Jump to content

magnum_mauser

Members
  • Posts

    886
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    11

Everything posted by magnum_mauser

  1. ''Ungdomsbryst og ufornuft'' er eit utrykk eg fekk høyre når eg var ung og i overkant bråkjekk
  2. Eg har - tispe på 9 mnd Rådyr finnes ikkje på mine kanter. Her er rikelig med hjort - men sålangt har det gått veldig bra,,,,sålangt.
  3. Korleis er det å ha denne reima til Hagle? Blir det ikkje plagsomt med den delen av reima som blir liggande over sikteskinna?
  4. Har fått meg kombinert tofot/reimfeste skrudd inn i forkant av stokken på min Blaser pro - snasen løysing er eg godt fornøgd med. Men eg brukar føttene frå ein versapod meint på liggande skyting (truleg den kortaste modellen frå versapod?). Og eg syntes no at dei føttene blir litt for korte - då dei blir festa mykje høgare på våpenet no en tidligare - når eg brukte det orginale adapteret som eg skrudde fast under stokken. Får ein kjøpt ''føtter'' som er litt lengre en dei kortaste til versapod - som ikkje kostar det kvite i auget (og som sjølvsagt passar til mitt tofot-feste)
  5. Fiskar etter laks og registrerer at makktjuvar (ørret) nappar villig i gulp - så det trur eg skal gå veldig bra.
  6. Sjølvfiska laks til middag i dag. Den blei filitert og filetane låg i finsalt i tre timer før dei blei krydra med sitronpepper og lagt i ein abu-røyk med røykespon og ein einekvist i 25 minutter. Tilbehøret blei nypoteter, agurksalat og seterrømme - å så mett!
  7. Frå første dag i skogen har ho hatt stor interesse for revespor. Nasa ned og halen rett opp kvar gang. Hjortespor har ho aldri brydd seg om - så det kan vere eg rett og slett har vore veldig heldig. Men ho hadde lett jaga sau eller kyr hvis ho fekk sjangsen - så eg trur nok at dersom ho i dag hadde funne hjort og der ikkje var revespor - så kunne det fort ha blitt ein hjortelos. Skal på strømming med bikkjene i august - så då forsvinner forhåpentligvis interessen for sau. Så du meinar at russera har potensiale til å jage så fort at reven ikkje turar men stikker rett avgårde? Det blir hevda at rasen er meir egna på gaupe pga den presser katten meir - men det blir kanskje i overkant mykje til rev? Men takkar uansett for tipsa og skal hugse det du skreiv om kor ein bør poste og vere varsome med vinden. Det blir kjekt å prøve seg til vinteren - får håpe på godt med snø - slik at hunden ikkje klarar å drive så fort Kva skal du bruke din russer på?
  8. Tusen takk for informativt svar! Eg har russerstøver, ei tispe som no er 9 mnd. Så reven vil som regel ture? Hvis ein då ikkje er for mange som jakter - kan ein i praksis vente med å poste ut til losen er i gang? Eg innbiller meg at ein bør vere ekstremt varsom med vind i samband med utpostering på rev? hvis reven får lukta av postskyttarane og drar avgårde med ein russer etter seg - kan eg rekne med å hente den inn i nabokommunen Eg spora/prega den mykje på rev i vinter. Eg har slept den på frisøk nokre gonger og sålangt har det fungert veldig greit. Ho spora rett forbi ein hjort som sto å bjeffa til ho - løfta ikkje hovudet eingang, nasa var planta i revespora. Nybyrjarflaks kanskje
  9. Til vinteren har eg forhåpninger om revelos på støveren min. Ho har jaktlyst i massevis og blir totalt tulling når ho får revelukt i nasa. Ein los første sesongen som varte i 30 minutter men det blei ikkje skutt noko for ho. Men når det gjeld revejakt med støver har eg eit spørsmål ang strategi/postering. Eg er heilt fersk når det gjelder denne jaktformen men når ein skal bruke drivande hundar på tld hjort eller rådyr så har ein som oftast ei formeining om kor dyra har dagleie og ein kjenner som regel faste trekkruter og poster ut der. Men korleis skal ein tenke når ein poster ut på rev? den beveger seg jo ofte over ganske store områder og meg bekjent så har den ikkje trekkruter den vil følge heller? Turer reven slik som rådyr? bør ein legge ut åte og satse på at reven held seg i nærleiken av åteplassen på dagen og sleppe hunden i dette området? Jakt med hund er tabu der eg kjem frå, så eg forventar ikkje at det blir for mange som stiller opp som postskyttarar heller - så om nokon vil gje meg litt grunnleggande informasjon om revejakt med bikkje og utplassering av postar - setter eg pris på dette
  10. Hvis eg forstår deg rett er du ute etter mellomplagg av fleece? Der finnes mykje forskjellig å velge mellom - men eg ville ikkje hatt for tjukk fleece dersom du skal ha ull innerst - det blir fort varmt. Magasinet har mellomlagsplagg til greie prisar, men eg trur at dersom dette er tidleg på hausten og du har ull innerst, så treng du ikkje mellomplagg (såfremt du har vindtette skallplagg ytterst sjølvsagt )
