Jump to content

VestlandsJeger

Members
  • Posts

    4,237
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by VestlandsJeger

  1. Ein klassikertråd som eg berre MÅ lese gjennom kvart år. Og ei ganske klassisk utvikling i tråden denne gangen og Skjønna godt at trådstarter føler seg misforstått. Her må man formulere seg like rundt og vagt som ein AP-politiker, ellers får man på pukkelen So til saken: Eg skal innrømme at eg og har tenkt mitt når det gjelder storviltprøva. "Simla" er i alle fall den største simla eg har sett noken gang. 30 cm i diameter er ein del større enn vitalt treffområde på rådyr og for so vidt ein del rein og hjort. Og man kan prøve so mange gangar ein vil, i den stilling man vil og med reim om man vil. Eg skjønnar veldig godt at enkelte stiller spørsmålsteikn ved prøven. Men, eg meiner likevel at prøven fungerer greit som den er i dag. Den er eit greit og absolutt minimumskrav for kva man må ha av skyteferdigheit for å gå på storviltjakt. Den er og eit innarbeida system som er grei å administrere. Øvelsesskota er nettopp øvelse, og har derfor ikkje krav til treff. Greit nok. Eg skjønnar for so vidt ikkje at seriøse jegerar kan ha samvet til å skyte på vilt med kun 30 + 5 skot som treningsgrunnlag, og meinar at alle bør trene vesentleg meir enn det! Men det er heilt greit at det kun er 30 skot som skal dokumenterast. Vi treng ikkje meir papirmølle enn det vi har i dag. PS: Chiefen hadde dagens kommentar Peikar på eit veldig snodig fenomen!
  2. Nesten so at eg er overbevist om å begynne å røyke, og brenne bål på hjortepost....
  3. Det er heilt sant! Samtidig trur eg og at vi må ha med nokre som ikkje er jegerar sjølv. Det blir veldig fort til at man begynner å tenke for mykje på praktisk jakt, og litt for lite på forvaltning og langsiktige, store linjer. I bunn og grunn er dette ressursøkonomi med forvaltning og beskatning av ein fornybar ressurs. Muleg dette er som å banne i kyrkja, men eit snev av kynisk ressursøkonomi trengs i naturforvaltninga. (Då snakkar eg ikkje om kortsiktig profitt i form av kroner og øre, men langsiktig profitt i form av å utnytte overskotet av ein naturressurs)
  4. Kall meg gjerne liberal, men eg meinar at grunneigarane er ansvarlege nok. Det offentlege må nok sette nokre rammer, men det aller meste av viltforvaltninga bør ligge hos grunneigarane. Grunneigarane sin kunnskap og dermed forvaltning er per i dag på eit "varierande" nivå. Frå "meget ansvarleg" til "heilt bingo". So kunnskap må til. Med kunnskap kjem ansvarligheita.
  5. Berre so det er sagt: Eg er DFS'er og HV'er, skaut Stangen med begge. Fekk middelmådige 16 treff med begge børsene (hadde ut 30 skot med AG'n og 24 med Sauern). Dristar med frampå med nokre tankar etter det, og etter nokre år på LS. Det er et "kjent fenomen" at arrangøren til ei viss grad kan "bestemme" om ein AG eller ein Sauer skal vinne, ut i frå kva avstand holda vert satt på. Men, som andre har bemerka; i år var kortholdet veldig kort, og langhodet heilt på maks. Eg har inntrykk av at mange arrangørar siste åra har hatt korte hold. Kanskje det er pga underholdningsverdien i mange skot ute og mange treff...? 1/4-figuren på langholdet i årets LS syns eg forresten va jækla liten på AG-stolpen... Eg er meget imponert over Nils Bernt sine 16 treff på langholdet på innledande! Syns John Olav sin reaksjon var heilt ok, og ein grei måte å få fram sitt syn i beste sendetid. Vi trenger litt liv og røre i DFS Men eg er ikkje einig med han. I Førde såg vi han safe inn 16 treff med Sauer på kortholdet og vinne, etter at Nils Bernt hadde eit par treff for lite til å presse han. Som regel er Sauern i fleirtal i finalen, og som DFS-Terje påpeikar, so vinn dei omtrent annankvart år. Men, som eit kompromiss, so kan ein kanskje stramme inn på spennet mellom min- og makshold på figurane.
  6. Tja... Det fins nok veldig mange eksempel på situasjonar der det ikkje har hatt betydning. Og det er nok veldig vanskeleg å vise til eksempel der det beviseleg har hatt betydning. Eg vil tru at det aller beste er å la vere. Man tilfører som regel eit framandelement i form av ei unaturleg lukt, i alle fall når man jaktar i skog. I tillegg so vil røyking ofte føre med seg litt ekstra bevegelse. Betydninga av dette vil sjølvsagt variere. Men for all del, er man av den typen som begynner å skjelve ukontrollert etter 45 min utan røyk, so er kanskje det minste ondet å kveike opp ein røyk PS: Røyker ikkje sjølv.
