Jump to content

VestlandsJeger

Members
  • Posts

    4,237
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by VestlandsJeger

  1. Og so i eit so fantastisk glimrande kaliber då!
  2. Arti tråd, blir spennande å følge med gjennom hausten om du "sprekker" Kva for drilling er det? Gjerne bilde! Har jo i mine mest filosofiske stunder vore inne på same tanken, ei børse til alt. Men eg trur eg hadde måtte gått for ein rifledrilling då.
  3. Greit svar frå OPK, syns eg. Dette er ein veldig vanskeleg balansegang. På den eine sida so bør ein ikkje mate tabloid-media med utsagn som dei kan vri og vrenge på, samt ta ut av samanhengen og misbruke. Som fleire har påpeika i denne tråden. På den andre sida skal vi vere stolte av hobbyane og aktivitetane våre, og ikkje gøyme dei. Dei skal vere ein naturleg del av samfunnet og vi skal avmystifisere sivil og lovleg bruk av våpen. Som andre har påpeika i andre trådar. Eg trur ikkje det er lurt å berre halde kjeft og fjerne seg mest mogeleg frå mediebildet og samfunnet. Då trur eg det vil føre til at vi framstår som meir lukka og det fører til meir "mystifisering". På den andre sida so må ein tenke seg om kva ein seier, og velge sine ord med omhu. Det er ikkje kven som helst som bør uttale seg. Ein bør ha talsmenn/-kvinner som kan å handtere media. Eg trur og det er lurt å "ligge litt foran". Alliere seg med journalistar, gjerne i lokalpresse etc, som har litt kjenskap til skyting og skytesport og som derfor kan hjelpe til med å danne eit mest mogeleg korrekt bilete. Dermed kan vi levere gode, førebudde saker i media, i staden for å verte tekne på senga av tabloidane. Det var no nokre av mine tankar kring dette.
  4. Eg har begge og syns dei utfyller kvarandre. Det vert derfor vanskeleg å skulle velge mellom dei. Dersom du er brennsikker på at du ikkje skal jakte noko som er større enn rådyr, trur eg at eg vil seie 223.
  5. Forstørrelse på kikkerten er smakssak, både på bane og i skogen. Umuleg å seie kva som er "best". Prøv deg fram og finn det du syns er best og som gjev best resultat for deg. Sjølv varierar eg litt kva eg brukar, men ved innskyting etcbruka eg skrur eg max opp.
  6. Det er dessverre ein del grunneigarar som har har ei litt urealistisk tilnærming til kva som er ok pris for hjortejakt. Enkelte vert blenda av prisnivået på dei verkeleg gode, tilrettelagte produkta. Og so trur ein at ein kan ta det same for lite tilrettelagte og middelmådige produkt. På den andre sida so er det snakk om kjøp av ei vare som nokon andre har. Og det er tross alt den som har vara som set prisen i utgangspunktet. Sjølv om stammen er stor og enkelte grunneigarar ikkje får fylt koten, so betyr ikkje det at det er ein menneskerett å få billeg hjortejakt. Det er dessverre enkelte jegerar som trur det og...
  7. Har du i det heile tatt noke meir grunnlag for å vite at dette har skjedd, enn eit spørsmål om det lenger oppe i denne tråden?
  8. Har Varg Isogaisa og er fornøgd med dei. Er utan membran, men er brukbart tette om eg gjer jobben skikkeleg med pussing. Finne noke som helde meg heilt tørr på føtene under min bruk på desse kantar, trur eg ikkje er muleg.
