Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,026
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. Her var det mykje pent gitt, men når det kjem til linjer og estetikk så er det i mine auge lite som kan måle seg med ein SA av riktig type. Ingenting unødvendig rillrall, berre reint, pent og sexy. Det skadar heller ikkje at våpenet er så tight at det får andre våpen mest til å minne om skranglete leikepistolar frå Brio.
  2. At kråkene er blant verdas smartaste fuglar er det liten tvil om. Hadde ei skyteglugge på låven i den tid det var revehagar i nærleiken. Såg kråkene at ein person gjekk inn, og ingen kom ut att, så kunne du banne på at dei heldt seg vekke. Men gjekk to personar inn under same frakken, og ein gjekk ut att, så kom dei etter kort tid. Så at dei i tillegg kan telje er fascinerande. Ein måtte óg alltid ha eit kostestkaft eller liknande stikkande ut av gluggen slik at dei ikkje reagerte når ein stakk ut løpet.
  3. Uansett om hylsa går i kammeret så er det viktig å heilpresse for å få skikkeleg kulehald, spesielt i eit våpen der ein har kombinasjonen tunge kuler, røyrmagasin og litt rekyl. Det er evt. mogleg å necksize 45-70 vha. ei 45 Colt carbiddie om hylsene er er skotne i våpenet før. Eg er temmeleg sikker på at det ikkje eksisterar carbiddiar i 45-70, å ha carbidinnlegg for ei såpass lang hylse ville raskt kosta skjorta. Dessutan må ein smørje riflehylser uansett om ein nyttar carbiddiar eller ikkje. Grunnen til at carbiddiar for rettvegga hylser er smørjefrie er at carbidinnlegget er ein liten ring nedarst i dia, og friksjonen mot hylsa uansett er minimal.
  4. Humbo

    RCBS Uniflow

    Kontakt RCBS, dei sender deg nok nesten garantert nytt reservoar utan kostnad.
  5. Dette er nokså vanleg praksis i USA og har lite med kor seriøs ein aktør er. Eg har handla med fleire titals personar som kun godtek money orders eller kontantar, som i tillegg er dønn seriøse. Litt bale for ein som befinn seg på ein knaus i Skandinavia, men let seg som regel ordne om ein har bekjente der borte. At Waltz er vanskeleg å få tak i er nok mest fordi han er gamal og sikkert trappar ned.
  6. 625-5 Classic i 45 Colt. Finst det fleire av desse i kongeriket?
  7. Det kan virke kjent, lurar på om det var difor eg fekk ein bekjent i USA til å ta seg av transaksjonen. Syns å hugse at det var enten kontantar eller sjekkar det gjekk i.
  8. Underdimensjonerte tønnehalsar er langt ifrå eit ideelt utgongspunkt, men det er ikkje håplaust. Som evert var inne på så kan det løne seg å forske litt på legeringar og hardheit. For harde kuler saman med trang tønne vil nesten garantert føre til blying. Men blaute kuler, gjerne holbaserte wadcutters, kan vere god medisin i våpen der forhold mellom tønne og løp er feil. Val av krut kan óg vere avgjerande, eg ville gått for hurtige krut for kaliberet i slike tilfelle.
  9. Ang. pris så var den 125 USD pluss 15 USD i frakt (til amerikansk adresse). Dette var i 2012, frakt til Noreg er eg usikker på.
  10. Paco Kelly og D Rock er andre som produserar slike, men Waltz er den einaste som ein nyttar som ei konvensjonell die i ladepresser.
  11. Det stemmer, men den er treig i bruk og har dårleg med justeringsmoglegheiter. Waltz si die er ei heilt anna verd, og er etter mi meining det beste av slike verkty.
  12. Einaste måten, såvidt eg veit, å få tak i denne på er å kontakte Neal Waltz direkte. Er nokre år sidan eg handla med han, men går utifrå at han driv på endå. waltz@sssnet.com
  13. Ja, har ei slik die. Opplevde faktisk betre presisjon med billig .22-ammo etter å ha køyrt den gjennom dia. Har prøvd med både CCI Standard og Top Shot, og begge vart merkbart betre.
  14. Har du sjekka at krutsleiden bevegar seg heilt til endes? Viss ikkje så må du skru krutdia som krutmålet står på lenger ned.
  15. Evt. slå gjennom ei blaut blykule og mål med mikrometer.
  16. Det du kan gjere er å polére krutmålet ditt, du finn rettleiing på korleis du gjer dette på nettet. Noko som óg hjelper, og som eg har på alle mine Dillon krutmål, er ei ekstra returfjær på krutsleiden. Sleiden får då ei bråare returrøyrsle, og ladningane vert jamnare. Så ein siste ting, heng krutkorna i krutmålet? I så fall bør du gå over krutmålet med ein antistatisk klut eller litt grafittpulver o.l., eller evt. jorde pressa di. Grovare krut har som regel litt større avvik enn dei finare, kva krut nyttar du?
  17. Angåande tumbling av skarp ammo, så har dette vore diskutert ad nauseam på dei fleste våpen- og ladeforum rundtomkring. Her er ein som har gått vitskapleg til verks: http://www.ar15.com/forums/t_1_5/989047_Tumble_live_ammo_Tumbler_Oandapos__thruth_EXTREME_edition__200hour_torture_test__UPDATE__fired_rounds_in_OP.html
  18. Humbo

    Hylsetrimmer.

    http://www.dillonprecision.com/#/content/p/9/pid/23636/catid/8/Dillon__039_s_Rapid_Trim_1200B_Case_Trimmer
  19. Eg har sjølv sett på ulike alternativ siste tida, og det ser ut som at Franford sin er vegen å gå, med mindre ein har lyst å svi av etpar høvdingar på ein Palvik. Dillon sin er i følge mange noko av det dårligaste Dillon har spytta ut av produkt, og det må masse fikling og justering til for å få den til å fungere nokonlunde. Sjølv etter mykje tweaking, må ein belage seg på 1-5% feilvendte hetter. Må ein til å demontere opptil fleire patroner pr. hundre, så går mykje av vinninga opp i spinninga, og det er då etter mi meining mykje betre å kunne visuelt inspisere hettene før fylling. Dessutan støyar Dillon sin ein del, pluss at det kostar ekstra og det er meir fikl å byte mellom hettestorleikane.
  20. Eg har aldri høyrt at Norma nyttar andre hylser enn sine eigne til ammunisjon, i alle fall ikkje i kaliber dei produserar hylser til sjølve. Så dette er nok nesten garantert snakk om heimesnekra ammunisjon. Patronlengda på ein fabrikklada Oryx er 73,5mm, dette kan vere noko å samanlinke med. Eg ville trekt kulene og tatt ut hetta, har hylsene antydning til sot på innsida, og det same med hettelomma, så har du svaret. Kulene kan du utan problem lade oppatt.
  21. Evt. kvar finn ein ladedata på 29 grs N110 til 300 grs kule i 44 mag? Hadde han faktisk halde seg til halvparten av ei normal ladning med N110 og nytta N340, så hadde han vore greit innanfor. Men likefullt, slike personar burde bli tatt skikkeleg i skule før dei set seg ved ein ladebenk.
  22. Hei, eg kunne tenkt meg å konvertere ein litt eldre S&W 686 med fast framsikte til å kunne bruke utbytbare framsikter som dei nyare modellane. Nokon som har peiling på kven som er mest kompetent til å utføre noko slikt?
  23. Sånn, då er det opprinnelege innlegget til Klette lagt til.
×
×
  • Create New...