Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

Everything posted by magnum_mauser

  1. Men for faen, eg har vell forsøkt Eg bomma på ein for to helgar sidan. Men han ville ikkje stå i ro, så når eg omsider skaut, gløymte eg at eg er innskutt på 150 meter, han sto på 60 meter, eg heldt midt i bogen og trykte av. Kula slo inn rett over reven Men dæven for ei fart han sette opp! Eg spurte fint om han kunne nett stoppe litt, men det var ikkje aktuelt
  2. start ny tråd, dersom de vil diskutere om drivjakt med hund tld skvisar ut tradisjonell drivjakt. Her eg jaktar, er det ikkje tradisjon for nokon slags form for drivjakt, så her blir ingen skvisa ut okke som Eg vil ha erfaringar med hund i vestlandslier, der det ikkje har vert hund tidligare
  3. Som overskrifta tyder, treng eg eit reveskinn. Det skal brukast i samband med hi-trening på ein hund. Er her nokon som har eit liggande, eller veit kor eg kan henvende meg for å skaffe eit?
  4. Vestlandsjeger: Eg ser den at ein ikkje skal ødlegge kultur og tradisjon. Men her på mine kanter er det ikkje noko tradisjon lenger. Det som var tradisjon, var at kvar enkelt, sneik rundt på kvar sin haug på fjellet å leita etter hjort. No ligg same karen på bøen, fordi han er blitt 50+ med utprega korpus og dårleg kondis. Og skogen er blitt vanskeleg å jakte i, fordi det gror igjen. Her har aldri vert tradisjon for å gå drev eller noko som helst. Så motstanden kjem ikkje fordi ein skal endre noko, men fordi det er noko ukjent, samt det vil kunne medfører noko så heslig som samarbeid og sosialt samkven under jakta
  5. Eg kupper tråden litt, håper det er greitt for trådstarter Eg treng eit reveskinn. Skal brukast i samband med hitrening til ein tjt. Nokon som kan gje meg eit tips om kor eg kan skaffe det? Arnfinn
  6. Det skal eg prøve på Største frykta er at folk vil at eg skal komme med hunden å drive, for å så oppdage at terenget blir hjortetomt i periodar. Men eg håpar at den problematikken er overdreven
  7. Nokon som veit om arms&ammo eller det andre PBP-firmaet eksisterer? Dei hadde ei hagle ståande for eit par år sidan, som eg kunne tenke meg å kjøpe. Men eg har berre eit nr til dei, og får beskjed om at det er ikkje i bruk.
  8. Godtfolk! Eg undrast i desse dager. Eg har bestilt meg ein tjt, som eg får i slutten på november. Eg har store ambisjonar for denne hunden, av den sympatiske typen sjølvsagt Men eg vil forsøke å bruke den som hi-hund på rev, som ettersøkshund, bandhund på hjort og kanskje det aller mest kontroversielle - som ''hjortesprenger'' i tette plantefelt og liknande. Eg bur ytters i sunnfjord, og faktum er at vi bokstavlig talt gror igjen! Terenget som eg jaktar på, har blitt radikalt endra berre dei siste ti åra. Gode poster for ti år sidan, er idag totalt ubruklige fordi skog og kratt tek heilt overhand. I den samanhengen har eg dei siste åra tenkt mykje på å annskaffe meg ein hund som kan sleppast i tette områder og sprenge ut hjorten. For det første trur eg at dette kan vere særs effektivt, for det andre så hadde eg eit håp om at dette kunne gjere hjortejakta litt meir sosial her, en den er i dag. Fått jegerane til å samlast å jakta litt ilag. Men igjen, sunnfjord... Sunnfjord = Konservatisme på sitt aller beste! Alt som ikkje kom inn med morsmelka, er noko styggedom! Det kan nesten ikkje beskrivast kor ille det er. Eg har vert ein liten pioner i mine trakter, den første som turte å komme på skytebana med lyddempar, eg var den første som kjøpte kikkertsikte med lys osv. Eg har klart å lure inn litt nye trendar i miljøet, men fryktar at mitt neste prosjekt, blir den største utfordringa eg vil få i den samanheng Her har aldri blitt brukt hund på jakt i mine trakter, ingen tradisjon for det overhodet. Her går berre diverse myter om kor ødleggande det er for hjortejakta å sleppe laus hundar på jakt. Samt nokre oppdikta skrekkhistoriar om leigejegarar frå austlandet, som tømte ein kommune for hjort, då dei slepte laus ein dach for nokre år sidan. I følge soga, er der vell ikkje klauvvilt der, den dag i dag Men det er to argument som stadig går igjen, som eg kunne tenkt meg å lufta litt med kammerfolket. 