Jump to content

VestlandsJeger

Members
  • Posts

    4,237
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by VestlandsJeger

  1. Som DFS-skytter er det ein slags tommelfingerregel at so fort du begynner å tvile på om løpet, er det berre å skifte det. For jaktvåpen er det litt annleis, der må ein berre definere kva krav ein har til presisjon for si jakt. Og om presisjonen er dårleg, kan det vere fleire årsaker til det, ikkje nødvendigvis utskote løp. So her er det vel umogeleg å gje noko fasitsvar.
  2. Det er for meg umuleg å seie kva eg vil gjere i ein slik situasjon. Det er ei vurdering ein må ta der og då. Uansett kva eg gjer so veit eg kven eg skal snakke med og kven eg ikkje skal snakke med etterpå. Resultatet av mi vurdering ville nok aldri blitt delt på verdsveven.
  3. Det er vel berre ein måte å finne dette ut på...? Uansett kva eigenskaper rasen normalt har, so er alle hundar ulike individ. So man kan aldri vite før man har prøvd.
  4. I dei områda der eg jaktar (mest i Gloppen) vil eg seie at bestanden er ganske stabil,og har vore det i ein del år. Der har vi heller ikkje hatt so ekstremt tett bestand som andre har vore meir eller mindre plaga med. Litt svingingar frå år til år og mellom terreng er der sjølvsagt og det må ein rekne med. Det er naturleg. Må seie at jakta 2012 totalt sett har vore bra. Eg ser veldig positivt på den lange jakttida vi har no, og den fleksibiliteten og dei muligheitane det gjev! Totalt sett ser det no ut som at veksten har stogga, og det har vore reduksjon enkelte stader. Heldigvis vil mange seie, det var jo målet i veldig mange områder. No må ein kanskje tenke nytt og justere målsetningar og bestandsplanar mange stader. Då trengs det solid kunnskap som bygger på både generell bestandsøkologi, kunnskap om lokale forhold og statistikk. Sjå alle dei tre i ein samanheng og ikkje berre stole på ein av dei.
  5. Trenger litt hjelp her: Skal selge våpen privat. Kjøpar har sendt meg godkjent og stempla søknad. -Skal eg beholde ein eller fleire av dei 4 ulike versjonane (kvit, raud, gul, blå) etter at eg har ført på mine opplysningar? -Kor skal eg sende resten? Mitt Politidistrikt eller politidistriktet til kjøparen? På førehand takk
  6. Det er veldig bra at det vert sett fokus på hjorteforvaltning i media, men er det ikkje snart på tide at vi sluttar å gje leigejegerar skulda for dårleg forvaltning...? Det fins råtne epler i alle kurvar, og det er sjølvsagt veldig lettvindt og fristande og gje nokon andre skulda. Men er det særleg konstruktivt?
  7. Har vore på dei seminara siste åra, og kan anbefale både dei og ikkje minst det sosiale rundt. I år kolliderar det dessverre med HV-øving.
  8. Som kammerbrukar og tidlegare moderator vil eg berre seie: "Godt jobba, Mauser'n! Du har gjort ein kjempejobb!"
  9. Viss eg ikkje hugsar feil so er det ein høgasterettsdom som seier at høns går under definisjonen "bufe". Og er derfor inkludert i nødvergeparagrafen på linje med storfe, sau etc. Og at det derfor er lov å felle rovdyr som angrip høns. Men sjekk for all del opp kva for forutsetningar som ligg til grunn for nødvergeparagrafen!
  10. "Farleg" å prøve seg på ein sånn uttale... Ettersøk kan det bli av alle jegerar. Uansett kor mange skot ein skyt for året, uansett om ein sett 5 skot i ei femkrone på løpande elg, og definitivt uansett kva ein måtte meine om både eigne og andre sine skyteferdigheiter. Før eller seinare i løpet av eit langt og aktivt jegerliv so vil dei aller, aller fleste jegerar oppleve dette med skadeskyting og ettersøk. Det kan vere ulike årsaker til det. Men uansett er det lurt å vere litt audmjuk overfor dette med skadeskyting og ettersøk.
