Jump to content

Linduvarri

Members
  • Posts

    607
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Linduvarri

  1. Med fare for å øydeleggja julefreden- kva er problemet med å finna att ei kule i elgen så lenge dyret dett? ( for det måtte dei vel gjera når de fann kulene att). Av og til, eller eigentleg nokså ofte, trur eg kuledebatten har gått heilt av sporet. Eg trøystar meg med at ein ven av meg, og ein av landets beste jegrar, brukar 11,7 grams Vulcan i 30-06. Og har felt like mykje elg som det ein gjennomsnittleg kammerbrukar postar av innlegg på eit par år
  2. Hei, eg har ein kombi med full trangboring. Kor mykje må eg opna trangboringa hjå børsemaker for å kunna skyta fyllingskule i hagleløpet? Reknar med full trangboring ikkje er forsvarleg. Mvh Lindu
  3. Nokon som har nytta Kalahari på elg?
  4. Då var kvoten fylt med ei halvtannaårig kolle i går. 8 timers jakt, 50-60 cm snø, 300 ein mag og 240 grains Woodleigh. Det skulle halda som resyme
  5. Hei, dersom eg "slår saman" alt eg har lese både her og andre stader, samt legg til eiga røynsle, bli oppsummeringa slik: - 6,5 har både kraft og effekt nok til å skyta elg og hjort med. - føremuner er lite rekyl (gjeld og .260 rem.) og god presisjon - ulempe er til dels liten skotreaksjon og nokre fleire sekund å venta før viltet dett. Truleg er dette avgrensa til ein liten skilnad i høve .308 og .30-06. Samt dårlegare sårkanal ved mindre gode treff (ettersøk). Eller tek eg feil?
  6. Einig med siste talar. Var kanskje litt krass i formuleringane i stad, det er klart at god undersøking i starten samt dialog med skyttar er veldig bra. Mvh Lindu
  7. Eh, javel Mr. Lungemos. Det måtte vel koma eit slikt innlegg. For det første tykkjer eg trådstartar ikkje er spesielt inkompetent, men ærleg og grundig. For det andre er eg lei av betrevitande hundefolk som alltid verkar å vera på leit etter nokon/ noko å rakka ned på om dei får høvet (eg har sjølv godkjend ettersøkshund). Skulle jakta i Noreg vore lagt opp på desse sine vilkår hadde det blitt eit utrivelig byråkrati utan sidestykke. Der eit kvart ettersøk hadde starta med 2 timar skotplassgransking, kryssavhøyr i plenum av skyttaren og eg veit ikkje kva anna. Men å samarbeida med gode hundefolk med praktisk sans og -røynsle er sjølvsagt noko anna. Men eg oppfattar ikkje deg slik.
  8. Kraft er eit flott uttrykk som eg tykkjer burde stå på alle ammunisjonspakker. Men må ikkje forvekslast med suppekraft, då krutt i suppa neppe er godt for helsa.
  9. Av og til er det snakk om å mørna vilt i 90-100 døgngrader. Men det tykkjer eg er vel overdrive. Når kan ein med visse seia at mørninga går over i forråtning? Og skjer dette når det blir ei viss mengde med sine bakteriar, eller ved nedbrytning av celler, eller anna? Er ikkje ekspert i kjemi, men nokon her er det temmeleg sikkert:-). På førehand takk.
  10. Eg har heller aldri høyrt eller lest at hjorten er på topp i tiårsalderen. Men at den då er på retur. Som eit apropos er det mykje vranglære i felten for tida. Høyrer folk klagar på "skrapdyr" og at hjorten støtt er for liten. Dei burde vurdert å lesa seg opp på zoologi eller gå over til noko som er stort nok, til dømes elg eller elefant
  11. Hei, har kikka litt på nkk sine sider. Men er litt usikker, har tenkt å melda hunden på jaktprøve. Og skjønar det slik at eg kan avtale open prøve med dommar. Eller delta på ein arrangert prøve med fleire hundar. Kva tips har de til alternativ med geografisk utgangspunkt Voss? På førehand takk.
  12. Eg er svært nøgd med første sesong med beagle. Om hunden får ta ut hjorten går den i små/ mellomstore rundar, med stålkanter innimellom. Og har ved eit par høve kome med dyra det eg slapp hunden( ikkje uttaket). Men om dyra vert klar over folk, dreg det ut, men hunden kjem no tilbake, vanlegvis etter to- tre timar.
