Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,026
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. Så lenge ein passar på å halde seg til moderate temperaturar når ein smeltar ned hjulvekter, så trur eg ein skal vere rimeleg trygg. Problemet er når ein f.eks. kjøper hjulvektbly som allerede er smelta til barrar, då kan nok sinkforureining vere meir utbredt. Ei lokal bilsjappe smelta ned fleire tonn med hjulvekter til store barrar som dei brukar i redningsbilar, og eg var svært frista å kjøpe mykje av dette. Men etter eg høyrde om korleis dei smelta dei ned, så slo eg det raskt frå meg. Dei brukte eit oljefat som var delt på langs, og fyrte hardt under. Då seier det seg sjølv at dette blei ei salig blanding av mykje rart pga. særs høg temperatur.
  2. Kan dette vere lovleg då? Om det skulle vere snakk om hjulvekter som består av ei blanding av sink og bly, så burde desse vere av nyare dato. Og frå 2005 vart vel bly utfasa som hjulvektmateriale, iallfall på småbilar. Men det er nok kanskje ikkje umogleg at det eksisterar hjulvekter der ute som er ei blanding av desse metalla, eg håpar ikkje dei finn vegen til blygrytene mine!
  3. Shadob, noko nytt ang. jaktvideoen frå Afrika? Er spent på den.
  4. Har høyrt at det einaste som holdt fram- og bakparten isaman på dette dyret var ryggskinnet. Så .505 Gibbs på rådyr er langt fra ideelt, men moro var det sikkert!
  5. Dette kan nok vere sinkforurensing, men ikkje godt å seie sikkert. Ein må bruke rimeleg høg temperatur for å smelte sink, som regel berre flyt dei oppå smelten. Men sidan du har brukt barrar frå tidlegare omsmeltingar kan dette kanskje vere tilfelle? Smelta sink blir ofte liggande som ein graut oppå blyet, og kan av og til få ein blålilla farge. Fjernet unødig sitering Mildot global moderator
  6. Det er vel ikkje berre kaliber det kjem an på, tunge og saktegåande kuler kan fungere utmerka på storvilt. 450 Marlin må vel vere eit bra elgkaliber óg, det fungerar iallfall beire enn mykje anna på hjort. Berre snakk med "korte hold" her på forumet.
  7. Reknar med du allereie har sett denne: viewtopic.php?f=29&t=12959
  8. Ikkje for å fornærme nokon, men dei børsemakarane eg kjenner til ville eg ikkje latt utføre ein slik operasjon. Om nokon kjenner til børsemakarar som dei veit utfører førsteklasse arbeid, så kan eg vurdere det. Men du har rett, om kanskje ikkje billegare, så vil det iallfall vere mykje enklare å få det utført her i landet.
  9. Gjeld dette óg ved det som kan karakteriserast som ein reparasjon?
  10. Mentor, takker for presist og utfyllande svar. Våpenet er kjøpt gjennom importør i Norge, så eg skal gjere eit forsøk på å ta det gjennom han.
  11. Hei! Eg skal returnere ei revolvartønne til fabrikant i USA for modifisering. Nokon som har erfaring med kva papir eg må få på stell før eg kan sende den? Takksam for alle svar
  12. Hehe, blyet ikkje noko problem å få tak i, sending blir det verre med. Har sjølv meir reint bly enn eg klarar å bruke, så om nokon veit en lur måte å sende på, så kan dei få billig bly.
  13. Til alle som vil ha reint bly, sjekk ut den lokale fiskehavna. I nærleiken her er bur tar det et kvarter å oppdrive fleire tonn med blytråd, søkker o.l. som blei brukt i fiskeribransjen. Somme hjulvekter er óg laga av så godt som reint bly.
  14. Det kan nok stemme. Ved mykje innendørsskyting burde ein kanskje vurdere å gå over til blyfrie tennhetter, uansett kapasitet på ventilasjonsanlegget.
  15. Uansett kruttype, 460 har ikkje nok hylsevolum til å få ei 300grs kule opp i nærare 800 m/sek uansett. Bikkar ein 600 m/sek skal ein vere godt nøgd.
  16. Haha, her trur eg det blir tulla godt. No har eg ikkje kronografert 460 sjølv, men i følge Ladebokja nr. 6, så gjev 36grs N110 og 300grs kule 586 m/sek, og det med 15 tomms løp! Greit at det varierar litt frå våpen til våpen, men det får no vere måte på.
  17. På innendørsbaner gjelder det samme, mesteparten av blyet man får i seg er gjennom dårleg hygiene etter handtering av gjenstandar eksponert for blyrestar. Ved kontinuerlig skyting vil det óg sjølvsagt vere bly i lufta.
  18. At fleire av dei største og mest lovprisa blykuleprodusentane (f.eks. Cast Performance, Beartooth) svergar til blokkene til LBT, er ei stadfesting på at Smith veit kva han styrer med. Greit at han har teoriar om det meste innan skyting med blykuler, og kanskje ikkje alt er like enkelt å understøtte teoretisk. Men når ein ser kva presisjon ein oppnår ved metodane hans, så må det vere noko i det. Men nok om det. Grunnen til at eg nemnde Smith var at han samlar fleire av dei største entusiastane i eit land der skyting er ein folkeaktiviet, på forumet http://www.go2gbo.com, og der blyspørsmålet har vore oppe fleire gongar. Då snakkar ein ikkje om folk som støyper etpar tusen kuler i løpet av året, men folk som har dette som levebrød, eller einaste interesse. Mogleg norske blykuleprodusentar frekventerar kammeret.no og kan kaste litt lys over spørsmålet?