1) Dersom ein begynner å jakte med hund på plasser der hjorten ikkje er vant til at det blir brukt hund, så blir der hjortetomt i lange perioder! Det kan gå veker/mnd før ein ser hjort igjen i eit område der ein hund har fått jaga. 2) Dersom ein slepp ein hund, tld ein liten tjt i områder der hjorten ikkje er vant til at det blir brukt hund på jakt, får hjorten panikk å spring i ein slik fart, at det er klin umogleg å få skutt dyra. Ein ser berre ein brun flekk som fyk forbi. Dette er vellbrukte argument som eg møter heile tida, når eg luftar min ide om ein hjortesprengar. Det kunne vert kjekt å høyrt kva folk med faktisk erfaring meinar om desse påstandane. For at hjorten ikkje er vant til å bli jaga av hund, det er jo i aller høgste grad sant, men korleis vil dei reagere? Set pris på tilbakemeldingar. Arnfinn
  9. Kvalpen min er leveringsklar 18 november, gledar meg voldsomt! Eg vil prøve å få hunden så allsidig som mogleg. Den skal trenast og godkjennast som ettersøkshund. Samt eg vil la den jage hjort og fungere som hi-hund. Men var det dumt av meg å bestille hannhund? Eg tenker då på hi-jakta. Far til kvelpane er mellom 8 og 9 kg. Rekner med at kvalpen min blir omtrent like stor. Er det problematisk å bruke ein hannhund på 9 kg som hi-hund? Her er det utelukkande steinurs-hi. Eg har aldri høyrt om jordhi her i nærleiken, veit ikkje om det er av betydning?
  10. Eg kupper tråden litt her, beklager dette. Men no er det jo gjort diverse tester som ein kan lese i jaktblad. Der står det statestikkar som viser masse elg skutt med div kaliber, fluktstrekning, kva kule som er brukt osv. Når eg har lest desse testane, har det slått meg at elg kan ikkje være meir hardskutt en hjort. Fluktstrekningane som blir oppgitt i dei testane, med normalkaliber, stemmer overens med mine erfaringar på hjort. Og hjorten han er nett like dau om han blir skutt med 30 06 eller 6,5 Havnar kula der den skal, er variablane små mellom normalkaliber...
  11. Då har eg bestilt meg tjt, med levering i desember. Ser veldig fram til det. Så vil tida vise om den fortjener sitt dårlege rykte
  12. Eg brukar ikkje kammeret.no so mykje no lenger. Eg var aktiv på sluttstykke og ei lita stund på kammeret. Men interessen min for fiskestenger som skal haldast med ei hand, supplert med synkeliner og tubefluer blei so omfattande at interessen for våpen havna på eit minimumsnivå. Eg har pr dags dato ein Blaser i 6,5x55 og ei Remington 870 og syntes eg har akuratt det eg trenger, og er nøgd med det Men eg er regelmessig innom her og leser likevell, når det er lavsesong for fiske, eller haust og hjortejakt. Men eg merkar at eg syntes det blir mindre og mindre matnytting å finne her inne. Det første er at kunnskapsnivået har gått betrakteleg ned sia sluttstykketida, det ser ein på kva tråder som blir laga og kva svar som kjem på ymse spørsmål. Det andre er at kvar gang nokon har vert på jakt og vil dele ei histore eller bilete med oss andre, so kjem der ein eller fleire bedrevitera og lager kvalm umiddelbart. Det kan være eg fornærmar mangen no, men grunnen til at det er blitt slik, trur eg er fordi kammeret er blitt ei leikestove for