Jump to content

beaker

Members
  • Posts

    1,110
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by beaker

  1. Kva baner i Oslo-området brukar framleis papp? Helst på austsida av fjorden (Bur i Prinsdal). Eg veit om fjellhallen på Grefsen, men der er det jo ikkje lovleg med heimeladda.
  2. Tenk litt på avstanden til kikkerten før de byrjar å forkorte kolben. Som fat_dog86 er inne på, så vil eg tru at utforminga av pistolgrepet er viktigare enn kolbelengde på ei rifle.
  3. Å finne austlendingar som vil være med på hjortejakt er vanlegvis ikkje noko problem. Det har vi som regel nokon av kvart år, med vikarierande hell. Prisen er som regel at grunneigaren får andel av kjøttet, og at du er med og delar på fellesutgifter, som løyver og ettersøksavtale og slikt. Det utgjer vel ~30 kroner kiloet. Problemet er at desse som regel kun er med første veka, så er ferien brukt opp. På denne tida av året blir det 4-5 pensjonistar som må streve med å ta resten av kvota. (Og sidan jakta no foregår på kort varsel når det brått er værforhold, blir det vanskeleg å bruke folk som ikkje bur i bygda.) Dei få lokale ungdommane som jaktar vel som regel lettare terreng enn det vi har. Men om du vil kjøpe ei heil hjorteløyve til deg sjølv i staden for å prøve å få innpass på eit eksisterande jaktlag, så blir prisen noko heilt anna, ja.
  4. "Om dei får betalt", ja. Men kva kostar det for eksempel å sende ein diger lastebil eins ærend med ferge for å levere eit lite kolli?
  5. Ein ting eg fann ut på den dumme måten: Sånne gummiholderar der du klemmer løpet fast, er ikkje så voldsomt lurt. Spesielt ikkje i kombinasjon med fukt.
  6. Eg har sett minst ein butikk, som skreiv at dei sender med Linjegods. Men sender dei overalt i landet?
  7. Pappa fekk bytta løp i ein gammal krag, for noko år sidan. Meiner det var hos Tonheim i Eikefjord: http://www.arms-ammo.no/
  8. Magasinet har vel nokon til ca. 300 kr, og Pinewood har nokon til rundt 500. Nei, dei er nok ikkje verdens beste å springe rundt i skogen med, men som Sako 30-06 er inne på, dei er betre enn dei dongeribuksene eg sprang rundt i då eg byrja å jakte. Og på den tida brukte eg eit kvarter mindre på å komme meg til fjells med støypesand i sekken enn eg gjer utan lass, men med Gore-Tex i dag.
  9. Det var faktisk ein som troppa opp på hjortejakt hos oss med paraply på slutten av 80-tallet. Han lær vi av enda.
  10. Europris sin: 13 cm i diameter, 17 cm høg. Jernia sin: 15*15*13 cm.
  11. Det fabrikatet der har eg ikkje prøvd, men Europris har nokon fuktsamlarar som er både billegare og meir effektive enn Jernia sine. Dei er på størrelse med ei lita blomsterpotte. Kan prøve å hugse å måle når eg kjem heim. Kostar ein 50-lapp, om eg ikkje hugsar feil. (Fordelen med Jernia sine er at det er større sjangse for at dei er på lager.)
  12. Etter å ha tilbrakt 3 vekers ferie med å sitte inne og sjå skodda ligge over hjorteterrenget, kom eg heim og oppdaga ein særs fuktig plass til: Kjellarboda med våpenskapet i. Arvegodset mitt hadde fått ein lite kledeleg grønnfarge på stokken. Eg har fått tørka av utvendig, men eg inbiller meg at det kan være ein fordel å ta av stokken, for å sjå på tilstanda under. Dessverre er den festa med skruar eg ikkje har nøkkel til. Skruane har to små hull med ganske nøyaktig 1cm mellomrom: Rifla er ein Mauser-klone, produsert på Kongsberg våpenfabrikk, eg vil tru rundt 1980. Er slike nøklar noko som er lett og få tak i, og kva heiter dei i så fall, slik at eg veit kva eg skal spørre etter? Eller er må eg finne ein børsemakar først som sist?
  13. beaker

    kv-rifle-beaker

    From the album: Rifle

  14. Dersom det er den samme Swedteam-jakka som eg har sett på, så vurderte eg den som for tjukk og tung til mitt bruk, men om du ikkje skal gå noko særleg, så er den sikkert fin og varm. Alt for lite 'synlege' jaktklede å få tak i her i landet, synest eg. (Og det som er er gjerne damemodellar, som er vide øverst og trange på midten. Stikk motsatt av det eg treng.)
  15. Du sa ikkje kvar i landet du er, men Clas på Oslo City hadde minst to ståande i hyllene i går, såg eg.
  16. beaker

    Ammunisjon i Oslo

    Du seier ikkje kva for ei side av Oslo du er på, men vurder Jaktdepotet i Drammen. Dei brukar vel stort sett å være så mykje billegare enn Landrø at den køyreturen lønnar seg, i alle fall på ladekomponentar. Dei har i alle fall Fedral Premium, men du kan jo ringe først og høyre om dei er utselde.
  17. Min 10/22 klikkar på ein veldig stor andel av skota. Når eg klagde fikk eg beskjed om at eg kunne godt få sterkare fjør, men då ville den ikkje klare å kaste ut hylsene. Veit ikkje heilt kva eg skal gjere med den.
×
×
  • Create New...