Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,026
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. Eg ser ingen grunn til at bly frå .22-kuler ikkje skal fungere i 45 ACP, eg ville iallfall ha forsøkt. Dei to ligg i same trykk- og hastigheitsområde. Bruk eit godt kulefeitt som ikkje er for hardt, ikkje bruk for treigt krut, og pass på at kula minst er .001", og gjerne meir, over løpsdiameter.
  2. Dette ser ut som ein Ideal (Lyman) No. 45 sizer. Ved første augekast ser det ut som at du manglar lokket på feittreservoaret, i tillegg til nøkkelen for å skru ned stempelet i sylinderen.
  3. Einig med aps her. Men ein skal lade temmeleg mykje 308 for å forsvare ei 1050, evt. 650. Co-ax er ei suveren presse, men for meg er hylsehaldarsystemet ei stor ulempe, og den er treig. No veit eg ikkje noko om kva volum trådstartar seg for seg, men 550B er kanskje den pressa som er mest tenleg. Denne er ikkje progressiv og kan nyttast nærmast som ei enkeltstasjonspresse, og kan likevel spytte ut mange hundre i timen. I tillegg er kvaliteten ein heilt annan enn Lee, og prisen, spesielt brukt, er overkomeleg.
  4. Starrett Mitutoyo Brown & Sharpe Tesa
  5. Rustfritt kan vere magnetisk.
  6. Eg trur Erlend Meyer er inne på noko, den største syndaren her er truleg smurninga i kammeret mellom kvart skot. Utan naudsynt friksjon mellom hylse og kammervegg, spesielt med ei såpass spenstig patron som .338LM, så røyner det på låsemekanismen uansett om den er smurt eller ikkje. Skulle gjerne sett korleis ei konvensjonell boltrifle i same kaliber hadde takla same behandling, eg tvilar på det ville gått så mykje betre.
  7. ignorant, kva med å undersøke litt grundigare kva som faktisk skjedde? Makan til aktløyse av ein skyttar som i det australske tilfellet skal ein leite lenge etter. Eg lurer på kva rifle som ville halde saman i eit slikt tilfelle? Teksten under er tatt ifrå Blaserbuds.com. "Gentlemen We have been following this behind the scenes for a bit. Now it seems that as much information is available, as may ever be available. A Blaser blow up occurred in Australia. The caliber was a 338 Lapua. It was shot using ammo manufactured by a local, commercial enterprise. The user had decided that his firearm did not extract as slick as he desired. He was using Hornady, One Shot case lube, in the chamber, and on the collet fingers between shots. Even after damage to collet fingers was observed, he continued to use the firearm, and lube between shots. Out of six shots, two case head separations occurred. The shooter continued to use the firearm. On the 7th shot, the firearm decided life was too short to put up with, and ended the shooter/blowupees range experience for that day. Not documented, but persons closer to the situation, have mentioned, that a Blaser barrel, in another caliber, this same shooter was treating with the case lube, had shown signs of similar bolt head finger damage, as the one that blew up. The shooter/blowupee, has refused to allow Blaser access to rifle, and ammunition. While this information has come from local, and reliable sources. Things sometimes get lost in translation, and while we feel this information to be fairly accurate, it may not be 100% exact. If we need to make corrections, or additions to this report, we will as needed. All firearms have design parameters. Exceeding them, when the firearm is telling you, that you are doing so, is ill advised."
  8. Er det då snakk om væske på toppen av smelten, eller fuktige gjenstandar som havnar under overflata? Vatn utvidar seg som kjent over 1500 gongar ved overgong til gass, men er harmlaust i dei mengdene det er snakk om så lenge det har nok rom nok å utvide seg i. Bly har over 11 gongar større tettleik enn vatn, så at ein dråpe som fritt fell i gryta skal hamne under blyoverflata ser eg på som lite sannsynleg. Eg har hatt vatn i gryta opptil fleire gongar, men det har kun vore sprut når fuktig bly eller ause havnar under overflata. Sjølv då får ein som regel ei lita åtvaring gjennom litt fresing før "poppet". Sjå highspeedopptaket frå Mythbustersepisoden der dei dyppar fingrane i vatn og puttar dei i ei blygryte. Ein ser tydeleg at dampen går opp der fingrane bryt overflata til blyet, og der der ingen sprutreaksjon. Hadde dei sleppt f.eks. ei våt blykule i gryta derimot.