ferskingar uten særleg våpenkunnskap eller jakterfaring. Det dei derimot har, er ein rykande fersk jegerprøvediplom, eit helvetes pågangsmot og ein klokkeklar agenda om å fortelje alle som gjerne har jakta i like mangen år som dei har levd, korleis dei bør oppføre seg og kva dei ikkje burde gjere på jakt. Sjølvsagt bør ungdommar og ferskingar innan jakt også få ytre sine meiningar. Eg meinar ikkje at dei burde utestengast eller kneblast. Men når dei i praksis ødlegger for andre slik at dei ikkje gidd bruke tid her inne, og samtidig ødlegger for seg sjølv, på den måten at dei som faktisk har peiling ikkje er tilstades når ferskingane lurar på noko, so burde noko gjerast. Ein ungdom i 18års alderen er oppvokst med msn, fjesbok, nettby og andre kommunikasjonsmediar på internett. Det er ein kjent sak at nettetikk blandt yngre ikkje er slik den burde. Av den enkle grunn at det er lett å være stor i kjeften, når ein er skjult bak eit nick og ikkje treng stå ansikt til ansikt å svare for seg når ein først har sagt noko. Det er liksom greit å være stor i kjeften når ein utalar seg på internett. Det ser ein igjen her på forumet. Eg har fleire ganger lest tråder der folk har lagt ut historier og bilder frå jakta si og det kjem ein jypling med rykande fersk jegerprøve og brukar kjeft, fordi skuddholdet var for langt eller skuddplaseringa var ikkje slik jegerprøveinstruktøren har lært han/ho. Gjerne slenger det seg på 2-3 andre som også meinar at dette ikkje er holbart, det er uhumant, dyreplageri og gudane vete kva det ikkje er. Med det ressultat at ein ser mindre og mindre av jaktbilder og historier her inne. Noko eg meiner er synd, for det aukar den totale opplevelsen av å være her inne, når ein kan lese andres historiar frå spanande jaktturar. Men kva skal ein gjere for å løyse eit slikt problem? Eg veit ikkje, at moderatorane skal fungere som barnehageonkel, trur eg vil fungere dårleg. Ein må prøve og få fokus på problemet på ein eller anna måte. Slik at når 18åringen ser eit bilete av ein elg som er skutt i nakken so ser han det, tenker sitt men lar være å øydelegge tråden med eit surmaga oppgulp i beste bedrevitarstil. Men korleis ein skal få dei unge og uerfarne til å skjønne at det også er til deiras eige beste at dei lærar seg å være audmjuke og av og til halde kjeft ovenfor dei som faktisk har peiling og jakterfaring, må være vanskligare en valget mellom Meopta og Zeiss
  13. Blir det dyr på dykk? Eg jaktar i Folkestad og sitter mykje ein plass der valdet mitt grensar mot sellevold. Såg nokre flotte bukkar der tidligare i haust Eg e ferdig med kvoten i år. Men det er bedrøvande og sjå kva som sakte men sikkert skjer med bestanden. Jevnt over minkar kvoten, men enkelte stadar er det fortsatt mykje hjort, so løyva forblir uforandra, enkelte plasser blir det meir løyve. Og grunneigarane forventar at ein fyller kvoten, prøver ein å fortelje det at da kan være meir langsiktig å bruke litt vett framover, lukker dei øyra og gauler: skyt! skyt! skyt!
  14. Eg er det som kan kallast ein skikkeleg frostpinne! Eg fryser lausunger på meg så snart eg setter meg ned når eg er på jakt. Ulltrøye av varmaste sort som eg kan ha i sekken og ta på meg når eg skal sitte i fjellet å glo etter hjort 3-6 timar, eller ligge ute på måneskinnsjakt heile natta?
  15. Klarer du å finne fulstendig navn på den sprayen du bruker? Når du bruker ein heimelaga voks, trur eg at eg kan bruke den frå nikwax uten at det skal skade buksa. Ja, eg har prøvd ymse bukser, men når det gjelder slitestyrke, det å holde vann og kulde ute, trur eg ikkje du finner noko betre! Litt varm tidleg i sesongen, men ellers ei suveren bukse!
