Jump to content

Linduvarri

Members
  • Posts

    607
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Linduvarri

  1. Har vegd hylsene, og dei veg frå ca 15,5 gram til 16,9 gram. Ei Norma hylse eg hadde vog ca 14,5 gram. Det skal leggjast til at eg har ladd desse med 64 grains MRP og skote ein runde med 240 grains, alle gjekk likt og med svært god presisjon. Så dermed blir vel dette mest eit akademisk problem:-). mvh Lindu
  2. Einig med Per-S. Sjølv om jaktpressa og talar varmt for lette, homogene kuler på jakt (demonstrert i Afrika i både Jeger og Jakt), er eg skeptisk. Magefølelsen min med lovlege, homogene kuler i magnumkaliber, med fart opp i 950 m sekundet, er at effekten er monaleg dårlegare enn med vanleg blyspiss eller lodda kuler. Med mindre ein treff sentralnerver i rygg. I 260 rem / 6,5x55 swedish vil eg vera mykje meir komfortabel på storviltjegre med 10,1 gram Vulcan eller 10,4 gram woodleigh weldcore framfor ei homogen kule på 7-8-9 gram. Mvh Lindu
  3. Og kva er poenget ditt, Sauer 150, at 6,5 er dårleg/ut eller at du har full kontroll på kva børser og kaliber dei skyt elgen med i Sverige? God helg - til alle
  4. Har brukt 64 grains MRP til 240 grains woodleigh, det verka bra med fin presisjon. Vurderer å gå opp til 65 grains men stoppar der. Fekk ladedata hjå fabrikken i Australia. Vêr varsam og lukke til.
  5. Sikkert ok å prata om dette med naboen. Men ellers er vel det ryddig og greitt å skyta slik du har tenkt. 2 meter er to meter på rett side, ingen vits i å gjera det innvikla!
  6. Hei, har ein Beagle på 20 mnd som eg no skal gå opp til prøve med og få godkjend som ettersøkshund. Ei veke i året jaktar nokre kamerater og eg elg. Tanken er å ha beaglen med som godkjend hund i tilleg til ein annan hund. Men hin dagen snakka eg med oppdrettar, han fraråder å bruka beaglen på elgjakt. Avdi om eg då slapp den seinare, på rådyr og hjort, noko eg og har tenkt, så kunne den slå over på elg om den kom på det. Og då lett bli sparka i hjel om den vart nærgående på elgen. Han meinte den då ikkje vart gammal:-( Så, kva gjer eg? Vert litt nedtur om eg ikkje kan ta hunden med på elgjakt. Eit alternativ et jo å ikkje ta den fram til skoten elg, men veit at fet blir lite realistisk i praksis. Har hatt den med på elgjakt ein sesong, så den har lukta på elg. Men er langt meirintetessert i å følgja spor etter hjort. På førehand takk for råd
  7. Opp til 200 meter var litt upresist, har ikkje tenkt å strekkja halda så mykje over det. Femti meter er i grunnen å føretrekkja. Men sei no at tre hundre er det eg vil kalla langt hald, då vil eg gjera det kompliserte enkelt: innskoten midt i på 200 meter +, overslag på 7-8 cm på hundre meter, og kulefall på minus 15-20 på tre hundre. Verre er det ikkje, bortsett frå at det sjølvsagt lyt trenast! Takk for tipsa!
  8. Ser poenget, og veit at til dømes 13 gram kule med høg b.c går veldig flatt. Og er like bra ballistisk som lettare kuler på lange hald. Såg forresten at ei kule som Accubond med høg b.c har svært liten vindavdrift i høve ei "normal" kule med BBC 0.35.
  9. Hei, nokre som har prøvd lette, bonda kuler som Accubond, Woodleigh eller scirocco ll på elg i 300 magnum fart? (Altså; ikkje ttsx og andre homogene kuler). Vurderer å lada opp Accubond 150 grains til bruk på "snauflater" i haust. (Og kombinera dette med tunge kuler til tett skogsjakt og moderate hald, dvs opp til 200 meter). mvh Lindu
