Jump to content

Linduvarri

Members
  • Posts

    607
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Linduvarri

  1. Eit lett magnumkaliber vil vera det klart beste valet for det du spør om etter mitt syn. Til dømes 270 wsm eller 7mm rem mag (eller tilsvarande) med kule som har høg b.c. mvh Lindu
  2. Hei, kvar fekk du tak i TTS hagla? Finns slike hagl i fabrikkladd ammunisjon (Federal?) mvh Lindu
  3. Før i tida (70- og dels 80-talet) hadde mange av dei lokale skyttarane med eksport og pils som dei nytta som nervemedisin før skyting. Resultatet av dette vart vel stort sett nokså variabelt. Sjølv plar eg springa eit par kilometer,eller gå fort ein tur, ein liten time før skyting. Og sørgjer for å drikka nok væske (alkoholfritt). Det roar det heile ned eit par hakk. Mvh Lindu
  4. Eg har og nytta Accubond (11,7 gram) i 300 win mag, og skote nokre elgar men mest hjort med den. Den verkar alltid, og skyt stort sett gjennom. På korte hald, med skot gjennom begge bogbeina kan det verta ein del kjøtskade. Men så går dyra fort ned. Ei kule gjekk gjennom ein elgokse som vart påskoten med bringe/hjarteskot rett framanfrå på ca 150 m , heilt til lårskinnet bak. Ei annan fann eg att framme i bringa på ein okse på 250 kg, skoten inn i kryssen høgt bakfrå (oksen var skadd og måtte avlivast). Er heilt einig med førre innlegg om at dette er ei god jaktkule. Eg har meir tru på ekspansjonsvillige kuler som Accubond versus homogene som eg har hatt blanda røynsle med, også i 300 wm (Barnes x). Mvh Lindu
  5. Hei, er det nokon som har prøvd 240 grains Woodleigh i kaliber .30? Tenkjer då fyrst og fremst på 300 win mag og liknande. Mvh Lindu
  6. Har som sagt brukt BT i 6,5 mm med 100 grains kule, denne splintra aldri og verka fint på rådyr i 900 m/sek. For å finna ut om BT er god (nok) i 270wsm lyt eg testa dei i katalogar- og i praksis. Men eg vil tru at denne- til liks med Accubond og Nosler Partition er ideelle kuler til å prøva ut Roy Weatherby sine teoriar om høg fart = stor drepeevne. Mi røynsle er i alle fall at dess raskare og meir kulene ekspanderer, dess betre effekt gjev dei. Mvh Lindu
  7. Eg er stadig skuffa over debattnivået i denne tråden. Dels avdi dei som kjem med saklege innspel vert møtt med synsing og personlege motangrep som ikkje er rotfesta i fakta, dels avdi mykje av tråden dreiar seg om ei einskild hending med rådyrjakt på + - 400 meter. Sjå berre på amerikanarane sine debattfora (døme: Nosler.com) der skytterar som har felt vilt på 500 meter blir møtt med "good shooting" og spørsmål om kva våpen, kaliber og kule i staden for lange moralutgreiingar og avsporingar som det har vore rikelig av i denne tråden. Mvh Lindu
  8. Takk for mange svar. Eg har no framleis klokketru på at Ballistic Tip er noko av det mest effektive som finns´- spesielt i 270wsm og liknande "småkaliber". Mvh Lindu
  9. Nokon som har prøvd BT i praksis på elg og hjort? Eg trur faktisk at dette er ei god kule i magnumfart, men tek som sagt gjerne i mot synspunkt frå dei som har prøvd. (Skal eg "konstruera" ettersøk ville eg heller ha veld Barnes X eller andre (alt for) harde kuler med liten splintavgang og diameter). mvh Lindu
  10. Hei, Ser at amerikanerane skryt mykje av Ballistic Tip (Noslers forum). Har kun nytta denne på rådyr og bever sjølv, men det som overraskar er at den heldt godt saman sjølv i høg fart. Ekspansjon og effekt har vore upåklageleg (kal .260). Ymse dyr som er skotne på alt frå korte til svært lange hald verkar å gå svært lite eller ikkje i det heile når Ballistic Tip er brukt. Eg trur at dette vil vera ei god kule på elg og hjort, både i normalkaliber og magnum. Kanskje og betre enn Norma Vulcan som ekspanderer kraftig og gjev god effekt. Eg vil nok og nytta Accubond i 270wsm'en, men har litt klokketru på at Ballistic Tip om mogleg er endå meir drepande. Synspunkt og erfaringar vert mottekne med takk. mvh Lindu
  11. Etter å ha slite meg gjennom 4-5 sider i denne debatten vurderer eg å sletta brukarnavn og avstå frå å gå inn på forumet. Trådstartaren spør konkret om noko som er fornuftig. Per-S er ein av dei få som har svart konkret og sakleg. Elles er det beint fram kjedeleg og unødvendig å ha 5-6-7- kommentarer frå samme person om "nødvendigheten av oppfølgingsskudd på 500 meter" og liknande tulleinnlegg.Mannen frå Barteby er totalt "versting", han skal visst meine noko om alt og alle i alle trådar her. Eg meiner det er fullt forsvarleg (og lovleg) for ein god skyttar å skyte storvilt på til dømes 400 meter. Å fortelje om det her på forumet er berre tull og unødvendig. Mvh Lindu
  12. Hei, eg har ladd til ein kamerat med nokså lik kombinasjon som den du oppgjev. Med litt over 43 grains N-160 kronografertre me farten på 10,1 gram Mega til mellom 750-760 m/sek i ei ny Tikka 6,5 x 55 rustfri utgåve. Presisjonen var heilt topp. Mogleg MRP er betre eigna, men N-160 dug brukbart i 6,5 med 10,1 gram kuler slik eg har erfart det. Mvh Lindu
  13. Har brukt 260 rem og 130 grains Accubond på nokre rådyr. Lang fluktstrekning? Maks 5 meter. Kjøtskader heilt ok. Presisjon heilt i toppklasse. Mvh Lindu
  14. Her var det mange synspunkt. Eg undrar meg alltid når nokre kjem med bastante meiningar om noko dei aldri har prøvd. Eg har bruka 260 rem i ein Remington VLs med 66 cm pipe i 7-8 år. Skote både hjort, rådyr og elg med den. Samt jaktfelt. Og bever, rev med meir. Med 10,1 gram kule (Oryx) gjev den minst like god fart som 6,5, og du verda for ein presisjon! Sjølv om eg har andre børser er på ein måte 260 rem noko eg kan bruka til alt. Og den er ikkje for svak til større vilt. 9,1 gram kuler kan ladast til 840-850 m/sek, og 10,1 gram opp mot 800. (sjekk Norma si ladebok eller tabell på nett norma.cc.) Mvh Lindu
  15. Og kvar er rett forum om ikkje her? finn ikkje att tråden. mvh Lindu
  16. Hei, ser G sport kjører tilbud på denne ut veka til 4000.- i 308 og 30-06. Er det nokon som kan seie noko om dette er eit bra eller dårleg kjøp? mvh Lindu
  17. Sjølv om 6,5 kulene ein sjeldan gong feiler (stoppar i bogblad og liknande), vil eg tru det same skjer med 308 og 30-06 og. 6,5 kulene har høg tverrsnittsbelastning og gode kuler som Oryx og Mega plar gå svært djupt i alle "telefonkatalogtestane" eg har sett. Etter å ha sett 6,5 Oryx på elg kan eg ikkje heilt forstå korleis kula utan vidare stoppar i dyret utan å trengja inn. Eg ville ikkje ha lagt for stor vekt på unntaka, men meir fokus på at dei fleste er godt nøgde. Og som Jerognal seier- kulevalget er kritisk i 6,5 (og andre kaliber). Mvh Lindu
  18. Hei, nokon som kjenner til kva kule det her er snakk om? Ser Norma skryt av høg restvekt på desse i sin nye katalog. Vurderer å kjøpe inn eit parti til skyttarlaget ("alle" her kjøper Elite, moderne kulekonstruksjonar er ikkje på moten). Mvh Lindu
  19. Gløymde å seia at eg ladde med Federal Large Rifle tennhetter. Hylsene er nye frå Norma og børsa har ikkje vore skote med før. Lindu
  20. Hei, prøvde nett eit par skot i ei ny Rem XCR i kal 270wsm. Ladd med 59,2 grains N-204´og 9,1 gram Accubond. Maks krutmengde i høve Norma sin tabell på nett er 60,2 grains. Eg målte ikkje farten, men fekk eit lite krater rundt anslaget i tennhettene (ein rund ring, så vidt synleg). Dei vart ikkje spesielt flate (slik eg har sett med litt friske ladningar før). Hevarmen gjekk og lett opp. Spørsmålet er om denne ladninga er i friskaste laget, og om eg bør gå ned til dømes 1 grain og prøva dette. Startladninga til Norma er oppgjeven til vel 57 grains så vidt eg hugsar. Set pris på om nokon kan gje meg tips her. På førehand takk:) mvh Lindu
  21. Hei, har tenkt å lada opp nokre flattskytande 9,7 grams Accubond kuler til elgjakta. Ser at Norma oppgjev heile 950 m sek med URP krutt. Og litt mindre med 204, om lag 890 m/sek som maks. Har nokon røynsle med kva som normalt gjev best presisjon av desse kruta? Alternativet er og å bruka N 160. Og til slutt- nokon som har brukt 9,7 grams kuler på elg i 30-06? Eg reknar med at ei god, lodda kule som Accubond gjer susen, sjølv om sd. og djupverknad ikkje er det teoretisk optimale for så "lett" kule. mvh Lindu
  22. Linduvarri

