Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

Everything posted by magnum_mauser

  1. Eg prøver igjen, blei ignorert sist eg spurte Mojo Critter, og andre ''dingser'' som beveger seg, slik at reven ser på det og ikkje på deg, er det noko som bør brukast heile tida, eller på dagtid når reven er sky?
  2. Nei, det var ein norsk nettbutikk som hadde dette tilbodet, trur det var rundt 600 kr vekta kosta.
  3. Eg fant ein eller anna plass på nettet forleden dag, ei sjappe som solgte elektronisk kruttvekt ganske billig, men hugsar ikkje kva nettside det var Nokon som har ein ide om kva side det var?
  4. Det går framover, hundane er fortsatt raptus om morningen, når dei får komme ut av buret, og om ettermiddagen, når me kjem heim frå skulen. Då er det raganrok i heimen og dei stikk av, for å få herje i fred inne Men me spring etter med mord i blikket, og neier og kjefter for harde livet Elles har tempraturen tidvis vert litt meir sympatisk, rundt 0 grader - og då kosar hundane seg ute. Og når dei har fått ein time med sprining og herjing i skauen, er det fred i heimen resten av dagen
  5. Skaut min første rev på lokk i går, den kom rundt hushjørnet og sprang nesten i beina på meg Den satte fart vidare, men eit nytt trykk på musepipen var nok til å stoppe den Så muselokk tidleg i sesongen, når det er beinkaldt - fungerer tydlegvis. Men desse dingsane ein får kjøpt til rundt 600 kr, som har pelsdotter på seg, som slenger fram og tilbake, er det noko vits å legge pengar i ein slik? Og er det i nokon situasjonar ein bør bruke den, eller kan ein bruke den heile tida?
  6. Etter å ha levert 4 av sommarens laksar til røyking, hadde eg uro i kroppen på veg heim. Det var blitt observert rev i nærleiken i dag tidleg, så eg tenkte eg måtte ut i skumringa å sjå. Det var eignetleg mørkt når eg kom heim i kveld, men eg fant ut at eg skulle prøve alikevell - tok rifla, eit par skot og ein musepip under armen og sprang, så mørkt var det, at eg måtte springe hvis eg skulle få 10 minutter med skytelys Eg sprang opp til ein fjøs og satte meg der, då hadde eg god oversikt over to jorder, som går over i plantefelt. Hadde stor tru på at det kunne være rev i fjellsida, som freista seg utpå, dersom dei høyrte musepip. Eg hadde lokka i kanskje 3 minutter, så kjem der rev, den kom ikkje frå utmarka og inn på bøen, men den kom langs vegen, i mine spor - sprang nesten på meg Den kom så brått at eg rakk ikkje skyte før den var komt eit stykke unda, eg stoppa den med å trykke på muselokken. Når eg skaut, høyrte eg den skreik og sjangla vidare. Eg sprang etter og såg at den fortsatte bortover bøen, eg hadde berre eit skot igjen og turte ikkje skyte på eit dyr i bevegelse, så eg sprang som faen sjølv, for å seie det som det var Når eg kom opp på sida av den, beit den etter meg, og det var det siste den gjorde. Ein spesiell opplevelse, men utruleg godt å få bekrefta at lokkjakt fungerar for meg også
  7. Nokon som kan tipse meg om ein norsk butikk som lagar eller sel hevarmskule til blaser? Vil ha ei som er større en den orginale.
