Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    756
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    5

Everything posted by magnum_mauser

  1. Ei framifrå kule med eit ufortjent dårlig rykte. Men den faller litt vekk i dagens samfunn, der ein blir sett på med medynk om ein seier at ein bruker f.ex norma oryx - til og med den er utdatert i mange jegere sine auger.
  2. Vi er alle ulike og derfor skal eg ikkje generalisere. Men for MIN del, har hobbyen jakt vore ei laaang resise gjennom mangen ulike rifler, sikter, handkikkerter, ymse tilbehør og ikkje minst bekledning - før eg er der eg er i dag. No veit eg kva eg vil ha, og eg har det aller meste på alle plan - i den kvaliteten og med dei eigenskapane eg ynskjer. Men vegen dit har vore intet anna enn horribelt dyr! Og eg er klar over at mange andre klarer denne hobbyen på eit meir økonomisk nivå, men vær forberedt på at dersom jakt og skyting gir meirsmak - er det sjanser for at det på sikt vil koste masse penger før du er der du vil være. For ordens skuld har eg ikkje overhodet ikkje interesse for utstyr! Det kunne ikkje brydd meg mindre kva spesifikasjoner ting har, eller kor mange ulike moglegheiter og finesser dei ulike dingsane har, det einaste som betyr noko er at det fungerer slik som eg ynskjer og at det er tilnærma optimalt til mitt bruk. Det kan være du klarer deg med det eine våpnet du kjøper brukt, den eine kikkerten og den eine jaktdressen - og i sofall kudos til deg. Men tenker du langsiktige budsjetter, kan denne interessen ha relevant betydning 😂
  3. Eg ser at ein no får kjøpe poleringsband med poleringspasta til ken onion som tilleggsutstyr, nokon som har prøvd det?
  4. Gratulerer med hjort @Sitka. Eg har hatt god uttelling på jakta solangt, 3 korte turer og 3 dyr. No er det siste innspurt på laksefiske og so blir det meir jakt igjen. Ein liten digresjon, som egentlig berre omhandlar følelser og litt tanker rundt det subjektive kring det å jakte kalv. I det jaktfeltet eg jaktar mest, har det vert streng policy i alle år om å ikkje skyte kalvar, dei vi har skutt er som regel kalvar som tilfeldigvis alltid dukkar opp aleine etter at nabovalda har skutt det vi kallar gjeldkolle (kolle som ikkje har kalv). Argumentet for å ikkje skyte kalv (og vaksne koller) er at til tross for relativt god hjortebestand, ligger vi i "utkanten" av det område, og vi opplever området vårt som meir sårbare for uttak av produktive dyr og "stamdyr", i motsetning til områder lenger inne i kommunen, der det tilsynelatende kan sjå ut som det aldri skjer noko med stammen - uansett kva og kor mykje dei skyter. Men som ettersøksjeger blir det til at eg avlivar nokre kalvar, seinast for ei veke sia. Og eg er innleigd som jeger for eit par grunneigarar som ynskjer at eg skal skyte kalv - so derfor har eg dei siste åra slutt nokre kalvar. Fordi eg er opplært frå barnsbein til at kalvar skal gå i fred, pluss at eg dei siste åra har fått eigne barn, noko som på eit eller anna nivå har endra meg - merker eg at det med å skyte kalvar gir meg utelukkande ein ekkel følelse. I frå eit forvaltningsperspektiv har eg i utgangspunktet ikkje ein aversjon mot det å skyte kalv, men kombinasjonen av vranglære frå der eg har jakta i alle år kombinert med det at eigne avleggere har gjort meg om til ei sentimental bleie - gjere til at eg er ukomfortabel med heile greia. Eg sitter litt igjen med ein følelse av å ha tatt eit liv berre for nokre få kilo med kjøtt - og det føles so meiningslaust. Og dette var ikkje eit innlegg meint som kritikk til avskyting av kalv - eller å skape debatt rundt forvaltning, men eg lufta berre litt subjektive følelser rundt det. Er eg aleine om å føle det slik? Isåfall er det berre å gje meg ein skriftlig øyrefik! 😂
  5. @Ruger #1 @amatør Eg elsker i utgangspunktet kvitløk og vi bruker gjerne opp fleire kvitløk i løpet av ei veke - favoritten til meg og øverstkommanderende som kveldsmat er pasta med kvitløk og olivenolje "pasta aglio e olio". Men i fårikål, blir kvitløken veldig framtredande? Og kva mengder brukar dykk? Eg kjenner at eg er litt skuffa over meg sjølv no, som er skeptisk til noko som involverer kvitløk 😂
  6. @seawolf Gratulerer med ny kniv 😁 Eg har som tidligare sagt blitt imponert over kor allsidig den lille "anda" er. Tross beskjeden storleik er den utforma slik at ein klarar seg godt i dei fleste situasjonar. Og eg er ingen ekspert når det gjelder stål og kvalitet - men eg opplever den som svært enkel å slipe 😊
  7. Har vurdert denne sjølv, men etter mange år med trening/vektløfting har eg relativt smal midje, men grove lår, legger og ræv - so passfassong på bukser er håplaust 🤢 So dersom nokon har prøvd denne, sei gjerne noko om passform også!
