Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,026
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. Humbo

    Spesialrevolver

    Trur du skal slite med å få denne i kassa uansett, 3" løp blir for langt.
  2. Eg ser ikkje heilt for meg at det er særlig attraktivt for eit individ å kjøpe ammunisjon vedkomande ikkje har våpen til. Kva praksis meinar du då webbutikkane skal ha ved kjøp av ammunisjon på nett? Kun personleg frammøte i butikk?
  3. Butikkane baserar seg på scanna våpenkort når ein kjøper på nett, så kan ikkje skjønne at eit bilete/scan på mobilen ikkje skal vere tilstrekkelig å førevise i butikken.
  4. Eg har litt vanskar for å tru at XXL held salg "på nesten alt" som det står i annonsa for kampanjen, fordi det er sesong- eller ukurante varer. Å prise opp populære varer i forkant, og litt seinare forkle dei som salsvarer, er kanskje ikkje forbode, men meget snikete.
  5. Det har dessverre vore slik lenge, prisane på populære varer hoppar med minst 25% dagane før tilbodet. XXL sin venners venner-fest har blitt ein måte å bli kvitt gamalt ræl dei ikkje vil ha på lager lenger.
  6. Dei fleste fabrikata er nok temmelig jevne, men eg ville unngått Federal. Dei er rekna for å vere blant dei høgaste.
  7. 1200 fps = ~365m/s 320m/s = ~1050 fps. Så at kulene skal tole meir enn 320 m/s treng ikkje bety at dei taklar meir enn Frontier sine. Kaldpressa kuler er mjuke, og koparbelegg kan ikkje samanliknast med mantel. Hornady seier f.eks at 250gr FTX ikkje må brukast i 454 Casull og patroner med tilsvarande trykk, sidan mantelen er for tynn. Og desse er ein del hardare enn dei belagde kulene på marknaden. 30gr N110 gir nok uansett garantert mykje meir enn 320 m/s. Eg ville tatt ein knusetest av kulene ved å hamre ei flat mot f.eks. ein ambolt. Då får ein eit inntrykk av kor lett den derformerar. Evt. måle hardheit om ein har utstyr til det. Sjølv nyttar eg blykuler som er hardare enn hakkespettlepper for å unngå unødvendig slitasje. 460 er kjent godt nok for å brenne overgongskonus som det er, og eg tek ingen sjansar, sjølv i 454. Det kan sjølvsagt vere at H&N støyper kjernane i hardare legering enn det som vanligvis er nytta i kuler med ekstruderte kjernar, men eg ville uansett forsikra meg. Å byte løp på ein X-frame er det såvidt eg veit ingen som har verkty til i Noreg, og å sende våpenet til USA for reparasjon kan raskt bli ei kvalmande affære.
  8. Tykkjer det er urovekkande at H&N meinar at kaldpressa, koparbelagde kuler kan stå imot trykket til patroner som 454 Casull og 460 S&W. Kulehopp pga. manglande krymperille er ein ting, dette får som regel ikkje større konsekvensar enn låst tønne. Men mjuke, tynnmantla kuler fører til unødvendig stort trykk i overgongskonusen, og fører til ekstra stor slitasje og evt. sprukken konus. Det er ikkje utan grunn at Dick Casull og Wayne Baker utvikla kuler med ekstra tjukk mantel som skulle forhindre slike scenario. Dei første FA M83 kom f.eks. med utskiftbar overgongskonus. H&N har sove i timen som trur dei kan unngå problemet med eit eller anna glatt belegg på kulene, friksjonen er ikkje det som skapar størst hovudbry når ein opererar med rifletrykk i handvåpen.
  9. Ei kule berekna på .454 Casull som ikkje har krymperille?
  10. Har montert dette på fleire 1895, både nye og litt eldre. På nyare "Remlins" har det vore rett fram, men på gode, gamle JM så måtte litt tilpasning til. Er ein gjennomsnittleg teknisk så burde det gå greitt.
  11. Humbo

    Tennhetter

    Der er óg skilnad i dimensjonane på LR og LP, så med djupe hettelommar eller kort tennål kan det kanskje by på problem.
  12. Humbo

    Osprey suppressor

    Det viktigaste for meg er å få tak i ein som ikkje er sentermontért, slik at ein ikkje treng å byte siktemiddel ved bruk av dempar. Om det er Osprey eller anna fabrikat er ikkje så viktig, men den må sjølvsagt vere berekna på pistol. Kaliberet i første omgong er 9mm.
  13. Humbo

    Osprey suppressor

    Om der eksisterar andre alternativ med same utforming så lyttar eg gjerne.
  14. Humbo

    Osprey suppressor

    Einig, yankeeane er rare, men dessverre så har óg store delar av resten av verda eit anstrengt forhold til lyddemparar. Skjønn det den som kan, ei av dei største ulempene med å vere aktiv skyttar/jeger er nettopp moglegheita for høyrslehemming, og ein skulle tru det legitimerar eit behov. Men det er nok ein av fordelane vi har ved å ikkje tillate personleg forsvar som ervervsgrunnlag.
  15. Humbo

    Osprey suppressor

    Løftar denne. Er det nokon som har sjekka moglegheitene for å få tak i Osprey sine demparar? Evt. om der eksisterar ein Europadistributør? Eg betalar gjerne litt ekstra ifht. f.eks. B&T for å sleppe å byte til høge siktemiddel.
  16. Humbo

    Ruger mk4

    Dei har endeleg endra takedownsystemet, det må vere den største forbetringa såvidt eg kan sjå.
  17. Om løpsdimensjonen er korrekt, og det skuldast innsnevring over gjengane, så skulle ein tru blyinga vart progressivt verre nedover løpet, og ikkje omvendt. Etter du har slått ei kule gjennom løpet, sjekk korleis denne passar gjennom tønnehalsane. Dette gjev ikkje noko eksakt svar om dimensjon, men det er iallfall ein indikasjon på om storleikane mellom tønne og løp samsvarar nokonlunde. Ein differanse på .016" burde vere temmeleg tydeleg.
  18. You can reach Miha on mihec@mp-molds.com Unfortunately he didn't have any left-over molds from the .314 98WC group buy, only .312. But it doesn't hurt to shoot him an email.
  19. To my knowledge Mimek never made a 98gr WC, but either way, he quit manufacturing molds many years ago.
  20. "Mihec" is Miha Prevec's handle on the forum castboolits, his company name is MP molds. He usually only does group buys, so there might be wait times involved, ranging from weeks to years. Which mold(s) are you looking for? I have dozens of MP molds in my inventory, and might part with one if I have a duplicate or if it's not used much.
  21. At underbeslaget er i plast har eg ikkje opplevd som noko direkte problem, einaste at det er nettopp det, plast. Så dette valde eg å byte ut kun pga. i mi verd så går ikkje plast og våpen særskilt godt saman. Eg har heller ikkje hatt problem med ejektoren ved skotne hylser men å dra ut uskotne patroner, spesielt med mykje feitt, kan by på problem. Dette skuldast óg trangt kammer/minimum headspace i Quad og ikkje ejektoren åleine. Men dette bidreg óg til den gode presisjonen dei fleste opplever med desse riflene. Å byte ejektorfjæra kan nok hjelpe.
  22. Ikkje noko særlig å satse på pga.? Eg har i alle fall ikkje hatt noko problem med mine.
  23. Evt. gå for 650 og få det beste frå begge.
×
×
  • Create New...