  11. Skjer ut fileter av seien som du deler i passe stykker og legger i eldfast form sammen med purre, lauk - Krydre med salt, pepper, muskatt og andre krydder du meinar egnar seg - hell over ein boks kremfløyte. No kan du sette oppi dusker av brockoli dersom ungane liker det - hvis ikkje kan det sjølvsagt sløyfast Ost på toppen og i steikomnen på 170 - 200 grader i ca 20 minutter. Serverast sammen med ris og råkost. Smaker kanongodt og folk som hater fisk (sambuaren min) eter dette med eit smil om munnen
  12. ....i et lite øyeblikk der, fikk jeg helt andre assosiasjoner, men skjønte etterhvert at det dreide seg om lokkefløyta. Jeg har kanskje brukt den fløyta litt anderledes, så da tar jeg din "oppskrift" til etteretning, og håper reveslampen kan komme noen kilometer nærmere. Det som uroar meg litt er at når eg skal byrje på ''dirringa'' så er det eit eller anna som går i vranglås og det er mannen som dirrar - lokken står pinn i ro Så ein kveld blir vell jaktøkta forstyrra av at naboane kjem til unnsetning fordi dei trur eg har fått nedfallsykja (eplepsi)
  13. kjøp denne http://wingevapen.no/index.php?do=product&id=2752" target="_blank og start forsiktig med enkle pip, auk så etterkvart til ''dirring'' dvs korte trykk mot hardt underlag så fort du berre klarer - då kjem der ein lyd som høyres ut som fuglelydar. Den har vore veldig effektiv både vinter og sommar - vil tru revefanten lar seg lure hvis du bruker den også
  14. Når eg bruke musepip eller fugleskrik bryr eg meg ikkje om vinden. Men eg gjekk på ein smell eit par ganger i vinter da reven gjekk rundt meg og kom mot vinden når eg lokka med hareskrik, noko eg trudde var teoretisk babbel Men det viste seg og stemme - så ein lærer så lenge ein lever
  15. Rekna nesten med det. Men prisen tatt i betraktning er det ein grei deal likevell
  16. Eg trur ikkje det er motivasjonen som er problemet - der er absolutt vilje til å spore - men han finner ingenting. Han gjekk saman med ein anna hund på tur i dag tidleg og der låg ein dau fugl i grøfta. Den andre hunden kjente lukta av den på lang avstand og ville bort. Han gjekk der å vimsa og blei ikkje observang på fuglekadaveret før han såg det på ein metes avstand - så eg trur ikkje det er heilt urimeleg at det kan vere midd som er problemet.
  17. Vetrinæren meinte at det kunne vere nasemidd. Kanskje det stemmer, han snusar rundt blodet, utan å ''finne'' noko. Det skadar hvertfall ikkje å prøve ein kur.
  18. Eg har ein TJT som gjekk sitt første blodspor når han var 9 veker gammal. Han viste raskt framgang og når han var 6 mnd gjekk han 15 timars spor med vinklar og avhopp utan problem. Vi gjekk ca eit spor i veka og han storkosa seg - men så merka eg at interessen byrja å avta. Han kunne surre meir i sporet og gleden av å finne skanken avtok, eg pausa treninga i ein mnd. Første sporet eg gjekk etter det, syntes eg fungerte greitt - dei tre neste gjekk dårligare. Det siste skulle eg gå i dag tidleg - 10 timar gammalt spor på ca 150-200 meter - han ville ikkje gå - han berre surra og rota med alt anna. Halvegs inn i sporet hugsa han tydligvis kva han eigentleg skulle gjere og spora opp skanken utan problem. Han blir 9 mnd om ei vekes tid og eg hadde store ambisjonar om å få han godkjent til hausten - men no er det tydligvis ikkje kjekt å spore lenger. Gleden ved sporslutt er der fortsatt - vi leikar og kosar oss med skanken - så belønninga er i orden. Enten er det kjønnsmodninga som får han ukonsentrert eller så har han rett å slett funne ut at blodspor er kjedelig. Nokon her med erfaring, som har konkrete tips til ein fortvila hundeeigar med ein hund som ikkje vil spore?
  19. Batterikapasiteten er heilt enorm Det varer så lenge at eg blir stressa på slutten, fordi det aldri blir tomt Så eg trur du blir fornøgd om du kjøper F1
  20. Eg kjøpte meg ein F1 for eit år sidan - eg oppfattar den som veldig brukarvenlig og solid. Eg brukte den mykje under jakta og her regna mykje i perioder - uten at det var eit problem. Eg er veldig fornøgd med min
  21. Highpower: Snasen sak Sjølv har eg 50 cm pipe i 9,3x63 og micro-aimpont. Eg bruker denne uten demper og det blir eit kort og snasent våpen Men vurderer ny kolbekappe, den slår hardare en svigermor
  22. Då er min høgt elska Blaser oppgradert med micro-aimpoint og safarisling reim. Så eg er forhåpentligvis godt utrusta til ettersøk til hausten
  23. Vi er tre karer som har lyst oppover til trøndelagen å fiske nokre dagar i juli. Vi har campingvogn tilgjengelig og leitar derfor etter ein grei plass å fiske, der vi kan kjøpe kort på dagsbasis til ein folkelig pris. Nokon som har tips?
×
×
  • Create New...