  9. Det er dessverre ikkje til å kome vekk frå at innan dei fleste interesseområde så er der individ som gong på gong må masturbere sine ego ved å snakke ned andre utstyrsprodusentar enn dei sjølve eig utstyr eller har erfaring ifrå, gjerne for å framheve sine eigne val av utstyr. Kven kjenner ikkje igjen diskusjonar som "min pappa er sterkare enn din", "vår bil har fleire hestekrefter enn dykkar" etc.? Eg tykkjer det er festleg å sjå desse individa gong på gong bruke tid og krefter på å kverulere, spesielt i trådar om Blaser som viser seg som ein produsent mange elskar å hate. Og statistikken syner nok at det høgaste hylekoret er Sauereigarar? Kvifor dei ikkje opprettar ein suggesjonstråd som "vi som hatar Blaser som pesten, og ikkje har mykje anna å finne på" er uvisst, men til det skjer så må ein nok berre tole at dei dukkar opp her og der og lårar ifrå seg på dei ymse nøgde Blasereigarane.
  10. Godt å høyre at andre har det slik óg.
  11. Sjølv har eg ikkje hatt problem med dei, men det betyr ikkje at andre ikkje har det. Eg veit ikkje kor lenge ein i klubben måtte ta dansen før han fekk 38 innviliga, men det var mykje frustrasjon ute og gjekk. Og han hadde aktiviteten i orden. Det er vanskeleg å argumentere med moronar som ikkje eingong har sett seg inn i reglane dei er valde til å handheve.
  12. Har du søkt om våpen til program der du strengt tatt allereie har våpen som kan nyttast? Eg kjenner fleire som har hatt store problem, minst ein av dei måtte skrive klage til politimesteren for å få søknaden igjennom. Han hadde alt sitt på det reine, og ja, det er snakk om Sogndal.
  13. Anten så er du naiv, eller så soknar du til eit politidistrikt med eit våpenkontor som er langt meir velviljug enn kva vi er vande med her (S&F). Skal ein søkje om 38 til revolvarfelt og ein har 357 frå før, evt. 9mm om ein har 45 frå før, så går dette som regel alt anna enn fint. Bunkar med resultatlister og slikt er dei ikkje interesserte i, dei seier rett ut at dei ikkje forstår noko av dei likevel.
  14. Dei som eig begge delar søkjer som regel på 45 til militær først, og så 9mm til grov eller reserve seinare. Søkjer ein på begge samstundes så er det ein stor sjanse for at 45 blir avslått sidan 9mm går til militær.
  15. Så kva er dommen så langt, verdt pengane?
  16. Ikkje avskrekkande, berre synd med den oppblåste dollaren for tida.
  17. Fekk nettopp tilsendt eitpar slike frå Leupold, heilt utan kostnad. Er berre å ta kontakt med dei så dei sender deg sikkert nye, dei har framifrå kundeservice.
  18. Dette viser berre at det er heilt umogleg å direkte samanlikne trykkdata frå kuler med heilt ulik samansetning, sjølv om vekta er den same. Tek ein f.eks. utgongspunkt i Lyman sine data, så gjev 53 grains N130 bak 300 grains mantla kule 27400 C.U.P., medan 54 grains N130 bak ei 330 grains blykule gjev 24900 C.U.P. Altså lågare trykk med blykule med større ladning og 30 grains tyngre kule. For andre kuler er biletet annleis. Skulle samanlikninga vere meir plausibel, så måtte kulene som eit minimum ha identisk vekt, dimensjon og bæreflate.
  19. Då trudde du heilt riktig. Ved lik diameter, kulevekt og bæreflate vil ei mantla kule gje høgare trykk enn ei blykule. Ofte er blykuler dimensjonerte litt større enn mantla kuler i same kaliber, og har i tillegg som regel et design som gjev større bæreflate for auka stabilitet. Dette, i tillegg til legering, vil påverke trykket, men eg trur likevel at i dei aller fleste tilfelle så vil ei mantla kule gje høgare trykk enn ei blykule med same vekt.
  20. Eg er ikkje heilt einig i at hardare som regel er betre. Ved lågt trykk opplever ein som regel oftare blying og dårleg presisjon med hardare legeringar enn med mjuke. Ein grei tommelfingerregel for å finne naudsynt hardheit i BHN er v0/100, der v0 er målt i fps. Altså med til dømes ein v0 på 1300-1400 fps bør ein ha ei legering med ein BHN på 13-14.
  21. Humbo

    Bunnmerking NP

    Det ser ut til å vere uhyre korrekt, hylsene har ikkje vore sluttpolért og ein kan sjå fargeskilnaden etter anløpinga tydeleg.
×
×
  • Create New...