  16. Ok, det kan være eit alternativ, det kan vel neppe skade membranen heller? Tyntflytande?
  17. Eg har kjøpt meg igjen ei Härkila extreme bukse. Eg hadde ei slik bukse for nokre år sia og etter å ha prøvd forskjellige andre bukser sia den, enda eg opp med ei slik igjen, til tross for ein pris som kan skremme fanden på flatmark. Men den buksa er trekt med eit slags skinn i forkant, og det må nødvendigvis smørast inn med eit eller anna, slik at det helde seg mjukt og ikkje sprekker. Eg klarer ikkje hugse kva eg brukte siste eg hadde ei slik bukse. Eg hadde tenkt å bruke sno-seal'n min. Den bruker eg på jaktskoa mine, med godt ressultat, men når eg leste på tuba, sto det med store bokstaver at sno-seal ikkje måtte brukast på semska lær. Da blei eg brått usikker. Der eg kjøpte buksa, blei eg anbefalt å bruke ein nikwax for lær & skinn. Men det stoffet er så hardt at det må truleg varmast skikkeleg opp før det smørast utover. Rett bak skinnet på buksa, ligger jo gore tex membranen og eg tenker litt på den også, før eg smører inn med den tjukkaste gugge, som eventuelt dreper pusteevnen i buksa. Nokon som veit kva som funker bra til å smørje skinnpartiet på buksa med?
  18. Skal prøve med kirurgknuten. Den var jo veldig enkel å binde også, noko som er ein fordel når ein står i elva med kalde fingrer. Blodknuten fungerer greit dersom sena ikkje er for tjukk, eller det er særleg stor diameterforskjell. Men når eg lager kamikazefortommer med buttdel på 0,60 og spissen er 0,28, så blir det vanskeleg
  19. Når dykk skal tapere fortommer, kva knute bruker dykk da? Eg bruker blodknuten, men syntes ikkje den fungerer tilferdstillande når eg tld lager fortommer til grovt laksefiske på einhands. Da vil eg bruke så tjukk buttdel som mogleg, bruker 0,58 eller 0,61, midtdelen er 0,48 eller 0,45 og eg blir aldri heilt nøgd med knuten når det er så stor diameterforskjell. Der er fleire kunter som brukast når ein skal skøyte fortomsmatriale, nokon som har eit tips om ein knute som verkar bra, sjølv om det er med grov diameter og det er skilnad på diameterane?
  20. Da burde eg ha kontroll Gleder meg ufatteleg til sesongen starter! Og komme til elva grytidleg første morningen når det omsider har komt masse nedbør, den følelsen og dei forventningane overgår det aller meste!
  21. Første veka i juli. Fisker berre einhands, så håper elva har roa seg såpass att eg kan fiske uten att det går på helse og utstyr laust Fluetips i den elva? I mine elver bruker eg mest Ally's shrimp, cascade, div sunray's og red butt. Andre mønster som er eit must for trønderlaks med bart og mokasiner?
  22. Eg skal fiske ei veke i gaula i sommar, på lundamo, valdet heiter nedre løberg, nokon her på kammeret som har kjennskap til det valdet?
  23. Eg svetter laksefeber i desse dager No har eg banka etter sø i kuling siden elvane stengte sist sommar og no er det like før! Som vanleg har værgudane tenkt å være kjip som vanleg, det skal bli opphaldsvær og varmt her frå tirsdag av og utover, dvs att elvane her er omtrent uttørka når sesongen starter Men nedbøren må no komme ein eller anna gang, og da!!! Bortsett frå fisking i mine lokale elver, blir det ein tur til Gaula, nedre løberg, der skal eg fiske første veka i Juli. Det blir også ei veke i ørsta og den elva der, har berre ikkje bestemt meg for dato enda. Eg drømmer i skrivande stund om 4 dager med pøsregn, 9,6fots klasse 8 av merket Scott, rio outbound, synk 3, kort fortom og Ally's shrimp, Da kan ein ikkje få det betre
  24. Nokon som har vert avgårde i påska? Har hatt meg nokre fine turer i nydelig vær. Siste dagen fekk eg 3 smellfeite med snittvekt på 1kg. Eg fiska i ein liten fjordtarm med ei lita bru som lager veldig sterk straum og når eg fekk den siste, så fekk eg totalhavari på snella, bremsen låste seg Og når ein da har ein smellfeit sø i utmerka kondisjon på kroken som raser ut i ein straum, da kan det jaggu gå seg ei kule varmt! Når eg skrudde bremsen heilt av i panikken, så slutta den å være låst, dvs den rasa så ut att eg fekk ei megafloke i snella. Enten står bremsen bom fast, eller så er bremsen heilt uten motstand og det blir eit helvetes surr Det blei ei banning og ei kaving som ikkje ligna noko, så eg er glad der ikkje var vitner Så hvis her er nokon som har Hi Level fluesneller liggande som dykk kan tenke dykk å selge, er det berre å skrike ut, eg trenger desverre reservedeler
×
×
  • Create New...