Jump to content

Linduvarri

Members
  • Posts

    607
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Linduvarri

  1. Kva bør c.o.l. vera med denne kula i 308? Kula er ca 26 mm så eg vil tru 68-69 mm er passe? Helsing Lindu
  2. Har sett nokre få elger felt med 240 grains Woodleigh i .30 kaliber. Dvs. 30-06 og .300 win. mag. God effekt, og djupverknad var svært høg. Litt ulik ekspansjon på kuler som blei funne att. Nokre perfekt sopp, andre med mindre restvekt der fremste del nok var slegen av undervegs.
  3. Hei. Er til dømes ein låsbar safe som kan boltast fast i vegg godkjent som våpenskap? (Til vital våpendel)
  4. Traff ein kjent på skytebana hin dagen. Han hadde fått bygd ei rifle i 6,5 der det kun var rekruttammo som gjekk brukbart i børsa. All annan (kjøpe- og heimeladd) ammo gav flate hetter, for høg fart med om lag 100 m/sekund målt i kronograf. Og dårleg presisjon. Samt teikn til hylsespreng. Eg rådde han til å kontakte børsemaker snarast. Nokon som har ide om kva som kan årsake slikt? Eg meiner våpenet må ha ein fysisk feil ein stad. Kanskje i kammeret (?). Viss nokon har vore borti liknande så send gjerne pm/svare her, så skal eg formidle til våpeneigaren.
  5. Var på bana og testa to like ladningar med Norma 15 krutt. Og fekk ca 10 cm treffpunktendring med dame kule og kruttmengde. 75 grains n15, 165 grains gmx og kaliber 300 win. Men ulik lot med krutt. Er dette vanleg? Veit brennfart kan variera litt frå lot til lot med skytterlagskrutt. Men vart likevel litt overraska. Samlingane var isolert svært gode. Men sat i nier/yttertier på kvar si side av blinken og i litt ulik høgd.
  6. Hei. Ser Ladeboka har dette kruttet med på dei tyngste kulene. Mens Vihtavuori sin tabell har det med til og med 155 grains. Er det noko reellt problem å bruka dette til dei tyngste kulene i 6,5? (Eg har prøvd og det verka i alle fall greit med dei -relativt få- patronene eg ladde). Ser nokre meiner n160 er for raskt til 160 grains kuler i 6,5. Så difor spør eg. På forhånd takk.
  7. Hei. Er det noko i vegen for å bruka 50 grains gmx i ein kombi kaliber .222? Tenkjer då på trykk. I følgje Hornady skaper ikkje "gilding metal"-legeringa høgare trykk enn ordinære blyspisskuler i same vekt.
  8. Hei. Så var det valgets kvaler- kva bør eg bruke på rådyr av dei to alternativa? Kom på eg hadde nokre blypatroner liggjande. Kaliberet er 20/76. Mvh Lindu
  9. Hei, har nokon av dykk praktisk røynsle med ei av desse kulene på storvilt i 9,3? Skal lada til ein på jaktlaget. Og vil då helst velja ei av desse kulene.(Barnes tsx, Hornady gmx og Lapua Naturalis). Den må ekspandera greitt opp til 200 meter. Og gje god presisjon og effekt i viltet. På førehand takk. Mvh Lindu
  10. Hei, Eg er omsider kome til at blyfrie kuler skal brukast på storviltet. Og vil gjerne ha synspunkt på kule og -vekt som verkar best med omsyn til umiddelbar effekt på korte og lange hald? Frå dykk som har praktisk røynsle med ovannemnde kombinasjon. På førehand takk.
  11. Hei, ser at Norma har vakna etter vinterdvalen med å lansera Norma Strike jaktkuler i to utgåver, der ei er i homogen utgåve. Eg likte i alle fall reklameteksten med "knall-og fall", slik kveikjer gløda i ein gamal magnumentusiast. Blir spanande å følgja med på testar og praktisk jakt med desse. Kanskje det blir blyfritt på fleire no . mvh Lindu
  12. Takk for svar. Har Lapua 55 grains og den går godt men er ikkje testa på dyr enno. Det største problemet er nok no og i framtida ikkje frykta for blyinfisert kjøt, men å få tak i rådyr mvh Lindu
  13. Hei, er det nokon som har brukt blyfritt alternativ i dette kaliberet (evnt .223)? Som Barnes eller Hornady gmx. Meiner å ha lest at liten diameter på kula i blant gjev lange fluktstrekningar, og er litt skeptisk. Men samtidig hadde det vore greit med ei kule som ikkje legg att bly og virkar/går godt. Skal brukast i kombibørse. Tips vert mottekne med takk! mvh Lindu
