Jump to content

VestlandsJeger

Members
  • Posts

    4,237
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by VestlandsJeger

  1. På vårt jaktfelt har vi både sett og skote meir hjort no i starten enn nokon gong før. Fantastisk moro å jakte! Mykje dyr står bra høgt enno, ser ein god del oppe i fjellet og førebels er det tomt på bøane.
  2. Etter "ein mannsalder" med 180 grs Oryx er eg nysgjerrig på noko nytt. Var ute etter 150 grs TTSX, men det hadde dei ikkje inne, so det vart ein pakke med 165 grs. Rifla er ei Rem 700 i .308W med 47 cm løp. Jada jada, eg veit at 150 grs er eit vesentleg betre valg i .308. Men no er det no ein gang 165 grs eg har. Kjapp og enkel testing på skytebana viste god presisjon med både 43 grs N150 og 41 grs N140 (COL 71mm på begge). Har lyst å prøve ein av desse til hausten. Er det nokon som har praktisk erfaring med 165 grs TTSX i .308? Vil dette funke greit eller er det direkte uansvarleg med so tung og halvtreig homogen kule i .308? Nokon som har QL og kan køyre dei to nemnde ladningane gjennom? Spent på kalkulert hastigheit...
  3. Hehe. Likar dette prosjektet. I mitt hovud heiter det "den stygge andungen"
  4. I DFS er reglane slik at om det er eitt skot for mykje i skiva, so skal det dårlegaste strykast og dei fem beste vere tellande. Er det meir enn eitt skot for mykje, må det skytast om att. No gjeld vel ikkje dette nødvendigvis for skyteprøva, men det er no ein grei peikepinn.
  5. Går fint å skyte utan dress. I "gamle dager" (fram til 80-talet) var det heilt vanleg å skyte med HV-jakke. Eg ville vurdert kl 2 f.eks. Ståande er nok den stillinga eg har minst lyst til å skyte utan dress
  6. Køyrte over Strynefjellet i godveret i går og kunne studere litt av terrenget eg skal tilbake til om 2 veker. Då kom suget Det nærma seg ei herleg tid!
  7. Begge deler her. Plukker ein del til 308. Kjøper skytterlagsammo for å få hylser til 6,5
  8. Eg er først og fremst kjøtjeger og vil sette veldig lite pris på å bli avretta! For min del er viltkjøt den primære ressursen som vert henta ut i jakta og kjøtet vert ein stadig viktigare del av jakta for meg. Trofejakt basert på ei god trofe-forvaltning er heilt ok i mine auge. Det krever robuste bestandar, på same måte som ei god kjøtforvaltning gjer. Dette lar seg kombinere. Eg har i løpet av mi jegerkarriere ein gong fått ein god nok sjanse på ein bra stor bukk, som vi og hadde på kvota. Den henger på veggen. Mange vil nok seie at den burde fått levd lenger, men eg har ikkje dårleg samvet for den.
  9. 220m ja. Eg skal innrømme at eg trudde det var lenger For langt til å avgje skot? Ja, for meg personleg føler eg at det er det. Aldri skote på den avstanden på jakt. Har ikkje trena so mykje med jaktrifla på den avstanden heller, og ein grei regel for meg er å ikkje prøve på noke på jakt som ein ikkje har trena på. På ei anna side so skyt eg rikeleg godt nok med DFS-utstyr på 200 m til kunne skyte eit rådyr... So det kjem no an på korleis ein ser det. Eg trur ikkje man kan bli dømt i retten for å skyte på 220 m, kun basert på avstanden. Sjølv om det nok fins mange eksempel på at det har vore reaksjonar på reinsjakt ved skyting på kortare hold enn 220. Men dette har kanskje vore privatrettslege reaksjonar frå fjellstyre eller andre grunneigarar? Dei kan jo lage dei reglane dei vil, eigentleg.
  10. Flott.... Då kan grevlingen1 berre gje f i å kommentere, og so får vi aldri vite svaret. Basert på mi erfaring med nettforum, er TS for sta til å gå tilbake på kravet om at grevlingen1 skal svare før fasiten kjem. Og grevlingen1 for sta til å gje TS gleden ved å svare feil... I mellomtida sit vi no her.
  11. Trur det. Eg har og fått straumbrev frå Skjåk i dag
  12. Dette er ei gråsone. Kanskje ei litt hypotetisk sådan, men likevel eit interessant juridisk spørsmål. Felling er ikkje jakt, og derfor trur eg ikkje du gjer noko straffbart ved å jakte på dagar med jaktforbud. Men, eg trur det er veldig lurt å la vere. Eg vil og tru at om spørsmålet dukka opp, ville du kunne få pålegg frå politiet om å ikkje jakte på dagar med jaktforbud, eller eventuelt eit vilkår i skadefellingsløyvet om å ikkje drive felling desse dagane.
  13. Veldig bra kronikk. Alt av rovdyrsaker vert blåst ut av alle proposjonar! Fy f**n for eit sirkus. Det begynner med store ord frå interessene på begge sider i "konflikten". Media skjønner at dette er sprengstoff og blåser det opp. Og so bit politi og påtalemakt på. Eg syns for all del det er viktig at dei som driv ulovleg jakt og faunakriminalitet vert tatt, tiltalt og straffa! Men vi ser at ressursbruken er veldig avhengig av kva type dyr det er snakk om. Medan man kan sleppe unna med ulovleg jakt på det meste anna her til lands, so må man rekne med å verte sikta og etterforska sjølv ved lovleg bruk av nødverge på dei fire store rovdyra.
