Jump to content

Humbo

Members
  • Posts

    1,034
  • Joined

  • Days Won

    1

Everything posted by Humbo

  1. Humbo

    Kjøp av bly?

    Det kjem an på bruksområdet, kva skal du støype til?
  2. Som nemnt, Blaser har oppspennar og ein treng difor ikkje ta ladegrep der ein treng å vere stille. Ved andreskotet har ein vel bråka nok, eller?
  3. Blaser som rettrekkar har ikkje hevarm slik ordinære boltrifler har, og ein får difor ikkje overført same krafta til sluttstykket med ei roleg røyrsle. Dei fleste som eig Blaser veit difor at ein må vere litt brå slik at ein får nok moment og dermed er sikker på at sluttstykket går i lås. Det er vel det som er vitsen med rettrekkarar, hurtige ladegrep, og ein nyttar då altså hurtige røyrsler.
  4. Om du ikkje har utstyret sjølv, så er det berre å få ein som driv med heimelading til å måle headspace på ei hylse som er skota i våpenet ditt. Det vil raskt gi svar på om kammeret er syndaren, noko som eg eigentleg tvilar på. 1/1000mm som det var snakk om her, er som ein fis i ein møkakjellar å rekne, og vil ikkje åleine føre til klikk. https://www.google.com/url?sa=t&rct=j&q=&esrc=s&source=web&cd=1&ved=0CCsQFjAA&url=http%3A%2F%2Fwww.saami.org%2Fpubresources%2Fcc_drawings%2FRifle%2F308%2520Winchester.pdf&ei=5foqUsGcM-mk4gTMiYCQDQ&usg=AFQjCNGGFIwjn2bZCItmg1BxrNd4IS4jjQ&sig2=Z5bZ6tp0CyWoXy4dRzsuHQ Som ein ser, så seier SAAMI at maks/min-spesifikasjonane for headspace i 308 er 1,64"/1,63", dvs. 1/100" eller 0,254mm.
  5. For meg så luktar dette soleklart feil med måleresultata. Prøv med anna kronograf eller med andre lysforhold.
  6. Ekspander i karbid er ein kjekk ting.
  7. Kor lang tid tok det før de mottok boka? Bestilte førre måndag, og fekk i dag beskjed om at eg ville motta boka om 10-14 dagar. Ein kan absolutt ikkje påstå at dei rir same dagen som dei salar.
  8. Ja eg óg syns at det er merkeleg at dei ikkje denne gongen heller fekk ut fingeren og fekk med 454. Som magnumpatron syns eg denne overgår både 44, 460 og 500, og fortener absolutt ein plass i ladeboka.
  9. Dykk som bestilte på nett, fekk de noko form for stadfesting på sendt bestilling? Kom korkje opp på sida eller på epost.
  10. Humbo

    460 s&w

    Kva ulike forumbrukarar kjem fram til er ein ting, men eg har sjølv sett kva Lil'gun kan utrette. Eg syns óg å huske å ha lese ein test folka i Freedom Arms gjorde av Lil'gun i deira revolvarar. Der er fleire minst like gode alternativ der ute, så eg ser ingen grunn til å risikere unødig slitasje.
  11. Humbo

    460 s&w

    N110 er eit bra val for såpass lette kuler i 460, Lil'gun derimot, ville eg styrt langt unna. Har ikkje ladeboka framfor meg, men eg meinar at der skulle vere data på 250 grains kuler og N110. Om den nemnde FTX-kula er godt egna til 460 er eg usikker på, eg ville for tryggleiken si skuld sjekka om den taklar trykket.
  12. Om ikkje ei ladebok, her finn du iallfall ei rask innføring i lading av haglpatroner: http://home.online.no/~kjel-phu/ladedata/hagleladaren.pdf
  13. Humbo