  7. Eg håpar arbeidsgruppa tok seg ein tur på LS, eventuelt er der endå! Fantastisk arrangement, all honnør til arrangørane på Oppdal! Herleg å sjå denne organisasjonen frå si beste side, med deltakarar frå ung til gammal, kvinner og menn, mange ulike klassar. Og der kvar og ein stiller på likefot! Ein rekrutt vert behandla på akkurat same måte som skyttarkonge/dronning -favorittane. (Med unntak av eit og anna kamera frå NRK). Eg blir stolt av å vere med i DFS på slike arrangement. So kan ein sjølvsagt riste frustrert på hovudet over ein og anna tulling rundt om i skyttarlaga som har misforstått sin eigen og DFS si rolle. Som DFS'er har eg sjølv opplevd dei, og man blir til tider skremt når desse får ture på med si eiga tolking av regelverk, instruksjoin, skyteteknikk og ikkje minst mangel på dette. Eg håpar og trur dei er i mindretal, og eg syns det er leit at desse so ofte vert trekt fram som døme på DFS som organisasjon.
  8. Skjåk sørvest på meg. Var bortover i helga ein tur. Herleg terreng! Gleda meg!
  9. Eg har trua på Oryx 10,1. Eg vil og tru at Mega eller andre meir eller mindre kovensjonelle blyspissar frå 10 g og oppover vil vere passande. Når farten blir låg bør ein sjå etter litt tunge kuler som ikkje er for harde. Ellers kan du jo lese i tråden at det fins gode og dårlege erfaringar med alt av kuler og kaliber. Oryx 10,1 i 6,5 er ei kule som får veldig mykje skryt frå alt i frå jamne jegerar til våpenskribentar og frå jegerar med mange hundre hakk i kolben. Det er ikkje utan grunn, sjølv om det alltids fins dei som ikkje likar den og har andre favorittar. Det fins og mange som meinar at man ikkje skal bruke 6,5 i heile tatt. Og mange som meinar at du skal slutte med jakt. Det fins og folk som ikkje lika øl og folk som syns mannfolk er meir stas enn kvinnfolk. Du må berre sile ut kven du skal høyre på og ikkje
  10. Mork nevner noko her. Kalven er då ikkje so liten. Den er jo greit oppe og går i slutten av juni. Det er verre med dei kalvane som ikkje er født enno.
  11. Det kan forekomme bly i viltkjøt og bly er i utgangspunktet eit giftig stoff. Ingen tvil. Spørsmålet er heller kor stor helserisikoen er og kor stor risiko den enkelte vil akseptere. Les ein VG og Dagbladet lenge nok og sluker alle oppslag rått, so er det ikkje mykje ein kan ete trygt... Eit anna spørsmål er kva ein kan gjere for å avgrense risikoen. Eg vil tru at desse oppslaga og rapportane har ført til at mange skjer vekk meir rundt skotsåret no enn ein gjorde for nokre år sidan. Sånn sett har kanskje undersøkingane og oppslaga ført noko godt med seg. Uansett so er vel risikoen her peanuts dersom ein samanliknar det med andre populære ting som bilkøyring, alkoholkonsum og overvekt...
  12. Har brukt 180 grs Oryx til storvilt generelt (mest hjort) i ein del år. Vurdera å gå ned til 165 grs no når den er komen i lausvekt. 165 er vel meir passeleg kulevekt i 308, og gjer vel omtrent same jobben i dyret vil eg tru.
  13. 6,5 er på ingen måte på tur ut, slik eg ser det. Desidert mest brukt i DFS og jaktfelt. Og blant "dei 3 store" til storviltjakt i Noreg. Som alle veit har 6,5x55 ei lang og imponerande historie. Notida og nærmaste framtid ser og lys ut for kaliberet med det utvalg vi har av kuler og våpen. Ikkje minst systemvåpena, der man kan ha eit løp i 6,5 til trening og "smått storvilt" og eventuelt eit anna løp til større løp. På lengre sikt er det vanskeleg å seie, det kjem mellom anna an på eventuelle endringar i lovverket. Det kan slå begge vegar. Forskjellen mellom 6,5x55 og 308 (som eg sjølv brukar) er nok mest av akademisk interesse.
  14. Ja, eg veit om det. Kva er det du er ute etter? Kjøp/leige av løyver, jakte som gjestejeger, generell informasjon?
  15. Gammal tråd, men likevel dagsrelevant for min del. Har tidlegare ikkje hatt den heilt store sansen for hjortesteik, tidlegare erfaringar har ofte vore tørre greier. Men so hadde eg liggande ein rundbiff på 2,3 kg.... Og kva skal man liksom bruke den til? Fann ut at steik måtte prøvast. Har aldri laga det før, so her var det å prøve seg fram. Kort fortalt: Surra den, gnei den inn med salt og pepper og bruna den. La den i leirgryte på ei seng an gulrot, lauk og selleri. Hadde og nedi nokre fedd med kvitlauk. Satte den inn i ovnen på ca 90 grader. Skrudde etterkvart ned temperaturen til 60-70 grader. Tok den ut når kjernetempen var på 61-62 grader. Då hadde den stått i ca 4 timar. Resultatet vart veldig bra. Saftig og godt, god og solid hjortesmak, og ikkje minst var kjøtet so mørt at det var som å skjere i temperert meierismør
  16. Klart det blir LS. Man må jo på ferie! Oppdal er ein fin plass. Grei bygd og passe langt å reise. Kan ta seg ein tur til bartebyen og når man først er der.