  13. Varj: det eg prøvde å seia var at det er same teoretiske energi, og dermed effekt, med ei lik kule i .308 og 30-06 og som treff målet på litt ulik avstand. Denne avstanden er heller marginal. For 11,7 gram Oryx gjev .308 energi 3192 J på 55 meter, mens same kula gjev lik energi ved treff på 80 meter med 30-06 (ref. norma.cc sin ballistikkalkulator). I praksis skal altså elgen som blir treft på 80 meter med 30-06 få lik skotrekasjon/effekt som den elgen som blir skoten på 55 meter med .308. Mange meiner 30-06 gjev litt ekstra i praksis, men ut frå reine fakta er det lite. Skal ein ha litt meir å gå på lyt ein opp i magnumklassen. Ei fabrikkladd 11,7 grams Oryxkule har 3194 J på 140 meter og då byrjar det bli meir skilnad i teoretisk energi. Kan godt henda eg har flaks med matematikken i blant, men det får våga seg
  14. Har fått det til å virka no. Må av og til sletta hunden og leggja den inn att. Ok for meg. Men mister litt lett kontakt med hund, sjølv om eg står høgt, når avstanden blir 2-4 km vekke. Finns det lang antenne til GPS'en å få kjøpt? (Dc40, altså førre modell)
  15. Takk for tips. Ser ut som om eg kan løsna venstre skrue og få kikkerten meir sentrert mot basen ja. Sjekka siktet og det var 160 klikk ca i sidejustering. Men rart eg ikkje har hatt problem med dei sikta eg har brukt før.
  16. Ser innimellom at sume meiner .308 er litt "klein" til storvilt som elg. Og føretrekkjer 30-06. Psykologisk er eg samd i dette. Men når hastigheitsskilnaden på ei 11,7 grams kule er kring 40 meter i sekundet ved munningen, vil i teorien kula ha lik energi om ein skyt ein elg på 50 meters hald med 308 og ein annan med 30-06 på 70 meter (ikkje finrekna med kalkulator ). Men er det verkeleg slik? Eller er energien og effekten likevel større i praksis med ein 30-06?
  17. Hei, skaut inn ein meopta meostar 3-12x56 i helga. Det vil seia; skaut nesten inn. På 30 meter manglar eg 3 cm på å treffa i senter. Våpenet er remington vls og montasjen / klakkane er Leupold standard i stål. Eg har hatt to sikter i montasjen tidlegare, og aldri hatt problem med å stilla kikkertsiktet. Har vurdert å skru ut venstre skrue på bakre klakk, slik at kikkerten vert dreid meir mot venstre. Den har eg tidlegare skridd til med lock-tite. Alternativ to er å kontakta forhandleren og be om hjelp. Nokon som har tips ?
  18. Ja, du gjer deg ikkje så lett villreinjeger, det er sikkert. Du har sikkert nokre poeng, sjølv om du etter mitt syn overdriv slik at det rett og slett er moro å lesa. Men brukt med vit og forstand, er det situasjonar der vatn har sin misjon og. Som mange peikar på, er det ikkje inni skrotten tørkehinne er viktigast. Og det går jo an å tørka med papir etterpå (ikkje brukt dopapir må vita). Framleis skit jakt
  19. Så vidt eg hugsar frå bøkene til Ingstad, så brukte urfolk å laga supe på vominnhaldet for å unngå skjørbuk. Så nokon føremuner er det med vomskot og . Eg ville heller ha vaska enn å behalda vominnhaldet på kjøtet.
  20. Då er hunden komen til rette! Låg i buret eg sette ut der den forsvann.
  21. Hei, klarte å mista beaglen min fredag ettermiddag. Forsvann under jakt på hjort, og GPS 'en virka sjølvsagt ikkje. Har no varsla politi og fleire jaktlag i nærområdet. Og brukt mykje tid til å gå gjennom området på kryss og tvers. Samt at buret til hunden er sett ut der den forsvann med både mat og tørt underlag inni (og tak). Eg har ein mistanke om at den er på langtur, men er sjølvsagt redd for at noko kan ha skjedd. Om den har springe på ei litt for stor elv, hekta seg fast eller blitt sparka av elg. Veit det kan gå ei stund før hundar dukkar opp att etter å ha vore ute, men dette er ikkje kjekt. Om nokon har gode råd er det kanskje litt trøyst i det.
  22. Hei, hunden sleppt i ettermiddag og framleis ute. Får berre signal frå der eg slo av GPS søndag. Er det noko eg kan gjera for å få fram signal på kvar hunden er? GPS seier den er der eg slo av søndag, så hunden er tydeleg registrert som "kjent" på Astroen. På førehand mange takk ( ellers lyt eg sova ute i natt),
  23. God jakt med beagle på jakt i går. Etter ein halv times los og ein liten runde mellom to postar, kom kolle og kalv på slepp-plassen og vart felde på 15-20 meters hald. Etter å ha jakta utan og med "stillegåande" hund i over 30 år er dette reine revolusjonen
  24. Eg skjønar ikkje kvifor dette må diskuterast. Jegeren skaut (godt), traff og elgane datt. Gratulerer!
×
×
  • Create New...