  19. La oss ta ei litt anna vinkling på det. La oss seie ein støyper kuler på litt over smeltepunktet til bly, som dei fleste erfarne kan bekrefte er det vanlege og kanskje beste. OM det skulle bli danna blydamp, vil denne bli så raskt avkjølt og dette ned til underlaget lenge før den er målbar i det luftrommet ein normalt pustar i. Om ein ikkje likar å halde ansiktet 2 cm over smelten då. Eg vil at folket her gjerne tar en prat med Veral Smith, som kjennarane veit står bak LBT. Han er kanskje den framste eksperten på nettopp dette med kulestøyping, og sit på informasjon som dei mest erfarne her på forumet aldri kunne tenke seg til.
  20. Hmm jeg vet ikke om det er sagt at blydamp ikke er skadelig. Men det er en utrolig interesant tråd likevel ,utrolig for oppfinnsomhet det finnes her inne. Eg seier alldeles ikkje at blydamp ikkje er skadelig. Det eg seier er at det ikkje blir danna blydamp, iallfall ikkje målbart, ved normal støypetemperatur. Det må vel vere nokon som har tilgang til utstyr for å kunne sjekke dette?
  21. Men ein må ikkje blande saman blydamp og blystøv. Blydamp er damp, som dannast av at bly oppnår høg temperatur, som ja, er svært helseskadeleg. Støv/småpartiklar som blir danna ved skyting, lading, i det heile teke handtering av bly, er noko heilt anna, men ikkje mindre skadeleg. Virkar som at folk har problem å skille desse. Eg vil gjerne sjå konkrete fakta på at blydamp (les; ikkje blystøv) blir danna over ei støypegryte, og ikkje berre påstandar om at slik er det, basta.
  22. Spør enhver realfaglærer. Du vet sikkert at vanndamp avgis fra is, kaldt vann og fra varmt vann. Det er ingen grunnleggende, prinsipiell forskjell på vann og bly i så henseende. Selv fast bly avgir i prinsipp en ørliten mengde blydamp, men den mengden er så lav at den ikke er målbar med noe normalt instrument. Hvis du finleser tabellverk over fysikk- og kjemidata, vil det sikkert gå an å finne konkrete tall for blyets damptrykk ved ulike temperaturer, men slik litteratur har jeg ikke hjemme i stua. Det at enhver væske har et visst damptrykk som øker med økende temperatur er så velkjent at de færreste lærebøker tar seg bryet med å nevne det. Nå hevder Oxford University at faren er liten så lenge smelta er under 500 grader, og det ser jeg ingen grunn til å betvile, men som sagt: Å påstå at det ikke oppstår blydamp under 500 grader er feil. Det er en grunnleggende forskjell på "ingenting" og "så lite at det ikke har noe å si", selv om det for praktiske formål er ett fett. Personlig ville jeg uansett ikke smeltet bly uten god utlufting, for du skal ha pokker så godt utstyr for å garantere at ikke deler av blyet, i deler av tida, får en temp nær eller over kritisk grense. Skal ein gå utifrå lærebokdefinisjonane kan vel ikkje bly definerast som ei væske heller, sjølv i flytande form. Ein kan bli eksponert for bly gjennom kulestøyping ja, gjennom støv, håndtering og deretter røyking, pilling i nasa, matinntak etc. Blydamp derimot, er slik eg har forstått det, nesten umulig å bli utsett for ved så låge temperaturar som 350-400 grader. Bly er trass alt bly, og har veldig vanskelig for å holde seg luftbåren. Nærmar ein seg kokepunktet, som ligg på langt over det vanlege blygryter klarar å oppnå, kan ein snakke. Bly kan takast opp transdermisk, altså gjennom huda, gjennom luftvegane om partiklane er små nok, og gjennom fordøyingssystemet. Folk har en dendens til å gløyme to av dei, og bere konsentrere seg om å unngå blydamp, som i bunn og grunn ikkje er på langt nær like risikofyllt som anna eksponering ved støyping av kuler.
  23. Dette er feil, en viss mengde blydamp vill alltid avgis. At mengden blydamp som avgis kan øke kraftig når man når over en gitt temperatur er sikkert riktig, men det er feil å påstå at det ikke avgis blydamp i det hele tatt. Jeg kan strekke meg til å gå med på at det avgis "lite" eller "veldig lite". En væske har alltid et visst damptrykk. Det er elementær kjemi EDIT: Jeg sjekket lenkene dine. Her er fra en av dem: Legg merke til at det står "ikke sannsynlig med signifikant eksponering", ikke "ingen eksponering" Ein blir også eksponert for bly på mange andre måtar, som f.eks handtering. Utifrå kjeldene eg har erfaring med, er det større sjanse for å bli eksponert gjennom berøring etc. enn det er ved støyping på låge temperaturar. Eg seier ikkje at folk skal stå rett over gryta og ta magadrag, men eg meiner at dette med blyeksponering gjennom støyping er litt for masse oppblese.
  24. Dette er feil, en viss mengde blydamp vill alltid avgis. At mengden blydamp som avgis kan øke kraftig når man når over en gitt temperatur er sikkert riktig, men det er feil å påstå at det ikke avgis blydamp i det hele tatt. Jeg kan strekke meg til å gå med på at det avgis "lite" eller "veldig lite". En væske har alltid et visst damptrykk. Det er elementær kjemi Har du kjelder som evt. kan understøtte dette?
  25. Dette er ting eg har lest frå mange pålitelege kjelder, f.eks. http://www.labour.gov.sk.ca/Default.asp ... b7e3655ad7 og http://www.admin.ox.ac.uk/safety/9804.shtml Blydamp oppstår ved rundt 900 grader Fahrenheit, som tilsvarar 482 grader Celcius.
×
×
  • Create New...