  17. Eg trur det er samma kva parti som måtte styre. Den jevne politikar har ikkje peiling på våpen, og høyrer på embetsverket. Saken er heller ikkje viktig nok i antal stemmer, til at det er noko politikarane gidder å sette seg inn i. Sjølv om det er mykje våpen i Noreg, so er vi som er våpeneigarar for få som velgargruppe til at politikarane treng å ta særleg hensyn til oss. Uansett parti. I tillegg er veldig mange våpeneigarar fornøgde og gjev sjølv blanke, so lenge dei kan beholde mausern, sideliggern og DFS-saueren. Det å miste nokre stemmer frå ein og annan våpeneigar er ein pris som er verdt å betale for å vise "handlekraft" overfor det store hylekoret etter 22.juli. Og det hylekoret vil aldri bli fornøgd! Sjølv om mange ikkje likar den samanlikninga, so syns eg det er interessant å samanlikne bilar og våpen. Bilar er veldig mykje farlegare enn våpen, men mykje mindre regulert. Det kunne nok (hypotetisk sett) vore spart mange menneskeliv dersom ein la inn maks-tak på motorstørrelse /-effekt, eller fartssperre. Men det er politisk sjølvmord å foreslå noko slikt, i og med at alle køyrer bil. Våpen derimot....
  18. Pokker, fekk ein dårleg følelse av heile greie. Er redd vi blir overkøyrt her. Det er uaktuelt å gje stemma mi til eit parti som går inn for forbod mot halvauto. Men ser vel for meg at dette førts blir ordna etter valet... Det er generelt ein uting at politiet som etat skal begynne å snakke politikk. Samanblanding av roller som eg ikkje likar.
  19. Får beklage at eg er so syndig at eg prøva å sjå lyst på ting og tang... (Men so er eg byråkrat då, og dermed sikkert med i ein stor konspirasjon og er ute etter å lure dokke) Men der er ein fordel her. Dei skal tilsette fagfolk som skal jobbe med dette. Altso folk som i alle fall etter planen skal ha peiling på det dei driver med. Og då slepper vi kanskje idiotiske forbud som ikkje har nokon effekt eller hensikt?
  20. Eg lagar og ein del karbonadedeig der eg blandar i svin, lauk, egg, kraft, krydder osv. Frys den ned i prosjonspakningar. Den brukar eg både til karbonader, kjøtkaker og burger. Eg må sei at eg er godt fornøgd med denne oppskrifta og syns det er ein fin og velsmakande måte å få litt omsetning på malekjøtet
  21. Eg kverna det ein gong. Det syns eg er nok. Hugsa ikkje kor grov skiva er, men den er litt grov. Eg har alltid vore av den oppfatning at rein hjortekjøtdeig er for tørr og ikkje brukande. Og at ein bør blande det med svin. I det siste har eg derimot gitt det ein ny sjanse, og funne ut at dersom ein har på litt salt og litt krydder når man steiker det so blir det ganske bra I alle fall i rettar der ein skal blande kjøtdeig med krydder (type taco) eller andre ting (pizzasaus etc).
  22. Får verkeleg beklage min kammerpolitiske ukorrekthet her, men eg vil no berre informere om at det i alle fall var delar av NJFF som sendte inn høyringsfråsegn som gjekk i mot forbud mot revesaks. Revesaks er tradisjonelt fangstreiskap heromrking i alle fall. Eller kultur om de vil. Kanskje vi kan få Tybring-Gjedde til å ta opp kampen?
  23. No er eg ein kjedeleg diplomatisk type, som både er DFS'er og ikkje eig ein einaste pistol, menneee... De vil skyte med lovlege våpen, som er godkjent for gjeldande program, og som er lovlege på skytebana. Det må no kunne gå an å berre poengtere dette tørt og roleg til skyteleder. Og seie at med mindre han kan vise til reglar som seier noko anna, so vil de skyte på linje med dei andre.
  24. Eg spekar det eg kjem over av hjarte, og av og til skank og lårtunge. Tørrsaltar med grovsalt. Er ikkje so nøye på mengde og lengde, tek det litt på den klassiske "gefühlen". Hjarta får 20 timar, kanskje. Andre delar alt etter kor tjukke dei er. Skyller raskt av saltet og heng dei opp. Kor lenge kjøtet heng kjem veldig an på forholda i rommet. Må berre følge med og kjenne på det. Tar det når det har fått ønskeleg konsistens/fastheit.
  25. Heilt rått! Rett og slett. Og denne ga meg dagen gapskratt. Det er visst sunt å le litt, so tusen takk Slurry
×
×
  • Create New...