  8. Dei blir ikkje merkbart tettare? Dvs at du opplever plagga som klammare og mindre luftig?
  9. Eg har to traumer frå barndommen, som eg merkeleg nok har klart å jobbe meg gjennom. Det eine var å komme siten heim frå skulen, opne utgangsdøra og bli møtt av den grusomme lukta av kokt lettsalta brosme 🤢 det andre var å komme heim og kjenne den motbydelige lukta av fårikål - herrefred som eg hata det når eg var liten! Men tidene endrer seg, i dag er både fårikål og brosme noko eg har ofte til middag og eg liker det svært godt. Fårikål er i utgangspunktet relativt enkelt, men samtidig har eg lært meg nokre tips undervegs, som eg vil dele. Kanskje har nokon av dykk også gode tips på lager - som kan løfte retten yttligare? Den store feilen eg gjorde i mange år, var at eg brukte for mykje vann. Når eg hadde fylt opp med kjøtt og kål, fylte eg opp med vann og satte på kok. I dag bruker eg mellom 3 og 5 dl vann, i motsetning til litervis tidligare - dette gir meg ein merkbart meir smakfull rett. Men noko eg synes verkeleg løfter denne retten til nye høgder, er å brune kjøttet godt før det går i gryta. Det er so enkelt at kokt kjøtt er godt det, men kokt kjøtt som er bruna først, er mykje bedre - samtidig får ein mykje bedre smak på krafta og farge på retten. Eg drysser også kjøttet med litt finhakka frisk rosmarin når ein bruner det, kan høyres pussig ut, men det setter ein veldig god smak - uten å "ødelegge" retten. Og når eg er ferdig med bruninga, heller eg vannet eg har tenkt å tilsette i gryta over i jernpanna eg har brukt til bruning og koker den ut - då maksimerer ein smaken 😊 Utover det, synes eg at mange oppskrifter bommer grovt på koketid. 1 til 1,5 time? Det er alt for lite etter min smak, eg laga det i går og det fekk kose seg i 3,5-4 timer - då blir det verkeleg godt. Eg bruker litt mel for å få ei tjukkare kraft og eg bruker grovkverna pepper, av den enkle grunn at eg hater å tygge i pepperbomber i løpet av måltidet 😂
  10. magnum_mauser

    Fjellduk

    Eg har ein thermo hunter som eg har hatt i mange år. Eg er i utgangspunktet veldig glad i den, eg har f.ex tatt den med meg til fjells på hjortejakt og dersom eg ikkje fekk dyr på morgonøkta, laga eg meg ein liten base og sov i hunteren (liggeunderlag i tillegg) midt på dagen og jakta igjen på kvelden. Eg har i tillegg brukt den som poncho på ein post eg har i eine terrenget mitt, som kun er jaktbar hvis det blåser frå sørvest - og det betyr regn og surt. Men sjølv om eg liker denne godt, er den fortsatt sopass stor og tung (nedpakka) at det er relativt skjelden den blir med meg på jakt, dersom eg ikkje har konkrete planar om å bruke den. Eg veit jerven lanserte nokre mindre utgåver, som eg desverre ikkje har fått sett på enda - og kanskje nokon av dei andre leverandørene også har mindre og lettare versjoner? Eg har forsøkt utgaven uten vattering og den utgår for min del, då eg er ein varmovn av dimensjoner og eg blir kliss blaut i desse etter kort tid. Men hvis dei mindre variantane fortsatt er praktiske i bruk OG merkbart mindre nedpakka, vil eg vurdere ein slik. Eg reknar ikkje med at ein kan ligge i dei små utgavene, at dei er meint for å sitte?
