Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,022
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. No har vel mange gjort opp sine meiningar med bakgrunn i videomaterialet som har blitt offentleggjort i denne saka.
  2. Med skikkelig maling så vert desse tilstrekkeleg forsegla.
  3. Blybarrar med gullmaling vil eg tru er ein enklare veg å gå.
  4. Eg trur diverre eg endå har til gode å sjå ein diskusjon rundt hylsetromlig utan at ein eller annan proklamerar kor unyttig, forfengeleg osv. det er. Dei same individia tykkjer nok truleg at hylsene ser flotte ut, men ser ikkje seg til syne med tid og investering som skal til, og føretrekk heller at alle andre skal slutte med tromling.
  5. Hastigheitane er mykje for høge, med mindre du har laangt løp, så eg vil tippe kronografen har skulda.
  6. Det er generelt ikkje noko problem å skyte bly i microgroove, men det set litt større krav til f.eks. legering og kuledimensjon. At antal riflingar har samanheng med stigning var noko nytt ja.
  7. Normahylser i .44 Magnum er lett verdt 4 kr/stk. etter mi meining, dette er truleg dei beste hylsene ein får i kaliberet. Men når ein må ta jobben med å trekke kulene osv. så stiller det seg litt annleis.
  8. Kor mykje tek Wood for ein slik?
  9. Kjært born har mange namn, Murom produserar vel hettene til Tula, Wolf, PMC, og sikkert fleire. Det er iallfall gode hetter til prisen.
  10. Winchester laga óg 16" -94 Trapperutgåver tidlegare, men det er verdt å forhøyre seg med seljar. Mogleg det er ei 1892.
  11. Mi er i 45 Colt, veldig hendig og forseggjort våpen. Riflene frå Miroku overgår det meste anna av dagens bøylerifler i kvalitet etter mi meining. Veiledande norsk pris var 19000,-, eg fekk den for 16900,-.
  12. Eg kjøpte mi gjennom JaktOgFriluft meinar eg det var, men dei måtte hente den frå Europadistributør. Er lite sannsynleg at slikt er lagervare i Noreg.
  13. Eg vil tru Norma og Lapua i 9mm er sjeldnare enn stein i hestemøk. Det meste er kurant å lade i 9mm, inkludert S&B. 50 øre pr. stk. for tromla hylser er ingen upris, og burde vere et greitt utgongspunkt.
  14. Eg skal ikkje uttale meg om retningslinjene og praktisering av desse hjå tollvesenet, men eg har importert eit halvt dusin slike Ramboknivar og har aldri hatt problem. Men som nemnt over, ein kan ikkje garantere seg mot overivrige tenarar. Uansett burde du ha lovverket på di side.
  15. Stor fungerar, men ein må innimellom lirke litt for å få hylsene inn og ut av hylsehaldaren.
  16. Eg har ei slik, berre i 45 Colt. Fantastisk morosamt våpen, som taklar temmelig heftige ladningar nesten opp mot .454 Casull-nivå.
  17. Går ein utifrå 2,5% Sb, 0,5% Sn, 0,1% As og 96,9% Pb så vert tettleiken 11,17g/cm3.
  18. Heilt einig med M67, kva er det å vinne ved å bruke aluminium? Ikkje berre er jern sterkare, det held og betre på varmen, i tillegg så har grytene gjerne støypte øyrer. Eg hadde ikkje flytta rundt på ei aluminiumsgryte med 40-50 kg bly etter nokre tynt, påpoppa platemetall. Og kven er det som nyttar kokeplate når det skal smeltast mange hundre kg i slengen, og gjerne tonn for somme, som ikkje er unormalt når det er snakk om å legere opp batchar?
  19. Problemet er ikkje å finne ut om panner og potter er utan hol, men når holet oppstår medan ein smeltar bly. Det er då det kan verte utriveleg.
  20. Vekkjer denne til live igjen med ein liten link for dei som meinar aluminium framleis er trygt å smelte ned bly i;
  21. Berre siste 12 timane har det hamna 3 stk. nye Finnskogen-jakker på finn, frå kr. 2100,- til 3500,-.
  22. Fiocchi er greie hylser, har ikkje erfaring med dei i 44 Magnum men i mange andre kaliber. Eg hadde definitivt foretrukke Starline av dei to, Fiocchi har ein tendens til å ha eksentriske tennhol bl.a. Dette er ikkje noko stort problem i pistolkaliber, men i rifle har det større betydning. Gratis hylser er dei beste hylsene, så får du tak i det er saken grei. Står valet mellom å kjøpe Fiocchi fabrikkammunisjon eller Starline hylser og så lade dei, så hadde eg definitivt gått for Starline.
  23. Kor mange gongar lada du om Starline-hylsene før dei fekk synleg skade?
  24. Hornady har óg fabrikknye hylser som eg veit, mogleg andre óg. Kva fabrikat meinar du evt. er betre?
  25. Det er aldri feil å kjøpe Starline, truleg dei beste og blant dei billegaste hylsene på marknaden i dag.
×
×
  • Create New...