Jump to content

VestlandsJeger

Members
  • Posts

    4,237
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by VestlandsJeger

  1. Det fins vel like mange meiningar som det fins hundeførerar og like mange fasitar som det fins ettersøkshundar Kva som er muleg og umuleg på eit ettersøk er heilt avhengig av situasjonen. Det er etter mitt syn ikkje muleg å få ein ettersøkshund som perfekt dekker alle behov. Det er ingen tvil om at ein hund som jobbar godt på overver har løyst mange ettersøk. Og det er vel heller ingen tvil om at av og til må ein ha ein sporrein "spesialist" til å nøste opp i trådane. Og av og til vil det mest hensiktsmessige vere å sleppe ein hund. Regelendringane kjem vel som eit resultat av eit ønske om at kvaliteten på ettersøksarbeidet skal vere so godt som mogeleg. Alle er einige om at kvaliteten bør vere god, men meiningane er delte om dette er rette vegen å gå.
  2. Lukke til, nye moderatorar! Rart å sjå nick'et sitt med svart skrift, det er nokon år sidan sist. Det har vore ei fin tid med mange utfordringar, men det er ei tid for alt. (No er det mest tid for ein liten NES-kvelp på knappe 3 mnd )
  3. Du klarer sannsynligvis ikkje kravet til anslagsenergi, men DN går ut i frå det som står på pakken, so du vil ikkje havne i knipa pga det. I praktisk bruk og effekt på "normale" jakthold trur eg ikkje dette vil ha so mykje å bety, men som med alle andre kaliber og ladningar so bør du teste på ulike avstandar slik at du kjenner kulebana. Ladar du sjølv, so kan du kanskje hente inn litt med valg av kule og krut.
  4. Einig i det. Det er på ingen måte direkte forbudt, men all skyting skal i utgangspunktet skje med minst muleg sjenanse for andre. So det kan vere lurt å velge tid og stad litt med omhu, og sjekke om der er lokale bestemmelsar etc. Men ellers kan ein køyre på.
  5. No har eg egentlig ikkje so god peiling på det her, og eg ser at det vert snakka om ein heilt anna prisklasse enn den eg opererar i, so med fare for å drite meg ut her... So er mitt tips Brusletto Bamse. Den er nok min favoritt-allround kniv, basert på mitt tynne erfaringsagrunnlag.
  6. Mitt tips: Gå til ein forhandlar, gjerne ein litt stor forhandlar som har litt utvalg. Be dei legge fram det dei har av aktuelle våpen innanfor ditt budsjett. Velg ganske enkelt den som passar deg best. Uansett merke og pris, so må hagla passe om ein skal skyte godt. Kort sagt: Drit i namnet, ta den du lika best
  7. Det er vel ingen som syns det er ein bra ting. Vi skulle vel alle ønske at ettersøk var eit fagfelt vi ikkje trengte å bry oss om. Men sånn er det ikkje, og då er det noken som må ha den kunnskapen og ferdigheitene. Og som har interesse av det. Det er eit kjempekick når ein får avslutta eit ettersøk og "rydda opp" i situasjonen. Men ein skulle nok likevel alltid ønske at ein slapp å drive med ettersøk.
  8. Eg gleda meg i alle fall til å starte jakta den 1.sept, med dei fordelane det fører med seg. Eg er kanskje naiv, men eg trur at eg sjølv skal klare å holde igjen dersom eg er redd for at det er kolle med "ikkje-følgande" kalv eg har foran meg. Eg trur ikkje at eg er nokon særleg mykje betre jeger enn alle andre, so defor trur eg at dei fleste andre jegerar og meistrar det same.
  9. Mange jegerar som er meir opptatt av å telle enn å jakte. Kor mange dyr dei har skote, kor mange dagar dei har jakta, kor mange år dei har jakta, kor mange skot per vilt osv osv. Gje dei ein kalkulator til jul.
  10. Men tåler ein Ally like mykje som ein i plast? I mitt hovud blir samanleggbar og med duk mindre robust... Men kanskje eg tar feil?
  11. Eg vurderer å skaffe meg ein kano. Har og vore inne på tanken å satse på kajakk, men ser for meg at kanoen er enklare med tanke på jakt, fiske og ikkje minst å ha med seg bikkje. Satse på Ally (samanleggbar) eller "vanlig"? Kva er mest robust? Kva eigenskapar bør eg legge vekt på når det gjelder dei nemnde bruksområda (jakt og fiske, samt vanleg turbruk)? Nokon som har tips til merke og modellar?
  12. Ser det er bra med svarthundkull på gang no. Heldigvis, for eg skal ha ein av dei kvelpane
  13. Det har vore på høyring, og "alle" har fått uttale seg. Signala frå DN tyder på at det blir jakt frå 1.9. Det var det som låg i forslaget frå DN og ingen store interesser eller miljø var i mot det i høyringsrunden. Då tydar egentlig alt på at det blir sånn.