  8. Det har fungert bra å stoppe leiken inne. Det blei mykje -Nei! eit par dagar, men no går det veldig bra. Det hender dei gløymer seg hvis dei er veldig oppgira, men det er mykje fredligare i hus. Men eg trur dei straffar oss, er overbevist om at hundane syntes vi er nokre rasshøl, og at dei ikkje får lov til noko Fordi i begynnelsen var hundane henngjevne og kom settande kvar gong vi ropte. No gidd dei knappast løfte hovudet eingong Syntes det var i overkant tidleg med overlegne og likgyldige hundar, når dei er 9 - 10 veker gamle
  9. Ein klassisk feil eg og andre har gjort, då me byrja vår karriere som jeger - Brukte kikkerten alt for lite, og gjekk alt for mykje. Stort pågangsmot og trakka innover terenget ukritisk. Når eg gjekk saman med dei som hadde jakta lenge, irriterte eg meg over at dei gjekk knappe 10 meter, før dei stoppa å brukte kikkert'n på nytt. Men etterkvart skjønte eg jo at det var dei som oppdaga hjorten Så ta deg god tid, gå seint, stopp masse og bruk kikkerten så mykje som mogleg, det er den du jaktar med
  10. Skal prøve det, frå no av får dei ikkje leike inne. Det kjem til å bli mykje -Nei! I dagane som kjem, fryktar eg
  11. Ja, vi forsøker så godt vi kan å skilje dei - når leiken blir for hard Det er støveren som har overtatt buret som vi fekk hjå deg, men eg trur det må vere så stort som det er, for ho veks noko kriminelt Verre matvrak en far sjølv
  12. Har i mange år hatt lyst på hund som kan nyttast til jakt. Men av diverse årsakar, har det ikkje blitt noko av. Men no passa det med hund, student og mykje fritid, samt sambuaren også ønska seg hund. Så vi bestemte oss i sommar for å skaffe oss hund. Eg var ute etter ein fleirbrukshund, som kunne brukast til både hjortejakt og revejakt. Her er små vald og eg treng ein hund som kan sprenge hjort ut av tette granfelt, utan at den heng på i timesvis. Derfor blei valget mitt tysk jaktterrier. Ein hunderase som er hata av dei som ikkje har den sjølv og som har hunderaser som er spesialiserte opp mot ein type jakt Og det er ein hunderase som er elska av dei som har ein tjt Eg kontakta ein oppdrettar ved namn Jan-Inge Skjerven, som eg kjenner frå før, og han fekk kvelpar seint på hausten, så då blei det bestemt at vi skulle kjøpe ein hannkvelp av han. Ventetida var rett og slett grusom Eg er av den typen som bestemmer meg for noko, og så skal eg helst ha det gjennomført i går Men så fekk eg også høyre at Skjerven hadde russisk støver-kull undervegs - og då bryja tankane kverne. Det er mykje rev i området her, her er komt gaupe. Og det hadde vert utruleg kjekt med ein hund som kunne jage rev over bakken også, samt ein kunne kanskje klare å lure ei gaupe etterkvart også. Etter mykje grubling og diskusjonar med andre, som påsto at eg var gal som vurderte to kvelpar samtidig - velde vi å ta ein støverkvelp ''tispe'' - ingen skal seie at eg ikkje høyrer etter kva folk seier Vi reiste til Sogn å henta våre håpefulle, og no har vi hatt dei her i ei vekes tid. Det går egentlig veldig bra, dei har skjønt opplegget med at dei skal gå på dass ute, men av og til, rekk dei berre bort til døra, før tanken renn over og det blir ein flekk på golvet - men dei skal ha for at dei prøver å komme seg ut hvertfall Dei et godt og søv mykje. Stort sett rolege om natta, men dei syntes ikkje noko om at vi går frå dei i bura når dei er vakne - då blir det sutring og skriking. Men dei roar seg somregel etter ca 5 - 15 minutt. Einaste som har skapt bekymring, er når dei leikar. Spesielt russartispa, har ein tendens til å vere i overkant hardhendt under leik. Terrier'n har jo ikkje vett til å gje seg heller. Så det blir mykje - Nei!!! I periodar. Verst er det når det byrjar å nerme seg foringstid, då utagerar dei kraftig Elles vil eg takke oppdrettaren for gode råd og veiledning, samt kammerfolket, som har tatt seg tid til å svare, når ein stressa ''småbarnsfar'' har spørsmål. Har hatt hund før, men to små kvelpar samtidig, er heilt klart ein utfordring, men det går veldig bra. Oppdrettaren har fortsatt igjen kvelpar, så dersom her er nokon som vil ha seg terrier eller støver, kan de gå inn på http://www.jakt.nl for meir informasjon Skal oppdatere tråden etterkvart som dei veks til, legg ved nokre bilete av dei håpefulle Har de ståltips til ''småbarnsforeldre'' med born som slost mykje - er me opne for tips Her samarbeidar dei om å drepe ei and, kjekt når dei kan banke noko anna en kvarandre Her ligg dei på favorittplassen sin å gneg på kvarandre Når dei ikkje prøvar å myrde kvarandre, oppfører dei seg eksemplarisk Her kosar min betre halvdel med Rago, men blikket tydar på at han har eit ørlite ønske om å komme seg ned på golvet å herje med Bella
  13. Er her nokon som har russisk støver, som blir brukt på rev/gaupe, som kan tenke seg å dele litt erfaringar med ein som treng ''starthjelp''? Send meg gjerne ein pm.
