Jump to content

VestlandsJeger

Members
  • Posts

    4,237
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by VestlandsJeger

  1. Og dei som påstår dei har rett, er som regel dei du skal høyre minst på...
  2. Hehe, veldig godt poeng som eg ikkje har tenkt på, det med 4-timersregelen.
  3. Har ikkje lest gjennom rapporten enno, men hørte på foredraget til Stensaas i om denne undersøkelsen på hjorteviltkonferansen på Hafjell. Undersøkelsen er interessant den, men den har jo ein del mangler og potensielle feilkjelder. Og derfor skremma det meg litt å høyre korleis DN tilsynelatande trykka den til sitt byrst og slukte alt rått. Vi har jo betre tall å vise til enn dette på reelle ettersøk! Til det svarte Stensaas at "alle hunder er jo i stand til å finne en elg som ligger død etter 150m" (usakleg argument, meir eit desperat forsøk på å forsvare undersøkelsen). Det skjer jo at vi får positive resultat av særs krevande ettersøk og. Og det burde jo omtrent ikkje gå an i følge denne undersøkelsen...
  4. Litt vanskeleg å svare på kvifor jaktfeltet dokke skal leige er litt "dårlegare" enn dei rundt. For forutsetningane skulle vere like gode. Har ein følelse av at der egentlig er like mykje hjort, men at det er ein kombinasjon av jakta (har vore hovudsakeleg leigejegerar) og terrenget (hampande tett enkelte stader) som har gjeve dårleg uttelling. No har ikkje jaktfeltet i aust so mykje dyr no lenger som dei hadde for nokre år sidan. Og dei er og meir utsette for trekk enn dei var tidlegare, og kan i periodar virke heilt tomme. Feltet vest for dokke derimot, har vel meir hjort no enn nokon gong før. At mesteparten av dyra som står der på sommarbeite trekker vekk (mykje frå dykkar felt trekker vel gjennom Norddalsfjorden og til Brandsøy og Haukåa) er vanskeleg å hindre, verken med saltsteinar eller beiter. Det måtte no einaste vere ved utdeling av truger til hjorten eller noke sånt.
  5. Gloppenjeger, jaktfeltet de skal leige ligg i eit ganske typisk sommarområde. Der er bra med hjort på sommaren og første 1-2 vekene av jakta. Då trekker mykje av hjorten vekk og der står ikkje so mykje på seinhaust og vinter. Å stoppe hjorten slik at den ikkje skal ta desse trekka trur eg er so godt som umogeleg. So eg trur dokke bør prioritere første delen av jakta og få tatt mesteparten av kvota då. Satse då på smygjakt, postering og anna "skånsom" jakt. Du skal forresten ikkje sjå vekk i frå at der står bra med dyr oppover mot fjellet tidleg i jakta. Edit: Forresten so er der ein ganske stabil, god og sunn stamme i dette området. Kanskje litt glissen bestand i forhold til arealet. samanlikna med mange andre områder. Utan at det nødvendigvis er negativt.
  6. Både når det gjelder rifle og hagle: Finn den som passar deg best og som du likar best innanfor budsjettet ditt. Ikkje tenk på kva merke og modell det er, og kva andre har og likar. Det er du som skal bruke børsa. Og gjennomgåande so er børser i prisklassen 5-10.000 av tilfredsstillande kvalitet for dei aller, aller fleste. Som andre har påpeika, når det gjelder rifle. Spar heller på riflebudsjettet og legg litt ekstra i ein god kikkert, enn omvendt.
  7. Det beste for sporten og for tråden, er vel om vi lar dette ligge vel? Tråden vil bli rydda for Off Topic dersom dette utartar seg.
  8. Modellen er bra, og aller mest er tankegangen bak veldig bra. Ein ting som er påfallande når ein jobbar ein del med det her, er mangelen på overordna og heilskapleg tenking. Alle er veldig opptatt av "god forvlating", men få har definert målsetningane som skal styre forvaltinga skikkeleg. Dei tala der vil variere veldig frå kommune til kommune. So syns eg kanskje dei verkar noko høge. Erfaring frå dette fylket tilseier i alle fall at skal ein verkeleg oppnå redusksjon, so må ein rett og slett ha baller når det gjelder arealkrav og avskyting. Ein må rett og slett tørre å senke arealkravet og skyte veldig mykje hjort.
