Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

Everything posted by magnum_mauser

  1. Den skruen som sitter på ''sveivhuset''. Eg strama den ørlite, og vips blei mitt meir presist. Til og med skytterlagskrut som minner meir om pukkstein går greit no
  2. Det såg ut til og vere eit grovt kaliber han brukte der. Tomhylsene som kom ut, minna meir om små thermoser en hylser Og magnummodellane har ein grovare dimensjon på pipene en dei tradisjonelle.
  3. Ein rev vil aldri angripe ein mann som er innpakka i ein jerv
  4. Astro, radio og kikkert bærer eg på meg. Elles har eg med meg ein liten ryggsekk der eg har plass til litt niste, genser, ekstra ullundertøy og ein fjellduk. Med den utrustninga har eg vore på fjellet etter hjorten i fleire dagar Det skal seiast at eg har eit telt liggande i ein gammal sauefjøs på fjellet, slik at eg hentar den om nødvendig. Men er det opphaldsvær og levelig temperatur, er det faktisk trivelig å sove i fjellduken under open himmel
  5. Eg har leita etter ei ny jakke til dei dagane det ikkje regnar under hjortejakta. Eg har fleire jakker som eg meinar blir for varme når ein går mykje. Enten er det vasstette menbranar eller for dårleg lufting. Men eg kom over ei jakke på sporten forleden, det var ei grønn fleecejakke frå bergans som var vindtett - hugsar ikkje namnet på den, men det var ei jakke meint for jakt, med radiolomme og det heile. Den var enkel men likevell praktisk - eg saknar innerlomme og eg syntes der burde vore hette på jakka, men elles verka den veldig bra. Eg meinar Kristoffer Clausen brukar denne når han er vill mann som jaktar hjort. Nokon som har praktisk erfaring med denne jakka? Den er dyr, så det kan vere greit å vete om den tåler litt hardt bruk osv. Det var nokon som sa at ein tidligare fekk denne jakka med hette - nokon som då veit om butikkar som har igjen av den modellen? Alvdal heiter modellen, noko som kjenner til butikker som har denne jakka på lager? Ser at den lokale sjappa sel den til langt over det doble av veiledande
  6. Loaded: problemet her er at bestanden av hjort kan variere mykje innanfor eit ganske lite geografisk område. Og når folk vil ha flest mogleg løyver, henviser dei til andre plassar i kommunen, der det er større hjortetettheit og brukar den bestanden som argument for si nedskyting. Elles har eg eit intrykk av at bestanden har auka i innlandet og gått nedover i kyststrøk.
  7. Hjortejakta i ytre sunnfjord blir ''spennande'' i haust. Trenden er at bestanden er kraftig på retur på grunn av for høg avskyting. Advarsler og hjortetellinger som tilseier at bestanden er meir en halvert sia ifjord - til tross, så har forvaltninga beslutta at løyvetala for den neste treårs-perioden skal forbli uforandra Men det er kanskje ikkje så rart, når dei som skal vere med å ta slike beslutninger har sal av hjortekjøtt som bi-inntekt om haustane - og dei har tunellsyn så lenge dei klarar å skyte inn litt pengar kvar haust. Og når jegerar/grunneigarar som tidligare har brukt sunn fornuft og ikkje skutt kvotane sine, fordi dei ser at det ikkje er dyr nok i terenget til det, no varslar at dei er lei galskapen og at i år kjem dei til å skyte ned alt dei har kvote på og ferdig med det - så blir det spennande og sjå kor lenge det går, før alle parter er villige til å innsjå kor landet faktisk ligger. Hjorteforvaltning i mine trakter er ein vits
  8. Du må ha ein merkleg teknikk når du spenner opp Blaseren din Eg har spent opp og skutt hjort på under 20 meters hold, rev har eg skutt nokre gonger på ganske kloss hold - ikkje eingang dei blei skremt av oppspennaren. Så at den bråker - det er tull. Eg syntes min laga litt lyd dei første gangane eg prøvde den, men lærte meg raskt ein teknikk som er heilt lydlaus. Så om de lurer på om de skal velje sauer eller blaser, skal de ikkje velje vekk blaser fordi de trur oppspennaren bråker, finn eit betre argument
