Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,034
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. http://landro.no/content_2/textwithimage_bef9201d-3e7e-4bee-8fd0-f030a9eb23a5/1365418427792/press_release_vihtavuori_12032013_eng_fin.pdf
  2. Dette ser definitivt ut som maskinstøypte kuler, gjerne med Magma sitt kulefeitt. Dei ser ikkje pene ut, men eg tvilar på at ein merkar presisjonskilnad på dei typiske halda desse kulene vert nytta til. Klette hadde ein artikkel i Skytternytt for litt sidan der han testa presisjon med kuler som hadde hol drilla i basen, og dette hadde faktisk forsvinnande lite å seie på presisjonen. Kulene på biletet skyt nok OK, men om prisen er godt over kva marknaden elles ligg på så trur eg at eg ville sett meg rundt etter andre alternativ. Kommersielle pistolkuler utan gas check ser ut til å ligge på mellom 50 øre og 1 kr stk, men med gas check så vert prissituasjonen ein heilt annan. Desse krev manuell handtering, og i tillegg har ein kostnaden med gas checken. Der eksisterar faktisk blykuler på marknaden som ligg på same prisnivået til premium mantla kuler, berre sjekk ut Cast Performance. Korleis dei forsvarar ein slik pris er eg sanneleg ikkje sikker på, men folk som veit kva dei vil ha ser ikkje ut til å verte skremde av prisen. Sjølv skyt eg utelukkande blykuler i handvåpen og grovare riflekaliber, og eg veit kva ei god blykule er verdt.
  3. Bulen på hylsa er nok dessverre vanleg blant dei nyare riflene produsert av Remington, sjølv med mildare fabrikkammunisjon. Ta et kjapt googlesøk på "1895 case bulge" og ein har lesestoff ei stund. At bøylen sprett ut er nok mest sannsynleg pga. hard rekylrøyrsle, men det er ingen grunn til å ikkje redusere ladningane.
  4. Takkar for svar alle saman, eg skal óg ta dette opp på det lokale sheriffkontoret. Min bror er på fornamn med samtlige der, så dei kjenner han iallfall godt. Men om dei kan regelverket godt nok til å uttale seg i eit slikt spesielt tilfelle, er usikker på. Slik eg ser det er han godt skikka til å eige våpen, så lenge ein kunne fått ei ordning med oppbevaring hjå eit anna familiemedlem, evt. i klubben. No har han ikkje lån i banken, men han leiger eiga leiligheit, har jobb, betalar skatt, har bankkort, har eige telefon- og internettabonnement etc. Eg tvilar derimot sterkt på at han kan ta førarkort f.eks, men veit ikkje kor relevant det kunne vere i vurderinga.
  5. Var ikkje heilt sikker på kvar eg skulle plassere denne, moderator får flytte den om eg posta på feil plass. Uansett, eg har ein bror med Downs syndrome som er levande oppteken av hest, cowboyar og det som elles høyrer med. Eg har teke han med på skyting sidan han var gamal nok til det, han er no godt vaksen og runda nettopp 30. Han er medlem i den lokale pistolklubben, og drøymer no om å kjøpe sin eigen single action revolvar. Er det nokon som veit om det i det heile teke er mogleg for han å ha eige våpen? Evt. dersom nokon kan stå som verje og stå for oppbevaring? Han fungerar veldig bra, psykisk som fysisk, og har f.eks. drive med hesteriding sidan han var 5 år gamal. Somme som ikkje kjenner han har faktisk problem med å sjå at han har ei funksjonshemming. Eg lovde eg skulle sjekke opp i det, så eg tenkte kammeret var ein grei stad å byrje.
  6. Dette gjorde eg, står i første post. Same 454-ammunisjon som gav ca. 1580 fps i snitt i FA gav ca. 1530 fps i snitt i X-frame. Desse dataane kan nok takast litt med ei klype salt sidan datagrunnlaget kun var utifrå 5-skotsseriar i kvart våpen, men det gjev i alle fall ein peikepinn. Neste gong skal eg prøve med snitt på 20 skot og få litt meir nøyaktige data.
  7. Takkar for tilbakemelding chopper. Tenkte nok det ekstra hylsevolumet til 460'en ville gje noko lågare trykk, men med 8 grains tyngre ladning så skulle ein tru at ein del av det ekstra hylsevolumet ville bli oppteke. Har ikkje rekna på fyllingsgrad på dei ulike ladningane, men eg var altså ikkje budd på så liten skilnad i hastigheit. No er toleransane på FA mykje tightare, og sylindergapet på X-framen er nesten 4 gongar større, så dette spelar nok inn på målingane. Men auken i same våpen var altså berre knappe 70 fps frå 454 til 460. Eg får teste med same hylsefabrikat i dei to kalibra neste gong.
  8. I påvente av året sitt første feltstemne til helga, så fann eg ut eg skulle dra ut kronografen i går. Men resultata var litt uventa, så eg lurar på om nokon kan ha nokre innspel. Kalibra var .454 Casull og .460S&W, våpna var Freedom Arms med 7.5" løp og S&W X-frame med 8 3/8" løp. Med 300 grains kule, Winchester hylser, CCI450 tennhetter og 27 grains N110 låg snittmålinga i 454 på ca. 1580 fps. Dette virka normalt og stemmer bra med tidlegare målingar. Men når eg drog fram 460'en, så fortona det seg litt annleis. Med same 300 grains kula, Starline tomhylser, Federal 210 tennhetter og 35 grains N110 så låg snittmålinga på ca. 1595 fps. Kva skjer? Dette er knapt auken ein kan vente med den ekstra løpslengda i X-framen. Same 454-ammunisjonen eg brukte i FA gav ca. 1530 fps i X-frame. Dette er første gongen eg kronograferar 460, så eg har ikkje noko å samanlikne med. Begge våpna var nypussa.
  9. Du finn det meste av det du treng å vite her: http://www.castpics.net/subsite/TopPunches/Lee.html og her: http://www.castpics.net/subsite/TopPunches/Lyman.html For Lee 356-125-2R er det Lyman #311, for Lee 358-105-SWC er det Lyman #467 eller #402, og for sistnemnde så burde Lyman #429 vere ein grei stad å starte. Lukke til!
  10. Elles så er Chore Boy i kopar óg eit godt produkt til denslags, fåast billeg på ebay.
  11. Humbo