  14. Det med å blande litt blod i foret til kvelpar, er det noko de pleier å praktisere?
  15. Her er masse tråder som omhandlar trening på blodspor. Men eg saknar ein tråd der de som har masse erfaring, fortel oss nybyrjarar korleis de gjekk fram når de hadde ein liten kvelp i hus. Blodsportrening for dummies, på ein måte Hadde vert kjekt om de kunne ause litt kunnskap på oss grønskollinger
  16. Spennande lesing! Skal sjølv forsøke meg på lokkjakt i vinter, verkar utruleg spennande! Samt her kom to kvelpar i hus for nokre dagar sidan, som eg har store ambisjonar til, når det gjeld revejakt. Ein russisk støver og ein tysk jaktterrier
  17. Jo Lenge sia sist, din gamle faen Du skulle forresten vert kasta som unge
  18. Ein lokal slakter blei mi løysing. Elles kan kanskje ein butikk som tld meny hjelpe deg? Håpar berre panchetta'n smakar like godt når forkjølelsen min går over
  19. Nitritsalt blir brukt i oppskrifta på panchetta, ikkje vanleg salta flesk. Men arrester meg om eg tek feil, men spelte ikkje nitritsaltet ei anna rolle også, i samanhengen med panchetta? At det blei brukt grunna bakteriar i forbindelse med ''modnings/marinadeprosessen'' når panchetta'n skal ligge i krydderblanding i over ei veke?
  20. Mitt hengte i 5 dagar, eg syntes det blei litt i overkant tørt. Så saltar du vanlege tynnsider, vil eg tru at mellom 3 -5 dagar skal halde.
  21. Flottings Eg har laga ''Italiensk bacon'' som blei prøvesmakt i går, det blei supert. Men som med deg og rullane dine, kan det vere lurt å ha drikke i nærleiken Og så var det vossingane og den røykinga då
  22. Då har eg prøvesmakt pancetta'n. Kom seint heim i gårkveld etter me hadde vert avgårde å henta oss kvelpar. Det var seint og vi var skubbsvoltne. Det blei pizza med pancetta, noko som blei ein høydare Smakfult og godt! Dette kjem eg til å lage fleire gonger!
  23. Unge mann, eg trur du med fordel kan sette deg litt meir inn i det du utalar deg om, før du fyrer avgårde gloser Ei m 98 frå mauser, i safariutgåve er i aller høgaste grad handarbeid. Vi snakkar her om lukseriøse våpen i aller høgaste grad. At du finner det litt rart at noko så tradisjonelt som ei m 98 er dyr - det får bli din sak - men skuldast nok at du ikkje veit kva du snakkar om. For du kan ikkje samalikne custombygg på moderne m 98 mekanismer frå mauserfabrikken med gamle heimevernsrifler
  24. magnum_mauser

    Biltema

    Eg har omsider funne noko dei ikkje har på biltema Av ein eller anna merkleg grunn, sel dei ikkje hundebur. Noko eg hadde forventa at dei gjorde
  25. Ja, men som eg skreiv, så er neppe di bygd eit eksempel på normalen i vestlandsbygder. Samarbeid er ikkje det som går igjen rundt om i bygdene her rundtom
×
×
  • Create New...