  14. Driver å fundera på det same spørsmålet sjølv. Det vert nok bikkje i løpet av vinteren, og det står mellom desse rasane. Hunden skal primært brukast som bandhund på hjort og på ettersøk. Har ikkje familie enno, men ønsker sjølvsagt likevel ei sosial bikkje med godt lynne som fungerer både med folk og andre hundar. I "teorien" er det svart som er tingen for meg, men eg er oppvaksen med grå og har god erfaring med dei. Det er noko eige med denne robuste norske ur-hunden. So eg får no sjå. Får fundere litt til, men det hallar litt mot svart akkurat no...
  15. Eg har vore med å slakta ferskt fallvilt (bokstaveleg talt) med "vom-eksplosjon". Dei greiene var ikkje folkemat... Men det er noko heilt anna enn det som er snakk om her.
  16. Det er vel fleire med medisinsk kompetanse som har påpeika dette. Kroppen vår kan maks ta opp 10 % av det blyet vi måtte få i oss. Og det er absolutt maks og. Normalt ein mykje lågare andel. Dessutan har det vore gjort målingar på diverse "naturfolk" i Nord-Amerika, om eg ikkje tek feil. Dette er folk som baserer kostholdet på viltkjøt. Og sjølv dei hadde ikkje farlege konsentrasjonar av bly i seg. Alle veit vel at ein skal vere forsiktig med å knaske reint bly. Men i denne saken syns eg mr. Arnemo oppkonstruerer eit problem som eigentleg ikkje eksisterer.
  17. No er ein heldigvis ikkje nødt til å tilbrede og ete kula om ein skulle finne den i skrotten.
  18. Vi stoppar diskusjonen om korleis ein vert opplært til å skyte på folk der. Det er Off Topic, og det er i følge reglementet eit tema som vi ikkje ønsker på forumet.
  19. Einig med C.E.A. Det er lettare å lukkast når du sit i ro og lar dyra bevege seg til deg, enn å prøve å gå seg innpå dyra. Kort fortalt, den som er i ro har lettare for å oppdage den som bevegar seg, enn omvendt. Sats på morgon og skumring.
  20. Eg ville gjort akkurat det same eies. Slakte på vanleg måte, men kanskje vere litt meir nøyen og skjere vekk litt meir enn vanleg. Deretter følge med slaktet og sjekke om det begynner å lukte. Vominnhold på slaktet er det unntaket som får meg til å bruke vatn på eit slakt.
  21. Hjorten skal ha ein del kopar. Meir enn andre drøvtyggerar. I hjorteoppdrett er det ei kjent sak at hjorten får koparmangel pga for lite beiteareal per individ. Derfor er feks FK sitt kraftfor til hjort tilsett ekstra kopar. So mykje at dersom ein gjev dette foret til andre dyr kan det vere farleg. Oppdrettshjort får og av og til kopartilskot med sprøyte ved handtering, for å sikre at dei ikkje skal lide av mangel. Vill hjort derimot får i seg nok kopar ved vanleg beiting. Kva stein som er best veit eg ikkje. Men eg trur ikkje at stein med kopar skal vere farleg for hjorten. PS: Dette er litt fritt etter hukommelsen frå når eg jobba i hjorteoppdrett, so ta det med ei klype salt. Vil du vere heilt sikker, sjekk med ein veterinær eller med ein oppdrettar.
  22. Er vel meldt om bra med rype i Nord-Trøndelag i år. Der får ein kjøpt jaktkort på Inatur mange stader. Kva i all verden skal du her i Førde, egentlig???
  23. Med den prisen og den utsjånaden so er det i alle fall ei fin børse for diverse prosjekt og eksperiment. Ein taper ikkje so mykje om det skulle gå åt skogen. Ein får den heller ikkje særleg styggare uansett kva ein måtte finne på
  24. Hei, og velkommen til forumet! Som du seier sjølv so har dette vore diskutert tidlegare mange gangar. Du vil finne mykje info viss du leitar litt, og det vil sannsynligvis ikkje komme fram noko nytt i denne tråden. Eg skjønnar godt at det vert ein jungel av svar og meiningar som det ikkje er lett å bli klok på. Sånn blir det når her er so mange kunnskapsrike folk med so mange og so ulike erfaringar. Det blir som å spørre "hvilken bil skal jeg kjøpe til privat bruk...?" Kaliber: Dei fleste vil nok råde deg til å kjøpe enten 6,5x55 eller 223. Begge er veldig vanlige, ganske billige og ikkje minst veldig "gode" kaliber. 6,5x55 kan du jakte storvilt med. 223 kan du jakte alt opp til og med rådyr med. Begge er fine på småvilt. Det fins mange andre og, det blir ein smakssak egentlig. Merke: "Alle" merka som er på markedet er gode børser. Dei dyre er nok betre enn dei billege, men forskjellane mellom merka i same prisklasse er små. Mitt tips er å gå i butikken, og prøve å sikte og holde på forskjellige typar. Velg den du likar best blant dei som du har råd til. Kva børsa heiter er ikkje so nøye, egentlig. Hugs på at du må ha optikk på børsa og. Denne er kanskje like viktig som sjølve rifla. Legg nokre tusen i god opptikk. Ei dyr børse med billeg kikkert er lite hjelp i. Då er det betre med ei rimeleg børse med skikkeleg kikkert på. Lukke til!
×
×
  • Create New...