  9. Korleis er det å stappe DC-40 bandet ned i ein vest tiltenkt DC-30?
  10. Zeiss Varipoint 2,5-10x50 med rektikkel 60 er ein liten høydare
  11. Den som heiter Sixpence Kangol Tweed Peebles Fine fekk ein jo i grønn - og prisen var grei.. Hmm.....
  12. Nokon som kjenner til ein norsk butikk som har sixpence? søkte på nettet, men fant berre på sider som superkul.no og det var ikkje skrikande fargar eg var ute etter, men ein enkel sixpence i grønt eller brunt - i stoff, sjølvsagt.
  13. Eg har brukt 6,5x55 til hjortejakt i ein del år no, og har skutt ein del hjortar med det kaliberet. Har stort sett brukt kuler som Oryx og Nosler, men også tradisjonelle kuler som mega. Eg har skutt bogskudd på samtlige, avstandar frå 15 meter og oppover. Eg har hatt gjennomskudd på alle dyra, bortsett frå eit fjorddyr som blei skutt på 40 meters hold, der sto kula i skinnet på motsatt side. Eg har no gått over til 9,3x62 av eit par årsaker - terenget der eg jaktar, der er det blitt temmelig overgrodd dei siste 10 åra, så dersom dyret rasar ut etter treff, blir det nervøs leiting under einekaver og liknande for å finne det igjen. Utras har eg hatt i 9 av 10 tilfeller når eg har skutt med 6,5 - kan hende det er tilfeldig - men det har skjedd meg omtrent kvar einaste gang. Og når eit dyr rasar frå 50 til 150 meter etter eit bogskudd, blir det eit fryktelig slakt som har blod like bak i låra. Noko grunneigarane på mitt vald ikkje set pris på. Samtidig som eg har merka at mindre kaliber som 6,5 er mykje meir utsatt for gras, strå og kvist. Det har eg testa på skytebana mot kaliber som 416 og 45/70 og eg er hellig overbevist om at tunge kuler i moderat fart er meir stabile i retning etter treff i småkvist og gras en kaliber som 6,5x55. Så når eg no også skal byrje som ettersøksjeger, blei det 9,3-pipe til Blaseren. Eg har ikkje praktisk erfaring med det kaliberet frå før, men eg trur eg blir fornøgd. 6,5x55 funkar fint på storvilt, snill rekyl og grei pris på ammo, dersom det er av betydning, men ein må ha det med i vurderinga, at fluktstrekning kan bli lenger en med grovare kaliber. Og som ettersøkskaliber, vil eg tru at den funkar fint, meg kan ikkje utale meg med erfaring som ettersøksjeger. Men ein må ta med at det kan bli skot med ugunstige vinklar med hindringar som kvist - og då finnes det betre alternativ.
  14. Eg har hatt langhelg og dermed fått testa ut litt diverse kuler/ladninger. Dette er i mitt våpen og bør ikkje brukast ukritisk av andre Kule: Barnes TXP 250grns Hylse: Win/norma Hette:CCI Krutt: Vit N-140 -> 60 grns Hastigheit: 740 ms med 50 cm pipe COL 82,5
  15. Nokon som har faktisk erfaring med å sette aimpoint på ei børse med lyddempar? Med kikkertsikte, så blir demparen eit forstyrrande element som dekker ein god del av synsfeltetfeltet om ein brukar lav forstørring - korleis blir dette med aimpoint?
  16. Å kjøpe ferdige Gammer er desverre uaktuelt, er student for tida så det blir for kostbart. Men å bygge ein lavogamme, burde jo la seg gjennomføre. Men hvis ein kjøper ein lavo frå magasinet (dovrefjell sin modell) Vil den tåle å stå ute nokre mnd om hausten, om ein setter den på ein plass der det ikkje er for ille med vind?