  14. Artig økt i gluggen denne veka. 100 meter til åtet, men fint måneskin, god Meoptakikkert og anlegg gjorde tilhøva bra for åtejakt. Først kom ein mår på åtet. Den datt. 20 minutt seinare kom ein rev. Den gjekk rett bort og tok måren. Men stoppa nett eit par sekund mens den rista måren med kjeften. Då fekk den ei heilmantla kule frå .260'en i bogen og datt. 40 minutt deretter kom rev nr to og vart liggjande. Klokka var då ti over to og det var greit å avslutta for å få litt søvn til neste dag.
  15. Slik eg ser det, er jakt på Statskog noko som sikrar almenta tilgang til jakt på ein god og rettvis måte. Dagens regjering har nok meir prinsipielle mål der privat eiendomsrett og -profitt står høgare enn å sikra allmenn tilgang for folk flest til jakt.
  16. Hei. Brukte høgtrykkspylaren på eit reinsgevir (skallebeinet i hovudsak) og sette det tørt etterpå. No er fargen på stengene litt skifergrå. Kan eg vaska geviret med noko og få fram ein meir rein kvit/grå farge att? Takk for gode råd! Mbh Lindu
  17. Slik. Då fekk eg til å leggja ut bilde. Bøger er her skorne av.
  18. Kan nokon hjelpe meg med korleis eg legg ut bilde? Tenkte eg skulle leggja ut eit her som motvekt til teoretiske betraktningar kring kulevalg. På førehand takk.
  19. Det var for ordens skuld mest blod mellom/i hinner i det tilfellet eg omtalte innleiingsvis. Hadde eg hugsa korleis skulle eg lagt ut bilde frå Samsungtelefonen min. Den viser knallraudt slakt frå halsen til langt bak på sidene. Og det er sikkert feil å bruka få døme som statistisk grunnlag, som i mitt tilfelle, og det vil eg heller ikkje. Folk må bruka den kula dei vil, og bastante konklusjonar er ofte tvilsame. Eg har og sett mykje blodslegne slakt, der viltet oftast var felt med normalkaliber og Norma Elite. Når eg tenkjer meg om, er den "finaste" kombinasjonen 300 win mag og 12 gram Lapua Mega, men det set vel i gang ein ny runde med diskusjon her (og greit det). mvh Lindu
  20. Nøkternt oppsummert har det skjedd før og, på reinsimle for to år sidan med same kombinasjon, då kort hald på kring 50 meter. Den var og ille med blodslegne sider. Med skot lavt i bog. 4 elgar (2 vaksne og 2 kalvar) eg har felt med same kule/våpen var i grunnen fine slakt. Halda var her både korte, middels og lange, med treff i/bak/framfor bog. Ellers har eg nytta AB 180 grains i 300 win mag med godt resultat på 4 elg og lange hald, dels betydeleg verre på litt fleire hjort med omsyn til blodslegne slakt. Spesielt når kula treff bein. Har alltid likt kula med omsyn til pris/presisjon og effekt. Men no innser til og med eg at kaliber med stor fart gjerne krev at eg vel ei meir solid kule.
  21. Hei. Skaut ein reinsbukk før helga på 80 kg. Nytta 270wsm og 9,1 gram Accubond med V0 ca 925 m/sek. Haldet var langt, med treff midt i "sirkelen" med gjennomskyting av begge boger utan å ha treft bogbein. Reinen sprang rundt 25 meter og fell. Slaktet var kraftig blodslege på begge sider frå svangen bakerst på sidene til fram i nakken og er det verste eg nokonsinne har sett. Det vart mykje skraping og skjering, og sider + bøger vart i går malt til kjøtdeig med ein del vekkskjæring av blodslege/øydelagt kjøt. Heretter blir det anten lodda og litt tyngre kuler som Rhino, Woodleigh, utskjelte Oryx eller homogene kuler som XP3. Sistnevnte har eg nytta med godt resultat før i fabrikkladd utgåve, som eg heldigvis har nokre att av. Framleis god jakt og haust til alle. Mvh Lindu
  22. Eg meiner at obligatoriske treningsskot skulle vore null. Og skyteprøve burde vore avvikla. Ansvaret ligg på den einskilde jeger uansett. Men mogleg at skyteprøven legg lista litt høgare. Endå meir krav til auka mengde treningsskot og krav til desse blir negativt tykkjer eg.
×
×
  • Create New...