Jump to content

beaker

Members
  • Posts

    1,110
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    1

Everything posted by beaker

  1. Det er ikkje så lenge sidan den butikken som sel Nosler CC hadde 147 gn GGG kuler til ein langt lavare pris. Dei 200 testkulene eg fekk kjøpt gikk like bra som noko anna, men så var det utseld før eg fekk kjøpt meir. Når det gjeld Partizan ferdigammo, så fekk eg betre presisjon med dei enn med Golden Target i ei av riflene mine, men andre påstår dei ikkje treff noko som helst med dei. Uansett så må eg vel seie meg einig i at å lade 308 er ikkje noko ein gjer for å spare pengar.
  2. Eg fekk nokon engangsskutte GGG-hylser eg skulle prøve å lade. Sleit den eine tvers av i ladepressa, og den satt ikkje fastare enn at eg klarde dreie den rundt med fingrane etterpå, kun expander-tappen som heldt den. Kasta naturlegvis heile partiet.
  3. Ikkje at 6.5x55 er eit dårleg val, men du må være den første som kjøper det fordi andre kaliber er kjedelege.
  4. Eg har både Dovrefjell og Alaska dress. Har Alaska med høg bukserygg og integrerte selar og Dovrefjell med lav rygg. Dovrefjell har dermed ein tendens til å tape kampen mot magen. Alaska er meir vind- og vatntett enn Dovrefjell. Alaska har små lommar i buksa, og ein radiolomme på jakka som er plassert under ryggsekk selen, men andre lommar som er store nok til ein 10*42 kikkert. Til turgåing brukar eg Alaska, til jakt brukar eg Alaska bukse og ei gammal Jahti-Jakt jakke. Det er mogeleg at det finnast andre Alaska-jakker som er meir praktiske.
  5. Eg har inntrykk av at det beste utvalet av blyfrie kuler er i .30, og det nest beste i 7mm. Ein herværande despot reklamerar med 7mm treningskuler til kr 1/stk. Viss han faktisk klarer å levere det, må det være det rimelegaste storviltkaliber det går an å ladde til. (Sjølv om du garantert må kjøpe hylsene.) Lyddempar fjernar rekyl-problemet, med mindre du skal jakte i utland som ikkje likar slikt.
  6. Viss grunneigarane eig den stripa med vatn og, så er det vel samanhengande? Men viss vennskapen mellom ulike vald er slik som det pleier, ser eg ikkje vekk frå at det kan kranglasat om.
  7. Dei einaste kalibera som oppfyller begge krava må være 308 eller 30-06. I alle fall om du skal kjøpe ammunisjonen.
  8. Og all dritten som ligg i demparen ramlar ned i kammeret, så får du forkiling når reven brått står utanfor vindauget.
  9. beaker

    vmax 308

    Ja, men eg hadde dessverre ikkje notert det ned. Einaste eg husar er at første siffer var '9'.
  10. beaker

