Jump to content

joska

Members
  • Posts

    966
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    2

Everything posted by joska

  1. Med "fres" meiner eg ikkje harde magnumladningar, men at eg ikkje er interessert i typisk slappe felt-ladningar. Litt forbausa over dine erfaringar med denne kuletypen, eg vart anbefalt denne tanga av ein kjenning som har suksess med denne kula i Magnum 1. Vi får sjå kva som skjer på mandag når eg skal prøveskyte
  2. Har støypt meg eit par hundre kuler av denne typen, og tenkte å bruke dei i .38 Special. Skal skytast i ein 6" 568, og kruttet eg har for handa er N320. Finn i farten ikkje ladedata for .38 Special med denne kombinasjonen. Vihtavuori sine tabellar seier ei startlading på 3.9gr med 158gr kuler, men det er mantla/belagte kuler. Er det nokon som kan anbefale ei OK startladning med N320 og denne kula? Gjer ingenting om det er litt fres i den
  3. Det du gjer er å fantasere fram argument som ikkje er framført enno. Det er ikkje nødvendig i eit ope forum. Ein skal komme med motargument, og på ein sakleg og faktabasert måte plukke frå kvarandre argumenta til forbodstilhengarane. Å førebu seg til kva dei kanskje kan tenke seg å seie (eller tenke!) kan ein gjere på meir eigna stader. Å ta beslutningar på sviktande grunnlag er ikkje nødvendigvis dumskap, ein politiker må forholde seg til "alt" så ein kan ikkje forvente seg inngåande kunnskap på alle felt. "Den behagelige situasjonen" slik eg ser det er den konsensus som er i ferd med å bre seg, nemleg at det er leveleg å "gi frå seg" halvauto-rifler i håp om å få behalde resten. Riktig, men det har ingenting med våpna i seg sjølv å gjere. Du går rett i kjernen på problemstillinga - det er *kven* som har våpen som er interessant når det gjeld å unngå bruk valdeleg bruk av våpen, ikkje *kva* (innanfor rimelege grenser) slags våpen. Ein kan seie mykje om våpenlovutvalet sitt arbeid, men dei har kome fram til eit forslag som i store trekk er veldig fornuftig. Det sørgelige er at 22/7-kommisjonen sitt lettvinte fjas om skytevåpen har langt større gjennomslagskraft i media, og dermed i politikken.
  4. Du bør følge ditt eige råd. Å lage nye argument *for* eit forbod basert på statistikk du ikkje har sett noko særleg på men "visstnok" seier det eine og det andre tener ikkje nokon. Det eg ikkje forstår er at du som skytter er så ivrig på å konstruere nye argument *for* eit forbod basert på vankunne og ting du meiner å ha høyrt/lest eingong. Mitt poeng er at desse personane som sit med makt til å øydelegge hobbyen vår (folkens, 22/7-kommisjonen skil ikkje mellom rifler og pistoler! Kvifor snakkar alle her berre om halvauto jaktvåpen?) må sette seg grundig inn i den kunnskapen som finns. Viss ingen tek på seg oppgåva å plukke forbodsargumenta frå kvarandre på ein sakleg og faktabasert måte kan vi på sikt seie takk og farvel til sporten/hobbyen vår. Å gi dei lillefingeren (halvauto jaktrifler) for å behalde handa kjem vi ingen veg med. Logikken bak dette forslaget er at halvauto-våpen i privat eige utgjer ein så stor risiko at ein må forby dei. Med andre ord, enten er vi som eig desse våpna ikkje skikka til det, eller så er faren for at dei skal komme i hendene på uvedkommande stor. Med dette i tankane kan ein begynne å kikke litt på den kunnskapen som finns og sjå om denne logikken held vatn.
