Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,021
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. Humbo

    Korth

    Mine FA har 0,0015", altså under 0,04mm. Eg har óg ein S&W som har 0,004" eller 0,1mm frå fabrikk, så det er ikkje veldig uvanleg. 0,3mm høyrest unormalt mykje ut.
  2. Eg vil seie pressa åleine er verdt opp mot 1800-2000,-. 800-1000,- for krutmålet, 4-500,- for diane inkl. neck sizeren. 3000,- samla er det nok verdt i mine auge. Dette er godt utstyr med livstidsgaranti.
  3. I følge Quickload så gjev 18gr med N110 kun i underkant av 250 i faktor med 4" løp, dette med 245gr Rainier, som skulle vere ganske lik Frontier. Eg fann ikkje Frontier-kula i QL. 14gr 3N37 gjev 278 i faktor med same kule. Til samanlikning gjev 22gr N110 rundt 280 i faktor, men er svakt komprimert og har kun 77% forbrenningsgrad.
  4. N110 er kanskje ikkje det beste valet med så kort løp, det kan bli mykje munningsblåst. Mogleg f.eks. N350 eller N105 er betre val. Eg kan sjekke i Quickload når eg er heime.
  5. Hadde meg ei lita runde på hytta i går og testa blykuler i ein gammal HV-mauser i .30-06, med opne sikter. Kula var ei 200gr Lee RN (reell vekt ~207gr), bråkjølte hjulvekter og ca. 22-24 BHN, kalibrert til .309". Lada 5 patroner på kvart heile grain frå 39 til 42gr N140. Forbausande nok så fekk eg best presisjon med 42gr. Eg hadde ikkje med kronograf, men eg reknar med denne ladninga hadde v0 på ikkje langt unna 700 m/s. Skyteavstand 60m.
  6. @spindriftTakk takk! Blir å bestille både .268x.264 og .270x.266 for å vere på den sikre sida. Ja, var skuffande med Lyman-dia, det skal liksom vere gullstandarden av ekpansjonsdiar for blykuler i rifle. Har M-diar i diverse andre kaliber, og der har dei fungert fint. Men det er no frykteleg praktisk med desse NOE-diane, så det er ikkje noko stort problem.
  7. Etter å stort sett skote støypte blykuler i handvåpen og grovare rifler dei seinare åra, så tenkte eg å eksperimentere litt meir med blykuler i 6,5x55. Eg handla meg ei SAECO #264, eg tykte designet såg lovande ut. Men eg møtte på eit uventa problem. Kulene er støypt av hjulvektsbly, tilsett 2% tinn, bråkjølte i vatn til rundt 23-24 BHN, og kalibrerte til .266". Hylsene er frå Norma, utvida med ei Lyman M-die. Expandaren i denne målar .261". Som ein del av ladepraksisen med blykuler så trekte eg ei kule etter å ha lada ei patron for å sjekke om diameteren var uforandra, og denne var no .263" på den delen av kula som sat i hylsa. Så mesteparten av bæreflata var redusert med .003", som er temmeleg mykje. Eg har ein .266x.262-expander frå NOE, men eg trur ikkje det vil hjelpe mykje, så det blir å bestille ein større expanderplugg frå same leverandør. Er det andre som har opplevd liknande situasjonar? Kor mykje kulehald opererar de med? Eg legg ved eit bilete av den aktuelle kula.
  8. Handloader Magazine gjorde ein test for nokre år sidan der dei testa levetida til dei mest vanlege hylsefabrikata, dette var i .308 Winchester men det skulle ikkje vere veldig forskjellig frå 6,5x55. Bruk det du har tilgjengeleg av hylser, skilnaden på skiva er minimal.
  9. Der er rapportert om ymse problem med FA si presse, kvaliteten er langt underlegen Forster. Det kan f.eks. vere ein idé å lese omtalar, sider som MidwayUSA, Brownells etc. har mange. Det er rapportert om lys som sluttar å fungere, strippa skruar, slark, diar som ikkje kan brukast pga. lengde, osv. Forster er USA-produsert, FA i Kina. Eg har kun erfaring med Forster, ikkje FA si presse, og eg har ingenting å utsette på Forster. Den fungerar ypperleg til det meste, men har óg nokre ulemper mtp. min bruk.
  10. Dette stemmer ikkje heilt. Hardare, ja, men høgare, nei. Det går fint å bruke SR i pistol, så lenge ein tek høgde for at dei er litt "varmare". Eg har brukt mykje SR i f.eks. 357 Magnum, med treige krut som f.eks. N110 kan faktisk SR vere ein fordel.
  11. Eg har ikkje prøvd denne kombinasjonen, men det blir veldig dårleg fyllingsgrad med eit så hurtig krut og normal patronlengde. Det vil truleg vere ein betre idé å bruke .45 S&W Schofield eller .45 CS-hylser.
  12. Her er direktelink til diane; https://a-izquierdo.es/die-cal-416-remington/die-rcbs-cal-416-rem-mag-d.html Evt. kan du sende melding her, eg reknar med dei forstår engelsk: https://a-izquierdo.es/contacte-Armeria-Izquierdo Elles så kan du oversette websida til engelsk, f.eks. i Chrome er det berre å høgreklikke på sida og velge oversetting til engelsk eller norsk. Eg har bestilt frå Spania før, dei har gode prisar på ein del ting, og faktisk så er mykje på lager i forhold til andre stadar. Eg fekk nettopp 4 støypeblokker og anna utstyr derifrå, billegare enn frå USA.
  13. https://a-izquierdo.es/ ser ut til å ha både RCBS og Lee på lager.
  14. @culotTakkar så mykje.
  15. Og kun 3". Vonaleg kjem dei med 2 3/4" etter kvart.
  16. Ja, har inntrykk av at dette stort sett er Gualandi-data.
  17. Denne er nyttig, den seier at N3SM er det same som N-320, og N3SH er det same som N-340. Vihtavuori har publisert ein del data med N3SM og N3SH.
  18. Takkar for innspel. Eg driv å samlar saman litt ymse pålitelege ladedata for Vihtavuori. Det ser ut som at det minkar på tilgongen på amerikanske krut, og dei som er igjen nærmar seg prisane på safran. Send gjerne data du måtte ha på PM.
  19. Nokon som har kaliber 12/70 ladedata for Vihtavuori , gjerne N320 og N340? Har litt data, men vil gjerne utveksle.
  20. Er meget flotte desse riflene frå Miroku, hadde sjølv glatt kjøpt denne.
  21. Så det nye garderoben har tredd i kraft allereie? Det var gode nyhende.
  22. No har vel mange gjort opp sine meiningar med bakgrunn i videomaterialet som har blitt offentleggjort i denne saka.
×
×
  • Create New...