  11. Eg var nede i garasjen og fant fram igjen min Ken Onion edition, sjølv om eg i utgangspunktet hadde gitt den opp. Eg sette på nye band og gjekk i gang med friskt mot. Det som eg gjorde anderledes denne gangen, var at eg etterstreba å være so lett på labben som mogleg. Både press nedover i sporet mot bandet, men også sideveis - eg trur eg har brukt for mykje press begge veier. Og eg trur etter 2 testkniver at eg enda opp med eit relativt brukbart resultat, betydelig betre enn tidligare. Men no har eg chef's choise til kjøkkenknivane mine og eg kjøpte workshap sin PAJ (før eg gav ken onion ein ny sjanse), so no har eg både denne og ein flett ny jigg eg kan bryne meg på (😂).
  12. Hvis den er like bra som den eg har, ville det forbause meg om du ikkje blir fornøgd 😊 Eg har brukt mi lykt til alt fra daglige turer med hundane til ettersøk - og den fungerer heilt topp!
  13. Der var den, 2 stk bestilt - hjertelig takk. Hvis desse fungerer like godt som den eg har frå før - var dette eit kupp 😊
  14. Lykta eg la ut bilete av kosta under 500 kr - det eg finner frå dette merket er vesentlig dyrare og ingen av dei som minner om den eg har.
  15. Eg legger ved bilete av den hodelykta eg har brukt desidert mest dei siste åra. Den er oppladbar, grei levetid på batteri, den er superenkel i bruk, sprer lyset veldig godt samt ein kan konsentrere lyset hvis ein har behov for å sjå langt fram. Eg føretrekker denne forran den svindyre silva'n eg har, på grunn av brukervennlighet. Eg har tidligare sett den solgt under ymse navn, eg trur eg kjøpte min via 123friluft - men dei har den ikkje no lenger, og det står heller ikkje navn på min. Er det nokon som gjenkjenner lykta og veit om butikker som selger tilsvarande?
  16. Dessuten kan det blodet som samlar seg i brysthula være greit å ha som ei nøydløysing til "vask" dersom ein er til fjells og er uheldig og får forureining inni dyret.
  17. 😂😂😂😂 det er godt å høyre at eg ikkje er aleine - skjønt no følte eg meg fryktelig gammal og like konservativ som min far 😂 Men, eg har tross alt revolusjonert slaktinga heime hjå oss, det måtte berre trugslar om vald til, for å få til endring 😂 Det handla om at min far og hans kompiser hadde som fast rutine at ein skulle tømme ei bøtte vann over slaktet som det siste ein gjorde, uavhengig av korleis slaktet såg ut. Den gangen eg fysisk nekta han å gjere det, var der friske tilstander på låven 😂
  18. @tussehaugen interessant innspel. Min slakter ynsnjer at ein skal opne bogane slik at ein eventuelt oppdager blod som ligg mellom hinnene, fordi om ein lot dyret mørne optimalt, kunne ein risikere at dette blodet kunne føre til surning. Når ein trur ein har fasiten, får ein stadig innspel som seier det motsatte 😂
  19. Eg har ikkje den teoretiske kunnskapen kring dette, men eg har gjort meg ein del erfaringer gjennom åra som gjere at eg har laga meg ein teori rundt dette med "blodsprengte" dyr. Og mine erfaringer tilseier at (for ordens skuld so snakkar eg utelukkande om skuddplassering i hjerte/lungeregionen) dersom dyret er roleg i skuddøyeblikket og befinner seg i utmark - vil dyret døy/legge seg betydelig raskare enn om det er skutt på bøen, eller i ein situasjon der dyret er støkka når det blir skutt. Og dersom dyret er roleg før det blir skutt og legger seg raskt etter skot, har eg stort sett alltid fine slakt. Og eg kan desverre gje