  5. Drap generelt har gått ned i UK, uavhengig av drapsvåpen. Men dette gjeld ikkje heile perioden etter totalforbodet. Så kanskje samanhengen du ser ikkje er der i det heile tatt? Som eg skreiv tidlegare, også i Norge har ein hatt ein jamn nedgang i drap dei siste 20 åra. Her har vi ikkje sett innskrenkingar i privat våpeneige. Så igjen - kanskje det ikkje er noko enkel samanheng her? Nei, det viser det slettes ikkje. Det er ein stor forskjell på våpen i privat eige og våpen som er påprakka deg. *Kven* som har våpen er mykje meir interessant enn *kva* slags våpen ein har når ein vil hindre misbruk. Kastreringa av mob-våpna viser at det har vore effektivt for å forhindre drap utført med Heimevernets utplasserte AG3. Men det er ingenting som tyder på at det har ført til færre drap. Ikkje heilt på tema, men likefullt interessant: http://www.side3.no/ipad/?articleId=3086481 Det var du som drog inn poenget med at vi fortsatt kan bedrive skytesport, også utan halvautomatiske våpen. Ja, det kan vi. Eg kan gi frå meg mine halvautomatiske pistolar og kun skyte med revolvarane. Når så alle krutdrivne handvåpen blir forbodne, kan eg kjøpe meg luftpistol. Når ein så forbyr fleirskudds luftpistolar kan eg skyte enkeltskudd. Til slutt kan eg kose meg med skytehobbyen min med ein oransjefarga plastpistol med ei IR-diode i "løpet" og elektronisk "skive". Triveleg, ikkje sant? Dette er sjølvsagt å sette det på spissen , men enkelte her inne ser ut til å nærmast overby kvarandre når det gjeld å finne ut kva finger ein skal gi slik at ein slepp å miste heile handa. Men det er ikkje slik det fungerer.
  6. Kva ting tenker du på då? Ja. Antal drap har gått stødig nedover i minst 20 år. Både før og etter kastreringa av HV-soldatane. Ein heilt annan ting er kva relevans dette har til våpen i privat eige? Strengt tatt kan vi vel bedrive skytesport med softguns også, men det betyr ikkje at så veldig mange er interessert i det.
  7. Sjølvsagt ikkje. Det er nettopp difor ein må regulere tilgang og utvalg, slik ein gjer i dag. Det som er tema her er kvar ein skal legge lista. Når "nokon" har fått for seg at halvautomatiske våpen utgjer ein såpass stor risiko at ein ikkje kan tiltru vanlege jegarar og sportsskyttarar å ha slike våpen må ein angripe argumenta dei brukar (viss dei har nokon). Viss ein har noko å komme med sjølvsagt. Heile poenget med eit evt. forbod må jo vere at det i seg sjølv fører til mindre vold og færre drap, og ikkje mindre vold/færre drap med halvautomatiske våpen. Det siste er uinteressant og eit heilt sjølvsagt resultat av eit forbod.
  8. Dette er feil. Nedgangen i drap med HV-våpen er frå nesten ingen til ingen. Den kan på langt nær forklare den generelle nedgangen i drap i Norge dei siste 20 år. Ja, det er teori på lik linje med argument med at eit forbod hadde stoppa ABB. At Stortinget vil finne gode og holdbare argument er langt frå klart. Det skal godt gjerast å fundamentere ei "forbudslinje" i kunnskap og fakta. Viss vi som skyttarar skal forklare og forsvare oss blir det heilt feil. "Tenk på alle dei handicappa!"-argumenta er berre piss. Det er to ting som må gjerast: 1. Argumenta til forbudstilhengarane må plukkast i fillebitar av kunnskapsrike og truverdige personar og organisasjonar. 2. Skytterorganisasjonane må få arm ut av tarm og starte med noko heilt uhøyrt noko i skytter-Norge: PR. Og då meiner eg bruk av profesjonelle PR-folk som kan formidle alle dei positive sidene ved hobbyen vår til folk flest.
  9. Om du ser bort frå fjorårets ufattelege handlingar 22 juli så stemmer dette for Norge også. Både 2009 og 2010 hadde lavast antal drap og drapsforsøk sidan før 1993 (statistikken eg fann i farten går ikkje lenger tilbake). Eg kan ikkje samtidig sjå at vi har hatt noko tilsvarande reduksjon i antal våpen i privat eige. http://www.ssb.no/a_krim_tab/tab/tab-2012-06-29-04.html
  10. Såvidt eg forstår kan ein no etter dei nye reglane vekte ned skapet slik at det blir tungt nok til å kunne brukast utan å bolte det fast. Så kanskje ei løysing kan vere å ta med skapet ditt på flyttelasset og skru fast nokre vekter innvendig?
  11. joska

