Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,026
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. http://www.dtic.mil/dtic/tr/fulltext/u2/a094136.pdf Om messingen toler det skal eg ikkje uttale meg om, her er det mykje som spelar inn. I lenkja over er det utført ein temmeleg omfattande test, der er mykje som ikkje er direkte relevant, men det som er relevant er resultata av anløpinga av messingen for bruk i dei vidare testane. Legg ved utsnitt som viser bilete av mikrostrukturen før og etter anløping, både ved 200 og 250 grader C. Og for å ta ein røyndomsbasert test, ta ein neve 22LR-hylser og sleng dei i ovnen på den gjevne temperaturen ei viss tid. Kjøp deg ei derim-die og utfør ein test om der er skilnad i motstand/randseparasjon mellom dei som har/ikkje har vore i ovnen.
  2. Det er surt å måtte kassere hylser, spesielt i kaliber der hylsene er langt ifrå gratis. Etter eg starta med coating av blykuler har eg lært at steikeovnar ikkje er til å stole på. Etter å ha rigga opp min ovn med PID så er temperaturen 200 grader C når termostaten står på 172-175. I tillegg har den eit hotspot på eine sida, som er lett å sjå sidan coatinga kjem ut mørkare der. Dette er ein relativt ny konveksjonsovn av eit kjent merke. Det blir etter kvart å rigge den opp med fleire interne vifter for betre varmedistribusjon.
  3. Eg hadde aldri tatt sjansen, 190 grader er meir enn nok til å få ei strukturell endring av hylsa. I tillegg har ofte ovnar såkalla hot spots, der temperaturen blir ein del høgare enn det termostaten seier. Termostatane i seg sjølve er i tillegg ikkje av dei minst nøyaktige. Det er ikkje berre temperatur som spelar inn, tid er óg ein faktor. Der er mange trådar på utanlandske forum der hylser har blitt anløpt av temperatur lågare enn 400 grader F, som er akkurat i området det er snakk om her.
  4. Takkar for oppklaringa, då får ein berre leve med det, iallfall inntil vidare.
  5. Så om ein har ei annonse med litt ymse og noko blir selt, så må annonsa altså slettast? Eg vil helst ikkje ha den sletta, berre oppdatert med nytt antal, evt. fjerne gjenstandar som har blitt selt.
  6. Korleis endrar/slettar ein innlegg i handelskammeret?
  7. Eg lurar på når f.eks. tennhetter har kosta 89 øre, 9mm-hylser 6kr eller Remington Thunderbolt 1,42kr, berre for å ta nokre. Eg veit det er meir og meir vanleg med slike luretilbod, men det får då vere grenser?
  8. Tippar dette var med Superchrono? I så fall, prøv med ein annan kronograf.
  9. Eg trur du må til med Dillon R-krutdie, P trur eg vert for trang. Ellers så burde 30-06 konv.sett fungere.
  10. Skulle eg kjøpt benkmontert tennhetteverkty ville eg unngått Forster sin. Forster lagar ein del bra greier, men tennhetteverktyet er ikkje blant dette. RCBS sin av same type er langt overlegen og mykje mindre problematisk å bruke. Av dei handheldne er Sinclair sin å foretrekke, men denne har ikkje magasin og hylsehaldarane er litt dyrare enn konkurrentane sine. Eg har ikkje erfaring med Lee av denne typen, men RCBS sine handheldne fungerar óg bra.
  11. Er usikker på om dette stemmer for våpen, men for ammunisjon kan det godt stemme. For ladekomponentar stemmer det iallfall ikkje.
  12. Eg tolkar det utifrå lovteksten over at det er søknadspliktig som tidlegare ved kjøp frå privatperson.
  13. Når du legg dei i handlekorga, så får du berre lagt til 250 stk. fordi det er alt dei har på lager.
  14. Men dei er diverre så og seie tomme på lager.
  15. RCBS produserar ikkje 4-holsblokker. Lyman har #452374 med 4 hol, med nominell vekt på 225gr Med Lyman #2, men som gjerne slepp tyngre kuler med passande legeringar for 45 ACP. Skal du ha RN så begrensar dette utvalet noko, sidan fleire customprodusentar ikkje har maskineringsmoglegheiter for dette. NOE og MP er nemnde, men MP baserar seg i stor grad på gruppekjøp. NOE produserar kopiar av H&G sine design, som f.eks. http://noebulletmolds.com/NV/product_info.php?cPath=41_159&products_id=323&osCsid=jdtcc33h6rcdb8k29pmm0d1dm5 NOE produserar kurante greier, sjølvsagt ikkje på same linje som det H&G gjorde, men betre enn Lee og til ein langt hyggelegare pris enn H&G.
  16. Dess grovare kaliber, dess meir sparar ein på å lade sjølv. Dei store magnumane, som f.eks. 454, 460 og 500, er økonomisk sjølvmord å fóre kun med fabrikkammunisjon. Ved å lade 9mm og andre små patroner kjem den største økonomiske gevinsten av å støype kulene sjølv, då sparar ein raskt endå 60-80 øre per patron. Forholdet mellom prisane på fabrikkammunisjon og komponentar står ikkje heilt i forhold til kvarandre her ifht. til f.eks. USA. Der betalar dei ikkje langt unna det same som her for f.eks. 9mm, medan komponentane er ein god del billegare. Krut og tennhetter nærmar seg heroinprisar i Noreg etter kvart.
  17. https://m.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=88914501
  18. Humbo

    S&W i Norge.

    Ein kan ikkje skulde alt på forbrukarane heller. Med ein prisauke på over 100% på nokre S&W-modellar siste par åra så var det nokon som verkeleg prøvde å sko seg.
  19. Humbo

    S&W i Norge.

    Det siste eg høyrde var at Schou hadde tatt over agenturet. Har du snakka med dei?
  20. Fantastisk flott, og ikkje minst morosam, børse.
  21. Fluid Film fungerar ypperleg, einaste at hylsene luktar litt sau etterpå. Blårens, eller annan rein isopropanol, fungerar fint å blande med.
  22. Kjøp nokre liter Fluid Film og ein har for resten av livet. Kostar ein slikk og ingenting.
  23. @Caspianblue, det der såg faktisk ganske smart ut. Hadde sjølv magnetar i tankane for montering for å sleppe å bore hol i våpenskapa.
  24. Kunne du tenke deg å elaborere?
  25. Eg løftar denne. Er det nokon som har funne ei kurant måte å oppbevare lause løp i skapet, både med og utan optikk?
×
×
  • Create New...