  17. Eg har fundert på om eg skulle bygge meg ein gamme lengst inne på hjorteterenget mitt. Eg er ikkje særleg praktisk, 10 000 tommeltottar og alt det der Så eg hadde eit håp om at eg kunne kjøpe ein lavo som kunne stå ute heile året. Men har skjønt at det ikkje er særleg egna, då dei ikkje er meint for heilårsbruk. Eg har sett ein gamme som såg grei ut, den var bygd som ein lavo med kvista stammer av gran, kledd med presenning og torv. Noko som har bygd noko liknnande og kan komme med tips, bilete osv?
  18. Lykke: Ja det er terrier'n. Han brukar sele til blodspor. Eg vil ha eit sporhalsband når han skal brukast på friskt klauvvilt Då har han forskjellig utstyr til dei ulike ''arbeidsoppgåvene'', noko eg tykjer er ein fordel
  19. Er på leit etter sporhalsband til ein fornuftig pris, fant på ein butikk til nesten 1000 spenn Så om nokon har eit tips, tek eg gjerne imot Det var altså sporhalsband, ikkje sele
  20. Eg har nekta han å stikke ut etter fisken, det går fint når vi fisker langs fjøra. Men når vi står på den bryggekanten, blir han så oppkava at han av og til vipper seg utfor kanten Men har håp om at han kan bli med på laksefiske til sommaren, og skal han då kunne sitte laus, må eg stole på at han ikkje hoppar etter fisken. Så eg får bruke våren og sjøørretfiske til innlæring av skikk og bruk på fisketur Russersstøveren, er som damer flest - ho syntes fisketur er dønn kjedlig og er sur etter 10 minutter Og når eg ropte henne bort, for å sjå om ho reagerte på synet av fisken som plaska - gav ho meg det suraste trynet ever før ho gjekk å la seg igjen Så menn er menn og damer er fortsat,,,,,,, damer
  21. Har starta sesongen for ei god veke sia, har fått gode fangster, frå 0,4 til 2kg. Det har vert blankfisk og bruninger. Men det er mykje fisk i sjøen og eg har ikkje sett ei einaste lus. Alt har vert tatt på floge, og dei fleste har tatt på fiskeimitasjoner som blir fiska agresivt (jiggy i kvit/rosa eller kvit/grønn) Fekk meg tysk jaktterrier i vinter, trenar blodspor med han, men eg ser at han har potensiale som sjøørretfiskar han også, makan til iver, skal ein sjå langt etter Legger ved eit klipp frå ein fisketur sist veke " target="_blank
  22. Nokon som har ladedata til Barnesx 250 grns og N-135? Eller andre kruttsorter som er egna til ei 9,3 med kort pipe.
  23. Fekk smake fiskesuppe utan melk/fløyte ein gong, det var ein særs behagelig opplevelse! Alt eg finner av oppskrifter i dag på fiskesupper, er krema melkesupper. Nokon som har ei god oppskrift på ei ''klår'' fiskesuppe?
  24. Til tidleg haust syntes eg denne buksa blir for varm og voldsom (extreme). Men når hausten bryjar å melde seg for alvor og temperaturen går nedover, så er buksa super. At den er tung, er vell eit faktum, ein kompis av meg lurte på om eg hadde fora den med bly, han skulle henge den opp når vi var på hytta Men eg bruker alltid seler på jaktbukser, så for meg er det ikkje eit praktisk problem. Og at den har skinn i forkant, er berre ein fordel. Den overlever knallhardt bruk i kynisk vestlandstereng. Du sparar ein del skrubbsår og skrapemerker på legger og knær med denne buksa. Så eit lettare alternativ til sein sommar, tidleg haust, men haust/vinter er dette ei knallbra bukse, som er verdt kvar ei krone.
  25. Dønn kjedlig, men Tikka T3 med kkc stokk? Ikkje kreativt, og du vil finne mange tilsvarande børser rundtom, men ein rimlig og bra løysing. Eller så kan du kjøpe Blaser
×
×
  • Create New...