Jump to content

Linduvarri

Members
  • Posts

    607
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Linduvarri

  1. Med 1-11 riflestigning og kal 30-06 vurderer eg å prøva 240 grains woodleigh. Kan det gå bra?
  2. Nei. Som det blir sagt lengre oppe går det fint med heilmantel om du treff godt. Alternativet i normalkaliber er tung ekspanderende kule med lav/ moderat fart. T.d. 10,1 gram i 6,5, 13 gram i .308, 4gram i .222 og så bortetter.
  3. Alternativ er og nosler ballistic tip som du får billeg hjå xxl, eller remington Core-lokt som finns hjå midway og jakt og friluft.
  4. Kvit voks frå apoteket, varma i form til den er så varm at den legg ei nesten gjennomsiktig (og ikkje kvit) hinne på fella. Ause over med skei og bruk gummihansker og briller. Brukte det på revesaks tidlegare.
  5. Ja, alle viltkamera bør takast ned. Kva med å montera dei på soverommet i staden? Kan vel bli både moro og overraskingar for sume.
  6. Takk. I original plastemballasje frå Vihtavuori. Luktar ok.
  7. Hei, er det nokon risk å lada med ein boks krutt (som det er litt igjen i) som har stått mørkt, tørt men og kaldt i periodar? Gløymde at eg hadde sett den att i eit rom i verkstaden, der har den stått eit par år.
  8. Datt ein stor på hytta i natt, 8,8 kg. Kom på gluggen kl 0125. Tretti meters hald, meopta meostar med lys, remington vls og .260 remington med 120 grains heilmantel.
  9. Tykkjer dei som ikkje er med oss lengre ikkje skal trekkjast inn i debattar om verdien av våpen. Vis respekt.
  10. Hei, diverre får eg ikkje tak i tyngre woodleigh pp nett no nokon stad (krise ) men den lokale forhandleren hadde heldigvis ei pakke 150 og ei 165 grains. Er det brukbart/ forsvarleg med omsyn til inntrenging i viltet, å lada 150 grains i 308 til hjort og evnt elg innimellom, og 165 grains i 30-06 evnt 300 win mag til "reservekule" på lange hald, same viltart (er)? Mvh Lindu
  11. Har ikkje tilsvarande statistikk, men kort oppsummert ser det ut til at hjortestamma aukar (!) i takt med høgare/ stabil avskyting. Eg byrjar snart å tru at hjorten veks opp frå jorda, for kor dei kjem frå lurar eg på. Slaktevektene er mykje som dei plar, og det er lågare enn det Mork syner i sin tabell. Ungdyra ligg på +/- 40 for hodyr og alt frå 35-50 for hanndyr. Vaksne koller 55-60. Mange syt over at vektene går ned. Men dei var like for ti- femtan år sidan og slik eg hugsar det. Og skal hjorten bli tyngre, lyt ein la fleire dyr bli eldre enn dei vert i dag.
  12. Hei, skal lada til hjort og elgjakt saman med ein kamerat i hand 30-06 rifle. Valet står mellom desse to kulene (og ikkje noko anna ). Accubonden er moglegvis vel lang til at eg er sikker på at den blir stabil nok, men det veit eg ikkje før eg har prøvd. Som de sikkert skjønar er god inntrenging, ekspansjon, presisjon og god verknad på alle hald frå 2-200 meter viktig:-). Nokon som har røynsle frå desse to i 3006? God helg
  13. Supert, takk! (Kikkerten har maks 12 x så det er perfekt).
  14. Hei, har tenkt å delta på jaktfeltstevner i regi av NJFF i Bergen/ omegn i vinter/ vår. Eg er medlem i NJFF. Må eg ha noko form for skytekort i forkant? Og så veg børsa ca 4,8 kg med stor kikkert på. Kan eg stilla med denne, og er det noko krav til maks forstørring på kikkerten? Reknar med eg stiller i "jegerklasse". Mvh Lindu
  15. Hei, nett ein merknad til kulevekt i .260 Remington. Kaliberet er faktisk raskare enn 6,5x55 med 10,1 gram kuler. Sjekk ladedata www.norma.cc. Og ut frå mi røynsle greit å lada med desse utan å komprimera kruttet og nå ein fart på 750 meter i sekundet.Men 140 grains er sjølvsagt ok. Desse krev igjen maks ladning MRP for å halda kravet. Og løp som gjev god nok fart. Til dømes må nosler Accubond med bc 0,509 ha 831 m/s for å klara storviltkravet. Og det er mogleg. Lukke til.
  16. Hei, er det nokon som har prøvd desse kulene i .222 remington på rådyr? Korleis er effekt, inntrenging og kjøtskade ? Reknar med at med desse kulene og litt lågare fart vil dei og veta eigna til jakt på rev, der pelsen skal takast vare på. Og ja, eg er klar over at nokre løp ikkje stabiliserer denne kula. På førehand takk. Mvh Lindu
  17. Hei,lukke til med nytt våpen. 220 swift må vera eit bra kaliber. Men kva er ein g33/40? Ein låsekasse som er laga våpen på av børsemaker?
  18. Har hatt dempar på i eit par sesongar, samt tofot, men er no lei begge. Børsa på 3,1 som eg trudde var lett, vog brått nesten 5 med demper, kikkert og tofot. Den siste er i alle høve uødvendig. Ei føremun eg høyrde er at smellet då gjerne ikkje skremmer flokken like mykje. Ut frå det eg har sett spring dei om lag like mykje uansett. Eg går for øyreproppar
  19. Meopta meopro får du med lys i retikkelet. 4c er bra. Sjekk meopta.com
  20. Lokke jakt = jakt på lokk (?), lokkejakt = jakt med lokkefløyte og liknande.
  21. Det verkar som hjorten lett skyr både inn- og utmark der det er ein del sau.
  22. For ein tråd- og for ein iver i å "snakka ned" alt som har med ulv og andre rovdyr å gjera. Her finns det nok konspirasjonsteori til ei eller fleire krimbøker. Der Staten, ulv, jerv (ikkje Wolverine, for han må skriva lange innlegg på kammeret), gaupe og bjørn er i konspirasjon med kvarandre og gjer det dei kan for å plaga dyr og folk
  23. Poenget mitt er at som allroundkule i 9,3 er AB god nok. Men skal ein ha konsekvent gjennomskyting er der nok betre alternativ. Men då må ein gjerne fira på andre område som flatast mogleg kulebane, rekyl og pris.
  24. Morgan Kane ville nok ha halde på ei 18,5 grams Alaskakule i nitre'en. Nett slik 90 % av jegrane her heime vel Elite- eller Odinpatroner frå kassa på den lokale. Så eg trudde eg var nesten moderne då eg byrja favorisera Accubond Ps: side skudd = skot med ei side som prosjektil. Sideskudd = skot mot ei (dyre-)side
  25. Korleis er drever i bruk på hjort ? Mvh Lindu
×
×
  • Create New...