Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,026
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. Humbo

    Bunnmerking NP

    Er dette ammunisjon som er tilgjengeleg i dag? Det er godt mogleg at det er snakk om nettopp Norma Trainer, sidan det var ein del slike hylser å finne. Men der var ingen i andre kaliber såvidt eg kunne sjå, kun 30-06. Eg kan ikkje sjå nokon skilnad frå ordinære Normahylser med "Norma" bunnmerking. Ulik bunnmerking, men same fabrikant, er ein kurant måte å skilje hylser på når ein har fleire våpen i same kaliber.
  2. Eg kom over litt tomhylser i 30-06 med bunnmerking "NP 30-06", der eg reknar med NP er Norma Projektilfabrik. Er det nokon som veit noko om kva alder det kan vere på desse hylsene? Dei ser relativt nye ut, så eg ser ikkje for meg at dei er så altfor gamle.
  3. Det kan vere at pressa må kalibrerast/justerast for å indeksere korrekt. Dette er normalt gjort frå fabrikk, men det kan skje at pressa mistar innstillinga, f.eks. om ein plukkar den heilt i delar. Justeringa kan ein gjere vha. eit verkty/die ein får frå Dillon som ein enkelt installerar på lik linje som ein ekspander i krutmålet. Denne dia går gjennom hylsehaldarplata og skal linjere opp med tennhettesystemet. Eg har ein slik liggande ein eller annan plass.
  4. Dette må eg nesten kontestere, eg har problem med å sjå korleis det kan under normale omstende oppstå fordamping frå blykuler under skyting. Den største syndaren vil eg tru er tennmiddelet i tennhettene, C6HN3O8Pb, som med litt rask støkiometri skulle ha ein masseprosent på 46,01% bly. No veit eg ikkje kor mykje av dette stoffet ein finn i ei enkelt tennhette, men etter nokre hundre skot vil eg tru ein finn ein del fordampa bly i luftrommet skyttaren befinn seg i. Alternativet for innandørsskyttarar er å nytte blyfrie tennhetter, men eg er usikker på tilgongen av desse i lausform. Miljøammunisjon vil eg tru for dei fleste er uaktuelt.
  5. Eg var innom Felleskjøpet og såg dei hadde kampanje på ymse Härkilaprodukt. Likte godt ein jaktdress som heitte Tolga, er det nokon som veit om kvar ein evt. kan finne denne i vaksne storleikar? Buksa er ikkje noko problem, men skulle hatt jakke i 4XL eller 5XL. Er usikker på om denne kjem større enn 2XL (58), var iallfall det som var det største dei hadde inne i systemet sitt. Det ser kanskje ut som at denne no er gått ut av sortimentet til Härkila, eg kan iallfall ikkje finne den på Härkila sine sider. Eg tek evt. imot tips på andre Härkilajakker som kjem i vaksne storleikar.
  6. Hornady si ladebok oppgjev for 265 grs FTX 36.9 - 42.8 grs N120 med patronlengde 2.580" og trimlengde 2.065".
  7. Jernia Stryn hadde inne fleire når eg var innom for nokre veker sidan.
  8. Dette kan du faktisk med Redding sine óg.
  9. Vil uansett anbefale å gå til innkjøp av Redding si competition die, av fleire årsaker. Denne set kulene med mindre kast enn samtlige andre settediar eg har prøvd, i tillegg til at justering går leikande lett. Her vert den samanlikna med f.eks. Wilson: http://riflemansjournal.blogspot.no/2009/09/reloading-seating-die-runout.html
  10. Humbo

    Brownells Norge

    Diesett er ikkje underlagt restriksjonar, så dette er uproblematisk. Eg gjer det opptil fleire gongar i mnd sjølv, der eg bestiller og betalar frå Noreg, og oppgjev ein kamerat si adresse som postadresse.
  11. Eg må leggje meg til i rekkja over dei som tykkjer innlegget til omtala våpensmed som både ærleg og tillitsvekkjande. Eg veljer kvalitet framføre kvantitet kvar dag i veka, så at ein våpensmed veljer å nytte den tida det trengs for å få gjort jobben skikkeleg, istaden for å jage ordrane gjennom i ei tid der ting er litt vanskelege, bør rosast.
  12. Somme burde trekkje hovudet ut av ratata og tenkje seg om før knatrar i veg på tastaturet. Eg lurar verkeleg på kva nytte ein har av andre sine erfaringar om ein ikkje kan leggje fram både det positive og det negative. Eg tykkjer på ingen måte at trådstartar var ufin eller uthengande, det må då vere mogleg å uttrykkje misnøye utan å verte skulda for heksejakt og anna. At den omtala børsemakaren er eller har vore sjuk er naturlegvis leitt, men det kostar ikkje mykje å legge ein liten notis på heimesida om uforutsette hinder og dertilhøyrande forseinkingar eller kva det måtte vere.
  13. Eg kjøpte eit våpen der i fjor vår/sommar, sjølve transaksjonen gjekk iallfall rimeleg raskt og smertefritt. Einaste problemet er at våpenkontoret mitt ikkje har motteke gjenparten på våpensøknaden frå seljar endå, har purra på vedkomande men har ikkje skjedd noko meir. Det er vel på tide med ei ny purring tenkjer eg. Børsemakararbeidet kan eg diverre ikkje uttale meg om.
  14. Enklaste er nok å bestille seg ei customblokk frå f.eks. Accurate Molds, Mountain Molds, LBT eller NEI. NEI har ellereie ei 350 grs blokk i 44-kaliber i sortimentet meinar eg.
  15. Humbo