  9. Arv vs miljø: Med fare for å verte skulda for å vere både sjølvutnevnt ekspert og kvasi-doktor, so vil eg våge påstanden om at eigenskapane til eit individ er eit resultat av både arv og miljø. So kan vi diskutere i kva grad dei to faktorane påverkar, og det vil nok og variere. Uansett trur eg at ein må ta omsyn til begge desse faktorane i forvaltingssamanheng. Eg kan vere einige om at arv kanskje har fått vel mykje merksemd, og at miljø betyr meir enn kva mange trur. Men det betyr ikkje at vi kan ignorere arv som ein påverkande faktor. (I so fall må vi sette strek over alle gode råd som er skrive om å skyte små dyr og spare dei store...) Trådstartar sitt spm: No er 5800 mål eit veldig lite område å snakke om forvalting på, som andre har vore inne på. Fagmiljøa snakkar mykje om å forvalte bestandar og ikkje geografiske områder, og det er ikkje store bestanden som held seg innanfor 5800 mål. Ein bør kanskje prøve å få satt i gang eit samarbeid over eit større areal. På lang sikt trur eg det er vegen å gå om ein vil komme nokon veg med ein forvaltingsstrategi. Dersom det ikkje går, eller i det minste fram til ein får til det (er ofte ein lang prosess å få til slikt samarbeid) so må ein berre gjere det ein kan. Og då er vel det å spare produksjonsdyr, og då i første rekke voksne koller, det beste ninja-trikset. Eller i alle fall er det sånn i teorien. I praksis kan alt skje...
  10. Her på Vestlandet syns eg faktisk det ser brukbart ut. Eg har i alle fall trua Er nok ikkje like gode forekomstar som det er lenger aust og lenger nord i gode år, men er ein heldig so kan ein finne ein del.
  11. Tenker du på jakt-, eller kjøttverdi?
  12. Det kjem som du seier heilt an på kva kaliber det er snakk om, kva type våpen/løp det er , og kva krav du stiller til presisjon. Ei 22-250 til BR-skyting (nokon som brukar det lenger?) er kanskje utskote på 1000 - 1500 skot. Eit løp til DFS-sauer holder som regel 3000 - 6000 skot. Ei jaktrifle til storviltjakt har ikkje so store krav til presisjon, og holder kanskje 10.000 om pipa er av ok kvalitet.
  13. Då er vi ganske enkelt ueinige. Våpen skal ein ha respekt for ja, men ingen grunn til at folk skal vere redd våpen som vert handtert på ein skikkeleg måte. Våpen er farleg ved feil bruk og ved misbruk. Men det er ikkje det som er normalen, og det er ikkje det som skal normaliserast. Eg (og fleire med meg) ønsker å sjå våpen i delar av samfunnet. Der som våpen høyrer heime. Og det er på skytebanene, i skogen og på fjellet. Samt i våpenskapet heime. Hadde det vore sånn at våpen KUN var noko som vi brukte i skjul i skogen under jakt, so kunne eg kjøpt argumentasjonen din. Det er det ikkje. Bruk av våpen er og trening, konkurranse og sunne interesser for folk i alle aldrar. Sjå berre på Landsskyttarstevnet, sjå på skytegreinene innanfor NJFF, sjå på skiskyting osv. No veit eg ikkje korleis du opptrer og framstår på jakt, men du bør nok gå ut i frå at det fins mellomting mellom deg og den militærkledte 20-åringen med kamuflasjefarga ruger som du er so bekymra for. Edit: Du moderte deg noko i siste post, eg henger litt meir med no. Tikka t3'en din er forresten snikskytterrifle god som nokon. Den har god presisjon, og t3'en har fleire modellar som både ser "taktiske" ut og vil ha gode eigenskapar som sokalla "snikskyttarrifle" Verktøy/leiketøy: No vil eg ikkje trekke inn Utøya i for stor grad i ein slik diskusjon, for den hendinga meiner eg ligg på sida av all fornuftig diskusjon kring temaet. Men der var definitivt våpenet brukt som eit iskladt og brutalt "verktøy" og ikkje som "leiketøy".
  14. Du kan ikkje tenke deg at det fins folk som tilhøyrer begge grupper? Eg likar å gå på jakt. Eg likar og våpen. Eg ser på våpena mine som verktøy, men og til tider som leiketøy, då eg kan ha det frykteleg arti med dei mår eg skyt. (vel og merke eit leiketøy ein skal ha respekt for, sjølvsagt) Eg er og frista til å spør; i og med at du ikkje kunne tenke deg å jakte med "snikskytter-rifle". Kva for våpen jaktar du med? Storvlitjakt er ofte per def "snikskyting" på dyr.
