Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,034
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. Fulmen, slå opp ironi i ordboka. Hadde eg meint det du trudde eg meinte hadde eg vel ikkje skreve "pipe-" hadde eg vel?
  2. Helle det ut? Ein lagar no jaggu ei saftig pipebombe i staden. Nei, det gjør man IKKE! slikt er både svært farlig og strengt forbudt og vil ikke bli akseptert her inne. Forstått? Fulmen
  3. Har brukt krut frå dei gamle oransje Vihtavuoriboksane mange gongar, med til dels mykje rust i. Krutet fungerar fint, men kan gje store problem i krutmålet. Etter eitpar hundre patroner sat sylinderen i RCBS-krutmålet blegg fast, og eg måtte demontere heile greia og rense det omstendeleg før det kunne brukast igjen. Krutet viste ingen tegn til trykkendring frå "normalt" krut, sjølv med oppunder maksladningar, men dette kan nok variere. Som Fulmen seier, eg ville ikkje brukt det med mindre eg var i beit.
  4. Humbo

    Skyting hjemme

    Uff, stakkars folk som bur i slike tuer. Alt opp t.o.m. .38 skyt eg rett utanfor husveggen. For større kaliber må eg i verste fall ta meg ein 2 minutt lang køyretur med ATV.
  5. Det som er vanleg er at ein klassifiserar kaliberstorleik utifrå forskjellige bruksområde. Men skal ein klassifisere kaliber utifrå storleiken i seg sjølv, blir det noko heilt anna. Då meinar eg at inndelinga frå kaliber .40 og oppover høver bra som grovkaliber. Ein må rett og slett utelate bruksområde, og sjå kor stort eit gjeve kaliber er i forhold til kva som er tilgjengeleg. Innanfor dei ymse bruksområda gjeld sjølvsagt heilt andre inndelingar.
  6. Fann eit lite skriv om det her, big bore må vel vere reikna som det som på norsk blir kalla grovkaliber? http://www.chuckhawks.com/intro_big_bore.htm
  7. Det går eigentleg på kaliberet, altså kulediameter. Så sjølv om det er snakk om moderat hastigheit, så kan det likevel vere eit grovkaliber. Men skjønnar at mange ser på kaliber med mykje smell, rekyl og anslagsenergi som grovkaliber sjølv om kulediameteren ikkje er så stor.
  8. .30-kaliber er ikkje i mine auge eit grovkaliber. Grovkaliber er .40 og oppover.
  9. Kontakt RCBS direkte, og dei sender deg dei delane du treng. Beire kundeservice skal du leite lenge etter.
  10. Dette er henta frå tollvesenet sine sider: "For å innføre en del våpen, våpendeler og voldsprodukter trenger du tillatelse fra politiet eller lensmannen i distriktet du er bosatt i. Tillatelsen kreves ved all ordinær innførsel eller utførsel." Dette betyr då altså at godkjenninga kan kome frå den lokale høvdingen her, og ikkje naudsynt gjennom våpenkontoret i regionen? Har ein mistanke om at det kan ta tid om det må sendast vidare til behandling hjå våpenkontoret. Eg skal ta meg ei lita ringerunde i morgon og få avklara situasjonen. Jaggu noko til oppstyr berre for nokre blyklattar.
  11. Har tidlegare fått brev kjapt om det var noko meir dokumentasjon som måtte leggast føre, men no har kulene lagt i tollen fleire dagar enn normalt. Mogleg dei berre er litt treige av seg for tida.
  12. Hei, eg har nokre riflekuler som ligg og ventar i tollen. Eg var ikkje klar over at det var restriksjonar på å innføre kuler til landet, så spørsmåla mine er: Kva papir må eg få i orden? Og kvar får eg desse? Tar det evt. lang tid å få desse papira? På Førehand takk!
  13. Fulmen, har du prøvd Starrett sine skyvelær?