  11. Er ikkje so opptatt av kor mykje kvar enkelt jeger eller skyttar klarar av poeng. Det viktigaste er at jegeren sjølv har skote so mykje at han/ho kjenner sine eigne begrensingar som jeger/skyttar og ikkje prøvar seg på skot som ein ikkje er kompetent til. I tillegg setter skyteprøva grensa for kor god ein minimum må vere.
  12. Virka som om dei fleste våpen- og jaktutstyrforhandlerar har dei. Og den er heilt sikkert lett å finne på nettet.
  13. Ta ei pause og kvile både arm og auger etter 2-3 skot var eit godt råd.
  14. Trur du er i ei gråsone der, so usikker på kva den juridiske fasiten seier. Men eg har alltid tolka det slik at reim er tillatt, men ikkje nokon form for støtte eller fast anlegg. Ryggsekken er ikkje fastmontert, men tvilar på det er lov å bruke den som støtte. Med fare for å bli oppfatta som frekk, firkanta, betrevitar etc... Reint personleg syns eg at det å sette 5 skot innanfor ein sirkel på 30 cm på 100 m avstand, under sopass greie forhold som ei skytebane gjer, er eit absolutt minimum for skyteferdigheiter for ein riflejeger. Det kan vere mange "unnskyldningar" og faktorar som gjer til at prøva er vanskeleg å klare, enten det er alder, fysikk, syn, nervøsitet på standplass eller noko anna. Men klarar ein ikkje den relativt enkle prøva (på uavgrensa antal forsøk), so klarar ein dessverre ikkje det minimumskravet. Sånn er det berre.
  15. Her blir det start og fullt køyr frå den 1. Har ferie første veka. Dette blir bra greier!
  16. Syns det er ryddig og grei handtering av staben. Ved å lage denne tråden viser dei at denslags oppførsel ikkje vert akseptert på forumet. I tillegg viser denne saken at ein må ta alt som vert skrive med ei klype salt, det kan vere ulike agendaer bak... Heilt greit etter mitt syn at aktøren får ein sjans til å rydde litt opp sjølv og komme med sin versjon.
  17. Skal skyte militært med AG, og i klasse 4. Har som vanleg skyhøge ambisjonar! Det er tross alt LS.
  18. Det meste er vel nevnt her. Eg har forresten veldig sansen for det tipset om å skaffe seg litt erfaring. Erfaring er alfa og omega når det gjelder å klare seg ute. Det er lite hjelp i med godt utstyr viss ein ikkje veit korleis eller kortid ein skal bruke det. Dei to viktigaste tinga ein må ta vare på for å trivast nokre dagar i felt, er beina dine og søvnen din. (Må sjølvsagt ete og drikke og kle på seg, men det er relativt enkelt å ordne). Beina: Ein må ha gode sko, som passar og er inngått. Det har de sikkert frå før. Desse vil bli våte. Då må ein enten klare å tørke dei, eller ha bra med tørre sokkar. Det er effektivt å krølle sammen avispapir og putte oppi skoa over natta. Avispapiret trekker då fuktigheit ut av skoa innanifrå. Hugs og å ha gnagsårplaster og sportstape dersom ein skulle få problemer. Og ta dykk tid til å stelle føttene. Det har de igjen for. Søvnen: Dersom ein ikkje får sove skikkeleg, so er turen ødelagt. De må ha gode soveposar som taklar den temperaturen det kan bli, og de må ha gode liggeunderlag til å isolere frå bakken. Nokre tips: - Ty tynne isolerar like bra som ein tjukk. Det gjelder både sovepose og liggeunderlag - Oppblåsbart er behageleg og isolerer bra. Heilt til det går hol på det. - Ha eit sett ullundertøy som ein kan sove i om det blir kaldt. Men ikkje fall for fristelsen å kle på seg for mykje inni posen. Då er det betre å ha jervenduk etc til å ha utanpå posen.