    vmax 308

    Sist eg lada V-max (i 2015) landa eg på 42 gn Norma 200, 66.5 mm col, 110gn V-max og 308, ser eg. Kan ikkje hugse noko om presisjon, anna enn 'godt nok til å treffe ein vanleg pappkopp på 100 meter' Hastighet mellom 900 og 1000 m/s så vidt eg hugsar.
  11. Viss du er redd for at den eine skal feile, og jaktar aleine, ser eg fordelen med to lykter. Elles ville eg heller hatt ei lykt med justerbar styrke. Å ha ei lykt som berre lyser kraftig er som M67 seier uheldig. I tillegg til det han nevner, kan eg legge til tett tåke...
  12. Då vil jo dei sjølve få meir ansvar, og gjere det mykje vanskelegare å herje med folk.
  13. Eg brukar turret-pressa til Lee, og fjerna den stanga som automatisk roterar skiva. 4 dier montert samtidig, enklare blir det ikkje. https://www.brownells.no/4-HOLE-CLASSIC-TURRET-PRESS-Lee-4-Hole-Classic-Turret-Press-LEE-PRECISION-100053416 (Første treff. Du finn sikkert nokon som er billegare enn brownells) Edit: Eg veit ikkje kva som er i det settet der, men i tillegg til pressa vil du ha ei anna vekt enn Lee si, og ein annan tennhette-isettar enn den som står på pressa. Og nokon plastboksar til å ha patronene i, for eksempel http://www.biltema.no/no/Fritid/Jakt/Vapenpleie-og-tilbehor/Patronboks-2000036397/ eller XXL sine.
  14. Tja. Kan lade magasinet utan å sitte og fikle med rifla. Enklare om du må tømme rifla midlertidig. (Du slepp å fylle magasinet på nytt.)
  15. Jakta blir nok fort betre med 'top of the line', det merkar du når du går tilbake til det du hadde før. Eg har mykje eg ikkje ville bytte bort med det eg hadde når eg starta å jakte. Men igjen, spørsmålet er 'bra nok'/'best mogeleg innanfor budsjett.'
  16. Det må du rett og slett prøve, men ikkje forvent det samme som i ein topp-kikkert. (Forøvreg vart mirage faktisk eit mykje STØRRE problem når eg gikk frå Leupold VX1 til Zeiss Classic. Leuplden funka same kor varmt løpet vart)
  17. Det er ingen som har sagt at han skal kjøpe jallaoptikk. Det er fleire forslag til kva han kan få av fullt brukbar kikkert for 3000, både nytt og brukt. Ein 2-7 eller 3-9x40 er oppnåeleg i den prisklassen, men skal du gigantforstørrelse og opplyst retrikkel bør du nok gå opp fleire prisklassar. Det beste rådet er antageleg 'så mykje du har råd til'. Av og til må ein gå for 'bra nok' i staden for det beste. Vector Optics blir forøvreg diskutert i ein annan tråd her. Men 'hjortejakt' er litt for lite presist til å gi eit godt råd. Skal du traske rundt i tett skog er eit digert sikte berre i vegen. Er ikkje 6000 for denne ein relativt bra pris, forresten? http://www.jaktdepotet.no/diverse-smaatteri/diverse-varer/zeiss-conquest-hd5-2-10x42-ret-20 Bortsett frå at eg må ha noko å sette den på i tillegg, då.
  18. Skal ikkje seie at eg sit med fasiten, men eg mistenker sterkt at ein nybyrjar vil bli ein betre skyttar med kikkert til 3k og ammunisjon for 17k enn omvendt. Eit anna spørsmål 'starte å skyte med vortex/leupold no' eller 'starte å skyte om 2 år når ein (kanskje) har klart å spare nok til Super-Zeiss'
  19. Har sett demonstrasjonar av typen 'knalle ned 5 duer på rappen', så ja. (Benelli?)
  20. Raskt ned eller lite kjøttødeleggelse? Best på rådyrkalv eller på rekordstor elg? Som Moviken er inne på, langt eller kort hold? Gjennom begge bogbeina eller kun gjennom ribbene? Klarer du å finne ei kule som er best i alle mogelege kombinasjonar av det?
  21. Problemet er vel meir å bli einige om kriteriane enn å teste kulene?
  22. I slike tilfeller er det jo ikkje heilt uvanleg å gi dyret eit 'nådeskudd' i nakken. Korleis er regelverket der viss oppsynet finn ut at du har ein avskutt nakke med deg?
  23. Nei, eg såg 24. Men då har du i det minste noko rimeleg å skyte opp med.
  24. Oops. Du får prøve å prute litt. Uansett er prisen på 6.5 Fusion omtrent lik med tilbudet på SST frå XXL.
  25. No kom forøvreg nettopp Jaktdepotet med messetilbud på Fusion, som så vidt eg har sett får berre skryt her på Kammeret.
×
×
  • Create New...