Jump to content

VestlandsJeger

Members
  • Posts

    4,237
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by VestlandsJeger

  1. Det meste av annerkjente merker på markedet i dag er av brukbar kvalitet. Mitt råd er å kjøpe den du likar best og som du syns passar deg, innanfor det du har råd til. Drit i kva den heiter og kva naboen eller fettern til svogern til rørleggern seier er best.
  2. Er betre med jakt på TV enn ingen jakt på TV. Sjølvsagt fann eg som sjølvoppnemnt verdensmester noko å sette fingen på! Heldigvis, eg hadde ikkje fått sove dersom eg ikkje hadde funne noko å kritisere. Fritt for å ikkje ha med Kristian Ødegaard på jakt i alle fall...
  3. Einig med Sauer'n her. Det er mykje styr for lite å bygge om frå 308 til 6,5x55. Forskjellen på avstandar som er aktuelle til jakt er av akademist interesse. Du har meir å hente på å prøve lettare kuler om du vil ha flatare kulebane.
  4. Tja... Det er jo meir ideelt med randpatron. Større sjans for kluss med rille i brekkvåpen, men som regel funkar det fint.
  5. Eg har ein gammal Baikal-kombi som eg kjøpte brukt for ein del år sidan. Ser ut som eit h*****e, og er ein orgie av lim, papp, tape, kuriositetar (polychoke) og løysingar som er fy-fy på kombi (rillepatron). Rifleavtrekket er like tungt som ei 5 mil. Men skjiten funkar. Presisjonen er faktisk ganske stabil og relativt god og.
  6. Her omkring er det aller meste organisert i ringar eller lag, og då er det vanleg med ca 100 kr per løyve. Ja, det er billeg, men det er ingen av ettersøksjegerane eg kjenner som gjer det for pengane sin del.
  7. Kinkig sak dette. Vi er i naturen, og der kan det meste skje. Det fins ingen fasit og kan av og til vere umuleg å skjønne kva som skjer og kvifor. Surt å bli sittande igjen med Svarte-Per, men nokon må det. Dersom de kan bevise eller sannsynleggjere at dyret ikkje var friskt ante mortem, so blir vel dyret som regel strøket. Ingen treng å betale og kanskje ein til og med kan få nytt løyve. Det er i alle fall sånn mange stader. Dersom det er behandlinga av skrotten etter felling som er årsaka til det dårlege kjøtet so er det berre rett og rimeleg at det er jegerane sitt problem. (Det kjem no og an på kva som står i kontrakta de har med grunneigarane). So er det sjølvsagt uflaks med elgtrekker etc., men det er heller ikkje grunneigarane sitt problem.
  8. Tja. No er det heldigvis ikkje snakk om "frislepp" som media framstiller det som. Det er vel snakk om rekreasjonskøyring i faste trasear i dei kommunane som ser behov for det. Og desse vil ligge utanfor verna områder, villreinområder, dei mest populære friluftsområda og diverse sårbare områder. Eg ser ikkje den heilt store krisen i dette, men eg kjem heller ikkje til å shoppe meg skuter. Eg foretrekker nok fortsatt friluftsliv vinterstid på ski og truger utan motorstøy for min eigen del. So lenge eg veit kor skuterløypene går og dei som køyrer scooter held seg til dei, slik at eg kan oppsøke andre områder utan skuterspaghetti og støy, so må gjerne skuterfolket få sine områder.
  9. Det er sopass ulike våpen at det er eit spørsmål om kva løysing ein foretrekker. Begge er systemvåpen (i mine auge) og begge er av god kvalitet. Mange foretrekker Blaser pga at kikkerten er montert på løpet, og man kan skifte løp og kikkert utan treffpunktforandring. Med god montasje vil det neppe vere særleg stor forandring på Sauer heller, men man bør/må uansett kontrollere dette. Blasern er og kortare og ofte lettare. Ikkje minst likar mange oppspennaren på Blaser. Eg er ein av dei som foretrekker Sauer om eg skal velge mellom dei to. Eg lika klassisk roterande boltmekaniske som er velprøvd og robust. Eg skyter DFS og har gode erfaringar med Sauer derifrå og kjenner våpenet. Eg likar og magasinløysinga og likar metall betre enn plast. Begge er kjende for gode avtrekk, god presisjon og for å vere driftssikre.
  10. Baikal kombi frå seint 80-tal/tidleg 90-tal. Frittliggande pipe. Polychoke (type metallklump) på hageløpet. Stokken er sprø som kjeks og består av meir lim enn tre snart. Bygd opp kolben med pizza-øskje-papp, ducttape og trekt ein patronholder utanpå der igjen. Ein smekker liten leopould på toppen. Flotte greier!
