive presser er sprøare og ikkje laga for same belastning. Ein bør då heller fjerne litt av botnen av dia om det er vanskeleg å oppnå korrekt headspace.
  9. N32C er ute av produksjon, så mtp. tilgong er det nok betre å basere seg på Pyrodex uansett.
  10. N530, N105 og N32C er diverre alle ute av produksjon. Og alle tre var svært anvendelege for meg, då spesielt N105, og N530 som ein god nummer to. Eg håpar dei kjem tilbake når verdstilhøva betrar seg.
  11. Eg har tidlegare sett Winchester-hetter hjå Brownells.no, pvas.no og Jaktkroken.no i alle fall.
  12. Noko å kike på; https://www.thereloadersnetwork.com/2019/08/21/making-shooting-cast-bullets-in-the-desert-eagle-50ae-of-course-step-by-step-process/
  13. Som nemnt over, å få nokon til å lade til deg er nok vegen å gå, om du vil ha ammunisjon til .50AE og ikkje evt. .44 Magnum, óg nemnt. Langt billegare blir det nok óg å få nokon til å lade. Starline har hylser på lager, det same kan ikkje seiast i dei fleste andre kaliber. Hylser ser dessverre ikkje ut til å vere tilgjengelege innanlands.
  14. Dette har du nok rett i, etter det eg kan sjå på mine diar så stemmer det.
  15. Kan ikkje Lee si Factory Crimp-die óg lage slike merker?
  16. Om du har Redding Competition-diar i .338 LM så ville eg sjekka om lengda på desse går i Co-Ax. Denne pressa kan ha problem med store patroner og bruk av lange diar med mikrometer etc. Det kjem litt an på generasjon av presse.
  17. Eg har vore ute for nokre slike boksar, og ein metode eg brukte for å fjerne rust var å drysse krutet frå litt høgde, 50cm eller meir, ned i ei stor trakt. Eit par omgongar med dette, og mykje av ruststøvet forsvann. Det er ein fordel å gjere dette utandørs, gjerne med ein svak bris.
  18. Problemet er at .450 Marlin var eit samarbeid mellom Marlin og Hornady, og eit av vilkåra var at Hornady skulle ha eineretten på å produsere tomhylser. Så det kan dessverre ta ei stund før ein ser hylser frå andre produsentar.
  19. Nokon som veit kva type rail som er på Sphinx 3000-pistolane? Tenkte å bestille ein montasje frå Carver Custom, men er usikker på railtypen. Eg prøvde meg tidlegare på ein universal, men det passa ikkje. Dei andre alternativa er Glock, M&P og XDM. Er usikker på om nokon av desse har same railtype som Sphinx 3000?
  20. Litt skilnad i hylselengda har lite å seie for kulehaldet, men kan ha myje å seie for ein jamn krymp, som ofte er viktig i kaliberet. Eg trimmar alltid hysene mine til 53,1mm.
  21. Hylsa vil nok kamre før du har tilstrekkeleg kulehald, så det beste er å skru dia ned til kulehaldet er tilstrekkeleg, med ein indre hylsediameter på .rundt .455"-.456". Du må nesten prøve deg fram. Eg nyttar diar frå både RCBS og Lyman.
  22. Det eg fann ut at om ein heilpressar hylsene kvar gong, så er ikkje levetida så veldig mange omladingar, det er trass alt ikkje ei 100% rettvegga hylse det er snakk om. Heilpressar ein, så veks hylsene med nokre tusendels tommar kvar omlading, som er teikn på at messingen flyt framover. Og det var nettopp det som skjedde, eg fekk sprekkdanningar, og desse faktisk i lengderetninga, på hylsene nær beltet. Så no pressar eg hylsene kun langt nok ned til å få tilstrekkeleg kulehald, det er ikkje naudsynt å presse hylsene ned til rundt .450" ID for så å utvide dei igjen for å ta ei .458"-.459" kule. Etter eg byrja med dette, har eg endå til gode å finne ei hylse som har sprukke.
×
×
  • Create New...