  15. Å ta prøva so tidleg som muleg på våre/sommaren er nok og eit tips. Då er det mindre folk, mindre kø og ein føler ikkje at ein har tidspress på seg. Eit anna tips er meir tidkrevjande, men det er å engasjere seg i skyttarlaget eller jakt- og fiskeforeinginga. Då får ein meir tilgang til banefasilitetane, og ein blir mykje meir vandt med det å vere på bana. Om ein berre er der 2 gangar i året so får ein kanskje puls berre av å gå inn døra og møte blikka til alle som er der. Denne følelsen forsvinn heilt når ein har brukt nokre timar på bana, både til skyting og dugnadsarbeid.
  16. Innlegga til Hassel er kanskje dei nyttigaste vi har på forumet for tida, i alle fall i jobben for å få beholde halvauto. Vi får ikkje fram gode argument for halvauto ved å dulle med kvarandre, vere heilt einige og seie at dei andre er dumme. Vi MÅ teste argumenta våre og gå desse knallhardt i sømmane, FØR vi tar dei med i debatten med dei som vil forby diverse våpen. Slik som eg tolkar det so er det denne "jobben" Hassel meir eller mindre bevisst har tatt på seg. Til tross for at dette gjer han upopulær hos dei som ikkje skjønnar dette... Ei meiningsfelle med dårlege argument er mykje farlegare enn ein meiningsmotstandar med gode...
  17. Har tilbud om å få jakte på ein kalv i Nordfjella i helga. Frista veldig, men det er meldt liten kuling... Skal / skal ikkje? hmmm...
  18. Du kan og prøve noken seriar på reinsskiva utan at det er "gjeldane" prøve. So får du kanskje overbevist deg sjølv om at dette går fint
  19. Har du mogelegheit for å få ta ein treningskveld med oppskyting ein dag med lite folk på skytebana? Ein dag der ein berre kan kose seg og skyte litt på ulike blinkar i ulike stillingar. Då skal det ikkje mykje til før ein av seriane i reinskiva sitter der den skal. Dette trur eg går heilt fint! Berre ikkje stress med det.
  20. Eg tenkte på halvauto - langvåpen ja. Om ein tar med pistolar vert det vel nokre. Sånn som eg tolkar det er det halvauto-rifler og muligens hagler som står i fare. Eg kan i alle fall ikkje komme på at det har vore saker der lovlege, sivile halvauto rifler og hagler har vore nytta i alvorlege draps-, vold- eller ranssaker. Og då MÅ vi no kunne bruke det som eit argument at EI hending er for tynt grunnlag for eit slikt forbud, sjølv om dette eine hendinga vel og merke er det mest grusomme som har skjedd her til lands etter -45. Men eg er og bekymra for at innstrammingar og i verste fall eit forbud vil komme. Det er forøvrig skremmande mange jegerar og som er av den formeining at halvautovåpen er "unødvendige" til jakt.
  21. Av rein nysgjerrigheit... Fins det fleire eksempel på kriminelt misbruk av sivile, lovlege halvautovåpen enn denne eine grufulle handlinga?
  22. Vil henstille alle til å diskutere sak og ikkje person. Skal vi ha ein god debatt rundt dette må folk holde seg for gode til å komme med ufine karakterestikkar av motdebattantar og andre. Oppførselen til enkelte med tanke på kva dei skriv om både trådstartar og dei som er aktive i dyrevernorganisasjonar, er rett og slett ei skam for forumet... Skjerpings, ellers må tråden modererast hardt!
  23. Sjølvsagt skal du lade jaktammoen sjølv. Kvifor skulle du ikkje det...? Det er vel på ingen måte verre å lade jaktammo enn treningsammo i utgangspunktet.
  24. Har ikkje so god peiling, so eg helde meg til kantarell. (Plus at eg bruka mykje fersk "sjamm-pinng-jång" frå butikken). Syns det er mykje og god smak av kantarellen. Har prøvd diverse måtar å forvelle den på, utan at eg har blitt heilt klok på kva som er "best". Ein kan forvelle i steikepanne eller i kjele på svak varme, tørke i sola, tørke i steikovn osv.
  25. Politi, SNO eller personell med BP kan kontrollere utan mistanke. Men dei kan ikkje ransake utan skjellig grunn til mistanke. I praksis kan dei då kontrollere våpenet ditt, sjå i patronbeltet og sjå kva som henger på sekken din. Men dei må ha skjellig grunn til mistanke før dei kan sjå oppi sekken din, i lommane dine, eller i desse hulromma dine...
×
×
  • Create New...