  10. Hei, viss nokon kan hjelpe med denne ladninga (om kombinasjonen er mogleg å leggja inn) i quickload, er eg svært takksam: 300 win mag 15,6 gram (240 grains) kule MRP krutt, 65 og 64 grains Federal large rifle magnum hetter c.o.l. 83 mm Bruker 64 grains i dag, og det gjev 765 m/sek og ingen trykkteikn. Vurderer å gå opp til 65 grains, men vil ikkje ta sjansar på for hard ladning. På førehand takk. mvh Lindu
  11. Hei, Redfield frå Jakt og Friluft kostar eit par tusen, i blant mindre. Har brukt ein i to år og er veldig nøgd. Målet greit ut til 4-450. Etter det heldt eg berre litt høgt .
  12. (Fjernet utsagn som var svar på et annet utsagn, som også er blitt fjernet. Jegermeistern.) Eg er drittlei alle som fritt opnar for ulovleg verksemd her på kammeret, kor langt ned i søppelbøtta skal de dra trådene der ulv er nemnd? Men samstundes kjem det neppe ulv der du jakter- men sjå no etter bak sofaen for ordens skuld
  13. Hei, kva inneber eigentleg Leupold si "6-ganger zoom" linje? Ser Kahles reklamerer for 5 ganger zoom og. Mogleg eg har sove litt i timen her, men er dette ein slags hurtigzoom eller noko anna nytt? God 1. Mai
  14. Takk for råda. Skal vega hylsene og sjekka nøye. (Ladninga eg har brukt er 64 grains Mrp, med v0 765m/sek, for ordens skuld. Fekk den frå woodleigh. Norma har Max 70 grains oppgjeve for 220 grains, så eg trur landinga er trygg i mitt våpen).
  15. Hei, skal lada nokre skot til 300 wm, men ser at dei hyllene eg har er av ulikt merke. Spelar dette stor rolle? Ladninga blir 65 grains Mrp med 240 grains woodleigh. Hylsene er berre skitne 2-3 gonger og er fra remington, winchester og federal. Kan eg risikere dårlegare presisjon om eg vel å ta samme ladning og bruka patronene om ein annan?
  16. Hei, med fabrikkammo ville eg ha veld 13 gram Lapua Mega evnt 12 gram. Då har du eit greit skjeringspunkt mellom pris, kvalitet, presisjon (truleg) og fine slakt/ mindre øydeleggjing.
  17. Rever er til for å skytes, og pelsen til for å fjernes. Det er et arbeid som nytes, så slike dyr må ikke vernes!
  18. Interessant tråd. Får lyst til å sitere avdøde Våpen-Søilen i "boken om haglgeværet" for 30-40 år sidan, der han framheva at moderate patroner (på 65-67,5 mm) var dei verkelege langholdspatronene. Då dei ofte sette tette, jevne skotbilete på lange hald versus hardt ladde 70 mm patroner. Poenget var altså nok hagl (av rett storleik) for å få effektiv felling på lange hald. Men med dagens patroner kan det godt vera at 12/89 gjer susen, om ein vil skyta på 50-60 meter. Om dekninga er god og hagla grove nok er det sikkert super langhaldsmedisin. Sjølv har eg "berre" 12/76, men dette, kombinert med remington high density hagl gjer utvilsamt børsa til eit effektivt våpen på lange hald.
  19. Då gjekk alarmen att og ein stor rev med fin pels datt. Avsluttar sesongen no, revane som er att får leva og eg skal laga luer av dei eg har vore heldig og fått. God helg til alle
  20. Nei, nett det kan eg ikkje tru vil bli eit problem. Kula ekspanderer i alle fall i fart frå 1900 fot per sekund. Jamfør "recommended velocity on impact".
  21. Varslaren peip kl 01 i går natt. Slo på ljoset og skaut ein rev med 270wsm'en og xp3.
  22. No har eg uansett tinga ein Meopta Meostar R1 3-12x56 med lys, og så får eg sjå om ikkje den går på. Når eg fyrst skal ha lys nok så ville eg likegodt ha skikkeleg lys . Har eit Truglo adapter frå 3/8 skinne til Weaver montasjer på kombien, meiner det skal vera nok klaring. Takk for tipsa og ha ein gild dag!
  23. Eh, MÅ alle kappa løpa sine no om dagen? For min del har eg lese meg trøytt på emnet i bladet "Jakt". Dei burde heller ha bytt navn til "Baufil og Demper". Lykke til uansett og kapp no ikkje for mykje
×
×
  • Create New...