  14. No berre tenker eg høgt her, de får ha meg unnskyldt om det ser ut som kverulering og flisespikkeri... Det KAN og vere at man får nei til å skyte andre program og skyteformer fordi skytebanene ikkje er godkjente til det som blir spurt om. DFS-skyting og mykje av NJFF-skytinga er takknemlege greier som foregår frå ein fast standplass og det vert skote mot faste skiveanlegg og vollar. Praktisk skyting og enkelte andre typar skyting er meir "bevegeleg" der ein skyt frå ulike standplassar og mot ulike mål. Det krever kanskje heilt andre baner og godkjenningar, meir i retning av dei militære. Det var no berre ein tanke, men det slår meg at av alle eksempela på kjipe DFS-folk som vert servert, so er det ikkje sikkert at alle er kjipe fordi dei er drittsekkar eller fordi DFS er ein søppel-organisasjon... Det KAN ligge andre grunnar bak. Ellers må eg berre seie at eg syns alle skulle få skyte med det dei vil, innanfor det banene er godkjente for og so lenge det ikkje fører til unødig slitasje eller skade på skivemateriell etc.
  15. Sauer, for det har eg! Neida, begge er veldig gode rifler. Det vert mest smakssak og eit spørsmål om kva løysingar ein foretrekker på løpsbytte, mekaniske, magasin, materialvalg osv. Ta den du lika best og drit i kva dei andre seier
  16. All tradisjon og sedvane seier vel i utgangspunktet at trofe tilfaller skyttar. Har aldri før hørt om ei slik problemstilling om at grunneigar vil beholde trofe. Men dette var no ei spesiell sak, og eg har og ganske stor forståelse for "grunneigar" sitt syn her. Muligheit til å beholde trofe kan vere eit "tiltak" for å sikre at ingen lar seg friste til å bryte skrivne eller uskrivne reglar om å spare store dyr. Slike ting bør uansett vere skrive i avtale på førehand, men har forstått det sånn at det er det her...? Eg likte Kong Salomo-ideen! Hogg det i to. Gje ei halve til kvar og ver ferdig med det.
  17. Lure på om Arnemo har fått ein blyklump på storetåa ein gong, sidan han har lagt det sånn for hat...?
  18. Eg ser heller ikkje heilt "heilagdags"-argumentet... Frå 27. des og utvover i romjula skal mange på jobb. Matbutikken, jernvaren, skobutikken og polet held åpent. Er ikkje mykje "heilag" over desse dagane. Kan vi ikkje heller bytte dei dagane med nokon skikkeleg raude dagar som pinsa, 17. mai, himmelspretten, 1. mai etc., dersom det absolutt er so viktig å ha 11 dagar med jaktforbud i året...?
  19. Det va då som f**n. Håpte den nye regjeringa skulle vere litt meir liberal eg...
  20. Herleg tråd! Las litt på den tidlegare i dag, og då måtte eg berre ut ein tur med salongen og sjølvanvisaren. Salongen min er vel ikkje noko draumerifle akkurat, men likevel ein trufast gammal slitar. CZ 513 Farmer; ei litt simpel utgåve av 452'en. Draumesalongen trur eg derimot må vere CZ 452 Varmint, og lage til hevbar kinnstøtte på den
  21. No har eg testa Nissan X-trail i noken år. So det slepp de andre For å ta fordelane først: Veldig god bil å køyre (når alt virkar som det skal) Veldig god på vinterføre Eit greit kompromiss på dei fleste områder, ok til å ta seg fram, greit med plass, god komfort, ok forbruk. Registerkjede. Alt i alt ein god allrounder for ein med eiv aktiv livsstil. Men der er nokre bakdeler: Eg har hatt altfor tull med min. Bytta ein del deler, men har jamnleg hatt problem med motoren. Den går, men hatt mange "byger" der den ikkje går heilt reint, ikkje har full effekt etc. Dette er 02-modellen, altso første generasjon. Forstått det sånn at fleire har hatt problemer med dette. Og so syns eg den ligg litt vel høgt i pris på bruktbilmarknaden. No skal eg vel ta med som formildande omstendigheit at eg køyrer nesten 30.000 i året og at bilen no har gått 275.000 km. Då er det vel kanskje ikkje anna å vente...
  22. Jakta på Statskog i Nordland, der er det relativt rimeleg. Frå under 40 kr per kg for små kalvar til 75 for dei største oksane. 3200 i forskudd per dyr, men det trekker man frå på totaloppgjeret etter felling. Kan og opplyse om at det vert "dyrt" (oppunder 100 kr/kg) for ung ku når man har ungdyrløyve....
  23. Hadde ein fantastisk dag på reinsjakt i Skjåk i fjor, satsa på å gjenta suksessen. Søknad sendt til Skjåk Almenning. Litt dyrt, men veldig flott jakt.
  24. Syns det ser bra ut i midtre Nordfjord og. Har vore drømmevinter for hjorten, og no begynner vi å sjå dei på bøane og langs vegane.
  25. God tanke, men kanskje litt dårleg eller misvisande formulert. Man får først inntrykk av at det skal leigast inn profesjonelle jegerar, men det er vel heller snakk om overgangsavtalar, meir fleksibel og enklare jakt. I dei baner burde alle villreinområder tenke, spør du meg. Men då bør det kanskje gjelde for alle. Eventuelt dei som er villige til å betale for det...? Det blir i alle fall eit snodig system om nokon skal sitte å velge ut kven som er superjegerar og kven som ikkje er det
×
×
  • Create New...