Jump to content

Linduvarri

Members
  • Posts

    607
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Linduvarri

  1. Vårt (DFS) skyttarlag avgjorde i eige styre for nokre år sidan å kutta treningsavgift for medlemmer. Samt setja opp denne til 200.- for ikkjemedlemmer. Og der prisen for oppskyting er kr 50.- for medlemmer, og kr 100.- for andre - for kvart forsøk. Då blir det gunstig å vera medlem, og litt dyrare for dei som ikkje er det, men nyttar bana dei to gongene dei må i løpet av eit år.
  2. Du ser lett om løpet er skeivt (kan verka slik her). Sentret løpet mens du ser gjennom kammerenden. Dersom det er lik avstand mellom sirkelen nærast deg og munningssirkelen er løpet beint. Er den fremre sirkelen (løpsopninga) meir til venstre er løpet skeivt og vil setja svermen til - venstre.
  3. Det var ingen tilsikta aprilspøk. Og halda varierer dom alltid på jakt, ei kule må kunn brukast på både ti og tohundre meter.
  4. Hei, har nokon prøvd denne? Skal ha ein jaktradio med god rekkevidde, som tåler litt fukt og som er enkel i bruk. På forhånd takk for tips!
  5. Beagle er min favoritt, normalt drev på 1,5-2 timar og så tilbake. Skikkeleg trøkk!
  6. Eg lader ikkje så mykje, kanskje vel 500 skot eller så på eit år. Og har ikkje trommel eller lysverkty til å polera hylsene med. Og har prøvd ymse råd her inne med zalovatn, sitronsyre og bakepulver samt steikeovn. Utan særskilt suksess, fekk klebrige hylser med flekker på (eg og). Så no brukar eg JIF skuremiddel på klut etter lading, og tørker godt med tørr klut etterpå. Patroner ser ut som dei kjem rett frå fabrikk, kjøkkenet luktar i tillegg nyvaska og det fungerer betre for meg enn nokon annan metode eg har prøvd
  7. Eg har brukt 240 graineren på hjort ved kloss hald i 300 win mag. Prnetrasjonen var upåklageleg så eg er ikkje redd for at det går så gale i ein .300 wdb.
  8. Støttar jegern79. Alternativt 200 grains woodleigh "300 winchester Magnum" som vil gje endå flatare kulebane og skikkeleg momentum ved treff.
  9. Hei, er berdanhetter runde og forma omtrent som ein sirkustribune med manesjen i midten?
  10. Hei, med fare for å bli utskjelt og dels repetera eit omdiskutert emne; er det nokon som vil dela nyare erfaringar med BT på vilt frå rådyr og opp? Vurderer sjølv å lada denne i 270 wsm'en att til hausten på hjort. Spesielt etter at NJFF gjennom sitt lydsblad "jakt og fiske" er byrja promotera blyfrie kuler meir og meir, vil eg bruka effektive kuler i bly med det enno er lov På førehand takk til den som vågar
  11. Ja, men for å vera korrekt ladde eg med 7,8 grams kuler. Dei neste som står for tur er 9,3 gram Rano D spiss og då skal eg justere ned til 2,9 gram. Det bør vel vera trygt, det er kun oppgitt 2,9 og 3,0 gram ladevekt på boksen. Også for krag der ladninga er 2,9 gram for 9 og 9,3 gram kule.
  12. Kruttet er av typen NC-96 og ser heilt greit ut. Har ladd nokre prøveladningar med 3 gram krutt og 9,3 grams kule som vist på boksen, trur det vil virka ok.
  13. Linduvarri

    Soting

    Hei, kor mykje sot bør det eigentleg vera på ei hylse etter avfyring? Har skjøna at mykje sot tyder på feil pressing og eller for svak ladning. Eg skyt ein del 260 rem og her får eg litt soting innimellom. Men dei siste ladningane med 43 grains n204 og 120 grains Sierra gav sot rundt hylsehals og litt varierande ned til skuldra. Det er vel ikkje unormalt mykje? Patronene gav ellers veldig god presisjon, så det er mogleg at dette blir eit akademisk spørsmål for spesielt interesserte
  14. Hei, ein kamerat har noko 30 år gamalt krutt ståande. Han lurer på om det kan nyttast? Eg har tilrådd å kjøpa nytt. Kva meiner de?
  15. Meopta meostar R1 3-12x 55 med medforstørrande 4c og lysdot. På jakt det lys er montert på vegg: Zeiss 4x32
  16. Skaut rev frå gluggen i huset kl 03.30 i natt då alarmen gjekk. Førti meter til åtet. CZ rifle 22wmr og 30 grains CCI TNT patron. Lite smell. Reven sprang 20-25 meter med treff gjennom rett bak bog. Lett børse, men veldig god presisjon med demper.
  17. Ladebenken: er du lite nøgd med Lapua SP 55 grains på jakt?
  18. God tråd med interessant tema. Er sjølv skeptisk til homogene kuler i små kaliber (under 9,3 . Du kan jo og vurdera Nosler partition 60 grains, xxl har denne. Eg har inga røynsle med denne i .222, men den står på lista over kuler eg vil prøva i framtida. Men får du den til å gå bør den gje både ekspansjon/verknad og god inntrenging. Lukke til. mvh Lindu
  19. Endeleg ein tråd med sus i! Salig frigjerande frå alt eg har sett på trykk i nyare tid; om kapping av løp, alt for mykje bruk av keisamt og ubrukelige standardkaliber og kuler med elendig b.c. Dette var gildt
  20. Exabit: takk for link til fantastisk heimeside om terminalballistikk. Rett og slett moro å lesa. Og skikkeleg forfriskande i høve norsk jakt- og ballistikklektyre som stort sett vil kappa løp, montera digre demparar og skyta alt med Oryx i sakte fart . Kan tilrådast!
  21. Så vidt eg veit er kråke brukbar som matvilt og. Og sjølv om den skulle vera like snill som kylling og kalkun, minskar ikkje dei kulinariske eigenskapane av den grunn. Tenk berre på nygrilla kråke og mørk kornøl om sommaren!
  22. Hei, nett eit "teknisk" spørsmål. I haust felte eg ein hjort med ei lodda kule av "premium" kvalitet. Det vart eit fint slakt. Det var eit ungdyr, så eg tok vare på levera. Og lagde gryte av den nokre dagar etter. Det dukka då opp ein bit bly (!) frå kula, nokså flat, men kring 5x5 mm i areal. Det var berre slump at denne ikkje blei sveld av han som fann den. Kva ville skjedd om ein får i seg eit såpass stort stykke bly? Mvh Lindu
  23. Eg skal ikkje påstå at mega er dårleg på lange hald (det er ei god kule på korte!). Men hugsar eg skaut på blink for nokre år sidan. På to hundre meter fann eg att ei kule som hadde stoppa i den frosne skaresnøen (eg grov vel eit stykke for å finna den). Kula hadde ikkje ekspandert i det heile tatt! Denne var skoten i .260 remington og farten var vel kring 730 m sek med 66 cm pipe.
  24. Hugsar ein kamerat målte 10,4 gramskula til woodleigh i 755 m/sek ladd med 44,5 grains MRP. Med b.c. på 0,509 om eg hugsar rett vert det tåleg bra kulebane.
×
×
  • Create New...