eksempler på det motsatte 🤢 Eg har skutt tre dyr solangt i haust, og samtlige dyr oppdaga meg og var stressa før skuddet falt - og det er dei tre styggaste slakta eg nokon gang har håndtert! Den første var ein fjordbukk som såg meg i det eg skulle gjere meg klar for skudd bak ein steingard, han sto og såg i min retning og bjeffa i kanskje 15 minutter før han snudde seg og eg fekk skutt han. Skrått gjennom bogen og kula sto i overgangen mellom bringe skulder, den var ei 160 grns barnes ttsx i 308. Den hadde ein dødskamp som var so heftig at den knakk begge horna og eg måtte avlive den med fangsskudd. Eg legger ved bilete av dyret, og det taler for seg sjølv. Og forleden kveld satt eg på post i eit utmarksbeite og venta på ei kolle med ein svært liten kalv, grunneigar ville ha vekk den lille kalven, og eg skulle ta kolla om eg fekk moglegheit til det. Eg satt meg strategisk til, men når dyra kom, gjekk dei ikkje gjennom beitet slik dei pleier, kolla gjekk rett på meg og stoppa på mellom 2 og 3 meter, den vart ståande å glo på meg, den såg nok at der var noko, men klarte ikkje å sjå kva. Minuttane vart lange, kalven ville aldri stille seg opp og til slutt fekk eg krampe i ein fot og den begynte å riste. Den lille bevegelsen såg kolla og ho begynte å bjeffe på meg, ho trampa til meg og sto ganske lenge og bryska seg - uteuleg at ho ikkje stakk. Omsider stilte kalven seg opp, og den fekk eit reint lungeskudd med rws evelution green i 308 (monolitisk kule, konstruksjon som minner om nosler), den baksa seg avgårde 50 meter og vart liggande å sprelle. Kolla sprang bort til kalven og vart ståande der, og ho fekk seg eit lungeskudd den også, flukt på ca 100 meter og ein heftig dødskamp før ho låg stille. Begge desse slakta såg også heilt forferdelig ut! Blodslag fram i nakken og langt bakover i ribbene. 3 dyr skutt med ulike kuler, der samtlige slakt hadde plenty med blodslag, fellesnevneren er at samtlige dyr var skremt og stressa før dei vart skotne. Eg skaut eit fjorddyr på same plassen i fjor, det såg meg ikkje og kom ruslande forbi meg på 2 meters hold, eg slapp dyret ut på 20 meter før det fekk ei 286 grns nosler partition i bogen, dyra sjangla 2 meter og deisa rett i bakken - der var slaktet veldig fint. Rolige dyr, fine slakt. Skremte/stressa dyr, blodslag - det er hvertfall min subjektive oppfatning og solangt har ikkje eg oppdaga noko som indikerer noko anna. Det blir også sagt at lette kuler i høg fart skaper stygge slakt og blodskutte dyr. Eg har sett slakt som er skutt med slike kaliber og det kan sjå ut som det kan være ein medvirkende årsak til styggeslagkt også. Men heldigvis har eg aldri hatt interessen for "ultraduperduper-magnum" og kuler i 1000m/s +++ - eg føretrekker heller å sende tunge kuler som rusler seint 😎
  20. Eg ser lenger opp at det blir bemerka at jigger ikkje gir jevn og korrekt vinkel - sjølv om produsentane hevder det. Veit du om denne er bedre på dette enn f.ex Lansky?
  21. Eg har ikkje greie på hverken bryner eller stål, men eg har ein kniv i eit stål som er "berykta" for å være hardt, 440-c. Men det raude bryne frå dmt, vil det være tilstrekkelig å kjøpe berre det, eller trenger eg fleire for å få slipt opp eggen 100%? Eg kan ikkje slipe for hand, men om det er å lære seg handsliping som må til for å få jaktknivane skikkelig skarpe - får eg berre kjøpe meg bryner og lære meg det.