  9. Til ettersøk kan du bruke akkurat det same som ved vanleg jakt. Det skal likevel nevnast at det er ein del som foretrekker litt grove kaliber med tunge kuler i moderat hastigheit til ettersøk. Av diverse årsaker. Men med riktig kulevalg er og 6,5'en bra eigna. Til ettersøk ville eg hatt so låg forstørring som mogeleg. Åpne sikter, rødpunkt eller 1-4 er fine greier. 1,5-6 er og glimrande allrounderar som vil funke bra.
  10. Dei gamle jegerane vil alltid mimre om det fantastske året i -68 eller noke sånt. Og dei har glømt alle turane når dei ikkje såg fugl. So ta no desse gamle røvarhistoriene med ei lita klype salt Men det var no litt off topic. Eg var i Lierne (Nordli, ved rv.74 på fjellet mellom Li og Grong) rett over nyttår. Eg vart ikkje veldig imponert over mengda fugl vi såg, men det kan vere fleire forhold som spelar inn der. Ei vanskeleg tid å jakte på. I fjor haust snakka eg med ein kar som hadde vore på rypejakt i Li i starten av jakta i fjor haust. Og han hadde aldri sett slike mengder fugl før, sa han.
  11. Skal ein le eller grine.... Sånt har vi ein del av over heilt Vestlandet, dessverre. Men dette er vel det mest ekstreme eg har høyrt om.
  12. Eg har inntrykk av at der er mykje gode hagler for nybegynnerar og "normale" jegerar i prisklassen 5-10.000. Eg ville først og fremst sett på den prisklassen. Lanber'n på Våpenloftet var eit godt tips. Ellers fins det mykje anna der som eg har inntrykk av er brukbart. Mitt tips er som vanleg; finn ei hagle i den rette prisklassen som passar deg, og gje blanke i kva merke det er. Det aller, aller meste i den klassen held tilfredsstillande kvalitet, sjølv om dei kjem til for kort samanlikna med dyrare våpen. Du vil dessutan alltid finne folk som har gode erfaringar og folk som har dårlege erfaringar med absolutt alle merker, so det å finne eit merke som kun får skryt er umogeleg. Finner du ei pent brukt Beretta eller anna gromhagle til 10.000 kan det vere eit kupp. Men "alle" gjev råd om å kjøpe akkurat det og det fins nok ikkje nok fine brukte Berettaer til alle som skal ha hagle. Og ver klar over farene ved bruktkjøp.
  13. Det ser nok ut som om du ikkje kan det, dessverre. Ungdommen kan sjølvsagt vere med, men ikkje med våpen.
  14. sorry OT, men er det bevisst eller ubevisst at du brukar det tyske ordet "ministerpresident" om statsministeren, i staden for ordet "statsminister" som er betrakteleg meir vanleg på norsk?
  15. Har du muligheit, so bør du prøve å varsle før avliving. Då veit du at du har ryggen klar og alt er 100 % på det tørre. Har ein ikkje muligheit til å varsle, ville eg ha avlia skabbreven med heimel i dyrevelferdsloven §4 om "Hjelpeplikt": I følge denne har ein ikkje berre lov til å avlive, ein har faktisk plikt til det.
  16. Det at kula ikkje ekspanderer har vel mest med kulekonstuksjon vs hastigheit å gjere. Og ikkje pga at kula tilfeldigvis hadde ein diameter på 6,7 mm...? Alle kan trekke fram eksempel på elg som har dødd eller ikkje har dødd med so godt som alle kaliber som har blitt avfyrt mot meir enn 10 stk elg.
  17. Saksa i frå forskrift om utøvelse av jakt, felling og fangst: So ungdommen kan jakte med våpen. Men må då ha avlagt jegerprøve og skyteprøve. Tilsynsperson må vere over 20 år, og ha utøva jakt i minst 3 år. Under jakta skal tilsynspersonen vere so nær at vedkommande kan gripe inn ved behov. Dvs umiddelbar nærleik.
  18. Med atterhald om at eg eventuelt misforstår deg her, so meinar eg at du har feil. Ein kan ikkje uten videre avlive hunden etter at den har gjort skade. Hevn eller straff kjem ikkje inn under nødverge- eller nødrettsbestemmelsane. Nødverge er kun lov for å hindre eller begrense skade, og ein kan ikkje påberope seg det etter at skaden har skjedd. At hunden kan bli avliva i ettertid etter pålegg frå politi eller domstol, er ei anna sak.
  19. Eg er einig med dokke begge. 1. nei. Rådyr er storvilt, og ein må vere 18 for å jakte småvilt aleine. 2. ja. Småviltjakt er småviltjakt sjølv om det er med rifle, og då er grensa 16 år for å jakte aleine.