  11. NRK har heilt klart ein agenda. Og den er å skape overskrifter. Då skal saker vinklast og spissast, det selger. Fakta og kunnskap blir for kjedeleg. Problemet er at folk biter på. Og sluker rått det som media skriver.
  12. Veldig bra! Eg blir skikkeleg bekymra for den utviklinga vi ser når det gjelder dette.
  13. I dei terrenga eg kjenner syns eg situasjonen både før, under og etter jakta er som før. Relativt stabilt innanfor ein "normalvariasjon". Litt variasjonar er det sjølvsagt, men det vil det alltid vere. Ver og føre dei siste månadane til dømes, er svært ulikt frå fjoråret. Og slike ting verkar sjølvsagt inn.
  14. No får eg ikkje opp linken, men forstår det sånn at det er ei hagle med kombiløp. Viss hagla er god og passar, er det vel berre ein fordel å få med eit ekstra kombisett. Då kan dette vere ei god løysing. Du vi då ha ei god hagle og ein kombi, for ein rimeleg penge. Skal du derimot drive ein del med riflejakt og trening til det, so er nok ikkje behovet dekka. For du har ikkje (i mine auge) ei fullverdig rifle. Som sagt, passar hagla bra so er dette ikkje so dumt.
  15. Skal man kun ha kort kasse so bryter jo det litt med prinsippet med systemrifler, nemlig "ei til alt". Er kort & hendig målet, so er kanskje Blaser tingen om ein skal ha system.
  16. Forskning og erfaringar frå Isle Royale (truleg verdens mest studerte interaksjon mellom ein elgstamme og ein ulvestamme) støttar teorien (eller kanskje strengt tatt hypotesen) til Erebor. Som i all forsking, dette gjev ikkje nokon absolutt fasit som man med sikkerheit kan seie gjelder over alt. Men det støttar som sagt påstanden om at det IKKJE er ulv som gjer til at elgen ikkje står for hund.
  17. Like mykje svada som ein del av det som kjem frå den andre ytterkanten i debatten. Trist at det er ytterpunkta som ofte pregar debatten.
  18. Mange som syns det er urettferdig at nokon vert kalla inn i HV og at nokon ikkje vert det. Men det er jammen første gang eg har lest/hørt at det er urettferdig for dei som IKKJE vert kalla inn At dei som gjer teneste i kongens kle og i tillegg legg litt ekstra engasjement i denne tenesten kan ha ein fordel på nokre konkurransar for året dersom dei trenar mykje. Vel, det har eg ikkje so mykje problem med. Eg har sagt det før, man kan skyve konkrransen i fordel av Sauer eller AG ved å justere avstanden. Lenger hold vil gje fordel Sauer.
  19. Det er vel ein måte for fabrikkane å få henta meir pengar frå dei som er villege til å bruke pengar, med utgangspunkt i ein meir eller mindre standard "plattform" for våpenet. Eigentleg eit greitt system. Vi med avgrensa lommebok kan få gode våpen til ein relativt rimeleg penge. Dei som vil ha det "lille" ekstra kan få det.
  20. Jaktforbudet gjelder til og med 31.12. Du kan altso begynne å jakte igjen 1.jan kl 00.00. Og ja, det er ironisk at det ikkje er lov i jakte i dag, ein "vanleg" kvardag, medan man kan jakte på den raude dagen 1. jan. Håpar jammen vi får redusert denne romjulsfredninga snart... (Men det var ein digresjon).
  21. Fulgte ein slik kikkert med på eit bruktkjøp her. B.Nickel Naumburg Supra 3-12x56. 30mm rør. Retikkel #4, merdforstørrande. Made in Germany. Ser ut til å vere mnist 20 år gammalt. Nokon som har erfaring med desse? Er dei verkeleg so gode som det vert hevda lenger oppe i tråden? Må seie at eg er imponert og syns det ser bra ut, men har ikkje hørt om dette merket før...
  22. Eg likte programmet veldig godt! Og til tross for at eg er uoffisiell verdensmeister i hjortejakt, finn eg ingenting nevneverdig å sette fingern på!
  23. Det er vel sjeldan at jaktvåpena våre vert utslitt og at vi MÅ bytte våpen. Vi bytter først og fremst våpen fordi vi vil, og fordi vi kan. Det er vel rett og slett eit klassisk teikn på den velstanden vi har.
  24. Trekker fram igjen denne. Kva er den mest slitesterke og robuste jaktbuksa? Er det nokon som kan konkurrere med Recon, eller er det berre å gå for den? Har hatt ein Dovre-dress som eg brukar på 5. sesongen no. God dress, men buksa begynner å bli utslitt.
  25. Heimevernsøvelse 1. til 6. september. Det er jammen stas!
×
×
  • Create New...