    CZ 75 Deler

    Eg kjøpte delar til min CZ75 hos Pedersens Vaabenlager i Kristiansand.
  12. Det kan også vere lokale vedtekter som forbyr deg å skyte på eigen grunn. Sjekk dei kommunale vedtektene der du bur.
  13. Per Thoresen hadde svar Det er ein argentisk kniv, produsert i Argentina. Stempelet på bladet seier "La Movediza Industria Argentina". Så då er saken oppklara. Det er nok ein uheldig laksefisker som har mista souveniren sin i elva på 60-talet.
  14. Noko slikt ja, og som du seier er det vanskeleg å tyde. Eg har sendt ein mail til Per Thoresen.
  15. Dette er ein kniv som far min fann i elva for ca 45 år sidan. Ingen av dei lokale kjente den att, så den er nok mista av ein av dei utallige utanlandske (for det meste engelske på det tidspunktet) fiskarane. Er det nokon som kan seie noko om kvar denne kniven kjem frå? Eg har ikkje greie på slikt, men slire og skaft ser ut til å vere laga av tinn med innlegg av noko som i alle fall lignar på gull. Bladet var berre ein rustklump då far min fann den, etter rustfjerning har det ei uregelmessig overflate. Det kan nesten ligne på damask-stål. Stempel på bladet. Nokon som kjenner att dette? Det er også eit lite stempel på slira, men dette klarte eg ikkje få noko skikkeleg bilde av.
  16. Då er alt nødvendig utstyr kome i hus, og eg skal til å lade sjølv når sommarferien er over. Det kjem altså til å komme ein amatørspørsmål frå denne kanten i den nærmaste framtid. Spørsmål nr 1: Finns det eit krut som er eigna til både 38 spec (normale ladningar, ikkje rekruttammo...) og 44 magnum (faktorladningar)? Av praktiske grunnar kunne eg tenkt meg å halde meg til eitt krut i starten.
  17. Kan du ikkje berre ta nokre tomhylser og fylle med t.d. loddetinn til du har passande vekt?
  18. Konas neglelakkfjerner gjorde susen
  19. Eg har fått meg ein fin S&W 586, dessverre har forrige eiger funne det passande å måle skur og korn kvitt med noko som ser ut som Humbrol hobbylakk. Kva kan eg bruke av maling/lakkfjerner som ikkje skadar blåneringa?
  20. Eg kjøpte den med tre. Har ikkje starta med lading enno, manglar framleis kruttmål samt diesett til .44 magnum. Det har ikkje vore tid til å gjere noko med dette hittil i sommar. Når det gjeld å "utvikle behov" for meir avansert utstyr så kjenner eg så altfor godt til dette fenomenet. Vi får sjå korleis det går når eg tek til å lade. Med min aktivitet vert det ikkje skutt så altfor store mengder med verken .357 eller .44, så eg vil nok klare meg fint inntil vidare.
  21. Då vart det ein strøken 586 på meg
  22. Skal sjå på (og eventuelt kjøpe) ein eldre 586 i ettermiddag. Er det noko spesielt eg må sjå etter? Det vert påstått at den er lite brukt og er tilnærma strøken å sjå til.
  23. Då vart det ei brukt og veldig budsjettvennleg presse av denne typen
×
×
  • Create New...