Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,034
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. Eg har sjølv sett på ulike alternativ siste tida, og det ser ut som at Franford sin er vegen å gå, med mindre ein har lyst å svi av etpar høvdingar på ein Palvik. Dillon sin er i følge mange noko av det dårligaste Dillon har spytta ut av produkt, og det må masse fikling og justering til for å få den til å fungere nokonlunde. Sjølv etter mykje tweaking, må ein belage seg på 1-5% feilvendte hetter. Må ein til å demontere opptil fleire patroner pr. hundre, så går mykje av vinninga opp i spinninga, og det er då etter mi meining mykje betre å kunne visuelt inspisere hettene før fylling. Dessutan støyar Dillon sin ein del, pluss at det kostar ekstra og det er meir fikl å byte mellom hettestorleikane.
  2. Eg har aldri høyrt at Norma nyttar andre hylser enn sine eigne til ammunisjon, i alle fall ikkje i kaliber dei produserar hylser til sjølve. Så dette er nok nesten garantert snakk om heimesnekra ammunisjon. Patronlengda på ein fabrikklada Oryx er 73,5mm, dette kan vere noko å samanlinke med. Eg ville trekt kulene og tatt ut hetta, har hylsene antydning til sot på innsida, og det same med hettelomma, så har du svaret. Kulene kan du utan problem lade oppatt.
  3. Evt. kvar finn ein ladedata på 29 grs N110 til 300 grs kule i 44 mag? Hadde han faktisk halde seg til halvparten av ei normal ladning med N110 og nytta N340, så hadde han vore greit innanfor. Men likefullt, slike personar burde bli tatt skikkeleg i skule før dei set seg ved ein ladebenk.
  4. Hei, eg kunne tenkt meg å konvertere ein litt eldre S&W 686 med fast framsikte til å kunne bruke utbytbare framsikter som dei nyare modellane. Nokon som har peiling på kven som er mest kompetent til å utføre noko slikt?
  5. Sånn, då er det opprinnelege innlegget til Klette lagt til.
  6. PDF kan óg lastast ned her: http://home.online.no/~kjel-phu/div/skytternytt.pdf
  7. Dette var eit tema ved førre kampanje óg, f.eks. optikken skaut i veiret minst 25% dagane før avspark. Eg har kjøpt dyre ting til særs gode prisar på kampanjane tidlegare år, men no sist mista eg mykje av respekten for XXL grunna nettopp desse prisjusteringane.
  8. Var det eg óg såg, men sidan det står "opptil 20%" så betyr det kanskje at det ikkje gjeld alle våpen? Evt. kanskje berre nokre få. Eg får iallfall ikkje rabatt på nokre av dei eg legg til.
  9. Det ser ikkje ut som at våpen er med på tilbodet? Det vert iallfall ikkje trekt ifrå nokon rabatt når eg legg dei til i handlevogna. På dei fleste andre varer vert rabatten trekt ifrå automatisk.
  10. Ein av dei mest morosame, og i tillegg skytbare, småpistolane må vere HK P7. Ikkje vanskeleg å få samlingar med denne som ligg på høgde med pistolar med langt lenger løp. STI sine 3" er óg glimrande, som f.eks. Lawman 3.0, Shadow og Escort.
  11. Er du sikker på at vekta er innanfor? Sist eg vog ein slik var den nesten 860g.
  12. Humbo

    Smith 929

    Denne vart bestilt på Jernia i Stryn, men går sikkert gjennom Winge.
  13. Humbo

    Smith 929

    Ein i klubben har bestilt seg ein slik, og fekk beskjed om minst 6 mnd leveringstid. Dette kan kanskje endre seg, men ein må iallfall belage seg på ein del venting.
  14. Er hylsehaldar og diesett av same fabrikat? For å treffe nokonlunde med riktig headspace ved skruing av dia heilt i hylsehaldaren, bør hylsehaldar og die vere frå same produsent.
  15. Litt billegare her då, men er framleis ein del kr: http://bjerkli.no/vapenskap/seifuva-fg-godkjent-vapenskap-sg-160.html
  16. Har sjølv Seifuvaskapet du linkar til, og er meget nøgd. Det virkar meir solidt og forseggjort enn mange andre skap eg har sett på, og er i tillegg ganske romsleg. Prisen vil eg tru ligg på +- 7000 kr for dette skapet.
  17. Kun pressa, utan handtak, hylsematar, strongmount, kulebrett osv, skal nok kunne gå under ei 23 cm høg seng. Men med nokre av desse tinga montert så er det berre å gløyme.
  18. Har du sett, var ikkje klar over at MidwayNorge hadde krut før no. 525 pr. kg N130 er billeg, listepris anno 2014 er 750 kr pr. kg.
  19. Har mykje same erfaringane som Vaquero, blykuler går som regel betre med litt hurtigare krut. Har testa opp tom. N140 i 450 Marlin, og samlingane opna seg gradvis opp når eg passerte N130, spesielt med dei lette og mellomtunge kulene. Til lettare kuler, dvs. frå rundt 300-350 grains, så har eg óg nytta N120 med godt resultat. Men generelt sett så er det N130 som er tingen.
  20. Humbo

    Valg av pumphagle

    870 har ikkje den kvaliteten den ein gong hadde, det er difor eg vil anbefale å prøve å finne ei eldre Wingmaster om du skal gå for denne konstruksjonen. Dei nyare 870 har meir plast, MIM-delar på stadar der det heller burde vore smidde delar, røffe løp, grov finish og den irriterande låsen på sikringa. Dette for å nemne noko. Dessutan har 870 vore plaga med litt mateproblem, spesielt med patroner med låg culot. Remington sjølv har vel gått ut og sagt at ein kun bør bruke ammunisjon produsert av nettopp Remington. Supernovaen har rett og slett høgare kvalitetskjensle, er meir komfortabel å skyte med, spesielt med 12/89, og har ein meir solid konstruksjon og låsing av sluttstykket. Den er óg mykje glattare enn 870'en.
  21. Humbo

    Valg av pumphagle

    Kjøp Supernovaen, evt. ein eldre Wingmaster om du får tak i. Nyare 870 ville eg ikkje kjøpt.
  22. Eg trudde ikkje ammunisjon produsert så seint som -64 og seinare hadde korrosive tennhetter, er du sikker på dette?
  23. Dette er eit typisk problem med desse våpena, spesielt med dei som har vore lite skotne. Prøv med litt olje på første patrona i magasinet. Mod. 41 har ofte trange kammer, og litt olje kan hjelpe. Eg kjøpte ein 41 av god gamal årgang som hadde gått mindre enn 100 skot, og eg opplevde ein del mateproblem i starten. Etter eg olja første patrona hadde eg null problem. Etter nokre tusen skot så har ting gått seg til, og pistolen fungerar som normalt.
×
×
  • Create New...