Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,034
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. Humbo

    Måker,

    Kanskje det kan bli betre om/når bly skulle bli gjeninnført. Stormåsen er hardskoten, og det er ikkje så freistande å ta seg ei god økt med alternativ ammunisjon med det prisnivået som er. Når ein er på måsejakt her på vestlandet så går det ofte ein del skot.
  2. Eg skal ikkje seie sikkert om dette er lov, spesialpistol er relativt nytt for meg. Men eg vil anta at det er lov sidan det ikkje er snakk om å modifisere våpenet på nokon måte.
  3. Kan ikkje skjønne at dette ikkje skulle vere lov? Kva om ein skrur baksiktet heilt ned?
  4. Om det er mogleg å barbere av rundt 50g på en HK P7, så hadde dette vore eit glitrande alternativ i det prisområdet. Det burde vel late seg gjere?
  5. Den går akkurat i kassa om ein pressar ned baksiktet. Om der er små variasjonar i målekassene så kan ein kanskje få problem, men med riktige dimensjonar så skal den passe.
  6. Kanskje litt over budsjett, men dæven for ei moro børse: http://www.stiguns.com/the-sti-lawman-3-0/ Intersport Bogstadveien trur eg framleis har på lager.
  7. Blir ikke det samme, er ikke innenfor regelverket, men jeg tror du fritt kan stille med en Shetlandsponni (spesialhest som går i kassa) dersom du føler dette er mer i tråd med konkuransens opprinnelige formål. Dette var ein kommentar til analogien om hest og bil, å dra hest direkte inn i skytesporten er usaklig.
  8. Eg er ikkje heilt med på den analogien, om ein skal gå motsett veg så vert det omtrent det same som det å møte opp på veddeløpsbana med ein rallycrossbil. At spesialpistolklassa i utg.punktet ikkje var tydeleg nok definert, har mange sett sitt snitt til å utnytte med desse Stenvaagkreasjonane. Men slik er det diverre innan mange sportar, der styrkeløftssporten er eit særs tydelig døme. Ikkje mange sportar har vorte så øydelagde grunna gradvis tøying av reglane for utstyr. Men så har ein dei ildsjelene, meg sjølv inkludert, som ikkje vel å strekke regelverket som til slutt fører til at ein sit igjen med ein slags mutasjon av den opprinnelege greina/sporten. Det er trass alt utøvaren, og ikkje utstyret, som i størst grad skal ta sigeren heim.
  9. Å skyte bly i ein P7 høyrest uansett ut som ein svært dårleg idé. Polygonløp og bly er som regel nokså problemfritt, men kan i somme tilfelle kreve litt meir forskning og innsats ifht. Ballardrifling. Polygonløp ser ut til å fungere betre saman med godt overdimensjonerte kuler, og gjerne hardare legering enn kva ein nyttar elles i tilsvarande våpen/kaliber med Ballard. Ein i klubben skyt så og seie utelukkande blykuler i sin Mark23, og presisjonen er minst like godt som ved bruk av mantla ammunisjon.
  10. Sjølv har eg hatt best presisjon med 3,3 grs N310 og patronlengde 33,5 mm med ein svak rullekrymp. Om ein vil ha endå slappare ladning, og omtrent like god presisjon, så kan ein gå ned på 2,5 grs N310 og sette kula slik at nasa er i flukt med hylsekanten.
  11. Anbefalar å gå gjennom denne tråden: http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=16&t=7904
  12. Humbo