    260rem

    Sjølv om løpet er 47 cm vil eg tru MRP og 10,1 gram Oryx bør klara 740 m/sek (sjekk ladedata på norma.cc) og dermet halda kravet til storvilt og. Mvh Lindu
  23. Linduvarri

    260rem

    66 cm, Remington VLS. V0 med 10,1 g Oryx kring 760-770 m/sek og 8,4 g Accubond kring 850 m/sek. Lindu
  24. Linduvarri

    260rem

    Hei, har nytta 260 i nokre år, og skote både bever, rådyr, hjort og elg med den. Universal jaktladning er 10,1 gram Oryx med 41,5 grains MRP (Norma har ladedata på norma.cc). Har og brukt Nosler Accubond i 130 grains på rådyr, ladd med N 160, 42 grains. Begge ladningane er svært presise og effekten upåklageleg. mvh Lindu
  25. Linduvarri

    270 wsm

    Hei, skal til å lada 270 wsm. formålet er å ha eit kaliber og ei kule til all jakt, frå bever til elg. Og som dug på alle hald. Har tnekt å prøva nosler Accubond 9,1 gram, ut frå god røynsle med den tidlegare (300 win mag). Nokon som har gode ladetips og erfaring med kaliberet? På førehand takk. Mvh Lindu
×
×
  • Create New...