  19. Sjå positivt på det, karar. Ein ekstra tur på skytebana er aldri feil (Med mindre det er sånne kø & stress -baner dokke frekventerar) Fekk no ordna formalitetane i forige veke eg og. Tar den som regel sittande, men eg er ikkje heilt fornøgd før eg har klart den ståande ein gong og. Vi har ei slags greie i skyttarlaget og i slekta at prøva helst skal skytast ståande. I år gjekk det på første forsøk, so eg er faktisk litt fornøgd med meg sjølv. Tar prøva med kombien og, men med den skyte eg liggande. Den er ikkje betre å skyte med enn det trengs... Lav kolbe, høgt montert kikkert, eit avtrekk som kjennes ut som det er 4 kg... Heldigvis er presisjonen sånn nokonlunde, so prøva går greit viss eg gjer jobben.
  20. Haglejakt er "humant" (grusomt uttrykk forresten)ja. Men under forutsetning av at jegeren gjer jobben sin skikkeleg. Det vil seie at ein må passe på at ein ikkje skyt på for lange hold, og at ein faktisk treffer det ein skyt på. Min (udokumenterte) påstand er at det meste av skadeskyting med hagle skuldast skyting på for lange hold. Tidlegare, den gongen eg tok jegerprøva, råda påstanden om at sjokkeffekten drepte viltet. I alle fall småvilt. Det var noko med kortslutning i hjernen pga overbelasta nervesystem som då førte til ein rask og effektiv død. Eg trudde på det den gang, men det gjer eg ikkje no lenger. Og som jegerprøveinstruktør lærer eg det heller ikkje vekk lenger. Eg trur i alle fall at det er inntrengning til vitale organ og blodkar/blodbaner som er tingen.
  21. Dette varierer mellom ulike rifler og ikkje minst mellom ulike lot'ar på nato'en. Eg opplever og at hevarm går treigare med det meste av nato eg har prøvd, enn med heimeladd og fabrikkammo i 308. No har eg nokre pakkar med ein gammal lot som eg fekk, der eg har hatt mykje klikk. So der er litt diverse. Som Erlend Meyer seier, so kan ein ikkje forvente at nato alltid går heilt problemfritt.
  22. Takk for gode innspel, folkens! Då vil eg nok ta sjansen på ha han med ein del på jakt. Eg får heller vere forsiktig med heite situasjonar. Heller trene på å holde seg roleg og tolmodig. Får sjå litt an korleis han reagerar på blodsportreninga og etterkvart.
  23. Har dempar på jaktrifla, og er fornøgd med det. Det einaste negative eg har oppdaga, er at det blir ein del mirage når eg er på skytebana. Ogein må derfor ta litt pauser i skytinga. Eg var litt dempar-predikant ei stund eg og, som ville overbevise alle om demparane sin fortreffeligheit. Det har eg slutta med. Eg gjer etterkvart blanke i kva alle andre puttar på børsa si eller lar vere å putte på.
  24. Hei. Eg har ein NES hann som no er knappe 5 mnd. Tanken er at denne skal bli kombinert ettersøks- og bandhund på hjort. (Eventuelt littegrann elg om sjansen bye seg). I utgangspunktet hadde eg tenkt å la vere å bruke denne på jakt i haust, men vente med jakt til etter at eg får godkjent han på ettersøk. Noko som eg håpar å få til vår/sommar neste år. Men, det er jammen seigt å ha ein hund heile hausten utan å ta den med på jakt i det heile tatt. So eg kjem nok til å ha han med litt. Vi jaktar mest drivjakt, so eg tenker at eg kan ha med hunden i drevet og la den få litt generell jakterfaring, utan å prege den for mykje på ferske spor heilt enno. Er det nokon som har erfaringar med dette? Kor mykje kan eg ta sjansen på å bruke hunden på jakt i haust, utan å "øydelegge" for trening og godkjenning på blodspor. Bekymrar eg med unødvendig for dette? Eller er eg i ferd med å gå i ei klassisk felle...? PS: Eg vil ha erfaringar. Eg er ikkje so interessert i lange preiker om "den rette lære" og kva alle andre gjer feil...
  25. Eg har ein Leatherman Wave. Den er gammal, kjøpte den med ein gong Wave kom. Den er grunnen til at eg ikkje kjenner til nokon av dei andre Det fins sikkert masse bra, men den har i alle fall vore knall i mine auge. So eg kan anbefale den.
×
×
  • Create New...