    Nye 686 357mag,

    Interessant, kva modell er det snakk om? Standard 686 med Nill?
  13. http://www.fas.org/spp/starwars/offdocs/itar/p121.htm Sjå under Category III, punkt (b). Category III-Ammunition *(a) Ammunition for the arms in Categories I and II of this section. (See § 121.6.) (b) Components, parts, accessories, and attachments for articles in paragraph (a) of this category, including but not limited to cartridge cases, powder bags, bullets, jackets, cores, shells (excluding shotgun shells), projectiles, boosters, fuzes and components therefor, primers, and other detonating devices for such ammunition. (See § 121.6.)
  14. Når det gjeld tomhylser så gjeld diverre ikkje frigrensa på 100 USD, ein må ha lisens frå første tomhylse.
  15. Det kan alltid vere ei moglegheit at TS ikkje er klar over at tomhylser er lisenspliktige mtp. utførsel frå USA, det kan lett tolkast slik sidan svigerforeldre vart nemnde som avsendarar.
  16. Eg minnar om at det krevst eksportløyve for å sende tomhylser ut av USA.
  17. I 9mm kan ein omtrent nytte så feite kuler som kamrar problemfritt, sjølv har eg meget gode resultat med .358. Eg har sett folk som har gått heilt opp i .360 for å få optimal presisjon. Våpen og løp er ulike, så det beste er å prøve seg fram. Som nemnt tidlegare, første steg burde vere å slugge løpet, og deretter måle med egna verkty.
  18. Takkar for svar, då har eg noko å gå ut ifrå. Har vore i kontakt med eitpar som er villige til å eksportere våpen, men har førebels ikkje motteke prisestimat. Eg kjem med meir info når eg veit noko meir.
  19. Eg har sjølv kjøpt våpen frå Danmark, og har stort sett same erfaring som willyandre. Men frå Tyskland verkar det ein smule vanskelegare, både med eksportpapir og transporten av våpenet til Noreg.
  20. Eg har funne diverse trådar der import av stokkar, drillingar og langvåpen generelt har vore diskutert, men fann igrunn lite om import av handvåpen. Er det nokon som har erfaringar å dele, framgangsmåtar, info om kostnadar og leveringstid etc.? Eg har funne nokre interessante objekt på egun.de, og skulle gjerne funne ut om det let seg gjere å få desse til Noreg.
  21. Her er nokre data tatt frå brianenos.com. Nyttast på eige ansvar, men gir ein peikepinn på kvar ein kan starte. 250 grs / VihtaVuori N310 Les Baer Ultimate Master, .45 ACP (55 degrees F) Laser-Cast 250-gr. RNFP/3.1-gr. N310/Misc-1/Fed 150/OAL 1.168" (20 rds) AV: 671 HI: 687 LO: 653 ES: 33 SD: 8 PF: 167.8 Uselton Arms Classic National Match, .45 ACP (60 degrees F) Laser-Cast 250-gr. RNFP/3.2-gr. N310/Fed-2/Fed 150/OAL 1.168" (10 rds) AV: 650 HI: 661 LO: 642 ES: 19 SD: 5 PF: 165.8 Glock 21, .45 ACP (60 degrees F) Laser-Cast 250-gr. RNFP/3.3-gr. N310/PMC-3/Fed 150/OAL 1.168" (20 rds) AV: 691 HI: 707 LO: 654 ES: 53 SD: 12 PF: 172.8 Les Baer Ultimate Master, .45 ACP (60 degrees F) Laser-Cast 250-gr. RNFP/3.3-gr. N310/PMC-3/Fed 150/OAL 1.168" (20 rds) AV: 695 HI: 708 LO: 682 ES: 26 SD: 7 PF: 173.7 Glock 21, .45 ACP (50 degrees F) Laser-Cast 250-gr. RNFP/3.4-gr. N310/Win-1/Fed 150/OAL 1.168" (20 rds) AV: 654 HI: 671 LO: 618 ES: 53 SD: 13 PF: 163.6 Les Baer Ultimate Master, .45 ACP (50 degrees F) Laser-Cast 250-gr. RNFP/3.4-gr. N310/Win-1/Fed 150/OAL 1.168" (20 rds) AV: 667 HI: 683 LO: 651 ES: 31 SD: 8 PF: 166.8 255 grs / VihtaVuori N310 Les Baer Ultimate Master, .45 ACP (50 degrees F) Laser-Cast 255-gr. LSWC/3.4-gr. N310/Misc-1/Fed 150/OAL 1.168" (20 rds) AV: 730 HI: 750 LO: 717 ES: 32 SD: 7 PF: 182.7
  22. Er ikkje toll på våpen, men ved kjøp av brukte våpen er det ikkje fråtrekk av dansk moms, og norsk moms blir lagt til. På nye våpen vert dansk moms trekt ifrå før norsk moms lagt til. Ved personleg oppmøte og opphald på 24+ timar i utlandet, kan ein innføre for inntil 6000 NOK momsfritt.
  23. Det er heilt problemfritt å annonsere med sal av tomhylser der ein måtte ynskje, så lenge dei ikkje er isett ny tennhette. Somme handels- og auksjonssider, som f.eks. ebay, har eigne reglar som forbyd sal av tomhylser, men eg har ikkje høyrt noko om at dette gjeld salssider i Noreg.
  24. Såg ein strøken S&W 41 av god gamal kvalitet til sals på facebook nettopp, dette er iallfall noko eg ville vurdert. Prisen var det heller ikkje noko å seie på, 4500 NOK. Eg hadde glatt kjøpt den om eg ikkje allereie hadde hatt ein.
  25. Avtrekket kan trygt anbefalast, men ein må kanskje belage seg på litt filing og tilpassing. Når eg installerte på mi JM 1895, så fungerte ikkje leversikringa etterpå, altså eg kunne ta avtrekk med leveren nede. Avtrekket var heller ikkje dårleg i utgangspunktet, men etter installeringa av Wild West sin avtrekkar, så blei det likevel ein merkbar skilnad til det betre.
×
×
  • Create New...