Jump to content

Linduvarri

Members
  • Posts

    607
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Linduvarri

  1. Førre veke avliva eg ein skadd elgokse med samme kula i 300 win mag. Fann att ei kule i hovudet / nakken på dyret. Den gjekk inn bak ribbeina på eine sida, oksen stod skrått i frå meg og blei slengen i bakken i smellen. Ikkje øydelagt kjøt i det heile teke. Og ekspansjon med svær diameter og stor restvekt. Så eg er retteleg nøgd:-)
  2. Då har me vore på elgjakt, og det gjekk veldig godt. Turde ikkje sleppa hunden, men gjekk etter losen med lang line. Utruleg effektivt og moro både for meg som hundeføreren og dei andre på post. Har og sleppt hunden på hjort. Deg resulterte i ein kort stå-/drivlos det dyret snudde framfor eine posten. Så gjekk det ut i tre fire kilometer og rett til fjells. I sju åtte hundre meters høgde snudde hunden og kom attende i eigne spor (såg på peilaren). Men er framleis usikker på om eg skal sleppa den på rådyrjakt, då det finns elg i terrenget der eg jakter. Eller er det berre å la det stå til? Mvh Lindu
  3. Definitivt 350 Remington Magnum. Har berre lest meg opp på kaliberet (ikkje minst innlegga til 350rm på forumet). Eg meiner at skal du skyta storvilt, så bruk noko med smell , kule og fart nok til å få det i bakken fort! Lukke til
  4. Hei, nokon som har prøvd .375 Remington Ultra Magnum på norsk jakt? Korleis er rekylen?
  5. Dersom du berre skal bruka ei av kulene, ville eg gått for Core-lokt. Accutip er etter det eg veit vel hurtigekspanderande. Prøv i telefonkataloger og sjå. Hugsa eg bruka 140 grains kula i .260 remington, kulene gjekk gjennom ein del kataloger og heldt faktisk brukbart saman.
  6. Dette er like vanskeleg, om ikkje verre, enn elgku/elgkvige. Ofte er 2,5 års koller som gjerne er utan kalv, små, og vanskelege å skilja frå ungdyr elles (før ein ser på tannsettet etter felling). Har sett fleire bilder av "fjorårskoller" her på kammeret som eg her heilt sikker på er eldre dyr, grunna lengre/ større hovud enn på fjorårsdyr. Om du her eit slikt "tulleløyve", så skyt kalv eller ei lita kolle utan kalv med godt samvit. Skit jakt!
  7. Hei! Nokon som veit kva riflestigning det er i 30-06 løpa som blei sett inn i "HV mauser" type M98? Vil nett vita om dette normalt stabiliserer 15,6 gram (240 grains) Woodleigh. Takk for svar. Mvh Lindu
  8. Hei, fekk ved slump (elukke) lov å skyta inn naboen sin 375 H&H førre veka. Det var utruleg moro, og overgjekk tunge kuler i 300 magnumen min. Eg kan ikkje forstå kvifor eg ikkje har prøvd dette kaliberet i løpet av 35 år med storvilt på menyen, men det er heldigvis alltid nye ting å læra. Frisk rekyl, skikkeleg kanonsmell og presisjon som var super på både hundre og to hundre meter fekk meg til å planleggje ny rifle. Skaut med 300 grains Sierra ladd med ca 80 grains n160 om eg hugsar rett. Ser for meg at 300 grains kuler er bra for kaliberet. Så spørsmålet er kva kule som er grei, det vil seia tung og helst lodda, og ikkje for dyr. Har sett at Oryx passer inn her, det same med Accubond som no og kjem i 300 grains. Vil ikkje ha homogene kuler i eit slikt kaliber. Ser og at norma har ferdige ph i 350 grains som sikkert og gjev god slageffekt, på linje med 21,1 gram i 9,3 vil eg tru og vel så det på lengre hald. Kva vil røynde 375 brukerar på Kammeret føreslå? ( riflevalet blir eit eige prosjekt som eg vil bruka litt tid for meg sjølv på. Men Sako er ein god kandidat etter mitt syn, det same Browning om dei leverer i 375). På førehand takk
  9. Om gjerdestolpen på bildet er 10 cm i tverrmål, det vil seia breidda, sidan den er kløyvd, så er det mørke vesenet på bildet i alle fall halvmeteren. Eg tippar mink, men håpar du får fleire bilder slik at svaret gjev seg sjølv:-)
  10. Hei, mens diskusjonen om 6.5 er på veg ut hår i ein annan tråd, nærast så fillene, eller kulene, fyk, lurar eg på om nokon veit om det kjem endringar i dagens lover/ forskrifter om krav til likevekt og energi? ( eg er ikkje ute etter å skapa det minste debatt kring emnet, vil berre spørja om nokon veit fakta).