    45-70

    Av dei nemnde kruta så er det einaste fonuftige valet N120, som er eit godt krut for lette kuler i 45-70.
  12. Humbo

    45-70 govt

    Det som er verdt å bite seg merke i er at ved bruk av denne kula i Marlin 1895 så må hylsene trimmast ned ein del. Dette gjeld moglegens i andre leveractions óg.
  13. John, dette var ikkje dumt, takkar for tipset!
  14. Kjøpte ei picatinnyskinne frå DIPinc. og ser at denne festast med setteskruar mot kassa. Har nokon erfaringar med om skruane lagar merker i våpenet? Hadde vore litt kjipt å finne ut seinare at skruane har gravd seg ned i kassa.
  15. I tillegg til alle nevnte over, har eg 1992, 1995 og 2001. Ta kontakt om dei er av interesse.
  16. Nokon som veit om nokon som har denne på lager i 45 Colt? Evt. som kan skaffe? Brukt er óg eit alternativ. Mange takk.
  17. Det er framleis vanleg blant mange hylsefabrikantar å selge ferdig prima hylser, så dette er ikkje noko problem.
  18. http://castboolits.gunloads.com/showthread.php?150107-MiHec-3-cavity-brass-solid-6-5mm-Cruise-Missle
  19. Humbo

    Kvalitet på Marlin

    Remington overtok Marlin i slutten av 2007, og flytta kort tid etter produksjonen frå Connecticut til NY. Det var då kvaliteten gjekk rett i dass, men eg skal ikkje seie korleis kvaliteten på dagens rifler er. For å vere sikker så ville eg kjøpt noko som er produsert i 2007 eller tidlegare, med initialane JM på løpet. Desse er garantert ikkje produserte av Remington.
  20. Tapen eg nyttar er frå PPI, http://www.ppi.ie, men eg er ikkje sikker på akkurat kva type eg har. Truleg er det PPI 902, den har ein tjukkleik på 0,065 mm og limstyrke på 4,5 N/cm. Det er sannsynleg at utetemperaturen verkar inn på tuten på potta, spesielt om det er litt vind i tillegg. Eg gjer all støypinga innandørs, så eg har ikkje opplevd det sjølv. Å varme tuten innimellom med ein blåselampe kan kanskje vere ei løysing. Kva legering nyttar du? Ikkje alle legeringar er like mottakelege for herdingsteknikkar, den må ha spor av antimon og arsen for at dette skal fungere. Om det er snakk om hjulvekter så vil det ta nokre veker før desse oppnår, om ikkje naudsynt optimal, så maksimal hardheit. Det vil variere med temperatur på kjølemediet, lagringstemperatur i ettertid etc. Husk at ved lagring over lenger tid vil hardheita igjen byrje å degradere.
  21. Det er diverre stor skilnad på eldre Lyman/Ideal og nye Lyman, noko som er spesielt tydeleg om ein ser på støypeblokkene. Kvalitetskontrollen var svært dalande for nokre få år sidan, men mogleg dei har tatt det til etterretning etter ein klagestorm frå forbrukarane. Kundeserviceapparatet deira er óg vanskelegare å ha med å gjere enn f.eks. RCBS, Dillon og Redding.
  22. Lyman har generelt slete med dårlig kvalitetskontroll ei god stund, så dette er ikkje nytt. M-diane deira er meget bra, men resten kan eg styre meg for.
  23. Eg brukar ein 0,0025" tjukk varmebestandig sølvteip som fungerar ypperleg og gjev meg ein passeleg auke i storleik på kula. Men noko særleg tjukkare teip ville eg ikkje brukt, eg vil då tru ein får problem med finner på kulene.
  24. Det er uproblematisk å "beagle" ei blokk eit par tusendelar med alu-tape eller liknande, og prosessen er 100% reversibel. Eg har gjort det på fleire Lyman-blokker, dei er notorisk underdimensjonerte. Ulempa med evt. å lappe forma er at prosessen ikkje er reversibel, det er vanskelig å få hola i fleirholsblokker identiske, og ein kan risikere å runde av drivband og evt. krymperiller. Eg ville først prøvd beagling, og sett om det gjev den diameteren du ynskjer.
  25. Amen! Og attpåtil så er Rich Wyatt ein skikkeleg kjeltring. I tillegg til vanvittige prisar, dårleg arbeid (han meinar visst at alle 1911 skal vere slarkete for skikkeleg funksjonering), logomerking av alle våpen dei gjer arbeid på etc, så har han visst tilbrakt tid bak murane for svindel. Lista er like lang som halsen på den bimbo stedøtra.
×
×
  • Create New...