  14. Det kjem då heilt an på skyvelæret og produsent. Det eg brukar har ei oppløysing på 1/2000 tomme (0.01mm), og kontrollmålt med mikrometer så er det heilt presist. Det er sjeldan eg har behov for å måle noko meir nøyaktig enn det eg kan få ut av skyvelæret.
  15. Enkelt og greit, gå for Starrett 799. Kanskje litt dyrare enn konkurrentane, men ein får det ein betalar for.
  16. Greit å få det stadfesta av andre óg!
  17. Ei for hard kule vil som sagt ikkje forsegle løpet fordi basen på kula ikkje vil utvide seg av eit lågt trykk. Gassane slepp då forbi kula, som vil forårsake blying fordi litt av kula vil smelte av dei varme gassane som blir pressa forbi. Slik skal det iallfall vere i teorien. Har sjølv opplevd at kuler har blya enormt, men som vart så og seie eliminert ved mjukare legering. Same kula, same diameter, same kulefeitt, berre mjukare legering. Til legeringa eg nemnde innleiingsvis, altså bly frå hjulekter med klips. Skyt blykuler som gjerne er .001 tomme over løpsdiameter, det gir som regel det beste resultatet.
  18. Faktor meg her og faktor meg der. Eg kan ikkje skjønne kva faktor har i likninga å gjere om ein vil ta livet av nokre tomboksar på hytta, gjennomhole pairblinkar eller kva det skulle vere. Og det må vel vere noko slikt det er snakk om sidan det var snakk om 125 grs kuler.
  19. Sink? Du meinar tinn håpar eg? Sink må du for all del halde laaangt unna gryta di. Ellers så er det å støype knallharde kuler i kaliber med moderat hastigheit ein mindre god idé. Ved bruk av for harde kuler med lågt trykk vil ikkje kula forsegle skikkelig, gassar unnslepp og du får mykje blying. Kvifor vil du absolutt ha så harde kuler? I 9mm vil eg tru luftkjølte kuler av reine hjulvekter med klips er ei god legering å starte med. Vil du ha litt hardare kuler, kan du tilsette 50% reint bly, og så bråkjøle kulene i vatn. Vil du ha knallharde kuler, så bråkjølar du kuler av kun hjulvekter i vatn. For endå hardare kuler, må du spørre madammen om du får bruke komfyren til å varmebehandle kulene dine, for så å bråkjøle dei.
  20. Bromark, kva er det du eigentleg vil ha fram? Meinar du at om ein ladar ammunisjon som ligg enten over eller under faktor i mag1, så vil rekreasjonsskyting med denne gå utover prestasjonsevna i nemnde program?
  21. Eg må riste på hovudet. Men somme veit nok ikkje kva moro dei går glipp av med ein slik tankegong.
  22. Takk for svar! Det er igrunn begge delar, noko er monotype, anna er linotype, og noko er framleis i originale barrar. Eg får nesten eksperimentere litt og sjå kva som fungerar best, men skal sjekke ut legeringane du nemner.
  23. Humbo

    Ruger GP 100

    Må seie meg enig med svara over, GP100 er eit supert våpen og etter mi meining noko av det beste ein kan kjøpe i klassa. Solid som få, god presisjon og får lett eit godt avtrekk med f.eks. nytt fjørsett. Og så ser den unektelig bra ut!
  24. Sjølv har eg ikkje erfaring med dette krutet. Det har omtrent same brennhastigheit som N120, så det burde vere godt egna til .444 Marlin.
  25. Sant nok, 220m er ikkje allverden, sjølv med revolvar. Men med opne sikte trur eg ein skal vere meir enn middels erfaren for å høyre gongen på kvart skot. Hadde eg vore deg Hassel, hadde eg bestilt inn stålbuskapen med ein gong og rigga opp 200m silhuett. Ypperleg moro for oss grovkaliberfolk! Ps. Om nokon i Sogn og Fjordane har ei dugande bane med ståldyr, send meg gjerne ein PM.
×
×
  • Create New...