  22. For mange år sia hadde eg eit sett frå Lansky, eg rakk desverre ikkje å bruke det mykje, før det forsvant i ein flytteprosess. Men eg synes å ha eit minne til at eg var svært fornøgd med resultatet, eg satt igjen med svært skarpe kniver. Deretter har eg i nokre år kjøpt ymse jaktkniver som har blitt "arkivert" når skjerperen frå Helle ikkje klarer å vedlikeholde eggen - og eg har kjøpt ny kniv. For eit par år sia kjøpte eg ein worksharp Ken Onion, og eg har fult bruksanvisning, sett masse filmer og har forsøkt utallige ganger, men eg blir aldri fornøgd med resultatet! Knivane blir skarpe, men ikkje so skarpe som eg forventer. Deretter kjøpte eg ein chef's choise, fordi forhandleren og fleire andre eg har snakka med, har gitt uttrykk for at denne fungerer veldig bra på både jakt og kokkekniver. Min erfaring med denne sliperen er at europeiske kjøkkenkniver og enkelte jaktkniver blir bra i denne sliperen. Men hvis stålet i kniven er hardt, fungerer denne sliperen dårlig. Eg har f.ex ein LeDuck, som kan brukast til å barbere ein hamster etter ein runde i denne sliperen. Men eg forsøkte å slipe opp ein foldekniv med AUS-8 stål, og eg sto i ein evighet på den grovaste stasjonen før det i heletatt vart antydning til råegg og sluttresultatet vart middelmådig. I tillegg er denne sliperen sær på tjukkelsen og utforming på knivbladet. Eg har ikkje greie på sliping og eg hater sløve kniver - og no er eg lei av å investere i slipere som ikkje fungerer! Eg hugsar ikkje 100%, men eg trur eg var fornøgd med resultatet av den Lansky'en eg hadde, før eg rota den vekk. Eg hadde den utgaven med vanlige steiner og olje, ikkje den med diamantbryner. Det må være brukervennlig for ein som ikkje har kunnskapen eller tid til å lære seg å slipe for hand, og det må være ein sliper som handterer ein litt stutt foldekniv med hardt stål. Er det å investere i ein ny Lansky som er veien å gå? i sofall med vanlige bryner eller diamant?
  23. Løfter denne igjen. Etter at ei svak sjel (meg) var inne her og leste om kniver, vart eg umiddelbart betatt av den lille casstrom mini safari. Eg fant den på nett og bestilte den, men når den omsider kom og eg såg kor liten den var - då vart eg litt betenkt 😂 For den var virkelig liten! Men den vart pakka vekk og eg tenkte at vi får sjå til hausten. No har eg vomba og flådd nokre dyr med den, og eg må seie at eg liker den svært godt! Når eg står halvvegs inn i hjorten for å skjære av struperør og matrør, då har eg ønskt at den var ørlite lenger (that's what she said) - men det har gått veldig greit. Totalpakken er so liten at eg merker ikkje at eg har den i beltet, skaftet er godt utforma slik at ein får eit godt og sikkert grep om kniven. Det som gjenstår å sjå, er korleis det blir å slipe den - når den tid kjem.
  24. Eg har ikkje erfaring med dette merket, men eg ser på spesifikasjonene på plagga med membran at dei har spesifikasjoner som tilsvarer ytelse og kvalitet som andre plagg med membran - som er rimligare alternativer til gore tex. Dvs du kan forvente at plagga er litt tettare og "puster" dårligare, samt dei vil ikkje holde regnet ute like lenge som tilsvarande plagg i goretex. Når det gjelder plagg uten membran såg mykje av plagga veldig greie ut, med fornuftige løysinger og fint snitt - eg likte spesielt godt anorakken i fleece. Men samtidig er prisen på dette merket sopass høg at ein kan gå for meir anerkjente merker.
  25. Tau har eg med fordi eg alt for mangen ganger har gløymt å ha med det "obligatoriske" tauet i jaktbuksa til dragning av hjort - det ligger igjen på låven etter sist eg slakta 😶 Utover det synes eg det at nokre meter flaggline er greit å ha på generelt grunnlag, hvis f.ex sporlina blir ødlagt. Ellers so har du rett i at det er ikkje so mykje eg har med. Men det er eit bevist valg fordi eg stadig føretrekker ein "minimalistisk" tilnærming til jakta - i den forstand at eg vil ha med meg minst mogleg. Tidligare hadde eg ein dagssekk full av ting eg trudde eg trengte, og alle lommane på jakka fulle i stæsj - men 2/3 deler av det eg hadde med, var ting eg ikkje trengte - men som var kjekt å ha. Det som virkelig er kjekt, er tomme lommer på jakka og ein liten sekk på ryggen med det aller nødvendigste 😊
×
×
  • Create New...