    Foldekniv tråden

    Har sjølv hatt Hinderer XM-18 som EDC ei stund no, og er meget godt fornøgd. Dei er kanskje ikkje av det mest vanlege knivane her i landet, men eg vil tru at det eksisterar nokre rundtomkring.
  14. Skal ein tru det som står på eska til fabrikkammunisjonen, så inneheld alle patronene til saman 60g krut. Fordelt på 20 patroner omrekna til grains blir dette 46,3 gr pr. patron. Dette kan stemme bra med ladedataane på http://www.norma.cc/en/Ammunition-Academy/Loading-Data/65x55-Swedish-Mauser/ når ein nyttar MRP. Fabrikkammunisjonen er lada til 780 m/s, maksladninga på norma.cc er på 45,4 gr MRP, som gjev ein v0 på 764 m/s.
  15. Når vi først er inne på syskenpar/kompanjongar, så tenkte eg at eg kunne legge ut eit bilete frå førre familieutflukt. Winchester 1892 Trapper TD og FA 97, begge i favorittkaliberet 45 Colt.
  16. Hassel: Gønnøtt, moi? Skal nok forresten klare å få til nokre dugande kuler til 444'en om du skulle vere interessert. Moro å sjå test av kulene, spesielt med så bra skyting!
  17. Dessutan har RCBS den beste kundeservicen i det kjente univers.
  18. Eg anbefalar å lese artikkelen til Brian Pearce i Handloader #246. http://www.riflemagazine.com/magazine/PDF/HL%20246partial.pdf
  19. Humbo

    Pistolkikkert.

    Eg har både Leupold, Burris og BSA handvåpenkikkertar, og vil utan tvil anbefale Leupold. Sjå deg rundt etter ein 2x20mm FXII, den burde vere midt i blinken.
  20. Humbo

    S&W 460 XVR

    Eg ville absolutt halde meg unna Hornady 250 grs XTP til anna enn det den er tiltenkt, altså 45 Colt. Denne kula er for blaut for dei trykka både 454 Casull og 460 vanlegvis opererar med. Nytt heller 240 eller 300 grains XTP Magnum, evt. hardstøypte blykuler med gas check. Å nytte gode kuler til 454 er like viktig som til 460 sidan arbeidstrykka ligg på omlag det same. Elles så er både Starline og N110 gode val.
  21. Det er heilt riktig, men med kapasitét på under 100 stk. 30-06 og tromletid på minst 3-4 timar for å få hettelommane skikkelig reine, så er det definitivt ikkje det raskaste alternativet. Men når sant skal seiast så er STM betydelig mykje betre enn ordinære vibtratorar, tumblerar, ultralydbad etc. Vil du ha dei reinaste hylsene, men har god tid og ikkje treng å vaske store volum, så er STM uslåeleg.
  22. Den fungerar framifrå, men blir i mitt tilfelle kun nytta til hylser som er blitt skikkelig skitne. Til det daglege så nyttar eg ein vanleg hylsevibrator sidan den gjer ein god nok jobb, har større kapasitet og ein slipp å vente på at hylsene tørkar.
  23. Å unngå blying er som regel eit av dei mindre problema med å bruke blykuler i finare riflekaliber. I tillegg til det som er nemnt tidlegare i tråden, så vil eg nemne tilpasning av kulediameter til ditt våpen som kanskje det viktigaste elementet for nettopp å unngå blying. Underdimensjonerte kuler blyar i dei fleste tilfelle, eg vil anbefale å size .001, .002 eller t.o.m. .003 over løpsdiameter, alt etter legering og tilstand på løp. Å oppnå ekspansjon med blykuler kan vere krevjande, det kjem an på kva typar blylegeringar du har til disposisjon. Ein treng ikkje nødvendigvis gå for reint bly for at ei kule skal ekspandere, ei forholdsvis rikhaldig legering på tinn er ofte brukt til slike formål. Tinn har her fleire funksjonar: 1. Det gjer legeringa hardare, med 5% tinn og 95% bly doblar ein hardheita på legeringa ifht. reint bly. 2. Det reduserar overflatespenninga, og legeringa fyller forma betre. Det senkar óg smeltepunktet. 3. Som kanskje er det mest interessante for ein som vil ha ekspanderande kuler, tinn gjer legeringa meir duktil, dvs. den ekspanderar utan å nødvendigvis splintre. Dette er mest gjeldande for bly-antimon-tinn-legeringar, men vil nok óg spele ei rolle i bly-tinn-legeringar. Tinninnhaldet er spesielt viktig for blykuler med holspiss. Så mi anbefaling er altså å få tak i noko reint bly, og tilsette rundt 5% tinn. Å tilsette noko meir enn 5% er vekkasta til dei fleste formål. Bruk gjerne i tillegg eit kuledesign med så stor meplat som mogleg.
  24. Eller her: http://www.ebay.com/itm/Hunting-Bore-Snake-35-357-375-350-358-9-3x74R-Caliber-Rifle-Cleaner-/400485986394?pt=LH_DefaultDomain_0&hash=item5d3ed3305a
×
×
  • Create New...