  11. Denne tråden er det berre å melda seg ut av. Jysses bevares for ei kverulering. Utfordring nr 1 er vel å få voktet på skothalf, nr to å treffa det ein skal, og nr tre dukkar i alle høve ikkje opp med dei kulealternativa dom er nevnt her!
  12. Eit godt svar på trådspørsmålet finn ein i eit av dei sistenummera av Jakt. Der ti jegerar gjorde meir eller mindre greie for sine kaliberval til storvilt. Han som no bruka 6,5 hadde prøvd fleire kaliber t.o.m 9,3, og hadde felt ca 900 elg om eg hugsar rett.
  13. Finn du god presisjon ser eg ingen grunn til å vera uroa om farten på kula er 850 m sek eller endå litt lågare. Du har uansett ei frisk 30-06 ladning, og med maks presisjon er 300 win mag fin å jakte med. Sjølv lader er 240 grains Woodleigh, og medpresisjon på ei femkrone med tre skot på to hundre meter er det gildt.
  14. Takk for svar. Eg har ikkje hatt problem med tung kule som Oryx, men har og brukt Mega (på hjort), men den måtte setjast djupt grunna null friflukt i normal lengde på 69-70 mm. Oryx gjev 750 m sek med 41,5 grains Mrp som er under maks. Har og brukt nosler partition på hjort og rådyr med 9,1 grams utgave og 44 grains n160 . Gav 840 m sek og effektiv nok.
  15. Hei, har sjølv dette kaliberet og har felt ein elg med det, brukte 10,1 G Oryx og det verka bra. Elgen, som var påskoten frå før, sprang 150 meter med eit treff inn bog og ut bak bog. Kula stod i skinnet på utg sida. Moderat kjøtskade, Kluge 133 kg. 100 m avstand. 260' en gjev faktisk litt om enn marginalt meir fart på tunge kuler enn 6,5x 55. Andre med røynsle frå elgjakt med 260 ? Mvh Lindu
  16. Skaut ein rev med desse i BB for eit par vintrar sidan. Målte med laser til 48 meter. Den datt stein daud!
  17. Du kan sikkert spørja til nokon gjev deg svaret du vil ha. Men eg trur ikkje swift a frame er den beste kula til elg i 308, avdi den treng fart for å ekspandere, ut frå det eg har lest. Men god nok er den sikkert. Treff du, så dett nok elgen.
  18. Eg ville ha veld ei tradisjonell, men god kule i låg fart. Norma Vulcan 13 gram. Den må heimeladast. Lukke til
  19. Ut frå denne tråden trur eg at norma hylser ( light) eller remington blir standard for mine heimeladningar i 300 win mag. Har skrota alle hylsene i ulik vekt og ladd opp nokre remington som eg då sat att med. Vekt 15,5- 15,75 gram. krutvekt er 65 grains MRP for 240 grains weldcore. Skal testa i næraste framtid. Tek i alle høve ingen sjanse på for høgt trykk, eller varierande hastigheit med ulik kulebane på lange hald (200-250 m) som resultat. Mvh Lindu
  20. Hei, har stor sans for 6,5 kaliberet til bruk på storvilt. Men eg forstår ikkje kvifor sume på "død og liv" skal prøva å rokka opp alt for små/ svake kaliber som i utgangspunktet ikkje er lov til anna enn rådyr. Det er vel ikkje så gøy å kjøra chippa moped i 80 km/t i det lange løp? mvh Lindu
  21. Sikkert klokt med dei tyngste kulene på elgen. Norma har ei 170 grains oryx som eg ser går an å kjøpa hjå Jakt og Friluft. Om pipa stabiliserer den er den sikkert super. Elles har eg skote både hjort, rein og elg med 140 grains Accubond i 270 wsm, med godt resultat. Anten stod kula mot skinnet eller gjekk gjennom. Så eg ville ikkje uroa meg mykje for å bruka den heller. Lukke til. Mvh Lindu
  22. Ok. Det beste er nok å bruka nye hylser av samme fabrikat
  23. Ok, takk. Ser klart poenget. Kanskje difor eg og får bra fart i fornikla federalhylser som veg omtrent det same som dine. Altså: dess lettare hylse di meir krutt tåler ladninga sannsynlegvis, og motsett. Så har hylsa meir gods og høgare vekt, aukar trykket (og dermed farta) som igjen gjev lågare maks. Eit anna spørsmål: er remington sine hylser i 300 win rekna som hylser av god (nok) kvalitet til 5-6 omladningar? Ser desse er nokså rimelege, og har sjølv så langt ingen dårleg røynsle med slike.
×
×
  • Create New...