    Marlin 1895 sbl

    Nokon som har lagt merke til våpenvalet til hovudpersonen i denne filmen?
  16. Eg kom over noko eldre krut frå Vihtavuori får den tida dei nytta metallboksar som var så fullt av fin rust at eit RCBS krutmål sat blegg fast etter å ha køyrt gjennom nokre få ladningar. Løysinga var å først ha krutet over på plastboks, for så å køyre trykkluft ned i boksen med ein trykkluftspistol med langt munnstykke. Det tok ikkje lange tida før omtrent alt av rust var blåst ut gjennom toppen, og krutet var like fint.
  17. Large rifle er 0.008", eller rundt 0.2mm, høgare enn Large pistol, i tillegg til dei små hettene. Det går som regel bra å nytte LR og LP om kvarandre, men det kan oppstå problem. Å nytte LR i ein revolvar f.eks. kan føre til at hetta subbar i rekylskjoldet, med dei komplikasjonane det kan medføre. Å nytte LP i hylser berekna for LR har eg ikkje erfaring med.
  18. Humbo

    450 Marlin

    Marlin nyttar no det ein kallar Ballardrifling, som er den tradisjonelle riflingstypen i moderne våpen. Ved nytte av blykuler er det denne som fungerar absolutt best, men det betyr ikkje at det er håplaust for dei andre riflingstypane. 450 Marlin er keisam enkel å få til å gå glitrande med blykuler, mantla kuler og pussing av løp har eg slutta med for lenge sidan. Løpsdiameter for riflene eg har hatt innom har som regel lagt på ~.458, så blykuler med diameter .459-.460 er ein god stad å byrje. Maks patronlengde i Marlin sine bøylerifler er den same for både 45-70 og 450 Marlin, det er mekanismen som begrensar. 64,7mm går fint, men noko særleg lenger enn dette og ein får raskt problem med mating.
  19. Humbo

    450 Marlin

    450 Marlin er faktisk i familie med 458 Winmag, men problemet er at magnumbeltet på 450 er ein del breiare, og det vert difor vanskeleg å forme hylser frå andre kaliber. Det var nokon tidlegare i veka som snakka om at svenskane hadde inne hylser i 450 Marlin, så det let seg kanskje gjere å skaffe nokre derifrå. Elles er vel håpet at kanskje nokon har inne fabrikkammo i kaliberet? Mtp. tilgong i framtida er det nok tryggare å gå for 45-70. Marlin har slutta produksjonen av rifler i 450 Marlin for lengst, men det ser ut som at kaliberet har fått ein liten fanskare hjå boltskyttarane. Om amerikanarane får augene opp for denne"magnumen" i kort kasse, så kan det kanskje forlenge levetida for denne glimrande patrona. P.d.d. er det diverre kun Hornady som produserar hylser i kaliberet. Elles så er Reloading Intl. eit alternativ, dei har visst orden på dette med eksportløyver og slikt. http://www.reloadinginternational.com/catalog/product_info.php?products_id=2646
  20. No kjem det sjølvsagt an på kva kvantum du opererar med, men ei presse frå Magma Star vil raskt løne seg tidsmessig. Eg vil seie den er mykje kjappare enn alle andre ikkje-motoriserte alternativ på marknaden, og ein har f.eks. kulematar, nase-først-kalibrering og luftmating av feitt, for å nemne nokre av fordelane. Lee sine push-trough-diar fungerar greitt, men er eit treigare alternativ, i tillegg til at ein må drive på med det hersens, klinete alox-greiene. Til pulverlakkering vil derimot Lee fungere bra, men ein må likevel handtere kvar enkelt kule. Prismessig er det lite som kan konkurrere med Lee sitt alternativ. Ca. 2,5 min på 130+ kuler.
  21. Enig, til hylseprep hadde ein slik vore gull, sidan eg helst først køyrer decap og sizing før tromling i steel media. Til lading er eg usikker på om eg hadde stolt 100% på den, det blir litt som å skyte ammo som andre har lada. Ein veit aldri om det har vore ein glipp. No hadde denne autodriven ein del fleire tryggleikstiltak enn f.eks. P/W og Forcht, men eg stolar framleis meir på høgrearmen og augene enn slik automatikk. Men til hylseprep er det lite som kan gå gale.
  22. Å hale lyr nyttar eg venstrehanda til, vert så lett glepptak under ladeprosessen elles.
  23. Med dagens kurs så hamnar den på rundt 20.500 kr (2649 USD) eks. mva, så rundt 27.000 inkl. mva. og frakt må ein nok belage seg på. Med ei fersk 1050 frå Nordby så er vi straks rundt 45.000. Tvilar på dette er noko for private, men mindre ein 1: ikkje gjer anna enn å skyte, 2: har djupe lommar og er seriøst utstyrshore. Skulle absolutt gjerne hatt nokre slike, men sidan ein likevel må sitte vakt og fylle tennhetter og krut, så trur eg heller at eg foretrekk å gje høgrearmen litt trening med å dra i spaken. Dessutan har høgrearmen min innebygd både naudstopp, dwell og hastigheitskontroll.
  24. Olav, det er ingenting å stusse på!
  25. Er der nokon plass for oss som ikkje driv med TV og slikt vi kan sjå dette på internett?
×
×
  • Create New...