  20. Eg må og seie at eg sliter litt med påstandane om at enkelte vistnok skal skyte so mykje betre i skogen enn på bana. Som regel eit halvdårleg forsøk på å unnskylde litt uner middels skyteferdigheiter... Om ein jaktar elg med 6,5, 308 eller -06 blir vel mykje hipp som happ. Forskjellen er etter mi meining av akademisk interesse. Skal ein få nokon forskjell her må ein opp på ein del gorvare diameter, 9,3 og oppover. Men som mange andre har påpeika, skal ein kunne utnytte den forskjellen må ein trene ein del, slik at ein beherskar det kaliberet og kan plassere kula like godt som med eit "normalkaliber". Då er det ikkje nok med 30+5. Det er no mi meining
  21. Sorry mork, såg ikkje denne før no. Ellers skulle eg spandert ei øl. Eg var der. Var egentlig imponert over det meste av innlegg, utenom DN sine... Er einig med DN/Stensaas at vi kanskje bør ta eit kritisk blikk på korleis ettersøksarbeidet fungerer. Men eg er ikkje imponert over undersøkelsen som DN og NINA har gjennomført og korleis dei tolka resultatet. Dersom denne undersøkelsen skulle speile eit reelt bilde av korleis ettersøksarbeidet fungerar, so skulle det knapt blitt funne igjen ein einaste elg på ettersøk, og definitivt ingen hjort. Og vi veit jo at det ikkje er tilfelle. Det er mange som blir funne igjen, sjølv etter lange og krevjande ettersøk. Dette momentet vart og spelt inn frå salen, men Stensaas avfeia det med at "alle hundar klarte vel å finne ein elg somlåg daud etter 150m..." (Tåpelig og usakeleg kommentar, spør du meg) At det kunne vere svakheiter med denne undersøkinga og metodikken, som resulterte i sprika mellom denne undersøkelsen og det verkelege liv, verka det ikkje som om dei såg på som relevant. Klart at undersøkelsen er fasit.... (edit) Det hjalp ikkje på mi oppfatning av foredraget når det heile vert lagt fram som meir eller mindre latterleggjering av hundane og hundeførarane som deltok... DN "fastslo" her at hundar hadde problemer med å følge 5-10-15 timar gamle spor etter enkeltindivider av frisk elg og hjort, og hadde ein tendens til å slå over på ferskare spor. Dei hadde lite trua på at hundane slo over fordi dette var friske dyr, og ikkje skada dyr. DN hadde nemlig ingen holdepunkter for å tru at hundar var i stand til å skilje mellom spor etter frisk elg og skada elg. Derimot forventa dei då at hundane skulle skilje mellom spor etter ulike individer av frisk elg/hjort. Flinterup sin presentasjon var meget interessant, det er alltid interessant og lærerikt og sjå korleis dei gjer det i andre land. At vi kan plukke opp mange tips både frå Danmark, Sverige og andre land er eg sikker på, sjølv om eg ikkje trur vi kan få den danske "modellen" som sådan til å fungere på same måten i Noreg.
  22. Eg trur vi gjer oss sjølv ei teneste om vi helde ulven utanfor her. Dette er ikkje eit spørsmål om for eller mot ulv, for eller mot andre rovdyr, eller rovviltforvalting i det heile tatt. Dette handlar om statusen og vernet til hundane våre. Og at hundar skal ha same status og vern som andre husdyr. Noko som i mine auge er heilt sjølvsagt at dei bør ha!
  23. Det blir gått ettersøk på reine bomskot ja. Men førsteprioritet i ettersøksarbeidet håpar eg framleis skal vere å få tak i og avliva dei dyra som er skada. Ikkje å kunne vise til imponerande kartloggar etter sporing av friske dyr...
  24. Eg (i likhet med fleire) syns DN bommar ganske kraftig her. Eg er einig i at det er på tide å sjå på ettersøksordninga her til lands. Både korleis det vert gjennomført i praksis, og godkjenningssystemet. Men eg håpar for all del at ikkje DN legg for mykje vekt på denne undersøkelsen her. Når resultata her vert so til dei grader mykje dårlegare enn resultata på reelle ettersøk, so bør det ringe ei bjelle hos folka i DN at det kan vere manglar ved denne metoden... Eg la forøvrig merke til at DN her forventa at hundane skulle skilje mellom ein frisk elg og ein annan frisk elg. Medan dei hadde lite trua på at dei same hundane kunne skilje mellom frisk elg og skada elg... For det hadde dei ingen holdepunkter for å tru at hundane var i stand til. Jaja...
×
×
  • Create New...