Jump to content

beaker

Members
  • Posts

    1,110
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by beaker

  1. Før jakta i år bytta eg ut Zeiss Classic kikkerten med ein mindre Leupold, i tillegg til at eg gløymde handkikkerten (ein Opticron) heime og vart dragande rundt med ein Biltema marinekikkert. Sistnevnte er for å seie det forsiktig ikkje heilt i klasse med dyrare kikkertar. Resultatet vart 4 dyr, noko som for meg er sesongbeste. Du blir nok heilt sikkert nøgd med Leupold eller Sightron eller Bushnell heilt til du skal prøve deg på skumringsjakt eller du er dum nok til å sjå gjennom ein dyrare kikkert.
  2. Som @Tjukkaser inne på, den kikkerten du har råd til i dag er betre enn den du må vente eitt år eller to for å spare pengar til. Kikkert er trass alt veldig lett å bytte ut når pengane er der.
  3. Heilt til neste gong det går i vranglås. Hadde det skjedd med mitt skap hadde eg kasta det og kjøpt nytt i staden for å gå og være usikker på om eg får tak i rifla når eg skal på jakt.
  4. Slik gjer dei det i India: India begins mass bird cull in response to avian flu outbreak - CNN
  5. Hunter F1 og eldre Icom har samme kontakt. Nye Icom har eg ikkje sett på.
  6. beaker

    Kulefanger 22lr

    Det var snakk om at ein ullsekk skulle stoppe ei kule for litt sidan. Kom nokon så langt at dei faktisk fekk testa det?
  7. Det er ei stund sidan eg har sett felthurtigskyting. Korleis fungerar det, og evt andre øvelsar der du skal treffe før du går vidare til neste figur, med elektronikk? Må du ha ein skjerm du kikkar på før du bytter?
  8. 'Bratt' refererer vel til bilen. Men om du skyt langt nok rett nedover, så er så vidt eg kan googleut 'terminal velocity' for ei kule 150-300 fps. Det blir svak ladning.
  9. I tillegg får du ein heilt annan type friksjon med låste enn med rullande hjul, men 25 år etter siste fysikktime er den kunnskapen litt rusten.
  10. Den eg har sett på har 14.3 mm munning, 16.7 mm kammer, og spor etter å ha hatt ein tein ståande i forsjeftet. Kaliber 16 har 16.83 mm løp, og 24 skal være 14.7 mm, så då er det kanskje ei 24, eller ei 26 heilt utan trangborring?
  11. Tja, baksiktet kan kanskje ligne litt, men resten? Merkinga er litt vanskeleg å tyde, og bildet vart dårleg, men er det ein Kongsberg-K vi skimtar? Kan baksiktet være lodda på i etterkant? Har høyrt rykter om at gamle rifler gjerne vart 'borra opp' til hagler, og då vart kanskje siktet bytta og?
  12. Har du prøvd desse? Nettskjæring. - Børsemaker og prosjekt - Kammeret.no (Ja, litt kan ha endra seg på 3 år.)
  13. Smileyen din kjem opp som boksatvane x og D når du skriv. Er nok det han googla. (Men kom opp som ein smiley i sitat) Vil tru det er ein eller annan setting som både eg og Bly har, utan at eg gidd leite etter den. (Eller bry meg om å endre det om nokon andre skulle finne den for meg.)
  14. Eg har ein Lyman gen. 5. Den har to feil. Det eine er at tømmeporten for kruttmålet er plassert på baksida, slik at du må løfte fram vekta for å tømme den. Det ser det ut som om dei har endra på gen 6. Det andre er at den er så treg at du blir frista til å multitaske, noko som kanskje ikkje er spesielt lurt når du driv med lading. Har ikkje tatt tida, men ser at 20 sekund er oppgitt for både gen. 5 og gen. 6. I praksis blir det til at eg brukar kruttmålet, med mindre eg skal lade så få patroner at eg ikkje gidd stille det inn, eller om eg av ein elle annan grunn uanset vil kontrollvege kvar ladning. Nøyaktighet? Om du stiller den på nøyaktig det du vil ha, så spyttar den ut 0.1 gn ekstra. Stiller du den 0.1 gn under det du vil ha, får du nøyaktig det som står på displayet. Eg har aldri opplevd noko grovare feilmåling, trur eg.
  15. Utan å ha prøvd nokon av dei, så legge eg merke til eit par ting: Annonsa for Savagen er 6 år gammal, og det ser ikkje ut som om dei har den i sortimentet lenger. Rugeren er 'bestillingsvare' i 338. Så spørs det om den må bestillast frå sentrallager i Europa eller frå USA. Eg gjettar på at TRG-en er den einaste du får fatt i i løpet av rimeleg kort tid.
  16. beaker

    Ung skytter

    For dei som vil mimre om ting som gikk før, anbefaler eg historien '12-åringen som skaut bjørn i Svelgsdalen' bakerst i Gamalt frå Bremanger (nb.no) Kva slags reaksjon det hadde blitt på noko tilsvarande i dag, trur eg ingen av oss har lyst til å finne ut.
  17. Viss det er utstøtarnåla, så fekk eg over disk hos Landrø, og det ser ut som om dei framleis har diverse variantar på lager.
  18. @SonicI dette tilfellet er gjerne skilnaden '0 verdi og stygg og rusta' og '0 verdi og ikkje fullt så stygg og rusta'?
  19. Meiner opphavet har ei med sånt skur, men då må du vente til nærare jul.
  20. Eg kan ikkje sjå noko i det dyraste settet som er verdt 3000 ekstra. Digital vekt er som Sølvrev seier kjappare, men dei kostar ikkje meir enn 500-1000 kroner.
  21. Antar at asterix meinte 'MINST 70 mm kammer.' Gamle hagler kan ha 65mm.
  22. Blir det ikkje då eit systemvåpen med eige våpenkort for kasse og løp?
  23. I dette laget, vil då kvar grunneigar få 1/3 av utbyttet, eller vil 3. mann få 4/6? Det siste vil fort lage enda meir konflikt.
  24. Er ikkje det rebranda S&B? Ellers så støttar eg forslaget om å kjøpe eit par boksar ferdiglada, i 308 er det den billegaste måten å få fatt i hylser på, sidan du då får første smellen på kjøpet.
×
×
  • Create New...