Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,022
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. Litt skilnad i hylselengda har lite å seie for kulehaldet, men kan ha myje å seie for ein jamn krymp, som ofte er viktig i kaliberet. Eg trimmar alltid hysene mine til 53,1mm.
  2. Hylsa vil nok kamre før du har tilstrekkeleg kulehald, så det beste er å skru dia ned til kulehaldet er tilstrekkeleg, med ein indre hylsediameter på .rundt .455"-.456". Du må nesten prøve deg fram. Eg nyttar diar frå både RCBS og Lyman.
  3. Det eg fann ut at om ein heilpressar hylsene kvar gong, så er ikkje levetida så veldig mange omladingar, det er trass alt ikkje ei 100% rettvegga hylse det er snakk om. Heilpressar ein, så veks hylsene med nokre tusendels tommar kvar omlading, som er teikn på at messingen flyt framover. Og det var nettopp det som skjedde, eg fekk sprekkdanningar, og desse faktisk i lengderetninga, på hylsene nær beltet. Så no pressar eg hylsene kun langt nok ned til å få tilstrekkeleg kulehald, det er ikkje naudsynt å presse hylsene ned til rundt .450" ID for så å utvide dei igjen for å ta ei .458"-.459" kule. Etter eg byrja med dette, har eg endå til gode å finne ei hylse som har sprukke.
  4. Eg har lagt att mykje pengar hjå lokale forhandlarar, dvs. i dette tilfellet innanlands forhandlarar, og spesielt hjå Brownells.no. Når eg handlar blir det gjerne for nokre tusen i slengen, og då er det rett og slett for mykje å spare med å handle utanlands slik situasjonen er no. Men eg sjekkar som regel lokalt først, og då spesielt Finn.no, før eg handlar frå utlandet. Komponentar kjøper eg alltid lokalt, eg har ikkje brydd meg med importløyver osv. sidan tilgongen stort sett er like dårleg utanlands.
  5. Nei, det treng du ikkje for vanleg ladeutstyr, så lenge det ikkje er snakk om varer med faktiske importrestriksjonar, altså f.eks. tennhetter, krut og kuler.
  6. Dette kan vere ei løysing og noko å vurdere når hylsene mine ikkje eksisterar lenger. Rifla mi har fleire hundre hjort på samvitet, og prestasjonen til patrona har vore framifrå. Sjølvsagt vil .45-70 gjere same jobben, men der er ørlite meir å gå på i .450, pluss at i bøylerifler så matar den glattare.
  7. Ja, vi får håpe det. Å headspace på hylsemunningen kan moglegeins gå, så lenge ein ladar såpass moderat at krymp ikkje er naudsynt. I bøylerifler blir det litt meir komplisert.
  8. Problemet er nok ikkje at produksjonen er nedprioritert, men rett og slett avvikla, skal ein tru kjeldene eg har funne på internett. Altså ikkje berre riflene, som frå Marlin gjekk ut av produksjon rundt 2011, men no óg hylsene. Vi får håpe at Hornady frigjev rettighetane, og at Starline og andre evt. kan starte produksjon seinare. Kanskje tom. Ruger får ut fingeren og kamrar rifler i kaliberet i framtida.
  9. Ja, det er akkurat det, beltet er breiare enn f.eks. på .458 WinMag, .458x2" American osv., så der er såvidt eg veit ingen andre hylser ein kan bruke som utgongspunkt. Og dette er nok fullt planlagt, hadde beltet vore smalare enn dei tidlegare nemnde patronene, så kunne ein alltids dreia av litt av beltet.
  10. Etter å ha leita rundt på nettet etter komponentar til .450 Marlin, då spesielt tomhylser, så virkar det som at det er ein konsensus om at patrona er avliden. MidwayUSA seier at hylsene er "discontinued" frå produsent, og det lovar ikkje godt. .450 Marlin var som kjent eit samarbeidsprosjekt mellom Marlin og Hornady, og Hornady har eineretten på å produsere hylser til kaliberet, diverre. Starline seier dei ikkje har planar om å produsere hylser, nettopp pga. dette. Det ville vere utruleg synd om den skulle forsvinne, når hylsene som er i omløp er oppbrukte. Eg likar mykje betre .450 Marlin enn 45-70, det einaste eg har hatt å utsette på .450 er nettopp tilgongen på hylser. Elles har den fleire fordelar ift. 45-70, og patrona ser unekteleg mykje mandigare ut med magnumbelte og det heile, for dei som er opptekne av slikt. Er der andre .450 Marlin-skyttarar der ute som fryktar for framtida?
  11. Eg trur der har vore litt endringar i ITAR den siste tida, det er ikkje like strengt som det var for ei stund sidan. Eg leste noko om det for kanskje 1,5-2 år sidan.
  12. Å finne noko til "matchande" pris her til lands kan du som regel berre gløyme, prisane her har stege mykje meir enn det som kan forklarast med valutajustering. Eg har brukt JetCarrier mange gongar, og sjølv om det ikkje er snakk om restriksjonsbelagde varer, så kan du risikere å få dette ekstragebyret på 290,-, dette fordi JetCarrier må få tollvesenet til å gå gjennom sendinga for å sjekke at der faktisk ikkje er slike varer. Av og til får eg dette gebyret, av og til ikkje. Det kan kanskje variere litt med kva firma som er avsendar. Er det tomhylser i sendinga så må ein rekne med ekstragebyret. Hugs óg at tomhylser kun kan sendast med sjøfrakt, kvifor er eg ikkje sikker på.
  13. Dette har eg ikkje prøvd, blir dei ikkje tjukke nær hylsehaudet?
  14. Kva kaliber er du evt. på utkikk etter ladedata til?
  15. Her er den mest oppdaterte utgåva; https://www.proarmis.si/docs/reload_swiss_reloading_guide.pdf
  16. Der trur eg du har rett. Er det nokon spesiell grunn til at du vil bruke denne typen kuler? 45-70 er stort sett altetande av kuler.
  17. Naseforma er heller ikkje ideell for røyrmagasin. Det hadde nok truleg gått bra med blykuler og liknande naseform, men med monolitiske messingkuler blir det annleis.
  18. Eg har ikkje prøvd desse sjølv, for å vite sikkert må ein ha data på kulene. Leveractions har ikkje så mykje å gå på mtp. naselengde, eksempelvis i Marlin 1895 er maks naselengde rundt .45" eller 11,5mm. Ein har litt meir å gå på med nedkorta FTX-hylser, men ut i frå bileta av kula så tvilar eg på det er nok.
  19. Desse kan eg nesten garantere gjev for lang patronlengde til å gå i heisen i leveractions. Mogleg dei vil fungere om du ladar ei og ei patron manuelt.
  20. Eg kan ikkje seie at eg har vore storkunde der, men dei gongane eg har handla der så har alt gått knirkefritt.
  21. http://webshop-sandnes-arms.trmed.no/produkt/647/cci_tennhetter_300_large_pistol https://vapenloftet.no/produkt/tennhetter-federal-150-large-pistol-1000stk/
  22. Utselde varer har får ikkje oppdatert pris, så då kjem det an på kor lenge sidan dei vart utselt. Om det er fem år sidan så er naturlegvis prisen mykje lågare. Dei har framleis tennhetter til 29 øre stk. på heimesidene f.eks.
  23. https://www.mp-molds.com/product/mp-356-125-2r-8-cav-flat-base/ Med denne burde du kunne pumpe ut gode kuler i eit bra tempo.
  24. midsouthshooterssupply.com har dette på lager i alle fall, sikkert andre óg.
×
×
  • Create New...